Gå til innhold
Arkivverket

Rasmus Tønnesson alias Robert Thompson - gift i La Crosse, WI i 1890 - frå Høgsfjord i Rogaland? - opphav og lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Jan Oddvar for siste innleggi og for bileti8 s0m eg har motteke per e-post!

 

Det som gler meg aller mest, er at søsteri Britha «Betsy» er dukka opp.  Me veit rett nok ikkje kvar ho enda opp, men me lyt gå ut ifrå at ho må ha nådd ein viss alder...

 

Det som me veit om desse tre søskeni på biletet, er:

 

** Gjertrud «Jennie» Olson (Hauge), fødd i Luster 17.9.1857, utvandra i 1881 og budde i La Crosse, WI til ho kring 1914 flytte til Chicago, IL

 

** Britha «Betsy» Olson (Hauge), fødd i Luster 11.10.1862, utvandra i 1885 - lagnad ukjend

 

** Christen «Christ» Olson Hauge, fødd i Luster 2.9.1865, utvandra i 1886 og budde for det meste i og kring La Crosse, WI der han døydde ugift 18.2.1932

 

Jan Oddvar, eit viktig spørsmål er å avklara:

 

*** KVAR er dette biletet teke?  Det ser for meg ut til å vera eit studiefoto, og då vil det ha ei råme som oppgjev fotografnamn med adresse.  Kunne du spørja Marlene om dette, kva det står?

 

Om eg skal gissa, vil eg tru at biletet er teke FØR 1914, d.v.s. før Gjertrud flytte til Chicago, IL.  Mykje talar for at Betsy har butt i La Crosse, WI, men no har eg leitt både «høgt og lågt», og eg er ikkje i stand til å finna nokon høver med omsyn til namn og alder!

 

Kan me vera so heldige at Marlene kjem på namni til andre slektningar til mor si som kan ha ættesamband med «tante Betsy»?  Eller finst det gamle brev som kan fortelja oss noko?

 

Det er svært frustrerande for meg å sitja med denne kjensli av å «møta veggen», men ein eller annan stad der ute MÅ det jo finnast eit svar...!?

 

Har du forresten fått greie på:

 

** Nøyaktig dato og stad i mai 1976 for dødsfallet til Stella Thompson Johnson?  Gravferdi fann stad 19.5., so då må dødsfallet ha vore to eller tre dagar før...

 

Ein ny kjempetakk til deg, Jan Oddvar, for interessen og for framifrå bistand i freistnadane på å «oppklara» denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt at du Lars kunne nytta dei siste opplysningane. Spesielt gildt var det at Britha/Betsy dukka opp på eit av bileta.

Med omsyn til dei spørsmåla du har stilt, får me håpa på svar. Utruleg kva som kan dukka opp bare me tar tida til hjelp. Marlene har fått noko å grubla på, så då er det vel von i hangande snøre?

Du skal få greia på nye spor i saka så snart me får noko!

 

Mvh

Jan Oddvar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan Oddvar for nytt innlegg!

 

Jau, tòlmot er verkeleg noko som trengs i denne næringi.  Det veit eg etter over 40 års erfaring!  Og eg har so ofte opplevd at opplysningar dukkar opp, sjølv etter mange års venting!  Det er berre å lata det «hangande snøret» henga ute lenge nok...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjære Lars!

Ja, snøret heng ute, og eg trengde ikkje venta lenge på reaksjon frå Marlene!

Fleire bilete blei send til kona mi i dag. Interessa der borte har verkeleg auka! Det er bare eit stort problem: Lite eller ingenting er skrive i albumen etter mormor Stella Alette. Og lite veit Marlene om bileta. Så då blir det å gjetta. Ein sogeskrivar som deg, Lars, må vel halda seg til fakta og ikkje driva for mykje med spekulasjonar? Kanskje har du familie til Gjertrud i Sogn som du kan få hjelp av? IMG_2415-1.thumb.jpg.2b2df3a76075361f1622eead509a11e6.jpg

 

Eg skal senda deg dei nye bileta direkte.

