Gå til innhold
Arkivverket

Jordskjelvoffer i San Francisco, CA 1906 via New Zealand og Alaska? - Brørne Ole Christian Ingemann Andersen (1868) og Jacob Sophus Andersen (1866)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Egil for siste meldingi!

 

Det einaste eg ønskjer å få greie på når det gjeld dette forliset, er kva dato det skjedde og kvar?  Eg reknar med det vert vanskeleg å identifisera John C. Johnson, «the Russian Finn»..., og finna ekteskapet hans med Theresa Baker...?

 

Når det gjeld William og Amanda Hamilton, so budde dei i Spokane, WA då mor hennar døydde i 1952.  Her er forresten vigsli hennar frå 1936:

 

https://www.digitalarchives.wa.gov/DigitalObject/Download/8f559e31-3965-4ae2-8002-0c3c4ab49961

 

Eg har forresten freista søkja etter Jacob Sophus med ættenamnet Rust, men so langt utan hell...  Eg er nok ikkje like dugeleg til å søkja som deg, Egil...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 minutt siden, Lars E. Øyane skrev:

Det einaste eg ønskjer å få greie på når det gjeld dette forliset, er kva dato det skjedde og kvar?

 

Jeg la med en lenke som viser detaljene i post # 46 - https://en.wikipedia.org/wiki/SS_City_of_Rio_de_Janeiro

 

2 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg reknar med det vert vanskeleg å identifisera John C. Johnson, «the Russian Finn»..., og finna ekteskapet hans med Theresa Baker...?

 

Vi får se, ingenting er umulig, tar litt tid noen ganger ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg har forresten freista søkja etter Jacob Sophus med ættenamnet Rust, men so langt utan hell... 

 

 

Den har jeg ikke startet på enda, forhåpentlig er det flere, dyktige på forumet som kanskje kan trå til......?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste meldingane!  Då veit me i alle fall kva dato og kvar dette forliset skjedde!

 

Korleis ville du forresten definera ein «Russian Finn» med namnet John C. Johnson?  Kanskje fødd på Kolahalvøya av svenskfinske (eller norskfinske?) foreldre?

 

Ein ny kjempetakk, Egil, for kjempemessige innlegg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Korleis ville du forresten definera ein «Russian Finn» med namnet John C. Johnson?  Kanskje fødd på Kolahalvøya av svenskfinske (eller norskfinske?) foreldre?

 

Godt spørsmål! Må bare innrømme at det vet jeg fint lite om...... 

 

Skulle vært artig å finne det opprinnelige navnet hans ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste kommentar!

 

Det høyrest for meg ut som om John C. Johnson og Christian Ingemann Anderson (Rust) hadde meir eller mindre same yrke.  Dei budde i nærleiken av kvarandre og KAN ha vore kjende med kvarandre i mange år, kanskje alt før dei utvandra?

 

Eg er svært spent på om det let seg gjera å spora han opp og takkar nok ein gong for dagens storfangst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Left to Right Rev Andrew William Vachon SJ Arthur English Richard English (with hands on waist) Gertrude English Frances English Mary Frances English Robert English Mary Waters Annie Sullivan Frank Rust

From Ancestry_MFE_IFR.jpeg

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/39741501/person/19406985631/facts

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det som er mest frustrerande når det gjeld amerikanske vigselsattestar, er at det er så minimalt med opplysningar i dei:

Døme:

Jack Smith frå New York, N.Y. gifter seg med Selma Johnson frå Staten Island, N.Y.

Vitner og dato, og namn på presten, det er alt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil og Gunnar for dei siste innleggi!

 

Eg tenkte ikkje på at det kunne finnast online trees der Frank Rust dukka opp, og det til og med i biletform.  Elles går det fram av nemnde tre at han of kona ikkje hadde born, so diverre er han  ei «dead end»...

 

Til Gunnar må eg seia meg samd når det gjeld vigselsattestar frå Amerika, men dette gjeld ikkje for ale statar!  Kvaliteten er svært varierande.  Både i Wisconsin, i Iowa, i Montana og ikke minst i California er foreldri som regel tekne med, og me finn både fødestadar og aldrar på dei vigde.  Diverre manglar slikle opplysningar i statar som New York, Illinois, Minnesota og North og South Dakota, og det er, som du Gunnar seier, ofte svært so «frustrerande»...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av den kjempestore utfordringi i Amerika som dei to brørne frå Tysfjord står for!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Bygdebokprosjektet for Luster kommune er i avslutningsfasen, og denne utfordringi er ei av ei handfull emne, som eg oppfattar som særleg viktig for heile bygdebokprosjektet å finna ei løysing på, men er det mogeleg?

