Gå til innhold
Arkivverket

Thomas Sjurson Lægreid - fødd i Årdal 1851 - soldat til Sverige i 1876 - Karlsborg garnison kring 1880 - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei «avleiing» av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/202882-thomas-1851-og-halvor-1853-sjurss%C3%B8ner-fr%C3%A5-kinserdalurnes-i-hafslo-til-amerika-kring-1870-1873-finn-dei-ikkje-i-utvandringslistene/

 

Sidan det har synt seg at den eine hovudpersonen i det gamle emnet tydeleg flytte til Sverige og ikkje til Amerika, vonar eg å nå fram til fleire «svenske-ekspertar» med denne titelen...

 

Eg attgjev følgjande utdrag frå det gamle emnet:

 

~~~~~~~~~~

 

Frå innlegg #1 (Lars E. Øyane):

 

Sjur Thomasson (Lægreid) Kinserdal (1825-1884) og kona Guro Halvorsdotter f. Natvik (1817-1884), båe opphavleg frå Årdal, kom i 1862 til Kinserdalen under Urnes i Hafslo då Sjur fekk arbeid som sagemeister.  Guro døydde i Kinserdalen i 1884, og enkjemannen Sjur utvandra same året til Amerika, men døydde i Faribault Co., MN same hausten.  Sjur og Guro fekk fire born i lag, mellom anna sonen:

 

* Thomas Sjurson (Lægreid), fødd i Årdal 14.5.1851, levde i Kinserdalen i 1865, men vert sidan borte.  Lagnaden hans er so langt ukjend.

 

~~~~~~~~~~

 

Frå innlegg #10 (Lars Johannessen):

 

Thomas Sjursen Lægreide f. 14.05.1851 er innført i Militær loddtrekningsliste for Bergen ca 1860 - 1890

 

 Han var i Sverige i 1879: Svenske husholdningsundersøkelser, 1880 – 1920 - Thomas Sjursen Legreid
Skaraborgs - Karlsborgs garnisonsförsamling AI 34 - Side 150

 

Thomas Sjursen Legreid
Født: 14 mai 1851
Aardal Pr.gj Norge
Bosted: Mellom 1876 og 1885
Karlsborgs garnisonsförsamling, Skaraborgs, Västergötland, Sweden
Slektskap til overhode: Ledig
Bok
Land: Sweden Bok: Karlsborgs garnisonsförsamling AI 34, 1876 - 1885
Provins: Västergötland Side: 150
Fylke: Skaraborgs 
Sogn: Karlsborgs garnisonsförsamling

 

~~~~~~~~~~

 

Frå innlegg #14 (Sven Hjortland):

 

Thomas Legreid Sjursen flyttet ifølge denne innføringen fra Norge til Stockholm 28. november 1876.

Vedlagte miniatyrbilde®
  • post-3741-0-71686600-1465453261_thumb.jp

 

~~~~~~~~~~

 

Frå innlegg #15 (Lars E. Øyane):

 

Hjarteleg takk til Sven for det siste interessante innlegget om Thomas!

 

Kvar kan Thomas ha vore ved FT1875?  I alle fall er han frå 1876 i Sverige, og so vidt eg forstår, var han gardist i Stockholm før han vart knytt til militærgarnisonen Karlsborg i Västergötland?  Eg ser av google-maps at festningen ligg nydeleg til på vestsida av Vättern.

 

Kan Thomas ha gift seg i Sverige og stifta familie?

 

Eg takkar igjen for alle nye spennande bidrag om denne Thomas...!

