Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Rasmus Tønnesson alias Robert Thompson - gift i La Crosse, WI i 1890 - frå Høgsfjord i Rogaland? - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne vigsli finst hjå FamilySearch i La Crosse, WI 24.11.1890:

 

~~~~~

 

Name    Robert Thompson
Event Type    Marriage
Event Date    24 Nov 1890
Event Place    , La Crosse, Wisconsin, United States                                       
Gender    Male
Race    White
Birthplace    Norway
Father's Name    Thomas Roberson
Mother's Name    Alette Olson
Spouse's Name    Jennie Olson
Spouse's Gender    Female
Spouse's Race    White
Spouse's Birthplace    Norway
Spouse's Father's Name    Andruo Olson
Spouse's Mother's Name    Susan Thompson

 

~~~~~

 

Bruri var Gjertrud Endresdotter, fødd i Luster 17.9.1857, dotter av husmann Endre Olson (Hauge) og Susanna Trondsdotter (Steig).  Ho utvandra til Amerika i 1881.

 

Men kven var brudgommen?

 

Robert og Jennie fekk ei dotter Stella Alette som var fødd i La Crosse, WI 15.6.18902, og ved dåpen i den norske kyrkje i North La Crosse, WI er faren kalla RASMUS THOMPSON.  Frå vigsli veit me at foreldri hans skal ha vore Thomas Roberson - rimelegvis Rasmusson, medan mori var Alette Olsdotter(?).

 

Men han døydde kort tid etter, for alt i 1900 er Jennie Thompson enkje i La Crosse, WI!  Ho flytte sidan med dotteri til Chicago, IL og døydde der 23.1.1920.

 

Eg vonar at einkvan greier finna det norske opphavet til denne Robert/Rasmus Thompson og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Sven for skikkeleg spennande og nyttige innlegg!

 

Eg har i heile kveld sete og grubla på denne huslyden, og eg er komen til den konklusjonenen at Robert Thompson i La Crosse, WI berre MÅ vera identisk med Rasmus Tønnesson frå Motland i Høgsfjord.

 

Då broren Ole vart fødd i Høgsfjord 15.3.1873, er foreldri kalla gardbrukarar på Motland: https://media.digitalarkivet.no/view/1605/157

 

og her er vigsli til foreldri i Høgsfjord 27.11.1866: https://media.digitalarkivet.no/view/1605/278

 

Her er Tønnes Rasmusson i 1865 på Maudal i Helleland: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038200003219

 

og her er fødsli hans på Maudal i Strand 3.12.1837: https://media.digitalarkivet.no/view/15789/14

 

Her er Alette Olsdotter i 1865 på Birkedal i Høgsfjord: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038208002211

 

og her er fødsli hennar på Birkedal i Strand 16.11.1843: https://media.digitalarkivet.no/view/15789/46

 

MEN, det er to ting her eg IKKJE kan forstå:

 

** Eg finn IKKJE fødsli til Rasmus Tønnesson i Helleland i 1867!?

 

** Og korleis kan Tønnes Rasmusson vera frå Maudal i Strand (Høgsfjord) og samstundes vera gardbrukar på Maudal i Helleland i 1865?  Eller har eg misforstått noko?  Sonen Rasmus skal jo òg vera fødd på Maudal i Helleland!?

 

At det er same Rasmus Tønnesson som i 1885 bur i Stavanger, held eg for svært so rimeleg!

 

Men eit anna spørsmål oppstår då:

 

