Gå til innhold
Arkivverket

Anfind Olsen (1839-1898) - frå Hafslo til Bergen - to døtrer i Oslo - dødsannonser og opplysningar elles?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg har stått «fast» med i lengre tid.  Foreldri budde i Bergen og døydde der, og ei dotter døydde ugift i Bergen i 1937.  To av søstrene hennar var då flytte til Oslo, men kvar det hadde vorte av broren Ole, er uvisst...

 

Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Anfind Olson (Kroken), f. i Hafslo 8.12.1839,

Anfind Olsen flytte til Lærdal der han 20.12.1866 gifte seg med Ragnhild Pedersdotter frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Ho var dotter av strandsitjar Peder Mathiasson og kona Anna Johnsdotter på Lærdalsøyri og f. i Lærdal 26.10.1835.  Anfind og Ragnhild Olsen budde nokre år på Lærdalsøyri, men flytte kring 1872 til Bergen der Anfind livnærte seg som røyrleggjar.  Dei budde ulike stader i Bergen, men hamna til sist i Skottesalsmuget der Ragnhild d. 28.11.1895.  Anfind Olsen d. same staden 8.8.1898.  Dei fekk sju born i lag:

a. Ole Anfindson Olsen, f. i Lærdal 24.2.1867,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1875 - levde 1895! – ikkje nemnd i 1937!)

 

b. Anna Anfindsdotter Olsen, f. i Lærdal 28.9.1868, d. i Bergen 28.3.1937.  Anna var nåtlerske (skoarbeidar) og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

c. Elisabeth Anfindsdotter Olsen, f. i Lærdal 29.9.1870, d. i Lærdal 6.3.1871.

d. Peter Olai Anfindson Olsen, f. i Bergen 26.1.1873, d. i Bergen 20.7.1873.

e. Elisabeth Anfindsdotter Olsen, f. i Bergen 9.1.1874, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Vestre Gravlund, Oslo!)

 

     23.12.1974. 

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1910: ugift syerske, budde hjå søsteri Petra i Christiania!)

 

f. Petra Anfindsdotter Olsen, f.  Bergen 2.2.1876, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Vestre Gravlund, Oslo!)

 

     16.7.1963.  Petra gifte seg i Bergen 15.8.1907 med Jacob Olson Jacobsen Sletteland frå Bergen, f. i Bergen 7.5.1875.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Vestre Gravlund, Oslo!)

 

     31.10.1941.  Jacob var maskinist, og han og Petra budde

 

     ¤¤¤¤¤ (1907: Bergen – budde 1910 i Christiania!)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – eldste son Olaf, f. Christiania 21.5.1908!)

 

g. Christopher Anfindson Olsen, f. i Bergen 21.1.1878, d. i Bergen 16.8.1878.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søkeresultat fra kommunal folketelling i Kristiania 1.12.1923

Navn Født Fødested Kj Famst Sivst Erverv Arb.giv Bosted Leil. Menighet Fil  

 

  • Jackob Jackobsen Sletteland 07.05.1875 Bergen m   g Maskinist W. Wilhelmsens reder Waldemar Thranes gate 22 02 Gamle Aker Bunke486k
  • Petra Sletteland 02.02.1876 Bergen k   g Husmor   Waldemar Thranes gate 22 02 Gamle Aker Bunke486k
  • Olaf Anfind Sletteland 21.05.1908 Kristiania m Barn ug     Waldemar Thranes gate 22 02 Gamle Aker Bunke486k
  • Ragnhild Karen Sletteland 08.05.1912 Kristiania k Barn ug     Waldemar Thranes gate 22 02 Gamle Aker Bunke486k

 

Legger også inn denne lenken, hvor Petra Sletteland og søsteren Elisabeth er arvinger i 1937:

https://forum.arkivverket.no/topic/171952-anna-olsen-doedsfall-og-doedsmelding-bergen


http://www.begravdeioslo.no/maler/grav/grave_id/136496

 

Gravnr: 20.204.08.004 Vestre gravlund  

 

  • Jacob J. Sletteland 07.05.1875 - 31.10.1941 Gravlagt: 12.11.1941
  • Petra Sletteland 02.02.1876 - 16.07.1963 Gravlagt: 30.09.1963
  • Elisabeth Olsen 09.01.1974 - 23.12.1974 Gravlagt: 13.05.1975
  • Olaf A. Sletteland 21.05.1908 - 10.01.1983
  • Gravlagt: 20.05.1983
  • Ragnhild Karen Sletteland 08.05.1912 - 29.09.1999 Gravlagt: 28.10.1999
  • Bjørg Johanne Sletteland 09.09.1918 - 05.02.2009 Gravlagt: 11.05.2009

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Matros Ole Anfindsen f. 1867 dør 6. oktober 1905 ombord på et skip:

 

SAB, Domkirken Sokneprestembete, H/Hab/L0042: Klokkerbok nr. E 6, 1900-1929, s. 57
 
 
 
Mvh Bente
 

 

Endret av Bente L. Skjager
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Bente og Tore for interessante og nyttige innlegg.

