Gå til innhold
Arkivverket

Martha Jensdotter Urnes - fødd Hafslo 1834 - konfirmert 1849 - forsvinn - til Bergen? - til Nordland? - eller kanskje til Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jens Aamundson, «halvmåneblåsar» frå Sogndalsfjøra (1808-1835) var gift med Synneva Olsdotter frå husmannsplassen Kreken under Urnes i Hafslo (1811-1896), og dei fekk i eit kort ekteskap ei einaste dotter:

 

Martha Jensdotter, fødd i Hafslo 16.4.1834

 

Martha vart konfirmert under namnet Metta Jensdotter i Hafslo i 1849, men sidan bestemori, som vart oppkalla, heitte Martha, trur me Martha er «rette» namnet!  Me ser ikkje noko meir til Martha i Hafslo etter 1849!

 

Mori Synneva gifte seg att og vart buande i Hafslo levetidi ut, til sist som «legdelem».  I andre ekteskapet med John Olson (Kreken) fekk ho fire born:

 

* Jens Johnson (1839-1886), vart spedalsk og døydde ugift i Hafslo.

 

* Ole Johnson (1841-1939), utvandra til Amerika i 1862, gifte seg i Crawford Co., WI i 1863, budde i Dane Co., WI til han og kona Anna i 1868 slo seg ned som farmarar i Naples township, Buffalo Co., WI.

 

* Johannes Johnson (1843-1909), var husmann og budde i Solvorn, Hafslo.

 

* Anna Johnsdotter (1845-1928), utvandra til Amerika i 1866, gifte seg i Dane Co., WI i 1870 med svensken Carl Fredrik Hasselbach og budde i Prairie du Chien, Crawford Co., WI.

 

~~~~~

 

Eg har søkt etter Martha Jensdotter nær sagt «over alt» i Noreg:  Ho synest ikkje vera nokon stad i FT1865 eller 1875, og i Hafslo er ho tydeleg ikkje.

 

Ho hadde onklar og i alle fall ei tante som på 1850-talet utvandra til Amerika, men dei fekk alle attest, so kvifor skulle ikkje ogso Martha få flytteattest, dersom ho utvandra i lag med ein av dei?

 

Einaste tunne «snøret» eg har finne, er at halvsøsteri Anna Hasselbach i Prairie du Chien, WI i 1880 hadde ei tenestejente med namn:

 

Mathe Peterson, fødd i Noreg, 50 år gamal!

 

Kven ho var, veit eg ikkje, men ho KAN vera halvsøsteri og enkje etter ein Peterson??

 

~~~~~

 

Eg står fullstendig «fast» når det gjeld lagnaden til Martha Jensdotter, so no vonar eg at kanskje ein eller annan kan greia finna spor etter ho, ein eller annan stad?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram at dette emnet frå ifjor, som diverre står like uendra som det den gongen vart skrive.

 

Er det verkeleg heilt umogeleg å finna att denne jenta og lagnaden hennar?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og ville vorta skikkeleg glad om nokon kom på sporet etter Martha/Metta Jensdotter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Endå ein gong vil eg gjerne få henta fram att denne utfordringi som etter kvart utviklar seg til å verta ei megautfordring!

 

Kvar i all verdi er det vorte av Martha/Metta Jensdotter?  Er det ho som i 1880 budde hjå halvsøsteri Anna Hasselbach i Prairie du Chien, WI?

 

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBG-97TJ?i=11&cc=1417683

 

I registeri er ho nemnd som «single», men dette står det ikkje nokom om i sjølve teljingi, eller les eg feil?

 

Men om det er ho, bør ho finnast på ei passasjerliste til Amerika?

 

Det tyder mykje for meg å finna ut av lagnaden hennar, og eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege i «dvale» i lang tid.

 

Eg trur at Martha (Metta?) Jensdotter Urnes, fødd 1834, må ha utvandra til Amerika ein gong etter ho vart konfirmert i 1849, men er det mogeleg å finna ho på ei eller annan passasjerliste?

 

Eller flytte ho kan henda til ein annan kant av landet?

 

Eg står heilt utan spor, med mindre det er ho som i 1880 budde hjå halvsøsteri Anna i Wisconsin?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om denne jenta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

I FT1865 har vi en Mætta Jensdatter, født 1830 i Hafslo, ugift (?), som er losjerende daglønner i Sogndal:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038256002856

 

I FT1900 har vi Metta Jensdatter, f. 1830 i Hafslo, ugift, som spøter og spinner i Sogndal:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037345001328

 

Kan det være henne vi er på jakt etter? Alderen avviker med fire år.

Endret av Frank Marton Pedersen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Frank Marton for siste meldingi!

 

Eg hoppa lite vetta i stolen då eg såg meldingi, men diverre; dette er ei anna jente med opphav frå husmannsplassen Røyteviki under garden Nes i Hafslo, og huslyden hennar er omskriven i eit tidlegare band av bygdebokserien vår:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

 3. Metta Jensdotter, f. 2.12.1830,

Metta Jensdotter flytte i 1862 til Sogndal og livnærte seg som dagarbeidar og spinnerske.  Ho budde mellom anna på Nygjerde under Svedalen men hamna sidan i Sogndalsfjøra i Sogndal der ho d. som legdelem 13.10.1905.  Metta var ikkje gift, men fekk to døtrer:

a. Synneva Olsdotter (1854-1935), dotter av Metta og husmannssonen Ole Peterson frå ein plass under Gurvin i Sogndal (1831-1898), vart gift med snikkar og blekkmakar Mons Johannesson Kjørlaug i Sogndalsfjøra i Sogndal (1847-1932), opphavleg husmannsson frå Kleivi under Kjørlog i Hafslo (s.d.).

b. Jensina Olsdotter, dotter av Metta og husmannssonen Ole Peterson frå ein plass under Gurvin i Sogndal (1831-1898), var f. i Sogndal 8.8.1860.  Jensina var sjukleg og budde i lag med mor si i Sogndalsfjøra i Sogndal der ho d. som ugift legdelem 24.3.1907.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg trur tross alt meir på teorien om at «vår» Martha/Metta Jensdotter utvandra til Amerika, men let det seg gjera finna denne «nåli i høystakken»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden hennar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.