Gå til innhold
Arkivverket

Herman Hansson Stay frå Storelvdal - fødd mellom 1861 og 1866 - utvandra til Wisconsin og gift der i 1893 - kven var han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #83246 frå det gamle Brukarforum, som vart livlig drøfta før jul i 2010, men som me ikkje greidde finna ei løysing på den gongen (https://forum.arkivverket.no/topic/168581-83246-herman-hansson-stai-foedd-i-storelvdal-1861-utvandra-til-wisconsin-opphavet/?hl=%20herman%20%20stai)!

 

Utgangspunktet for debatten i 2010 var følgjande innlegg:

 

~~~~~

 

Frå Amerika får eg opplyst at Herman Hansson Stai skal vera fødd i Storelvdal 27.11.1861 av foreldri Hans og Martine Stai.  Han gifte seg i Buffalo Co., WI 20.3.1893 med Sophie Johnson, fødd i Buffalo Co., WI 9.11.1869 av norske foreldre frå Luster i Sogn.  Eg har søkt i klokkarboki for Storelvdal, men finn ingen som høver.  Heller ikkje finn eg noko i FT1865.  Merkeleg!

 

~~~~~

 

Dødsattesten hans frå Buffalo Co., WI 17.5.1958 seier heilt tydeleg han var fødd i Noreg 27.11.1861 og alderen var 96 år.  Informant var sonen Dewey Stay, som ikkje visste namni på foreldri til far sin.

 

So har eg samla dei andre elementi om Herman slik:

 

* Vigsli hans frå Buffalo Co., WI 20.3.1893 seier han var son av Hans H. Stay og Martine Stay

 

* Vigsli hans frå Trinity Lutheran church 20.3.1893 seier namnet hans var Herman Hansson Stay, han var 28 år gamal og fødd i Storelvedal!  Foreldri er ikkje oppgjevne (kona Sophie, som var fødd 9.11.1869, står med alder 22 år!)

 

* 1895 census Buffalo C., WI - Herman Stay med kone og ei dotter - ingen alder oppgjeven

 

* 1900 census Buffalo Co., WI - Herman Stay fødd august 1862, utvandra 1881, kona fødd desember 1873!

 

* 1905 census Buffalo Co., WI - Herman H. Stay 40 år, kona 34 år

 

* 1910 census Buffalo Co., WI - Herman Stay 44 år, utvandra 1886, kona 38 år

 

* 1920 census Buffalo Co., WI - Herman Stay 58 år (tilseier 1861), utvandra ukjend, kona 48 år (tilseier 1871)

 

* 1930 census Buffalo Co., WI - Herman Stay 66 år, utvandra 1882, kona 59 år

 

* 1940 census Buffalo Co., WI - Herman Stay 77 år, utvandra ikkje oppgjeve, kona 67 år

 

Oppgjevne aldre på Herman varierer frå fødselsår 1861 til 1866, medan utvandringsåri varierer mellom 1881 og 1886.  Men me skal òg leggja merke til at fødselsåri til kona Sophie varierer mellom 1871 og 1873, til tross for at me veit ho var fødd i 1869!!

 

Eg har no sjekka emigrantane over Christiania, men finn ingen som eg tykkjer høver.  Kven i all verdi var dette for ein kar?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola Jon for interessant innlegg!

 

Noko med denne Herman liknar, men det er òg ting som ikkje høver so godt...  Det er berre so underleg at ein mann so tilsynelatande kan komma frå «nowhere»...!

 

Eg takkar på ny for alle innspel i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

H. H. Stai i Pennsylvania, Philadelphia Passenger Lists Index

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QV9Y-L2HD

 

Name  H H Stai
Event Type  Immigration
Event Date  1882
Event Place  Philadelphia, Philadelphia, Pennsylvania, United States
Gender  Male
Age  19
Birth Year (Estimated)  1863
Birthplace  Norway
Ship Name  Indiana

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for nytt spennande innlegg!

 

Denne H. H. Stai høyrest svært interessant ut.  Året for utvandringi høver godt og likeins alderen.

 

Det ser ut som ankomstdatoen til Philadelphia, PA er 13.11.1882.  Noko skip SS Indiana finn eg ikkje, men han kan jo ha stige om i England.

 

Dette reisefølgjet ser eg forlet Christiania 13.10.1882:

 

Sigrid E. Stai, gift, 48 år frå Storelvedalen

Ingebret Stai, dreng, 16 år frå Storelvedalen

Herman Stai, barn, 9 år frå Storelvedalen

Eli O. Stai, gift, 61 år frå Storelvedalen

 

Reisemålet deira var Kerkhowen, som er i Swift Co., MN.  Dette KAN vera H. H. Stai frå SS Indiana, men ei av kjeldene har i so fall feil alder!

 

FT1895 for Swift Co., MN syner ein Herman H. Stay på 21 år som son av H. H. Stay på 62 år og Sarah Stay på 61 år.  Dette ser ut til å vera ein del av reisefølgjet frå Christiania frå oktober 1882!

 

Elles ser det ut som det kan ha vore to ulike Herman Stays i Minnesota fødde kring 1873, for i 1895 budde det òg ein Herman Stay i Benton Co., MN på 22 år!