 

Me har etter kvart bra «kontroll» med lagnaden til Ole Christian Ingeman Andersen (Rust), men Jacob Sophus står me framleis ganske so fast på.  Eit par andre detaljar manglar òg...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for heile huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kirstina Olsdotter {Urnes}, f. {i Hafslo} 20.1.1823, gifte seg 6.11.1851 med Anders Christenson, opphavleg frå Hunshammar, men sjå Eidsbakken under Eide i Luster.  Han var f. i Hafslo 14.10.1826.  Anders og Kirstina budde som innerstfolk i Kinsedalen fram til 1853.

Anders Kristensen og kona Kirstina flytte i 1853 til Nordland der dei slo seg ned som plassfolk på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen.  Anders livnærte seg i hovudsak som fiskar.  Men Kirstina d. etter barselseng på Drag alt 18.11.1860, og Anders gifte seg 4.12.1863 att i Lødingen med Rebekka Andrea Jacobsdotter frå Stokke i Tjeldsund, Lødingen.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Rasmusson på Stokke og kona Elen Sophie Christiansdotter frå Hol og f. i Lødingen 29.5.1835.  Anders og Rebekka vart buande på plassen hans under Drag i Tysfjord, Lødingen, men Anders livnærte seg òg som fiskar og sidan som tømmer- og vedhoggar.  Rebekka d. som strandsitjarkone på Drag 18.12.1875, og Anders Kristensen vart nok buande på Drag til han ein gong på 1880-talet flytte til Oppeide i Hamarøy der han var gardsarbeidar og d. 16.1.1899.  Anders fekk i alt ti born, fem frå kvart av ekteskapi; dessutan hadde båe konene ei dotter kvar seg frå før:

a. Anna Marie Torstensdotter, dotter av Kirstina og husmann Torsten Jørgenson på ein plass under Urnes (1812-1900), var f. i Hafslo 18.10.1844, flytte med mori og stefaren til Lødingen, men vart sidan sjuk og flytte i 1861 til Reitgjerdet pleiestiftelse i Strinda der ho d. ugift 30.11.1872.

b. Christi, kjend som Christina Andersen, f. i Luster 18.12.1849, flytte med foreldri til Lødingen og d. under eit opphald på Ness i Hamarøy 21.9.1925.  Ho gifte seg i Hamarøy 11.4.1876 med Jacob Andreas Eliassen frå Tømmerås lille i Hamarøy.  Han var f. i Hamarøy 4.3.1849 og d. som husmann på Drag 4.12.1923.  Christi og Jacob tok over heimeplassen hennar på Laplæger under Drag i Tysfjord, Lødingen der ogso Jacob livnærte seg som fiskar.  Dei budde på Drag levetidi ut og fekk åtte born i lag.

c. Karen Oline Andersen, f. i Hafslo 11.8.1852, flytte likeins med foreldri til Lødingen i 1853 og d. som gardbrukarkone på Jørgenvik i Hamarøy 14.11.1931.  Karen voks opp som fosterdotter i Hamarøy og gifte seg der 21.7.1881 med Sivert Vagn Jakobsen frå Kalvåg i Hamarøy, f. i Hamarøy 13.1.1851.  Han d. som gardbrukar og fiskar på Jørgenvik 6.5.1940.  Sivert var fiskar, og han og Karen var frå kring 1884 gardbrukarar på Jørgenvik i Hamarøy.  Dei fekk fem born i lag.

d. Ole Christian, kjend som Ole Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 29.7.1855, d. som gardbrukar på Sommerset i Hamarøy 31.8.1928.  Ole voks opp som pleieson på Kalvåg vestre i Hamarøy og gifte seg der 7.7.1882 med Christiane Marie, kjend som Christiana Sivertsdotter frå Kalvåg austre i Hamarøy, f. i Hamarøy 13.1.1854.  Ho d. som gardbrukarenkje på Sommerset 29.6.1937.  Ole var fiskar, og han og Kristiane var mange år husmannsfolk på ein plass under Kalvåg vestre i Hamarøy, men vart kring 1905 gardbrukarar på Sommerset i Hamarøy der dei sidan budde levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

e. Kirstina Marie Andersdotter, f. i Tysfjord, Lødingen 3.7.1858, d. som husmannskone i Djupvik i Hamarøy 25.7.1897.  Kirstine kom òg som pleiedotter til Kalvåg vestre i Hamarøy og gifte seg der 27.12.1895 med Johan Iver Jakobsen, visstnok oppvaksen i Vatsbotn i Hamarøy, men f. på Husøy i Hamarøy 15.8.1868.  Han d. som murar på Myrseth i Hamarøy 10.4.1945.  Som enkjemann gifte Johan seg att 14.10.1901 att i Hamarøy med Laura Marie Jakobine Sørensdotter frå Kleivi under Djupvik, f. i Hamarøy 12.9.1879.  Ho d. som husmannskone i Djupvik 24.11.1918.  Johan Jacobsen var fiskar og murar og budde som husmann på Djupvik lille under Djupvik i Hamarøy.  Han fekk i alt åtte born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Kirstina.

