Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Rasmus Tønnesson alias Robert Thompson - gift i La Crosse, WI i 1890 - frå Høgsfjord i Rogaland? - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Egil Johannessen

Daily Commercial, The (Leesburg, FL) - Tuesday, May 2, 2006
Martin Wayne Huska, 62, of Leesburg died Friday, April 29, 2006 at his residence. Mr. Huska was born on November 13, 1943 in Chicago, Ill and moved to Leesburg in 2003. He was retired from the U.S. Navy as a Petty Officer First Class after 28 years of service. He taught electronics at Great Lakes Naval Training Center in Ill, was the recipient of the National Defense Medal, the Vietnam Service Medal., the RVN Vietnam Campaign Medal and the Armed Forces Expedition Medal (Korea). He was a member of the United States Submarine Veterans Inc Nautilus Base; the Great Lakes Yacht Club; the Loyal Order of Moose in Leesburg and Zion Benton, Ill.; and the International Brotherhood of Electrical Workers #701 of DuPage County, Ill. He enjoyed boating and fishing. Survivors include his wife, Patricia a. Huska of Leesburg; step daughters: Jeannie Zimmerman of Waukegau, Ill., Diane Narloch of Fort Myers, Kim Angerman of Montgomery, Ill.; step son, Stephen Angerman of Algonquin, Ill.; sister, Marlene Rentzschl of Villa Park, Ill.; brother, Robert Huska of Rockford, Ill. A funeral service will be held on Thursday, May 4, 2006 at 1:00 P.M. at the Florida National Cemetery, Bushnell with the U.S. Subvets Inc Nautilus Base officiating. Memorial contributions may be made to: American Cancer Society. Arrangements by Hiers-Baxley Funeral Services, Lady Lake, Florida. 352-753-8353.

 

Martin W. Huska: Social Security Death Index (SSDI) Death Record
Name:    Martin W. Huska
State of Issue:    Illinois
Date of Birth:    Saturday  November  13, 1943
Date of Death:    Saturday  April  29, 2006
Est. Age at Death:    62 years, 5 months, 16 days
Confirmation:     Verified
Last known residence:
City:     Leesburg
County:     Lake
State:     Florida

 

Etternavnet til søsteren er feil i OBIT - The U.S. Public Records Index, 1950-1993, Volume 1

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no motteke ei utskrift av den nemnde «naturalization record», men denne er divere svært so «kryptisk»:

 

Dette var berre ein «Declaration of intention» og seier:

 

«Declaration of Intention - District Court, 11th Judicial District – St. Louis County, Minnesota:
Rasmus T. Motland born in Norway 1867 - Immigrated to Port of New York in month of April 1887 - Dated: May 4, 1901»

 

Me kan ikkje sjå at Rasmus gjekk vidare med naturaliseringi...

 

Elles er det på google dukka opp adresser til dei to attlevande borni etter Robert og Stella Huska:

 

Robert Charles Huska, Sr. (69)
102 Wilson Ave
Machesney Park, IL 61115-2363

 

Marlene Estelle Rentzsch (65)
2185 S Finley Rd, Apt 1601
Lombard, IL 60148-6479

 

men dei telefonnummeri som er oppgjevne i amerikanske telefonkatalogar, stemmer ikkje lenger (eg har prøvd båe!)

 

Kanskje eit brev (julehelsing...?) ville vera ei løysing?

 

Eg takkar på ny for innspel om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg endeleg finne Rasmus i FT1900.  Han er då losjerande hjå nordmannen Hans Hovde og kona Karoline på ein farm i Grafton township, Walsh Co., ND under namnet Rasmus Madlam(!), men med fødsel oppgjḛven til desember 1867, noko som stemmer «på ein prikk»:

 

https://www.ancestry.com/interactive/7602/4120524_00763?pid=38573418&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7602%26h%3D38573418%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4325%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4325&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Elles har eg i dag motteke opplysningar frå Amerika som fører rett fram til Marlene Huska Rentzsch i Illinois.  Ho er på «fjesbok» (der eg IKKJE er medlem), og eg vidaresender til deg Jan Oddvar desse opplysningane vidare, so du kan følgja opp...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med opplysningar om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Med god info frå Lars og Egil har kona mi nå fått kontakt via facebook med Marlene Rentzsch, dotter til Genevieve, gift Husky. Mormor til Marlene er altså Stella Alette, g.m. Rasmus Motland/Robert Thompson. Rasmus er bror til farfar til kona, han som reiste til USA som 20-åring og aldri ga lyd frå seg.  

