Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christi Pedersdotter Svangstu - f. Luster 1848 - til Amerika i 1870 - kan henda Dane Co., WI eller Buena Vista Co., IA?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Christi Pedersdotter Svangstu (eller Alsmo eller Sandvig), fødd i Luster 25.10.1848, dotter av husmann Peder Andersson Alsmo Svangstu Sandvig (budde alle tre stadar til ulike tider!) (1822-1879) og kona Ragnhild Andersdotter (1817-1901), vart konfirmert i Luster i 1863, men er ikkje å sjå i 1865, korkje i Luster eller andre stadar!

 

Men ho er ført som utvandra til Amerika over Quebec i 1870 under namnet Svangstu: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=11805&merk=11805#ovre

 

Yngste broren Andreas alias Andrew P. Elsmo (1852-1942) utvandra òg i 1870 og budde nokre år i Dane Co., WI, men flytte kring 1878 til Buena Vista Co., IA der ogso eldste broren Andrew Peterson (1844-1907) budde frå kring 1870.

 

Eg har so langt ikkje greidd å lokalisera Christi i Amerika, men kanskje einkvan i Brukarforum har betre auge enn eg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nytt innlegg!

 

Eg ser du har korrigert innlegget før eg rekte å svara.  Desse folki ættar òg frå Luster, men er del av ein heilt annan huslyd!

 

Eg kan forrsten leggja til at alle dei tre søskeni som utvandra til Amerika, Andrew Peterson, Andrew Elsmo og Christi kalla seg SVANGSTU då dei utvandra...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no fått ein ny «leietråd» når det gjeld denne Christi Pedersdotter og nyttar høvet til å henta ho fram att frå arkivet...

 

Det syner seg nemlig at ho kring 1871/1872 gifte seg med Ole K. Swenson, fødd i Hemsedal 23.7.1850 av foreldri Knut Svendson og Birgit Andersdotter (Lykken) som mellom 1858 og 1861 utvandra til Houston Co., MN.  Ole og Christi skal so ha butt, delvis i Dane Co., WI og delvis i Iowa, før dei kring 1878 slo seg ned som farmarar i Holmes City township, Douglas Co., MN.  Ole døydde der 25.12.1897, medan Christi døydde i Lowry, Pope Co., MN 2.3.1908.  Dei fekk ti born i lag, og særleg dei eldste tre borni er store «utfordringar»:

 

* Ragnhild Petrine, fødd 9.11.1872

 

* Oliva Severine, fødd 18.12.1873

 

* Betsy (Birgit?) O., fødd 18.12.1875

 

Truleg er minst ei av desse jentene fødd i Iowa, men dei amerikanske folketeljingane har avvikande opplysningar, og eg kan ikkje finna dåpsopplysningar for nokon av dei!

 

Følgjande utfordrande spørsmål står soleis opne:

 

** Kan utvandringi for Knut Svendson og huslyden hans frå Hemsedal (1858-1861) finnast?

 

** Kva med vigsli til Ole K. Swenson og Christi Pedersdotter (1871/1872)?

 

** Og endeleg, dåpshandlingane til dei tre døtrene (1872/1875)?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til løysing av desse «flokene»!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg ved leiting gjennom kyrkjebøkene for Gol finne utvandringi til gardbrukar Knut Svendson og kona Margit Andersdotter Lykken i 1861:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/7751/345

 

Soleis er det første spørsmålet ovanfor løyst!

 

Men dei vanskelegaste oppgåvene står att, og eg veit ikkje kvar svari finst, men takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no greidd å finna vigsli til Ole og Christi, men ikkje so tidleg som ho skulle ha finne stad:

 

Ole Swenson og Christiana Peterson gifte seg i Iowa township, Allamakee Co., IA 8.3.1874:

 

https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=Iowa&query=%2Bgivenname%3AOle~ %2Bsurname%3ASwenson~ %2Bmarriage_year%3A1873-1874~ %2Brecord_country%3A"United States" %2Brecord_subcountry%3A"United States%2CIowa" %2Brecord_type%3A(1)
 
Og prov for at dette må vera «rett» par får me her; dåpen av Ragnhild Petrea, døypt i Our Savior Lutheran church i Lansing, Allamakee Co., IA 12.1.1873 der foreldri er skrivne Ole K. Svendsen, ungk. og pige Kristine Pedersdr:
 
https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314510-00676?pid=96242&backurl=http://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3Dgiv292%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26gss%3Dangs-c%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DRagnhild%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1872%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3DIowa,%20USA%26msbpn%3D18%26msbpn_PInfo%3D5-%7C0%7C1652393%7C0%7C2%7C0%7C18%7C0%7C0%7C0%7C0%7C0%7C%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msmng%3DChristi%26cpxt%3D1%26cp%3D12%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26h%3D96242%26dbid%3D60722%26indiv%3D1%26ml_rpos%3D16&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=giv292&_phstart=successSource&usePUBJs=true
 
Det står ikkje nokon fødselsdato, men datoen oppgjeven av huslyden, 9.11.1872, kan godt stemma, men ein kan sjølvsagt drøfta om fødestaden er i Iowa eller om ho var fødd i Wisconsin.  Lansing ligg ved Mississippi-elvi rett over frå Prairie du Chien, WI!

 

So har dei fleste spørsmåli om denne huslyden fått eit svar, men kvar kan me finna fødslene/dåpsforretningane til dei to neste døtrene,

 

* Oliva Severine, fødd 18.12.1873

 

* Betsy (Birgit?) O., fødd 18.12.1875

 

Der står eg framleis «bom fast»!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden som i utgongspunktet òg såg so vonlaus ut!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som no har lege i «dvale» i over ein månad.

 

Eg har leitt etter dei to barnefødslene (sjå innlegg #6) i amerikanske kjelder, men finn dei ikkje nokon stad!  Eg har no kjøpt nye briller, men det var visst til ingen nytte...

 

Ein ny kjempetakkl for alle gode tips til å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.