Gå til innhold
Arkivverket

Ole Andersson Veberg og Kristoffer Pederson Veberg - fødde i Hafslo 1872 - «forsvinn» i ung alder - til Nord-Noreg eller Amerika? - lagnadane deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Andersson Veberg, son av gardbrukar Anders Olson Veberg (1843-1931) og kona Kari Nilsdotter f. Kvalen (1838-1923), var fødd i Hafslo 15.1.1872 og vart konfirmert i Hafslo i 1888.

 

Då Anna Olsdotter Sage vart fødd i Dale sokn i Luster 13.2.1893, er Ole Andersson Veberg oppgjeven som barnefar, men det er siste gongen me ser han her i bygdi.

 

Ifølgje familietradisjonen skal Ole ha «stikke av» til Nord-Noreg, men lagnaden hans er ukjend!  Reiste han kan henda vidare til Amerika?  Då mori døydde i 1923, er Ole ikkje nemnd i det heile!

 

Ein nabogut av Ole var:

 

Kristoffer Pederson Veberg, son av gardbrukar Peder Pederson Veberg (1833-1916) og kon Gjertrud Henriksdotter f. Aaberge (1831-1918), var fødd i Hafslo 9.8.1872 og vart konfirmert i Hafslo i 1887.

 

Ifølgje familietradisjonen skal ogso Kristoffer ha «stikke av» i ung alder, truleg for å sleppa unna militærteneste, kan henda òg til Nord-Noreg eller til Amerika, men lagnaden hans er likeins ukjend!  I eit skifte frå 1918 er han ikkje nemnd i det heile!

 

Kvar kan Ole Andersson Veberg og Kristoffer Pederson Veberg ha vorte av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?????

:huh:

Fant denne, men oppdaget at innvandringsåret er to år for tidlig i forhold til Annas fødsel i 1893.

 
Name: Ole Weberg
Titles and Terms:
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Canby, Clackamas, Oregon, United States
District: ED 21
Gender: Male
Age: 37
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): White
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household (Original): Head
Birth Year (Estimated): 1873
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1891
 
Household Role Gender Age Birthplace
Ole Weberg Head M 37 Norway
Susie Weberg Wife F 36 Norway
Relea Weberg Daughter F 12 Wisconsin
Oscar Weberg Son M 8 Wisconsin
Olga Weberg Daughter F 5 Wisconsin
 
 
 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for spennande innlegg!

 

Utvandringsåret til Ole Weberg i Canby, OR 1910  stemmer sjølvsagt ikkje med «vår» Ole, og eg har no greidd å finna vigsli til dette paret som du Grethe fann:

 

Name: Ole William Berg

Event Type: Marriage

Event Date: 27 Feb 1897

Event Place: Bayfield, Wisconsin, United States

Gender: Male

Father's Name: Berg Johnson

Mother's Name: Randi Olsdatter

Spouse's Name: Sussie Gunderson

Spouse's Gender: Female

Spouse's Father's Name: Gunder Nilsen

 

Det kan sjå ut som om Ole W. Berg er mistolka som Ole Weberg i FT 1910, og denne Ole er ikkje mannen me leiter etter...

 

Men kanskje finst det von i «hangande snøre» likevel om at både Ole og naboguten Kristoffer vil dukka opp..., ein eller annan stad?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når det gjeld Kristoffer Pederson Kroken eller Veberg, fødd 1872, har eg i dag fått følgjande opplysningar frå ein slektning i Hafslo:

 

Kristoffer stod tiltalt i ein farskapssak i Bergen, der barnemori var frå Luster, og i ein pause i rettsforhandlingane tok han berre med seg hatten og gjekk!  Etter den tid såg dei aldri meir til mannen, men det vart fortalt at han skal ha komme seg ombord på ein «Amerikabåt»!

 

Hjelper desse opplysningane til å finna att Kristoffer?

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kristoffer har jeg funnet i et familietre på Myheritage, som gift i Danmark med to barn.