Kontakten med Marlene er så vidt komen i gang, så får me sjå etter kvart. Spanande er det i alle fall. 

 

Når det gjeld å henta ut dødsattesten på Robert Thompson/ Rasmus Motland(?) frå California Department of Public Helth (sjå #22 frå Lars) er det litt komplisert. Problemet er at det ikkje er mogeleg å betala dei 21$ elektronisk, dei vil ha sjekk. Banken min seier det er slutt med å skriva ut papirsjekkar i Norge. USA heng att i bankutviklinga, seier min bank. Nå har eg sendt mail til  byrået i CA for å spørja etter bankinformasjon. Då kan min bank evt overføra pengar direkte via Swift.

 

Er det nokon som har erfaring med dette å få tak i dødsattest og betala for tenesta?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
1 time siden, Jan Oddvar Stakkeland skrev:

Nå har eg sendt mail til  byrået i CA for å spørja etter bankinformasjon. Då kan min bank evt overføra pengar direkte via Swift.

 

Vi får håpe det går bra ;-)

 

1 time siden, Jan Oddvar Stakkeland skrev:

Er det nokon som har erfaring med dette å få tak i dødsattest og betala for tenesta?

 

Har ingen erfaring med California, men har tidligere sendt bankremisse (internasjonal) for attester fra USA. Banken din hjelper deg sikkert med dette, dersom ikke overførselen med Swift fører frem.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Oddvar og Egil for nye innlegg, og takk til Jan Oddvar for oppfølgjing av dødsmeldingi til Robert Thompson i California.

 

Det er ikkje so ofte eg rekvirerer dødsattester o.l. frå Amerika, men nokre attestar frå Chicago, IL har eg henta ut gjennom åri, og dei har eg alltid betalt direkte på nettet.  Eg henta i vår òg ut ei skilsmissesak frå Oregon, som eg òg betalte vie nettet, GovPay(?).  Alle desse fekk eg tilsend som PDF-filer!  Elles har eg mange kontaktar i Amerika som på mine vegne har sendt sjekkar som betaling, m.a. i Florida og i Indiana, der eg som regel leverer ei motyting av eitt eller anna slag...

 

California er tydeleg ikkje av dei mest «moderne» tenesteytarane, men før eller sidan vil du i alle fall få eit svar!

 

Elles er eg svært glad for at du Jan Oddvar via fjesboki har fått kontakt med Marlene.  Det som eg i første rekke ville spørt ho om, er:

 

** Har Marlene nokon gong høyrt gjete oldebesten sin, Rasmus «Robert» Thompson?  Kanskje bestemori Stella Alette har fortalt noko til Marlene då ho var barn?  Stella døydde jo ikkje før i 1976, og då var Marlene 22 år gamal...!

 

Elles er eg svært interessert i å få greie på:

 

** Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til Stella Alette, kva dato i mai 1976 og kvar?

 

Og det siste spørsmålet mitt ville vera:

 

** Oldemori Gjertrud «Jennie» Thompson hadde fleire søsken i Amerika.  Eg har finne dei alle att, med unntak av søsteri Britha «Bertha/Betsey», fødd i Luster 11.10.1862 og utvandra i 1885.  Denne «Bertha/Betsey» var altso moster til Stella Alette, og Stella KAN jo ha fortalt noko som Marlene har i minnet?  Eg mistenker «Bertha/Betsey» for å ha butt i Chicago, IL...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Takkar Egil og Lars for deira engasjement!

Eg trur stopp i all korrespondanse med USA i dag skuldast Thanksgiving. Dei kjem nok snart på banen att, både Marlene og CA. Dersom dei ikkje har langhelg då.

Eg har merka meg spørsmåla frå deg Lars. Håpar ho Marlene kan hjelpa med svar!

 

Mvh

Jan Oddvar

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Har du Lars noko dødsdato for Gjertrud Endresdotter/ Jennie Olson, ho som gifta seg med Rasmus T.Motland/ Robert Thompson?

 

Me har ikkje høyrt noko meir frå Marlene. Veit ikkje kor aktiv ho er på facebook. Håpar ho vil svara kona mi.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Oddvar for siste innleggi og for vidareformidling av spørsmåli mine til Marlene!