** Kva tid kan Rasmus Tønnesson ha utvandra til Amerika - ein gong mellom 1885 og 1890!?

 

~~~~~

 

Neste utfordring gjeld lagnaden hans Rasmus i Amerika:

 

Eg har drøfta dette spørsmålet med «ekspertise» i La Crosse, WI, og det ser ut som om Robert Thompson har forlete kona Jennie kort etter at dotteri Stella Alette var fødd i La Crosse, WI 15.6.1892.

 

Robert er ikkje finne avliden i La Crosse, WI mellom 1892 og 1900, då Jennie står som enkje i folketeljingi, og innførslene i adressebøkene for La Crosse, WI frå 1890-åri synest fortelja oss at Rasmus er bortflytt.  Jennie står berre som «Mrs. Jennie Thompson»!  Hadde Robert vore avliden, ville det stått «Mrs. Jennie Thompson, widow of Robert»!

 

Då er spørsmålet:  Kvar vart det av Robert??

 

Eg har søkt amerikanske kjelder, og har i grunnen finne berre ein «dugeleg» «kandidat»:

 

FT1920 for San Francisco, CA syner «porter» Robert Thompson, 53 år, ugift, fødd i Noreg og utvandra i 1887.

 

FT1930 for Petaluma township, Magnolia precinct, Sonoma Co., CA syner «poultry farm laborer» Robert Thompson, 64 år, ugift, fødd i Noreg og utvandra i 1887, utan tvil den same som ovanfor.

 

Og Robert Thompson, 67 år gamal, ugift, døydde i Sonoma Co., CA 26.2.1934.  Han ligg gravlagd (find-a-grave) på «Old County cemetery» i Santa Rosa, Sonoma Co., CA!

 

Dette er sjølvsagt berre rein gissing, men eg trur me her talar om Robert Thompson frå La Crosse, WI OG Rasmus Tønnesson frå Motland i Høgsfjord!?

 

Kanskje greier nokon å finna fleire fakta om denne Robert Thompson i California?  Obituary eller andre avisartiklar?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om Rasmus Tønnesson, og avklarande opplysningar både om opphavet hans i Noreg og lagnaden hans i Amerika er hjarteleg velkomne!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort

Maudal (øvre og nedre) ligg i nåverande Gjesdal kommune, nær grensa til Bjerkreim (Helleland prestegjeld),.og har nok vært Høle sokn som har vært under Strand eller Høgsfjord, Birkedal finn du som Byrkjedal (Byrkjedalstunet).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort

Har bomma på den med mine egne; det skal være Forsand ikkje Høle.

Her er iallefall konfirmasjon

SAST, Høgsfjord sokneprestkontor, H/Ha/Haa/L0004: Ministerialbok nr. A 4, 1876-1884, s. 99
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070102380238
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Åsbjørg for oppklarande og avklarande geografiske opplysningar frå Ryfylke.  Eg trur eg no har forstått dette rett....

 

Det er ikkje so lett for ein «utlending» som meg å halda styr på alle desse soknegrensene, og uansett er det påfallande at ikkje dåpen til Rasmus Tønnesson er innført i kyrkjeboki - berre i klokkarboki!?

 

Ei anna «pussig» sak er avviket i fødselsdatoen til Rasmus - ved konfirmasjonen er oppgjeve 11.12.1867, medan klokkarboki for fødde har 12.12.1867...  Kva skal ein tru på?

 

Eit nytt spørsmål som er naturleg å stilla:  Finst det kan henda ei BYGDEBOK for Høgsfjord der denne huslyden er nemnd?  Kanskje har dei eit utvandringsår for Rasmus?  Eg mistenker òg mori Alette og broren Ole for òg å ha utvandra til Amerika...

 

Eg har forresten skrive til Amerika etter ein obituary eller dødsattest for den Robert Thompson som døydde i Sonoma Co., CA i 1934 og fekk svar attende frå ein som har ansvar for den «fattigkyrkjegarden» der Robert ligg gravlagd, om eg var interessert i å setja opp eit gravminne (og underforstått å betala for det...)!!  Dette minner meg om ei sak eg vart borti for mange år sidan i Oklahoma der eit gravferdsbyrå ville ha oppgjer for gravferdi til ein gamal sogneamerikanar utan born som i si tid vart gravlagd på ein lokal indianarkyrkjegard utanfor byen Miami, OK!

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden og vonar at kanskje spørsmålet om fødselsdatoen frå 1867 kan oppklarast?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort

Frå bygdeboka Gjesdal : indre del. B. 2 : Gards- og ættesoge : Maudal og Byrkjedal

Rasmus f. 12.12.1867. Reiste til USA og kom vekk på ein ukjend måte

Alette gifta seg 2) 11. 11. 1894 med Mads Velasson, Bjørnestad i Sirdal. Dei var brukarar på Bjørnestad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Åsbjørg for nye svært interessante innlegg!

 

Opplysningane frå bygdeboki stadfester mistanken min med omsyn til Robert Thompson's «forsvinning» frå kone og dotter i 1890-åri!  Då hadde det jo vore ekstra «moro» om me kunne greidd å finna han att no, so mange år etter!

 

Eg har forresten oppdaga ein annan Robert Thompson i California, som det òg KAN vera:

 

* Robert Thompson, 42 years, died in San Diego Co., CA Feb. 26, 1909.  Kan henda er han den Robert Thompson som i 1908 arbeidde som kokk i San Diego, CA,

 

men diverre har me ikkje nokon fødestad for denne Robert...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort

Finn ikkje utvandring, men Ola er kofirmert i Domkirka Stavanger

SAST, Domkirken sokneprestkontor, 30/30BA/L0028: Ministerialbok nr. A 27, 1878-1896, s. 81
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060731080259
 

I 1910 er han heimvendt frå Amerika - farmar i Iowa

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036623001314

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Asbjørg for eit nytt spennande innlegg!

 

Det var særleg interessant å sjå at Ole Tønnesson hadde butt nokre år i Iowa til han i 1899 reiste attende til Noreg.

 

Men eg ser no at mori Alette Olsdotter i 1910 budde på Vasbø i Bjerkreim i lag med sonen Ole

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036623001322

 

* Er det mogeleg å finna dødsfallet hennar for å sjekka ut ei eventuell dødsmelding?  Kanskje det der står noko om sonen Rasmus i Amerika?

 

Elles er det vel ikkje urimeleg å tru at det er borni til Ole Tønnesson som har vore informantar til bygdebokskrivaren om at Robert forsvann der borte...(?)  Eg veit ikkje kor gamal denne bygdeboki er...

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort

Alette døde 20. feb. 1929 og budde då hjå Ole på Hogstad I Riska.

Kildeinformasjon: Rogaland fylke, Hetland lensmann, Dødsfallsprotokoll (SAST/A-100101/Gga/L0003), 1921-1936, oppb: Statsarkivet i Stavanger.

Merknader: Dødsfallprotokoll (med alfabetisk navneregister). Laust vedlegg, s. 7, 30, 61, 78, 143, 148, 177 samt 2 stk. framme i boka.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/51869/120/

 

Bygdeboka er frå 1998 og der er bilde av heile familien til Ole - med Alette, kona og 9 barn tatt i 1921 på Hogstad.

Tre av sønnene utvandra til Anaconda Montana.

Torvald Motland f. 1902 reiste 1922

Jens Motland f. 1908 reiste 1928

Arne Motland f. 1911 reiste 1930 til Anaconda, Montana, men kom heim i 1947. Emigrerte1948 til Seattle, Washington

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Åsbjørg for eit nytt spennande og ganske so utfordrande innlegg!

 

Dødsmeldingi til mori syner ganske so klart å «antyda» at Rasmus framleis levde i Amerika i 1929, og han er nemnd som Rasmus Motland!

 

Og då er det at eg får ei skikkeleg overrasking:  Om ein søkjer ancestry.com på namnet Rasmus Motland, får me opp at Rasmus Motland utvandra i 1887 og ogso at han reiste på ny i februar 1895, truleg etter ei vitjing i «gamlelandet».  Og kring 1904-1907 er han «ugift» og busett i Duluth, MN og/eller i Superior, WI (nabobyar på kvar si side av grensa!) der han arbeider som BARTENDER!

 

Dette er nært «beslekta» med yrket («porter») som Robert Thompson hadde i San Francisco, CA i 1920, og utvandringsåret stemmer òg!

 

Eg vert meir og meir overtydd om at me talar om same person!  Han forlet kona si i La Crosse, WI for å dra heim til Noreg, og etter han utvandra på ny, har han busett seg ein annan stad med eit anna namn!!

 

Dette vert meir og meir spennande, og eg takkar nok ein gong for alle gode tips...!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Kona mi er i slekt med Rasmus Tønnesson alias Robert Thompson.