 

Christopher Pedersen
1872 - ?
Fødsel: 9 aug 1872
Hafslo, Sogn og Fjordane, Norge
Medlemmer innen familien
Foreldre:
Peder Pedersen
Gjertrud Pedersen (født Henrichsdatter)
Kone:
Karentine Pedersen (født Rasmussen)
1869 - 1922
Barn:
Carl Ejolf Pedersen
1901 - 1966
Marie Christiansen (født Pedersen)
1903 - ?

 

 

Ekteskap til: Karentine Pedersen (født Rasmussen)
20 apr 1902
Skt. Jakob, København

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No vart eg på ny skikkeleg imponert!  Eg takkar og bukkar på det djupaste (sjølv om det gjer aldri so ildt i ryggen!) for eit kjempemessig funn av Lars J.  Du syner verkeleg «teft»!

 

No er sjølvsagt spørsmålet: korleis kjem ein vidare?

 

Kanskje nokon med god kjeldekunnskap i Danmark kan hjelpa til?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!!


No vart eg på ny skikkeleg imponert!  Eg takkar og bukkar på det djupaste (sjølv om det gjer aldri so ildt i ryggen!) for eit kjempemessig funn av Lars J.  Du syner verkeleg «teft»!

 

No er sjølvsagt spørsmålet: korleis kjem ein vidare?

 

Kanskje nokon med god kjeldekunnskap i Danmark kan hjelpa til?

 

Ein ny kjempetakk for hjelpi!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no på morgonen lagt utfordringi om Kristoffer Pederson Veberg alias Christoper Pedersen inn som eige tema i etterlysingsforumet hjå DIS-Danmark, so får me sjå kva resultat det kan bringa oss...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Responsen frå DIS-Danmark har berre vore heilt fantastisk, og eg vil gjerne dela med dykk kva eg no veit om Kristoffer Pederson Veberg og huslyden hans i Danmark:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Pederson (Veberg), f. i Hafslo 9.8.1872,

Christoffer Pedersen flytte i 1890-åri til København, Danmark og gifte seg i St. Jacobskyrkja i København 20.4.1902 med Karentine Rasmussen frå Askemose i Longelse sokn, Langelands sønder kommune i Svendborg amt.  Ho var dotter av husmann Rasmus Larsen på Askemose

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Anna Marie f. Nielsen

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Longelse sokn 10.7.1869.  Christoffer livnærte seg som snikkarsvein, og dei vart buande i København, men flytte frå kvarandre i 1912.  Karentine flytte same året heim att til mor si som då budde i Skrøbelev sokn i Langelands nørre kommune.  Ho vart sidan hushaldar hjå ein bror på Askemose i Longelse sokn, Langelands sønder kommune der ho d. 12.10.1922.  Christoffer vart buande i København, men forsvinn derifrå i 1916, og den seinare lagnaden hans er ukjend.

 

##### (kvar vart det av han??)

 

Dei fekk to born i lag:

a. Ejolf Carl Pedersen, f. i København 15.7.1901, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – gravlagd Kædeby i Humble sokn, Langelands sønder

            kommune)

 

     .10.1966.  Ejolf gifte seg i Skrøbelev, Langelands nørre kommune 24.6.1928 med Johanne Katrine Rasmusdotter Rasmussen, f. i Vindeltorpe, Skrøbelev sokn 10.3.1908.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     1987. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl. dotter Ketty Marie 20.5.1931 og son Arthur 31.12.1932-

            2002 Kædeby I Humble sokn nær Rudkøbing)

 

b. Gertrud Marie, kjend som Marie Pedersen, f. i København 13.8.1903, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Marie gifte seg i

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar? – etter 1930!)

 

     med Cai Henry Carlson Christiansen frå

 

     ##### (kvar oppvaksen?)

 

     f.

 

     ##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

     1907.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans?)

 

     29.6.1972. 

 

     ##### (yrke og bustad?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Om nokon i Brukarforum kan bidra med fleire opplysningar, har eg sjølvsagt ikkje noko imot dette!

 

Her er forresten ein link til emnet i Danmark:

 

https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,111544.0.html

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore i kontakt med barneborn etter Kristoffer Pederson Veberg i Danmark og fått ganske so bra opplysningar om dei to borni hans der nede.