 

Når det gjeld personalia for Gjertrud Endresdotter, er desse (som òg nemnde i innlegg #1 på føregåande side):

 

Gjertrud Endresdotter, fødd 17.9.1857 i Luster

utvandra i 1881 og døydde i Chicago,. IL 23.1.1920.

 

Eg held fingrer og tær krossa og vonar at Marlene melder seg med positive opplysningar...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Takk Lars!

 

Har ikkje høyrt noko frå Marlene.

Ei heller noko om dødsattesten og betaling. Må kanskje purra i morgon?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Kor vanskeleg skal det vera å få ut ein dødsattest frå CA?

 

Bakgrunn: State Vital Records ville ha ein sjekk vedlagt søknadskjema. Banken min sa at Norge hadde slutta å skriva ut sjekkar for fleire år sidan.

Då skreiv eg ein mail til State Vital Records i Sacramento, CA,  om å få konto-opplysningar slik at eg sjølv kunne betale digitalt dei 21$, evt at banken min kunne ordna det. Her er svaret:

Unfortunately the State Vital Records only accept payment with a check or money order.  Checks must be drawn on a United States bank.  Money orders must be drawn on a United States bank or issued by the United States Postal Service.

 

You can submit a request to the County Recorder Office in the county where the death occurred.   Many of the county offices will accept your request by telephone, fax, or online, with the use of a credit card.  Attached is a list of the County Recorder Offices.

 

Så har dei lagt ved ei lang liste med forskj. County I CA. Vår Robert Thompson døydde og ligg gravlagd i Sonoma County:

Sonoma…………………                   585 Fiscal Drive, Room 103-F, or P.O. Box 1709, Santa Rosa, CA 95402, (707) 565-2651

 

Som de ser: Her er ingen mail-adr eller kontonummer. Dette blir for tungvint for meg. Skriva brev? Det gjorde me i gamle dagar...

Synd at eg ikkje klarar å fylgja sporet etter Robert/ Rasmus til California.

Nokon som har eit godt forslag til eit nytt trekk i denne saka?

 

Endret av Jan Oddvar Stakkeland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Erik Berg-Hansen

Hvis alt annet feiler: Siden du har "kontakt" med Marlene, kan du vel forsøke å avtale å sende henne beløpet slik at hun ordner betalinga?

Hvis du i det hele tatt får en Money Order fra en norsk bank, må du sikkert regne med et saftig gebyr!

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Oddvar og Jon Erik for nye innlegg!

 

Eg ser du har fått oppgjeve eit telefonnummer til folkeregisteret i Santa Rosa, Sonoma Co., CA.  Sonoma County vart nyleg alvorleg råka av ein kjempestor brann som gjorde mange heimlause, men eg ville freista ta ein telefon dit (9 timer tidsforskjell) og forhøyra meg!  Kanskje dei tross alt kan hjelpa deg, når du forklarar situasjonen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Takk til Jon Erik for engasjementet. Til forslaget ditt er å seia at Marlene har nettopp flytta til ny plass, og det står mange uåpna kassar i huset. Kona mi som har kontakten i denne innleiande perioden, torer ikkje overdynga M. med info og spørsmål. Så me får ta det etter kvart. Men ho har lova å senda bilete av mormor, det blir spanande.

 

Til Lars: Takk til deg for forslaget om å ringa. Å forklara liknande forhold for eit norsk kontor ville nok tatt litt tid og krevja litt innsats. Å ringa depart. i CA og leggja fram denne saka ville nok vore meir problematisk. Derfor kutta eg det forslaget. Så nå har eg gjort noko eg helst ikkje burde gjort: Sendt pengar i konvolutt saman med søkn.skjema... Kan godt vera at alt kjem i retur, eller at pengane forsvinn, men nå får eg ta denne sjansen. På nett står det at søking etter ein person kan ta 3-4 veker. Dvs. kanskje svar - dersom eg får svar då - utpå nyåret.

Du skal bli oppdatert!

Endret av Jan Oddvar Stakkeland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Oddvar for siste kommentar!

 

Eg har vel òg gjort det på same vis ein eller to gongar, men det er mange år sidan og berre med mindre beløp...  Men me får vona det går bra...

