Gå til innhold
Arkivverket

Dødsfall Askvoll 1942 og Dødsmelding Askvoll 1961 - Veberg


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lars Johannesson Veberg, bakar, fødd i Luster 3.8.1891, skal vera avliden på Holmedal i Askvoll i 1942.

 

* Er det mogeleg å få greie på den nøyaktige dødsdatoen (og dødsstaden) hans?

 

Olina Nilsdotter Veberg, f. Knarvik, fødd på Lindås 1.3.1891, skal vera avlidi på Holmedal i Askvoll i 1961.

 

* Er det mogeleg å få greie på den nøyaktige dødsdatoen (og dødsstaden) hennar?

 

* Er det mogeleg å få eit oversyn over ervingane hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå Fjaler gards- og ættesoge, bd. 1:

 

post-77-0-68189800-1467070930_thumb.jpg

 

Godtfred, g. Benedikte Oskarsdtr. Søvig: https://www.geni.com/people/Godtfred-Johannes-Veberg/6000000034906214959

 

Redigert: Oline død 20/2 1961: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=HOLMESFJ&gardpostnr=907&merk=907#ovre

 

Firda Folkeblad 23/2 1961: http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digavis_firdafolkeblad_null_null_19610223_56_17_1

 

post-77-0-32943300-1467143773_thumb.jpg

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn for eit interessant, men for meg noko forvirrande innlegg!

 

Eg har heile tidi forstått at denne huslyden budde på Holmedal i ASKVOLL, men du Torbjørn har plassert dei på Holmedal i FJALER!  Har her vore ei granseendring mellom dei to prestegjeldi/kommunane?  Kva tid skjedde i so fall det?

 

Dødsdatoen og -staden til Oline er komi på plass, men framleis manglar me dødsfallet hans Lars i 1942?

 

Eller er eg framleis interessert i dødsmeldingi hennar frå 1961?

 

Eg takkar igjen so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var kommuneregulering 1/1 1990. Då vart områda på nordsida av Dalsfjorden overført til Askvoll og Gaular. Grensa mellom Askvoll og Gaular går mellom Fossedal og Laukeland, slik at Fossedalen og vestanfor høyrer til Askvoll og Laukeland og austover høyrer til Gaular. Tilsvarande vart områda på sørsida av fjorden som høyrde til Askvoll overført til Fjaler.

 

Eit par merkelege konsekvensar av kommunereguleringa er at krossen i kommunevåpenet til Askvoll symboliserer steinkrossen i Korssundet, som no ligg i "ytre" Fjaler. Og at kommunenamnet til Fjaler, som kjem av det gammalnorske Fjalir, antagelegvis frå "Fjøla", eller Heileberget, no altså viser til eit fjell som no ligg i Askvoll kommune.

 

Eg limer inn kartet frå bygdeboka (1976) og eit kart som viser Fjaler no:

post-77-0-33914300-1467201683_thumb.jpg

post-77-0-06742300-1467201846_thumb.png

 

Og her er dagens Askvoll: https://no.wikipedia.org/wiki/Askvoll#/media/File:Norway_Sogn_og_Fjordane_-_Askvoll.svg

 

Kommunehistoria til Fjaler frå NRK sitt fylkesleksikon: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/2101319.html

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Det spørst om ikkje Yngve har oversett dette spørsmålet, men eit alternativ vil vel også vere å be kyrkja i Askvoll om å slå opp i kyrkjebok og/eller gravregister. Eit utgangspunkt kan vere dødsdatoen 15/5 1942 frå Geni, men Geni nemner verken dødsstad eller kjelde. Firda Folkeblad var stoppa, og det finst ikkje dødsannonsar i Fylkestidende for Sogn og Fjordane, som på dette tidspunktet var overteken av nazistane. Evt. kan det ha vore dødsannonsar i Firda, som vel også var naziavis på dette tidspunktet, men denne ligg ikkje i nb.no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi, samstundes som eg takkar Torbjølrn for dei siste avklarande innleggi med omsyn til kommunegrensa!

 

Eg har i dag vore i kontakt med eit barnebarn av Lars Veberg, og ho nemner at Lars i lag med fleire av sønene skal ha jobba for tyskarane på LONE i Arna.  Kan det tenkjast at Lars Veberg døydde der?

 

Elles er det på GENI oppgjeve ein dødsdato 5.5.1942, men utan kjeldetilvising...

 

Dødsmeldingi frå 1961 er ikkje lenger relevant, bortsett ifrå ei eventuell tilvising til dødsfallet hans Lars Veberg, for det hadde vore kjekt å fått endeleg greie på:

 

** Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til Lars Veberg?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg veit at databasen over døde i Holmedal 1895-1969 (innlegg #2) ikkje er komplett, dvs. at ei eller fleire kyrkjebøker ikkje er transkriberte (dette gjeld frå 1940 og utover). Så at dødsfallet ikkje er i databasen betyr ikkje at det ikkje fann stad i Holmedal.

 

Eg finn forresten ein "Lars Veberg, baker, Tveita" under Stord herred i Adressebok for Hordaland fylke med skatteligninger. 1932

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars Veberg var baker og døde i Florø 15. mai 1942. Han bodde på Helle i Holmedal sokn i Fjaler, og der ble dødsmeldingen registrert. Han etterlot seg enke, 6 sønner og en datter.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torbjørn og Yngve for nye avklarande innlegg!

 

Etter dei siste opplysningane er dette problemet no løyst, og eg takkar på ny for framifrå hjelp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.