 

MEN, ingen der heller veit noko meir om lagnaden til Kristoffer etter 1916, bortsett ifrå at dei MISTENKER han for å ha utvandra til Amerika, kan henda so seint som i 1929!

 

Kanskje nokon i Brukarforum greier finna spor etter mannen i Amerika?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her har jeg funnet Christoffer Petersen i Politiets registerblade for København:

http://www.politietsregisterblade.dk/component/sfup/?controller=politregisterblade&task=viewRegisterblad&id=1608641&searchname=polit_simple

 

Han er nevnt sammen med kona og sønnen Egolf Carl, født 1901. Her kan du også følge adressene hans i København til han ble frameldt i 1913. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

 

Christoffer Pedersen
New York, New York Passenger and Crew Lists, 1909

Name Christoffer Pedersen Event Type Immigration Event Date 1929 Event Place New York, New York, United States Gender Male Age 57 Birth Year (Estimated) 1872 Birthplace Norwegian Ship Name Tigre

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QVPZ-C4K5

 

Han står ført som "Carpenter"

Det står en dato : 7/6-29.Oslo.Men så ser jeg også at det står 35 i kolonnen   "Length of service at sea years"

View the original document.

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ann-Mary for nye interessante innlegg!

 

Denne snikkaren som i 1939 siglde frå Oslo, såg so lovande ut, men akk, som du Ann-Mary seier, han skal ha vore sjømann i 35 år!

 

Elles er det jo ikkje umogeleg at han har drege til Oslo då han forsvann frå København...

 

Eg veit ikkje...

 

Eg takkar på ny for kjempeflott hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet om lagnaden til Kristoffer Pederson Veberg etter at følgjande innlegg vart lagt inn på den danske DIS-sida, først dette:

 

~~~~~~~~

 

Ancestry.com har en "Carpenter" fra Norge, som i 1929 er 57 år gammel, og med flere ankomster til USA som besætningsmedlem på skibet "Tigre".

Name   Christoffer Pedersen
Arrival Date   25 Dec 1929
Birth Date   1872
Age   57
Gender   Male
Ethnicity/ Nationality   Scandinavian
Port of Departure   Buenos Aires Via Santos and Trinidad
Port of Arrival   New York, New York
Ship Name   Tigre

kan det tænkes at det er ham ?

 

~~~~~~~~

 

og so dette:

 

~~~~~~~~

 

"Tigre" tilhørte rederiet Wilh. Wilhelmsen,
og hvis det er ham, kan de måske hjælpe med yderligere ?

http://minnehallen.no/skip_2/tigre

 

~~~~~~~~

 

Ann-Mary er inne på denne kandidaten i innlegg #11 ovanfor, men eg lurer nok litt på; dersom Christopher hadde reiste til sjøs i 35 år, altso sidan 1894, kvifor finn me han då ikkje i mannskapslister før 1929??  Kan det tenkjast at han var til sjøs nokre år frå 1894 og at han gjekk i land i København??

 

Er det nokon som har erfaring med å drøfta slike problem med reiarlagi der folk var tilsette?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er det komme fleire detaljopplysningar om Christopher Pedersen på DIS-Danmark, som eg attgjev her:

 

~~~~~~~~

 

Her er lidt mere, til dine undersøgelser i Norge.

Følgende oplysninger fundet på Ancestry.com om Kristoffer Pedersen/Christoffer Pedersen

7 juni 1929 i Oslo, taget hyre på M/S Tigre

14 juni 1929 afrejse Hamburg, ankomst New York 27 juni 1929
29 sep. 1929 afrejse Rotterdam, ankomst New York 12 okt. 1929
Rejse fra Buenos Aires til New York via Santos og Trinidad, ankomst New York 25 dec. 1929
Rejse Buenos Aires til New York, ankomst 25 mar. 1930

 

~~~~~~~~

 

Men er det mogeleg å identifisera eller finna ut noko meir om Christopher utifrå dette?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

No til jul er det på tide å henta fram att dette emnet frå i fjor.