 

Eg har no blatt igjennom fødselslista for Storelvdal frå 1860 til 1873 og finn:

 

* Herman Olson Stai, fødd 21.10.1871: https://media.digitalarkivet.no/view/9193/194

* Herman Halstenson Stai, fødd 18.1.1873: https://media.digitalarkivet.no/view/9193/201

* Herman Hansson Stai, fødd 9.11.1873: https://media.digitalarkivet.no/view/9193/205

 

Ikkje enkelt dette, men eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På skipsmanifestet er alderen til H H Stai 50 år og har med seg Ingeborg Stai 11 år

https://familysearch.org/ark:/61903/3:1:9392-6V34-P?i=599&wc=M61G-5NL%3A179608901%3Fcc%3D1908535&cc=1908535

 

Tror det er Halsten Halstensen og dattern Ingeborg som emigrerer i 1882

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=emikra1&gardpostnr=45721&merk=45721#ovre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Den siste Herman, født 9.11.1873 utvandret, men i følge et tre på Ancestry er det ikke han som ble gift med Sophie. Denne Herman døde i 1956: http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GRid=75407065&ref=acom

 

attachicon.gifHHStai.png

 

Mvh Bente

 

Denne Herman har jeg i mine notater, da mora var fra Fåvang. Denne Herman bodde i Minnesota.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bente, Anne og Ola Jon for dei siste nye innleggi i denne debatten.

 

Eg lyt tilstå eg er framleis skikkeleg «frustrert».  Det synest vera fleire personar med NESTEN same namn, men «vår» Herman er framleis ganske so «anonym» i norske kjelder...  Er det verkeleg han som utvandra i 1882 som Lars J. nemner i innlegg #4?  Eg børjar tvila...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden og lever i voni om at «rett» person endeleg vil syna seg fram for oss...  Ein eller annan stad MÅ han jo vera...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Herman ble konfirmert i Løten, se nr. 20:

https://media.digitalarkivet.no/view/9099/248

 

Herman blir gift i 1884 i Løten med Berte Juliusdatter, f. 1854:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000002323081

 

Paret får en datter, Juliane Mathilde, f. 1885:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000011526666

 

Datteren døde 27.12.1885:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001991278

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berthe Juliussen bodde på Tynset i 1910, gift, feil fødselsdag og år i tellingen:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036419001049

 

Her er dåpen, nr. 66:

https://media.digitalarkivet.no/view/3565/49

 

Berthe Juliussen døde på Tynset i 1950:

http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=4609303

Endret av Randi Elisabeth Haugros
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No gjev eg meg ende over!  Me har søkt i so lang tid etter det norske opphavet til Herman Stay, og sjølv om ymse detaljar ikkje stemmer so heilt, er eg ikkje overraska over at det godt kan vera «vår» Herman som du Carsten har finne!  Eit viktig faktum er dette med fødselsdatoen hans, og den heller «flyktige» tilknyttingi til Stai i Storelvdal!  Hjarteleg takk til deg og til Randi Elisabeth for oppfølgjande opplysningar!

 

Jo meir eg tenkjer på denne karen, jo meir overtydd vert eg om at Herman rett og slett har «stikke av» til Amerika, og han har freista, og nesten lukkast med, å gøyma seg bort med «falske» opplysningar om til dømes namni på foreldri sine!  Det finst jo ingen Herman i Storelvdal som elles høver!!

 

Her er forresten Bertha i FT1900, gift og busett på Tynset: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037072001150

 

Kanskje ho òg kan finnast i 1891?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi med denne utfordringi!  Eg trur me kan sjå på saki som løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I ettertid ønskjer eg å samla litt ekstra opplysningar om foreldri til Herman Mikalson, fødd i Løten 27.11.1861 og tek utgangspunkt i vigsli deira frå 15.11.1861: https://media.digitalarkivet.no/view/8879/369

 

Mikal Olson - 22 år - fødd på Nyløkken, oph. Berg

Martine Hansdotter - 23 år  fødd in Gjelsengeiget

 

Ut ifrå dette, er det mogeleg å finna ut:

 

* På kva gard/plass var Mikal fødd/voks han opp?

 

* På kva gard/plass var Martine fødd/voks ho opp?

 

So var det bustaden til dette parfolket...  I 1865 var dei plassfolk på Spånestad under Grindereng i Løten, men då Herman vart konfirmert i 1876, budde han tydeleg i Grimseteiget, d.v.s. på ein plass under garden Grimset.

 

* Er det mogeleg å seia noko om kva bustad Mikal og Martine «hamna på»?

 

Kan henda finst det ei bygdebok for Løten som kan gje svar på desse spørsmåli?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Det er heilt tydeleg at Mikal Olson og kona Martine Hansdotter har vore «trufaste» bebuarar i Grinderengeiget, og me lyt vel tru at dei budde på Spånestad-plassen det meste av tidi, sjølv om dei altso i 1875 mellombels budde ein annan stad...

 

Då sit me att med spørsmåli om opphavi deira.