Men ein ting kan me nå endeleg slå fast: Stella sin dødsdato er 15.5.1976. Staden for dødsfallet er ikkje notert.

 

Helsing Jan Oddvar

 

 

Endret av Jan Oddvar Stakkeland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan Oddvar for siste innlegget og for direkte meldingar med ymse bilete!

 

Eg gler meg over reaksjonane frå «over there» og vil gjerne kommentera saki vidare her i Brukarforum slik at ogso andre kan få med seg litt av «arbeidsmetodane»...

 

No har me den nøyaktige dødsdatoen til Stella frå 1976, lg då er det jo eit spørsmål om Marlene lgso kan hugsa KVAR ho døydde...?

 

Elles har eg følgjande kommentarar til nokre av bileti:

 

#2410 meiner eg ganske sikkert må vera Gjertrud «Jennie» og Rasmus «Robert», bryllaupsbilete frå La Crosse, WI 1890

 

#2411 kan godt vera Rasmus utan hatt...?

 

#2412 tykkjer eg kanskje er det mest spennande av desse bileti.  Dette er tydeleg eit familiebilete teke i Viroqua, WI, og eg lurer på om det kan vera Britha «Betsy» med mann og åtte born?  Det er ein viss likskap med Betsy frå det første biletet, og eit par av døtrene liknar òg svært...

 

#2414 er òg eit spennande bilete.  Veit du kvar det vart teke?  Gjertrud og Britha hadde ei eldre halvsøster i Amerika, Johanna Olsdotter Steig, kjend som Johanna Sholden (1849-1931).  Ho var ikkje gift, men utvandra i 1882 med sonen Sølfest Johan (sidan kjend som John S. Sholden) (1881-1947).  Mor og son budde nær Viroqua, WI til dei i 1911 flytte nordover til Wheeler, Dunn Co., WI

 

Det er nok diverre ikkje so mykje hjelp å få i Noreg.  Ei søster Inga var att i Luster.  Ho tok over barndomsheimen etter foreldri, var gift og fekk ein son Ole Bolstadmoen.  Ole er forlengst avliden, og det er òg dei døtrene han fekk.  Men ei av døtrene var gift i Nordfjord og har etterkomarar der.  Det skadar jo ikkje å spørja om dei kjenner til gamle familiebilete...  Er me heldige, har dei same bileti...!

 

So mykje lenger kjem ikkje eg med dette i kveld, men snøret heng jo framleis ute, og kven veit; kanskje kjem Marlene med fleire bilete og eventuelt med gamle brev som kan hjelpa oss vidare?

 

Ein ny kjempetakk til deg for stor interesse og framifrå bistand for å finna fram til ei løysing på den kjempeutfordringi det er på spora opp «tante» Betsy!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Social Security Death Index (SSDI) Death Record
Name:    Stella Johnson
State of Issue:    Illinois
Date of Birth:    Wednesday  June  15, 1892
Date of Death:    May  1976
Est. Age at Death:    83 years, 11 months
Last known residence:
City:     Villa Park; Oakbrook Terrace
County:     DuPage
State:     Illinois

 

Chicago Tribune (Chicago, Illinois) 17 May 1976, Monday, Page 24

Chicago Tribune (Chicago, Illinois) 17 May 1976, Monday, Page 24.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget frå i aftes!

 

Det som er heilt klart, er at siste registrerte bustad for Stella var Oakbrook terrace i Villa Park, IL, men obituarien seier «of Elmhurst».  Kartet syner at det er om lag 4 miles mellom desse stadane, og eg tykkjer det hadde vore svært so kjekt å få dette nøyaktig...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til freistnadane på å kompletera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Egil som også stadfester Stella Alette sin dødsdato.

 

Når det gjeld siste registrert bustad, får me håpa Marlene kan finna det ut.

Elles vil eg senda Lars nokre bilete direkte som han kan spekulera på. Lett er det ikkje å bli HEILT sikker på kven personar er når ein ikkje veit namn. Men du har god teft, Lars!

 

Helsing Jan Oddvar

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.