 

Ole Andersson Veberg er teken opp i eit eige tema, men med dei mange innleggi om naboguten Kristoffer Pederson Veberg, finn eg det naturleg å halda fram i dette gamle emnet...

 

Etter at denne saki sist vart drøfta i juli 2016, er det oppretta kontakt mellom etterkomarane til Kristoffer i Danmark og slekti hans i Noreg, og dei har vitja kvarandre, fram og attende!  Gleda over oppdagingi av denne ættesamanhangen er overveldande!

 

Men ingen har greidd å finna ut noko meir om lagnaden til Kristoffer Pedersen.  Sjømannen som er gjenstand for drøfting i dei siste innleggi ovanfor, er framleis ein svært so interessant «kandidat», men let det seg gjera finna ut noko meir om han og lagnaden hans?

 

Det hadde vore ei kjempeflott julegåve både for meg og for slektningane hans om denne saki kunne løysast, og eg takkar på ny for framifrå bistand med oppsporingi av denne sogningen!

 

God Jul!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
På 29.6.2016 den 0.55, Lars E. Øyane skrev:

Ejolf Carl Pedersen, f. i København 15.7.1901, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?

Finner et slektstre på MH som har 24. oktober 1966 som dødsdato. Dødssted Kædeby Haver.

 

https://www.myheritage.no/research/collection-1/myheritage-familietraer?itemId=439702241-1-500076&action=showRecord&recordTitle=Ejolf+Carl+Pedersen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 29.6.2016 den 0.55, Lars E. Øyane skrev:

Johanne Katrine Rasmusdotter Rasmussen, f. i Vindeltorpe, Skrøbelev sokn 10.3.1908.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

13. september 1987 i Kædeby Haver. Samme slektstre som over.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 29.6.2016 den 0.55, Lars E. Øyane skrev:

##### (talet på søner og døtrer? – inkl. dotter Ketty Marie 20.5.1931 og son Arthur 31.12.1932-

            2002 Kædeby I Humble sokn nær Rudkøbing)

1. Pedersen, Carl Ejolf Husfar/-mor 15. juli 1901
2. Pedersen, Kathrine Johanne Husmor 10. mar 1908
3. Pedersen, Vera Child 17. mai 1929
4. Pedersen, Ketty Child 20. mai 1931
5. Pedersen, Arthur Child 31. des 1932
6. Pedersen, Gudrun Child 15. okt 1936

 

Kilde: Folketellingen 1940

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #19:

 

Hjarteleg takk til Sven for siste meldingane om denne huslyden.  Den danske huslyden til Christoffer Pedersen frå Veberg i Hafslo har eg no bra kontroll over.  Den store utfordringi er no livet og lagnaden til Christoffer Pedersen - om han budde i Christiania/Oslo før han dro til sjøs i 1929 og kvar det vart av han etter han gjekk i land i New York i 1830!

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. dags dato:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Pederson {Veberg}, f. {i Hafslo} 9.8.1872,

Christoffer Pedersen flytte i 1890-åri til København i Danmark og gifte seg i St. Jacobskyrkja i København 20.4.1902 med Karentine Rasmussen frå Askemose i Longelse sokn, Langelands sønder kommune i Svendborg amt.  Ho var dotter av husmann Rasmus Larsen på Askemose i Longelse sokn, opphavleg frå Simmerbølle sokn i Langelands nørre kommune, og kona Anna Marie f. Nielsen frå Askemose i Longelse sokn og f. i Longelse sokn 10.7.1869.  Christoffer livnærte seg som snikkarsvein, og parfolket vart buande i København, men vart separerte i 1912 og sidan skilde.  Karentine flytte same året heim att til mor si som då budde i Skrøbelev sokn i Langelands nørre kommune, men ho vart sidan hushaldar hjå ein bror på Askemose i Longelse sokn, Langelands søder kommune der ho d. 12.10.1922.  Christoffer Pedersen vart buande i København, men reiste visstnok til sjøs i 1916,

 

¤¤¤¤¤ (eller flytte han attende til Christiania? - budde han der fram til 1929?)