Veldig interessant å fylgja informasjonsutvekslinga som eg nettopp har blitt kjent med. Rasmus er bror til bestefar til kona. I 2012 prøvte eg å finna opplysningar om kvar han Rasmus blei av, same som du har halde på meg. Bestefar til kona reiste over til USA for å leita etter broren som ikkje ga lyd frå seg. Han budde og jobba då i Iowa i om lag 5 år, samstundes som han leita. Dessverre kom han heim att utan resultat. Dette har nok òg slekt og etterkomarar slått seg til ro med. Så langt eg kan sjå, er det mykje i det du skriv som passar med mine notatar, bare med den forskjell at eg ikkje finn opplysningar om Rasmus etter folketeljinga i 1905. Då bur han i Wisconsin og deler hus med fleire andre. Det du har funne om giftarmål i 1890 med Gjertrud/Jennie frå Luster er svært interessant. Og sjølvsagt om dottera dei fekk saman, og at Rasmus reiste sin veg.

I slekta her finst det ingen signaler på at Rasmus/Robert var heime på vitjing, slik du skriv på #14.

 

Har du funne ut noko meir om han?

Du skriv at han døydde den 26.2.1934. Har du fått tak i noko dødsattest? Du skriv at han er gravlagd på ein fattigkyrkjegard, vel då utan noko gravminne?

Håpar at du el nokre andre har funne nye opplysningar sidan juni 2016.

 

Mvh

Jan Oddvar Stakkeland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Oddvar for nytt innlegg og ogso for direkte melding.

 

Nei, diverre har eg ikkje finne fleire opplysningar om Rasmus Tønnesson i Amerika utover det som kjem fram ovanfor.  Om eg tolkar innlegget ditt rett, var det ingen kontakt mellom Rasmus og søskeni hans i Noreg etter at Rasmus «forsvann» i Amerika.  Men dersom det var Ole Tønnesson som var i Amerika for mellom anna å leita etter broren, so kjem det fram av innlegg #12 at han reiste attende til Noreg alt i 1899!?  Eller kanskje er dette årstalet feil?

 

Sikkert er det at Rasmus forlet kona og dotter si kort etter 1893, og eg føler meg trygg på at det er han som i februar 1895 uytvandra på ny til Amerika etter ein visit til «gamlelandet» og som i perioden 1904-1907 var bartendar i Duluth, MN/Superior, WI under namnet Rasmus Motland.  Men KVAR kan Rasmus ha vore mellom 1895 og 1904?  Og er det verkeleg han den Robert Thompson som sidan dukka opp i California og som døydde i Sonoma Co., CA i 1934?  Eg trrur det, men eg har ikkje sett den originale dødsattesten til sistnemnde, og me skal vel ikkje sjå heilt bort ifrå at den KAN innehalda fleire opplysningar som kan bidra til å stadfesta identiteten hans, sjølv om eg i utgongspunktet tviler på dette...

 

Ikkje noki enkel sak dette, men det er lov å vona, og eg takkar igjen for alle gode tips som kan stadfesta lagnaden til Rasmus Tønnesson!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Mange takk til Lars for opplysningane om  vår felles mann!

 

Rasmus hadde bare ein bror, Ole, + ei syster som døydde etter 3 mndr. Då Ole leita etter broren, budde han i Osage i Iowa hos ein slektning. Dette var i 1892-1898. Han jobba då som farmar. Som tidlegare nemnt fann han ikkje broren og reiste kom heim att til Norge. 

Dottera som Rasmus og Jennie/Gjertrud hadde saman, vart døypt Stella Alette. Alette-namnet er ei oppkalling etter Rasmus si mor som altså heitte Alette. Har du eller andre prøvt å finna etterkomarar etter Stella Alette? Ho blei altså fødd 15.6.1892. Eg reknar med at ho hadde etternamnet Thompson.

 

Faren til Rasmus og Ole døydde så tidleg som 1874. 

 

Eg har diverre ingen erfaring rundt spørsmålet med å spørja etter evt dødsattestar. 

Takk så langt!

 

Mvh

Jan Oddvar Stakkeland

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Takk til Egil for lenken til Duluth! Veldig interessant sidan Lars har funne at han budde der etter giftarmålet med Jennie. Kanskje Lars veit noko om dette? Det som er spesielt her er at han brukar namnet sitt fullt ut: Rasmus T. Motland. (T=Tønnessen). 

 

Takk!

 

Mvh

Jan Oddvar Stakkeland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