f. Anders Martin Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 1.11.1860, d. på Tysnes i Hamarøy 3.8.1862.

g. Josephine Karoline Røst Villadsdotter, dotter av Rebekka og fiskar Villads Martinus Bing Hansson på Valen (Viken) i Vågan, opphavleg frå Svensgard i Lødingen (1834-1919), var f. i Tjeldsund, Lødingen 25.6.1861 og d. som enkje på Kjær ytre i Tysfjord 26.3.1945.  Josephine gifte seg i Tysfjord 24.7.1885 med Lars Larsson frå Kjær vestre i Tysfjord, f. i Hamarøy 6.9.1855.  Han d.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910! – e. 1935?)

 

 

     Lars og Josephine Larsen tok over som gardbrukarar på Kjær vestre i Tysfjord etter foreldri hans, men flytte sidan til Kjær ytre.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg og fostra opp minst tre born, mellom dei ein brorson og ei brordotter hennar.

h. Adelsten Johan Røst, kjend som Johan Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 5.8.1864, d. som fiskar på Henningsvær i Vågan 29.12.1932.  Johan gifte seg i Vågan 22.6.1894 med Ingeborg Anna, kjend som Anna Samuelsdotter frå Gulvik, Henningsvær, f. i Vågan 10.10.1871.  Ho d. som fiskarkone på Henningsvær 25.3.1931.  Johan var fiskar, og han og Anna budde på Gulvik, Henningsvær i Vågan.  Dei fekk ti born i lag.

i. Jacob Sofus Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 25.7.1866,

 

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1875 – n. 1891 i Hamarøy i lag med far sin! – fekk ein son i Vågan 1893 som vart oppalen hjå halvsøsteri Josephine på Kjær i Tysfjord – Jacob utvandra til Amerika same år? – lagnaden hans? – omskriven 1919 som «kontormann avliden i Amerika» - sonen Jacob Andreas Jacobson Kjær, f. i Vågan 1893, d. i Haugesund 5.3.1968)

 

 

j. Ole Kristian Ingemann Andersen, kjend som Ingemand C. A. Rust, sidan som Christian I. Anderson, f. i Tysfjord, Lødingen 28.9.1868, utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg første gongen i San Francisco, Cal. 23.12.1903 med enkja Theresa M. Johnson, f. Baker, opphavleg frå Liverpool i Lancashire, England.  Ho var dotter av båtsmann George Baker i Liverpool, opphavleg frå Portadown, Armagh Co., Irland, og kona Margaret f. Todd frå Manchester, Lancashire Co., England og f. i Liverpool, Lancashire Co., England

 

 

      ¤¤¤¤¤ (exact date of her birth?)

 

 

     .10.1867, men utvandra til Amerika i 1890. 

 

 

     ¤¤¤¤¤ (married 1st time 1895 to John C. Johnson, a Russian Finn master mariner – lost at sea near San Francisco, CA Feb. 22, 1901! ! – born Russia Apr. 1855 – emigrated 1871!? )

 

 

     Christian var fiskar og deleigar i ein fiskebåt og likeins i ei hermetikkfabrikk i Alaska («fisherman and fisherboat and cannery part owner») og siglde på vestkysten, men hadde den formelle bustaden sin i San Francisco, Cal.  Han og Theresa vart skilde alt i 1905, og Theresa Rust flytte til San Mateo, San Mateo Co., Cal. der ho livnærte seg som syerske («dressmaker»), men ho d. i San Francisco, Cal. 20.10.1918.  Christian hadde i 1910 opphaldet sitt i Orea, Cordova distrikt i Alaska, men gifte seg att i Los Angeles, Cal. 22.11.1912 med Beda Amanda, kjend som Amanda Eriksdotter frå Bräcke i Jämtlands län, Sverige, i Amerika kjend som Amanda Erickson.  Ho var dotter av paktar Erik Olofsson i Örtjärnsdalen, Bräcke i Jämtlands län, Sverige, opphavleg frå Umeå i Västerbottens län, og kona Brita Juliana Andersdotter frå Bräcke og f. i Nyhem, Jämtlands län i Sverige 14.11.1878.  Amanda utvandra til Amerika i 1893 og hadde ei tid livnært seg som kokke («cook») i Pasadena, Los Angeles Co., Cal.  Christian heldt fram som fiskar og fiskebåteigar («fisherman and fisherboat owner»), og han og Amanda budde ei tid I Grays Harbor Co., Wash., men flytte kring 1918 til Friday Harbor, San Juan Co., Wash. der Christian d. 31.8.1935.  Amanda Anderson livnærte seg sidan som butikkdame («cosmetic store sales lady») same staden, men d. i Spokane, Wash. 6.3.1952.  Christian fekk to born, ein son i første ekteskapet og ei dotter i det andre.