 

og er siste gongen nemnd då han i 1930 gjekk i land i New York City, N.Y.  Den seinare lagnaden hans er ukjend. 

 

¤¤¤¤¤ (kvar vart det av han?)

 

Christoffer og Karentine fekk to born i lag, men Christoffer hadde òg tre b0rn frå før:

a. Kari Severine, kjend som Kaia Christoffersdotter Lægreid, dotter av Christoffer og husmannsdotteri Guri Hansdotter frå Vassplassen under Lægreid i Årdal, var f. i Årdal 10.2.1895 og d. i Bærum 12.10.1978.  Kaia flytte i ung alder til Bærum og gifte seg i Vestre Bærum, Bærum 27.11.1930 med Paul Johannessen frå Jongsåsen i Vestre Bærum, f. i Bærum 2.3.1897, men dels oppvaksen på Årdalstangen i Årdal.  Han d. i Bærum 4.10.1967.  Paul var bygningssnikkar og sidan papirarbeidar, og han og Kaia budde på Bryn i Sandvika, Bærum.  Dei var barnlause.

b. Johannes Christofferson Lindborg, son av Christoffer og Gjertrud Ellingsdotter Lindborg frå Sogndalsfjøra i Sogndal, var f. i Sogndal 2.3.1897 og d. på ein sjukeheim i Bergen 6.2.1988.  Han gifte seg første gongen hjå byfogden i Bergen 8.1.1934 med Aslaug Regine Clausdotter Nøkling frå Bergen, f. i Bergen 15.7.1899.  Ho miste livet ved ein brann i Bergen 6.8.1977.  Dei vart skilde i

 

     ¤¤¤¤¤ (kva år skilde?)

 

     og Johannes gifte seg att hjå byfogden i Bergen

 

     ¤¤¤¤¤ (dato for andre vigsli hans? – august?)

 

     1967 med enkja Signe Petrine Pedersdotter Georgsen (Sannes) frå Sørland på Værøy, f. på Værøy 17.11.1899.  Ho d. på ein sjukeheim i Bergen 17.10.1991.  Johannes reiste til sjøs som båtsmann og vart sidan kvartermeistar.  Han budde levetidi ut i Bergen og fekk to born, båe frå første ekteskapet.

c. Christina Christophersdotter Raaum (1897-1932), dotter av Christoffer og Karen Christophersdotter Raaum frå Råumsberget under Råum i Luster (1875-1905) og stedotter av husmannssonen Anders Pederson Sviggum frå Vetleberg under Kjørlog i Hafslo (1883-1954) (s.d.).

d. Ejolf Karl Christofferson Pedersen, f. i København 15.7.1901, d. på sjukehuset i Rudkøbing, Langeland nørre kommune  24.10.1966.  Ejolf gifte seg i Skrøbelev, Langelands nørre kommune 24.6.1928 med Johanne Katrine Rasmusdotter Rasmussen frå Vindeltorpe i Skrøbelev sokn, f. i Vindeltorpe 10.3.1908.  Ho d. på sjukehuset i Rudkøbing, Langelands nørre kommune 13.9.1987.  Ejolf og Johanne var gardbrukarar ved Kædeby i Humble sokn, Langelands søder kommune i Svendborg amt og fekk fire born i lag.

e. Gertrud Marie, kjend som Marie Christoffersdotter Pedersen, f. i København 13.8.1903, d. i Lindelse, Langelands søder kommune 28.12.1992.  Marie gifte seg i Longelse, Langelands søder kommune 4.5.1934 med Anders Henry Emanuel, kjend som Henry Jensson Christiansen frå Agerup i Hyllinge sokn, Øster Flakkebjerg kommune i Sorø amt, f. i Agerup 3.7.1904.  Han d. på sjukehuset i Rudkøbing, Langeland nørre kommune 26.8.1976.  Henry og Marie var gardbrukarar, men Henry var òg vegarbeidar.  Dei budde i Havbølle nær Lindelse, Langelands søder kommune, men var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.