 

Eg ser at Ole skreiv seg for Anfindsen eller Anfinsen, og han siglde som matros i utanriksfart.  Dødsstaden var mellom Cuba og Honduras!  Då er han «på plass».  Yrki til Jacob Sletteland og Elisabeth synest klare, so det er berre spørsmåli om dødsstadane deira samt talet på born etter Jacob og Petra som står att...

 

Av gravferdsregisteret (sjå innlegg #2) kan det sjå ut som det var TRE born, men kanskje var Bjørg Sletteland kona til Olaf og ikkje ei søster...?

 

Dødsannonsene vil truleg gje oss dei svari me manglar...

 

Eg takkar på ny for kjempemessige opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif for interessant og nyttig svar!

 

Då kan me slå fast at Jakob og Petra berre hadde dei to borni.  Stod det forresten nokon i dødsannonsen om KVAR Jakob døydde?

 

Eg takkar på ny for kjempfin hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jarleif og Alexander for nye avklarande innlegg!

 

Når Jakob døydde «brått», vil eg tru han døydde i Oslo, medan eg oppfattar dødsstaden til Petra for å vera i Bærum, sidan bustaden hennar var i Waldemar Thranes gate...

 

Eller tolkar eg feil?

 

Etter dette har me no følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anfind Olson (Kroken), f. i Hafslo 8.12.1839,

Anfind Olsen flytte til Lærdal der han 20.12.1866 gifte seg med Ragnhild Pedersdotter frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Ho var dotter av strandsitjar Peder Mathiasson og kona Anna Johnsdotter på Lærdalsøyri og f. i Lærdal 26.10.1835.  Anfind og Ragnhild Olsen budde nokre år på Lærdalsøyri, men flytte kring 1872 til Bergen der Anfind livnærte seg som røyrleggjar.  Dei budde ulike stader i Bergen, men hamna til sist i Skottesalsmuget der Ragnhild d. 28.11.1895.  Anfind Olsen d. same staden 8.8.1898.  Dei fekk sju born i lag:

a. Ole Anfindsen, f. i Lærdal 24.2.1867, reiste som matros i utanriksfart og d. på ein sjøreise mellom Cuba og Honduras 6.10.1905.  Han var ugift.

b. Anna Anfindsdotter Olsen, f. i Lærdal 28.9.1868, d. i Bergen 28.3.1937.  Anna var nåtlerske (skoarbeidar) og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

c. Elisabeth Anfindsdotter Olsen, f. i Lærdal 29.9.1870, d. i Lærdal 6.3.1871.

d. Peter Olai Anfindson Olsen, f. i Bergen 26.1.1873, d. i Bergen 20.7.1873.

e. Elisabeth Anfindsdotter Olsen, f. i Bergen 9.1.1874, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Vestre Gravlund, Oslo!)

 

     23.12.1974.  Elisabeth var syerske og budde i Christiania (Oslo) levetidi ut.  Ho var ugift.

f. Petra Anfindsdotter Olsen, f.  Bergen 2.2.1876, d. i Bærum 16.7.1963.  Petra gifte seg i Bergen 15.8.1907 med Jakob Olson Jacobsen Sletteland frå Bergen, f. i Bergen 7.5.1875.  Han d. i Oslo 31.10.1941.  Jakob var maskinist, og han og Petra var frå 1908 busette i Gamle Aker, Christiania.  Dei fekk to born i lag.

g. Christopher Anfindson Olsen, f. i Bergen 21.1.1878, d. i Bergen 16.8.1878.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Problemet er soleis «nesten» løyst...

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tja, angående Petra kan hun jo ha dødd på et aldershjem eller Bærum sykehus f. eks., men egentlig ha vært bosatt i Oslo i Waldermar Thranes gate. Men det blir jo en spekulasjon.

 

post-3599-0-01292300-1466733791_thumb.jpgpost-3599-0-62520700-1466733791_thumb.jpgpost-3599-0-13209000-1466733792_thumb.jpg

 

Anfinn var også sønnen Olafs mellomnavn ifølge anmeldt dødsfall.

Endret av Alexander Glasø
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Alexander for interessant kommentar og nye dødsannonser!

 

I mellomtidi sende eg eit spørsmål i Arkivforum til Statsarkivet i Oslo om desse dødsfalli, og utfyllande svar er alt kome: https://forum.arkivverket.no/topic/203163-d%C3%B8dsmeldingoslo-folkeregister-194119631975/

 

Soleis er dette problemet 100% løyst, og eg kan berre slå fast at det ikkje finst nolevande etterkomarar etter Anfind og Ragnhild Olsen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.