 

 

     ¤¤¤¤¤ (dau: Amanda Jeanette Anderson, born Grays Harbor Co., WA Feb. 17, 1916 – married Seattle, WA Jan. 25, 1936 William T. Hamilton – born WA 1909 – 1940: carpenter Navy Yard City, Kitsap Co., WA)

 

 

k. Sofie Otelie Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 23.2.1871, d. i Harstad 1.2.1921.  Ho gifte seg i Trondenes 4.8.1893 med Albert Pederson Johnsen frå plassen Vika under Stangnes i Trondenes, f. i Trondheim 23.11.1869.  Han d. i Harstad 22.7.1948.  Albert gifte seg 23.10.1924 att i Trondenes med Marie Engvardine Oline Nikolaisdotter Iversen frå Bakkeland under Gavlen i Dverberg, f. i Dverberg 21.3.1886.  Ho d. i Harstad 30.3.1975.  Albert var fiskar og snikkar, og han og Sofie var dessutan gardbrukarar på Stangnes søndre i Trondenes, men flytte i 1916 til Harstad der Albert var mekanisk verkstadarbeidar.  Han fekk i alt tretten born; av dei var ti frå første ekteskapet med Sofie.

l. Albert Ludvig Andersen, f. i Tysfjord, Lødingen 3.5.1873, miste livet i ein brann på Kjær i Tysfjord 10.6.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag frå Amerika motteke eit utdrag frå the San Francisco Call 15.12.1903 som fortel oss at:

 

«Ingemaud A. Rust, 35, 18½ B Freelon street, and Terese M. J. Johnson, 30, 18½ B Freelon street» fekk utstedt marriage license «yesterday».

 

Eg ser at kjelda for vigselsdatoen 23.12.1903 kjem frå skilsmålssaki nemnd i innlegg #34 på førre side.  Sjølve vigsli er ikkje kunngjort i denne avisa fram til 31.12.1903, men me må vel kunna gå ut ifrå at vigsli fann stad i San Francisco, CA, og eg har «justert» manuskriptet mitt i innlegg #60 over for å ta høgd for denne opplysningi!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan, eg la i aftes inn eit spørsmål om denne vigsli til Ole Christian Ingemann Andersson alias Ingemand Rust og Thgeresa Johnson på den nord-californiske rootsweblista, og eg fekk i dag ein spennande kommentar:

 

«Back then people were prove to get married in Reno by catching the Great Northern to Reno married at a discount package including Bridal Suite.»

 

og eg kjenner faktisk til eit anna par frå San Francisco, CA som gjorde nettopp det i 1904!  Kanskje finst det aviser frå Reno, NV med «wedding announcements»?  Kanskje den «russiske finnen» John C. Johnson og Theresa Baker gjorde det same i 1895?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Etter at Odd Tømmerås i kveld kom inn på denne huslyden gjennom eit anna emne, fann eg ut det er «dags» å henta fram att denne kjempeutfordringi frå «gløymsli»

 

Eg syner til siste oppdaterte manuskript i innlegg #60 over der det går fram at dei to store utfordringane framleis er følgjande:

 

** Kva tid og kvar døydde Lars Larsson Kjær i Tysfjord, fødd 1855?  Kan han ha flytt til fostersonen sin i Haugesund på sine eldre dagar og vera avliden der?

 

** Og lagnaden til Jacob Sofus Andersen, fødd 1866, som kanskje har skrive seg for Rust(?).  Han «stakk av» til Amerika, men skal vera avliden i relativt ung alder der borte.

 

Ei løysing på desse utfordringane ville føra til kjempeglede og stor feiring hjå meg, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Etter kva du no skriv, so burde Lars Kjær vera avliden mellom 1927 og 1930, MEN etter ein ny gjennomgong av både kyrkjeboki OG klokkarboki for Tysfjord, må eg berre fastslå at dødsfallet hans IKKJE er innført der etter 1925.  Eg har tidlegare hatt kontakt med sokneprestkontoret i Tysfjord, og dei fann heller ikkje noko dødfall etter 1938!

 

Anten må Lars vera død «sørpå», eller han døydde på eitt eller anna sjukehus (Bodø?) utan at dødsfallet vart meldt til Tysfjord...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.