 

Elles er det slett ikkje so vanskeleg å forklara slike høve for amerikanske kontor, særleg på mindre stadar.  Eg har faktisk hatt mykje hell med meg i liknande situasjonar...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å løysa «flokene» kring denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Ein kort repetisjon av det siste eg gjorde i denne saka:

Den 30.11.2017 sende eg søknad til Sacramento i CA om å få dødsattest på Robert Thompson. Etter den tid har det ikkje skjedd noko nytt. Eg sende ein mail med purring til Dept. of Public Health. Svar-mail kom med ein gong: Dødsattesten var sendt med post frå dei den 10.1. Sidan brevet skulle utanlands, måtte eg rekna med meir enn 10 arb.dagar før brevet var her.

Så då ventar eg spent på Postman Pat. Så snart eg veit noko meir, skal resultatet bli notert her.

Mvh

Jan Oddvar Stakkeland

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Oddvar for siste innlegg og Godt Nytt År!

 

Då er det berre å halda fingrer og tær krossa for at dødsattesten gjev oss eit svar me kan ha nytte av!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Endeleg har eg fått dødsattesten frå Department of Public Health, Sacramento, CA. Det tok si tid, men dei hadde ikkje skrive adr. Norway på konvolutten. Kanskje er det difor eg ikkje fekk brevet før i dag.

Ja, dette er nok vår mann, sjølv om eg ikkje finn det norske namnet Rasmus Motland på attesten, kun Robert Thompson. Me ser at han døydde i byen Santa Rosa i Sonoma County 26.2.1934. Rett nok er fødselsdato sett til 12.12.1866, me har 12.12.1867, og det er nok rett. Farens namn stemmer sånn nokolunde: Thomas Thompson. Han heitte Tønnes Rasmusson Motland. Mor sitt namn er oppgitt på dødsattesten som Aletta Olson. I mine papirer har eg Alette Olsdtr., så dette var ikkje langt unna.

Grunnen til han døydde er skrive Chronicus myocardetis Idyportention, dersom eg har tyda skrifta rett. Her må me nok ha medisinsk personell som kan hjelpa til med tydinga.

Kanskje nokon på nett kan hjelpa?

Spesielt takk til deg Lars som hadde ein sterk mistanke om at dette var rett mann. Takk også til dykk andre som har engasjert dykk!

No har me fått bekrefta: Dette var bror til bestefar til kona mi!

 

Med helsing

Jan Oddvar Stakkeland

5a73013f51602_DdsattestRobertThompsonv2.thumb.jpg.1899a78f85a39e36e0325f542e6761b5.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Oddvar for eit kjempemessig innlegg!  Jau, dette var godt nytt!!

 

Eg kan ikkje forklara dødsòrsaki, men dette er det sikkert andre som kan svara på.  Elles er det interessant å sjå at han skal ha butt i California sidan 1916!

 

Dette vert nok òg kjempeopplysningar for etterkomarane hans i Amerika!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden, og kanskje høyrer me snart meir frå Marlene med omsyn til dei andre spørsmåli frå innlegg #31 over...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter dei siste opplysningane no er komne «på plass», har eg sett opp eit «revidert» manuskript for Gjertrud Endresdotter og dotteri hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Gjertrud Endresdotter Hauge, f. i Luster 17.9.1857,

Jennie Olson utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i La Crosse, Wis. 24.11.1890 med Rasmus Tønnesson frå Motland i Høgsfjord, Strand, i Amerika kjend som Robert Thompson.  Han var son av gardbrukar Tønnes Rasmusson på Motland, opphavleg frå Maudal i Høgsfjord, og kona Alette Olsdotter frå Birkedal i Høgsfjord og f. i Høgsfjord 12.12.1867.  Han var ei tid skomakarsvein i Stavanger, men utvandra visstnok til Amerika i 1887.  Robert var arbeidar («laborer») i La Crosse, La Crosse Co., Wis. der han og Jennie budde i lag til Robert kring 1893 flytte derifrå.  Robert var ein tur heime i Noreg, men utvandra på ny i 1895 og var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Grafton township, Walsh Co., N.D. til han kring 1901 tok arbeid som bartender «bar tender» og budde dels i Duluth, St. Louis Co., Minn. og i Superior, Douglas Co., Wis.  I 1916 flytte Robert til California, og han var ei tid bæreassistent («porter») i San Francisco, Cal. til han på 1920-talet vart hønsefarmarbeidar («poultry farm laborer») i Petaluma township, Magnolia precinct, Sonoma Co., CA.  Han d. i Santa Rosa, Cal. Feb. 26, 1934.  Etter ho vart åleine livnærte Jennie seg som vaskeriarbeidar («laundress»), og ho vart buande i La Crosse, La Crosse Co., Wis. til ho kring 1914 flytte med dotter si til Chicago, Cook Co., Ill.  Jennie Thompson d. i Chicago, Ill. 23.1.1920.  Robert og Jennie fekk berre den eine dotteri i lag:

     a. Stella Alette Thompson, f. i La Crosse Co., Wis. 15.6.1892,

 

     ##### (exact date and place of her death? – Villa Park, DuPage Co., IL? – buried May 19, 1976)

 

     .5.1976.  Stella gifte seg første gongen i Chicago, IL 18.4.1913 med Edward John Arenz, f. i La Crosse Co., Wis. 23.10.1891.  Han d. i Los Angeles, Cal. 26.6.1971.  Men Stella og Edward vart skilde alt i 1914, og Stella gifte seg att i Chicago, Ill. 10.2.1923 med Johan Henry, kjend som Henry J. Johnson, f. i Chicago, Ill. 7.6.1893.  Han d. i Chicago, Ill. 2.2.1934.  Henry var skreddararbeidar («men’s clothing cutter»), og han og Stella vart buande i Chicago, Cook Co., Ill.  Stella fekk ei dotter, som var frå første ekteskapet.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk til deg, Jan Oddvar, for eit sterkt engasjement i denne saki!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
2 timer siden, Jan Oddvar Stakkeland skrev:

Grunnen til han døydde er skrive Chronicus myocardetis Idyportention, dersom eg har tyda skrifta rett.

 

Det er 2 forskjellige årsaker oppgitt.

  1. Chronic Myocarditis = Kronisk Myorkarditt - hjertemuskelbetennelse - https://nhi.no/sykdommer/hjertekar/ulike-sykdommer/hjertemuskelbetennelse-myokarditt/
  2. Hypertension = Hypertensjon - høyt blodtrykk - https://www.lhl.no/hjertesykdom/hoyt-blodtrykk/
Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Takk til Lars for god oppsummering og til Egil for tyding av dødsårsakene.

 

Desse siste opplysningane er nå sendt vidare til Marlene.

 

Helsing Jan Oddvar

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Jan Oddvar for dei siste innleggi.

 

Jau, då ser det ut til at me er komne so langt som det seg gjera med lagnaden til Rasmus Motland i Amerika, og eg er svært spent på kva Marlene kan tilføya, når flyttelasset hennar er «rydda»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Det høyrest ut til at Marlene veit lite om slekta si. Bestemora snakka ikkje om fortida, hadde kun nemnt La Crosse der ho vaks opp. Brørne til Marlene hadde visstnok nokre gamle bilder, men to av brørne er døde og Marlene har så langt ikkje fått fatt i nokon. 

Men me får sjå etter kvart som interessen kjem. Ho kommenterte dei nyaste opplysningane, dvs. dødsattesten til Rasmus: Very interesting!

 

Helsing Jan Oddvar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jan Oddvar Stakkeland

Det har vore ganske stille om denne saka. Men kona mi og Marlene har sporadisk kontakt. Som de kanskje hugsar, flytte Marlene og mannen til ny bustad. Mykje var lagra i kassar og lite tilgjengeleg.

Genevieve, mor til Marlene, var godt 40 då Marlene vart fødd. Genevieve døydde i mars 1993. Marlene hadde to eldre brør, Martin og Robert, som begge er døde, så langt eg har oppfatta. Marlene har fortalt at ho var lite interessert i slekta, derfor spurde ho lite. Når nå interessa har meldt seg, er det få el ingen å spørja. Brørne fekk det meste av bilder og album. Men i dei tidlegare nemnde kassane, som ho tydelegvis nå har åpna, fann ho  familiebilde som er svært interessante. Kona mi fekk nokre tilsend i gårkveld, kanskje dukkar det opp fleire. Dei viser Gjertruds to søsken(?), Stella Alette, brurebilde av Marlene sine foreldre (Genevieve og Martin J.Huska).

Eg vil senda desse bildene til deg Lars direkte.

 

Helsing Jan Oddvar

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.