Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Morten Nilsson frå Tønjum i Lærdal (1728-1813) - gift 4x i Årdal - kven var andre og fjerde konene hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Morten Nilsson frå Tønjum i Lærdal, døypt der 15.8.1728, budde lenge på Lægreid i Årdal, men døydde på Prestegard i Årdal 5.10.1813.

Morten gifte seg fire gongar i Årdal:

1ste gongen 6.11.1765 med enkja Britha Halvorsdotter, døypt på Urnes i Hafslo 11.10.1735, døydde (barsel) på Lægreid 12.2.1766

2dre gongen 10.6.1767 med Anna Olsdotter NN, fødd i Årdal kring 1744, konfirmert i Årdal 1763, døydde (barsel) på Lægreid 15.1.1771

3dje gongen 10.11.1771 med Bertha Jensdotter (Klingenberg), døypt i Lærdal 6.6.1734, døydde (barsel) på Lægreid 10.6.1774

4rde gongen 15.11.1778 med Martha Olsdotter NN, fødd i Årdal kring 1738, truleg konfirmert i Årdal 1757, døydde på Prestegard 8.1.1803

 

Eg har to spørsmål som eg slit med å finna svar på:

** Kven var Anna Olsdotter, andre kona til Morten?  Eg ser at mellom fadrane til son hennar f. 1771 nemnast Anders Olson og Kari Olsdotter, kanskje søsken av Anna?

** Kven var Martha Olsdotter, fjerde kona til Morten?  Eg ser at Jon Laberg trur ho var frå Seim, men eg finn ikkje dekning for dette…

 

Ser me på ekstraskattmanntalet for Årdal frå 1763, finn me 6 stk. Anna Olsdotter:

 

1. Anna Olsdotter, tenestejente hjå Jacob Dahl på Hovland
2. Anna Olsdotter, dotter av Ole Andersson, husmann under Øvstetun
3. Anna Olsdotter, gift med Wernik Johannesson, husmann under Seim
4. Anna Olsdotter, nemnd mellom husmannsfolk og innerstar under Hæreid (truleg ein eldre person)
5. Anna Olsdotter, tenestejente på Avdal (truleg søster av Kari Olsdotter og Johannes og Thomas Olssøner) - fekk i 1763 teneste på Lægreid
6. Anna Olsdotter, gift med Paul Olson, husmann på Masterhaugen i Offerdal

 

Av desse kan me straks sjå bort ifrå #3, #4 og #6; dei er truleg alt for gamle og gifte før 1765.

 

Ser me på dei Anna Olsdøttrer som er registrerte hjå FamilySearch som fødde mellom 1730 og 1750, finn me desse i Årdal:

 

* Anna Olsdotter, døypt «uekte» 7.10.1731 av Ole Einerson

* Anna Olsdotter, døypt 17.11.1734 av Ole på Plassen - er nok den Anna Olsdotter som i 1763 var 29 år og dotter av husmann Ole Olson og kona Elisabeth Ingebrigtsdotter på Plassen under Hovland (skiftet hennar 1763) - kan henda #1 ovanfor

* Anna Olsdotter, døypt 16.10.1735 av Ole Geithus (under Ve)

* Anna Lerche Olsdotter, døypt 15.9.1748 av Ole Andersson - er nok den Anna Olsdotter som i 1769 var 20 år og dotter av Ole Andersson og Guro Olsdotter på Øvstetun (skiftet hennar 1769)

 

«Vår» Anna Olsdotter er IKKJE ført mellom dei døypte i Årdal, og det ser ut til å mangla fleire Olsborn på 1740-talet, mellom anna:

 

* Erik Olson konfirmert 1763 (ogso ein i 1764, men berre ein er døypt på 1740-talet!)

* Anna Olsdotter konfirmert 1763 - «vår» Anna

* Sigrid Olsdotter konfirmert 1763 - tente truleg på Jelle i 1763

* Martha Olsdotter konfirmert 1763

* Endre Olson Lægreid konfirmert 1766

* Anders Olson konfirmert 1767

 

No ser eg at kandidat #5 ovanfor, ho som budde på Avdal og flytte til Lægreid i 1763, tydeleg hadde søsken Kari, Johannes og Thomas.  Og då ser eg ein søskenflokk som synest høva ganske so godt:

 

Ole Knutson AVDAL (frå 1763 LÆGREID) (1711-1792) gift med Christi Johannesdotter (1707-178?) hadde desse kjende borni (jmf. skifte etter Ole frå 1792):

 

* Synneva Olsdotter Prestegard (1732-1777)

* Knut Olson Lægreid (1734-1807)

* Kari Olsdotter Dalaker (1736-1794)

* Johannes Olson Lægreid (1738-1790)

* Endre Olson Lægreid (1746-1803)

* Thomas Olson Seim (1748-1804)

 

Her er det ei stor luke mellom Johannes og Endre med «plass» til i alle fall to born.  Var Anna Olsdotter (1744-1771) det eine?  Ho let jo ikkje born etter seg, so ho vart heller ikkje nemnd i skiftet etter faren i 1792!

 

Kva meiner de?

 

Neste utfordring vert so å finna ut kvar fjerde kona Martha Olsdotter kan vera kommi ifrå...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.