 

~~~~~~~~~~

 

Det er sjølvsagt mogeleg at Thomas har utvandra til Amerika, slik alle søskeni hans gjorde, men i so fall har han reist via Sverige, og det er ikkje urimeleg at han kan ha stifta familie FØR han eventuelt utvandra.

 

Eg vonar det er mogeleg å finna fleire spor etter Thomas i Sverige og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

 

Josefine Marie Anna Elisabeth Fursen Lagereid

Norway Baptisms, 1634-1927

birth:
3 January 1876
 
christening:
3 September 1876
Levanger, Nord-Trøndelag, Norway
residence:
1876
Nord-Trøndelag, Norway
father:
Thomas Fursen Lagereid
mother:
Jonetta Tellefsdatter Petersen

 

Det står ingen alder/fødselsår på denne Thomas Sjursen Lægereid af Sogndals Prestegjeld.

Nord-Trøndelag fylke, Levanger i Levanger, Ministerialbok nr. 720A04 /1 (1875-1879), Fødte og døpte 1876, Side 7
Permanent bilde-ID: kb20050509040687
Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I merknadsfeltet ytterst til høyre står det vel at dette var hennes og hans (altså barnemorens og barnefarens) 2. leiermål. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No vart eg skikkeleg imponert!  Hjarteleg takk til Ann-Mary og Sven for fabelaktige innlegg!  Dette MÅ jo vera «vår» Thomas Sjurson som altso har vore smed og reiste som matros på kysten!

 

Og her fann eg Jonette med dotteri Josefine i FT1910 for Trondheim:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036806044090

 

Og her er jamen ogso sonen Thomas - urmakarmeister i Trondheim i 1910:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036806048345

 

So me kan vel trygt seia at det ikkje vart noko «par» av Thomas og Jonette...

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om Thomas og lagnaden hans!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

# 1:

Guro døydde i Kinserdalen i 1884, og enkjemannen Sjur utvandra same året til Amerika, men døydde i Faribault Co., MN same hausten.  "

 

----

 

Hvem er denne Thomas Legreid?

 

Thomas Legreid
United States Census, 1880
Name Thomas Legreid Event Type Census Event Date 1880 Event Place Brush Creek, Faribault, Minnesota, United States Gender Male Age 29 Marital Status Married Race White Race (Original) W Occupation Farmer Relationship to Head of Household Self Relationship to Head of Household (Original) Self Birth Year (Estimated) 1851 Birthplace Norway Father's Birthplace Norway Mother's Birthplace Norway Sheet Letter A Sheet Number 44 Person Number 0 Volume 2
HOUSEHOLD ROLE GENDER AGE BIRTHPLACE Thomas Legreid Self M 29 Norway

 

Ellen Legreid

Wife F 23 Minnesota, United States

 

Ellen Thompson

Grandmother F 80 Norway

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MZ9Q-K8D

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Thomas Legreid i Brush Creek township, Faribault Co., MN 1880 ser forbløffande lik ut med «vår» Thomas, men diverre; dette er ein annan person.  Følgjande vigsle fann stad i South Blue Earth Lutheran church, Faribault Co., MN 29.9.1878:

 

Thore Hermundson Lægreid, 26 1/2 år gamal

Eli Johannesdotter Nundahl, 22 år gamal

 

Nei, «vår» Thomas har nok vore i Sverige på den tidi, og eg vonar no at det let seg gjera finna han att der borte...?

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i ettermiddag gerne få henta fram att dette emnet for at det ikkje skal verta «gløymt».

 

Eg vonar verkeleg at det skal vera mogeleg å finna fleire opplysningar om Thomas Sjurson i Sverige og takkar og bukkar på det djupaste for alle gode tips!

 

PS: Kan Thomas ha utvandra frå Sverige til Amerika?  Kva tid er han sist påvist i Sverige?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det siste sporet jeg finner av Thomas Sjursen Legreid er da han er ferdig med tjenesten i 1879. Tror det står at han flytter til Karlstad 28.11.1879 (kon. bef. Karlstad)?

post-3741-0-48175300-1466007577_thumb.jpg

post-3741-0-35052500-1466007587_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit svært so interessant innlegg!

 

Då har me altso følgd Thomas til november 1879 då han flytte til Karlstad...

 

Bør han ikkje då òg vera innmeld til Karlstad?

 

Ein ny kjempetakk for kjempegod hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karlsborg Garnisonsförsamlings utflyttingslister 1879 viser utflytting nr. 227, 20.11.1879 på soldat Legreid.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg freista i morges å leggja denne saki ut på den svenske Rootsweb-lista, og der har eg no fått eit svar frå ein person som eg veit har grundig kjennskap til svenske kjelder.  Han skriv mellom anna følgjande:

 

~~~~~~~~~~

 

«Not found in Swedish Census 1880.

