Gå til innhold
Arkivverket

Peder Johan Nilsson Kroken - fødd i Aurland 1895 - oppvaksen i Hafslo - sidan attende til Aurland og so Sunndalsøra eller Drammen? - lagnaden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg slit med å finna lagnaden til denne personen og vonar at kanskje nokon har tips å komma med?

 

Peder Johan Nilsson Kroken, fødd i Aurland 13.10.1895 som yngst av åtte born fødde av gardbrukar Nils Hansson (Skjerdal) Nyheim (1853-1930) og Anna Knutsdotter (Urnes) (1849-1919), busette på bruket Kroken av Urnes i Hafslo.

 

Peder skal i ung alder vera flytt attende til Aurland og var tenestedreng på garden Nedberge i Aurland, men flytte sidan derifrå att.  Om lagnaden hans stridast «ekspertane», nokon meiner han fór som industriarbeidar til Sunndalsøra, medan andre meiner han flytte til Drammen.  Me veit berre at han var avliden før 1975!

 

Søskeni til Peder skreiv seg dels for Skjerdal og dels for Nyheim, men Peder skal ha skrive seg for Kroken!?

 

* Er det mogeleg å finna lagnaden til Peder Johan?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for rettingi!  Kanskje det no vert lettare å finna att Peder i seinare kjelder?

 

Står det ingenting om ham i en eventuell dødsmelding etter far, d. 1930, og/eller mor, d. 1919?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jarleif for interessante innlegg!

 

Eg har ikkje undersøkt dødsmeldingane etter foreldri til Peder, men ifølgje biletet i innlegget frå Jarleif var Peder framleis busett på Nedberge i Aurland på 1940-talet.  Samstundes får me ei stadfesting av at han nytta Kroken som ættenamn...

 

Eg takkar på ny for fin hjelp med denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En forbindelse har sjekket telefonkatalogen for Drammen 1961-68 - ingen Peder Kroken der (men en Leif K).

Sunndalsøra: Ingen Peder K, (men en Ivar K i 1961). Men "Kroken" har vi jo flere steder i landet.

 

Mvh Jarleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jarleif for nye innlegg om Peder Kroken.

 

Det skal tydeleg ikkje vera so lett å finna lagnaden til denne karen.  Men ein eller annan stad må han jo finnast...?  Kanskje skulle eg freista ta kontakt med nokon på Nedberge i Aurland?

 

Eg takkar nok ein gong for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kjell for nytt innlegg!

 

Jau, det er mange personar i Luster som heiter Kroken; me har fleire gardar med dette namnet, men den Peder Johan Kroken som eg her spør etter, budde aldri i Luster etter at han i ung alder flytte attende til Aurland der han var fødd.  Og han var aldri gift og har ingen etter seg...

 

Med denne Peder Johan Kroken synest verkeleg gøyma seg skikkeleg godt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Magne for siste innlegget om denne utfordringi!

 

Til tross for iherdig leiting i ymse adressebøker for Drammensdistriktet, har eg ikkje lukkast i å finna Peder, men eg har i dag fått greie på at han døydde i FROLAND 25.12.1964, kva han no enn hadde der å gjera...?  Det er vel ikkje godt å finna ut noko særleg meir om dei siste leveåri hans Peder, men eg takkar på ny for framifrå hjelp med å finna ut av lagnaden til denne karen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.