?

The Cook County, Illinois, Marriages Index, 1871-1920
Name:    Stella Thompson
Age:    20
Gender:    Female
Birth Year:    abt 1893
Marriage Type:    Marriage
Marriage Date:    18 Apr 1913
Marriage Place:    Chicago, Cook, Illinois, USA
Spouse Name:    Edward J. Arenz
Spouse Age:    21
Spouse Gender:    Male
FHL Film Number:    1030544

 

Ble visst skilt allerede i 1914? Men det vet sikkert Lars mer om.....

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Jan Oddvar for nye interessante innlegg!

 

Eg har ikkje sjekka ut «naturalization record»'en for Rasmus Motland, men den kan jo tingast frå Iron Range Research Center, og eg trur ikkje det kostar so mange kronene...

 

Når det gjeld dødsattesten til Robert Thompson, so må den tingast frå:

 

Office of Vital Records and Statistics
Department of Health Services
304 S Street
P.O. Box 730241
Sacramento, CA 94244-0241
Fax: 800-858-5553

 

Det er mange år sidan eg tinga noko derifrå, og eg hugsar ikkje kva det koster...

 

Når det gjeld dotteri som Rasmus fekk med Gjertrud Endresdotter frå Luster, er dette eit utdrag av manuskriptet mitt for denne jenta:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

a. Stella Alette Thompson, f. i La Crosse Co., Wis. 15.6.1892, d.

 

 

     ##### (exact date and place of her death? – Villa Park, DuPage Co., IL? – buried May 19, 1976)

 

 

     .5.1976.  Stella gifte seg første gongen i Chicago, IL 18.4.1913 med Edward John Arenz, f. i La Crosse Co., Wis. 23.10.1891.  Han d. i Los Angeles, Cal. 26.6.1971.  Men Stella og Edward vart skilde alt i 1914, og

 

 

     ##### (Edward was son of Jacob Arenz and Catherine Ritter – he was in 1910 a prisoner at San Quentin, Kern Co., CA for grand larceny – waiter! – 1917: store salesman at Tacoma or Camas, Pierce Co., WA – wife and one son – 1920 business commissioner Portland, OR – still in Portland, OR 1940 – buried in Pacific Crest cemetery at Redondo Beach, CA with 2nd wife Edna V(iola?) Meeker, born Erie Co., OH Apr. 15, 1898, died Los Angeles, CA Sep. 19, 1975 – three children!)

 

 

     Stella gifte seg att i Chicago, Ill. 10.2.1923 med Johan Henry, kjend som Henry J. Johnson, f. i Chicago, Ill. 7.6.1893.  Han d. i Chicago, Ill. 2.2.1934.  Henry var skreddararbeidar («men’s clothing cutter»), og han og Stella vart buande i Chicago, Cook Co., Ill.  Stella fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

 

 

     ##### (daughter Genevieve Arenz, born Wis. Dec. 16, 1911, died Mar. 2?, 1993, buried Mar. 29, 1993 – Elmhurst, IL? – married Chicago, IL Sep. 16, 1938 to Martin J. Huska, born in Chicago, IL Aug. 18, 1906, died at Villa Park, DuPage Co., IL (?) Nov. 1972, buried Nov. 25, 1972 - 1940: he a sheet metal worker - she an office worker)

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg har ikkje forska vidare på denne huslyden og veit soleis ikkje om Genevieve og Martin Huska hadde born etter seg, men kanskje obituaries kan finnast etter minst ein av dei...?  Eg ville òg ha stor interesse av å finna nolevande etterkomarar etter dei...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Chicago Tribune (Chicago, Illinois) 23 Nov 1972, Page 79

Chicago Tribune (Chicago, Illinois) 23 Nov 1972, Page 79.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
54 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Stella Alette Thompson, f. i La Crosse Co., Wis. 15.6.1892, d.

 

 

     ##### (exact date and place of her death? – Villa Park, DuPage Co., IL? – buried May 19, 1976)

 

Chicago Tribune (Chicago, Illinois) 18 May 1976, Page 36

Chicago Tribune (Chicago, Illinois) 18 May 1976, Page 36.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for eit spennande og nyttige innlegg!

 

Då veit me altso at Robert og Genevieve Huska fekk tre born i lag, men å finna dei i dag, vert nok ikkje so lett..., eller...?  Eg lyt «tyggja» litt på denne...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.