He is recorded as moving-out number 227, 20 Nov 1879, soldier number 150 of the discipline company Legreid, destination "Kon. Bef. i Karlstad".
Karlsborgs garnisonsförsamling B:4 (1876-1894) Image 18 (AID: v46337.b18, NAD: SE/GLA/13273).

I'm not sure what "Kon. Bef." means, perhaps the county administration?

In the "household record" is recorded that he should be officially recorded in Hardal parish, Norway.
Karlsborgs garnisonsförsamling AI:34 (1876-1885) Image 156 / page 150 (AID: v46312.b156.s150, NAD: SE/GLA/13273).

I don't see him in the moving-in ltist 20 nov - 31 Dec 1879 in Karlstad stadsförsamling B:7 (1877-1883) Image 116 (AID: v6834.b116, NAD: SE/VA/13275).

Also not in Karlstad landsförsamling B:2 (1878-1894) Image 9 (AID: v7142.b9, NAD: SE/VA/13274).

So it seems he didn't move to Karlstad, perhaps he emigrated to N.America, perhaps via Norway?»

 

~~~~~~~~~~

 

Eg ser han har feiltolka Aardal til Hardal, men eller er Thomas tydelegvis som «sokken i jordi»!

 

Kvar i all verdi kan han ha vorte av??

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karlstad hadde regimente fram til sirka 1995. Har noen sjekket hvis regimentet i Karlstad har egne böker, og hvis ja, sett hvis han står der? (Hvis nei, i hvilken böker står da de ansatte av lavere grad - hvis det ikke er stadsförsamlingen, som innlegg 17 angir som sjekket ut, må de vel finnes et annet sted....)

Det er jo en fjern mulighet at Kon Bef skal bety "konglig befallning" eller nogen lignende "hjemmelavet kode "som betyr at han fikk ordre om å flytte...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er flytteattesten til Thomas Sjurson Legreid.

Den er underskrevet av presten i Hafslo i 1866.

Kilden er Karlsborg Garnisonsförsamlings kyrkoarkiv, bilagor til flytningslängderna.

 

 

post-1665-0-79180400-1466108963_thumb.jpeg

post-1665-0-76949900-1466109157_thumb.jpeg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibeke og Randi Elisabeth for nye interessante innlegg!

 

Det dukkar stadig opp nye «element» i denne saki, som til dømes flytteattesten frå Hafslo til Bergen frå hausten 1866.  Eg ser at denne flytteattesten ogso er nemnd i kyrkjeboki for Hafslo, men eg har fullstendig oversett denne:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6870/62

 

Elles er kommentarane til Vibeke svært so spennande.  Kanskje finst det von om å komma vidare i Sverige likevel?

 

Eg takkar igjen for alle nye tips i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne flytteattesten har stempel og påskrift fra Stockholm, dvs at han hadde den med seg og viste den fram i Stockholm. (Svea reg)

Attesten hadde han med seg til Karlsborg, der ble den forevist og liggende i arkivet, siden den nå finnes i det scannede kildematerialet fra Garnisonsförsamlingen.

 

Jeg har gått gjennom døde og begravede i Karlstad stadsfösamlings kyrkoarkiv og Karlstad landsförsamlings kyrkoarkiv over døde og begravede 1879 til ca 1882, men ingen Thomas.

Det samme for Karlsborg.

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for ein kjempeinnsats for å freista finna lagnaden til Thomas Sjurson i Sverige!

 

Det er ingen tvil om at han verkeleg gøymer seg svært so godt, og eg har ingen nye forslag om kvar han kan ha vorte av...  Han er vel ikkje avliden i Karlstad før han vart registrert der...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, jeg har ikke lett i Karlskrona, det var en skrivefeil som nå er rettet opp.

Kan se litt mer i kirkebøkene for Karlstad i morgen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.