 

Her er dåpen til Martine, fødd husmannsbarn 2.5.1838 i Gjerlaugseiget: https://media.digitalarkivet.no/view/9100/47

 

og konfirmasjonen hennar 1852 med same bustad: https://media.digitalarkivet.no/view/3565/140

 

Og dette er vel dåpen til Mikal, fødd husmannsbarn 13.9.1839 på Nyløkken: https://media.digitalarkivet.no/view/9100/57

 

og konfirmasjonen hans 1854 med same bustad: https://media.digitalarkivet.no/view/3565/143

 

Her er so foreldri hans i 1865 som sjølveigarar på Nyløkken: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0415&kenr=007&bnr=0041

 

Alt tyder på at plassen Nyløkken har vorte utkjøpt mellom 1839 og 1865, men kva gard vart plassen kjøpt unna?

 

Eg reknar med at bygdeboki for Løten sit med svari...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berte Juliussen bodde i 1910 på Søgård Holmen, gn. 44, bn. 62.

 

Fra Tynset bygdebok, bind I, s. 206 (Ivar Streitlien):

 

Gn. 44, bn. 62, Moseng (Søgård Holmen):

Skylddelt frå Holmen (44-3) 27/9-1901. Berte Juliussen hadde fått skjøte 15/11-1900, og ho gir skjøte 15/4-1921 til Ole A. Brandvold.

 

-----------

Det er ingen flere oppl om Berte under Moseng.

Jeg har ikke funnet om hun fortsatt bodde på Moseng etter 1921 eller hvor hun ev bodde på Tynset etter den tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
På 6/30/2016 den 3.38, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Det er heilt tydeleg at Mikal Olson og kona Martine Hansdotter har vore «trufaste» bebuarar i Grinderengeiget, og me lyt vel tru at dei budde på Spånestad-plassen det meste av tidi, sjølv om dei altso i 1875 mellombels budde ein annan stad...

 

Då sit me att med spørsmåli om opphavi deira.

 

Her er dåpen til Martine, fødd husmannsbarn 2.5.1838 i Gjerlaugseiget: https://media.digitalarkivet.no/view/9100/47

 

og konfirmasjonen hennar 1852 med same bustad: https://media.digitalarkivet.no/view/3565/140

 

Og dette er vel dåpen til Mikal, fødd husmannsbarn 13.9.1839 på Nyløkken: https://media.digitalarkivet.no/view/9100/57

 

og konfirmasjonen hans 1854 med same bustad: https://media.digitalarkivet.no/view/3565/143

 

Her er so foreldri hans i 1865 som sjølveigarar på Nyløkken: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0415&kenr=007&bnr=0041

 

Alt tyder på at plassen Nyløkken har vorte utkjøpt mellom 1839 og 1865, men kva gard vart plassen kjøpt unna?

 

Eg reknar med at bygdeboki for Løten sit med svari...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

 

Samstundes som eg vil retta ein forseinka, men like hjarteleg takk til Randi Elisabeth for siste innlegget frå i fjor, vil eg i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi.  Etter at Carsten fann opphavet til Herman Stay i Løten, vonar eg det let seg gjera finna opphavi til foreldri hans, båe i Løten - hovudutfordringane, som eg reknar med at bygdebøkene for Løten kan svara på, er følgjande:

 

** Kva matrikkelgard i Løten er Nyløkken (som tidlegare husmannsplass) utskild ifrå?

 

** Kva heitte plassen under Gjerlaug i Løten der Martine Hansdotter var fødd og voks opp?

 

Eg takkar på ny for kjempemessige opplysningar om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Det står om Nyløkken i Løtenboka, bind 2, s. 16 og 17. Den oppgir at Nyløkken ble fraskilt Grylling østre i 1798, og kjøpt for 50 rd av Ole Henriksen Myki. Han er far til Mikals far Ole. Løtenboka oppgir kun at Ole og Oliv har sønnen Oluf, f. 1831, som tok over Nyløkken etter dem, men som du skiver er det altså flere barn her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Thomas og Leif for interessante og nyttige svar!

 

Det kan sjå ut som om presten har «slurva» då han kalla Ole Olson for husmann på Nyløkken då Mikal vart døypt i 1839, men det er rett huslyd, og soleis er denne delen av problemet løyst.

 

Då er det vel for meg berre å vona at ogso husmannsplassen under Gjerlaug kan identifiserast...?

 

Elles er det rett som du Leif seier; eg har vanskar med tilgjenge til norske bygdebøker frå utlandet...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboka for Løten sier dessverre lite eller ingenting om husmannsplasser. Jeg finner ikke Martines familie noe sted under de stedene som er nevnt under Gjærlu.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Thomas for siste meldingi.

 

Det var skuffande å høyra at bygdeboki ikkje inneheld noko særleg omtale av husmannsplassane i bygdi, so då vert det vel vanskeleg å finna ut av denne bustaden - med mindre Martine hadde søsken som vart buande på staden?

 

Ser ein på FT1865, var det den gongen tre husmannsplassar under Gjerlaug, og dei er alle tre kalla Gjerlaugsstuen!  Skal me tru at foreldri til Martine òg har butt på Gjerlaugsstuen?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.