Gå til innhold
Arkivverket

Mari Nilsdotter Gudvangen (1848) og Thora Nilsdotter Gudvangen (1857) - kvar vart det av desse søstrene frå Aurland? - kan henda til Amerika?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Husmann Nils Jensson Gudvangen (fødd i Hafslo 1805, avliden i Aurland 1863) hadde i ekteskap med Ragnhild Hansdotter Skjerdal åtte born, ein son døydde kort etter fødsli, to døtrer (Ragnhild 1846 og Dortha 1859) vart buande i Aurland, ein son (Jens 1842) flytte til Aure på Nordmøre og to andre brør (Hans 1844 og Ole 1851) utvandra til Amerika i 1873 og 1874.

 

Me sit etter dette att med to døtrer som ingen synest vita kvar det vart av:

 

* Mari Nilsdotter Gudvangen, fødd i Aurland 21.11.1848

 

* Thora Nilsdotter Gudvangen, fødd i Aurland 22.5.1857

 

Båe levde i 1865, men etter den tid...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for svært interessante og spennande innlegg!

 

So ser det ut til at båe søstrene fann ektemakane sine på Voss, og i alle fall Thora på Løne bør vera ei enkel sak å sjekka ut.  Eg har kontakt med den nye bygdebokskrivaren på Voss og vil freista få dei manglande opplysningane derfrå om slekti hennar; det gjeld dato og stad for fødsel og død til ektemannen og talet på born dei fekk ilag...

 

Men når det gjeld Mari, ser me ut til å komma borti andre vanskar...

 

Mann hennar, John Johnson, var fødd på ein plass (Tråi?) under Lunde på Vossestrand 20.12.1840, og under namni Johan og Marie Lunde finn eg dette parfolket att i Odin, Watonwan Co., MN i FT1910.  Der budde dei hjå ei dotter Inga gift med Peter Olson.  Inga var fødd i Noreg kring 1874, men utvandra til Amerika i 1893.  Utvandringsår for Johan og Marie er oppgjeve til 1900.  Dei hadde ti born, og derav var seks ilive!

 

John Lunde døydde i Odin, MN 10.3.1914, medan Marie Lunde døydde same staden 23.6.1933.

 

MEN, eg ser ikkje noko meir til John og Mari i Noreg!?  Eg trur det må vera John som utvandra frå Vossestrand til Amerika sommaren 1874, åleine som innerst, men i so fall må han vera komen attende!  Sjå første posten på høgre side: https://media.digitalarkivet.no/view/8324/134

 

So kvar budde John og Mari fram til 1900, og kvar utvandra dei ifrå?  Eg finn dei ikkje over Bergen!

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

No har eg leitt fram denne 1910-teljingi hjå FamilySearch og ser i farten at dei har tolka utvandringsåret til 1906...:

 

https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=Minnesota&query=%2Bgivenname%3AJohan~%20%2Bsurname%3ALunde~%20%2Bresidence_place%3A%22Watonwan%20Co.%22%20%2Brecord_country%3A%22United%20States%22%20%2Brecord_subcountry%3A%22United%20States%2CMinnesota%22

 

Hjelper dette?

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

No har eg leitt fram denne 1910-teljingi hjå FamilySearch og ser i farten at dei har tolka utvandringsåret til 1906...:

 

https://familysearch.org/search/record/results?count=20&englishSubcountryName=Minnesota&query=%2Bgivenname%3AJohan~%20%2Bsurname%3ALunde~%20%2Bresidence_place%3A%22Watonwan%20Co.%22%20%2Brecord_country%3A%22United%20States%22%20%2Brecord_subcountry%3A%22United%20States%2CMinnesota%22

 

Hjelper dette?

 

Eg takkar på ny for alle gode innspel!

 

Da ser jeg på bildet av folketellingen at de bor hos datteren Inga og svigersønnen Peter.  :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg syner til innlegg #3 og #4 ovanfor som gjeld dette parfolket:

 

John Johnson Lunde, fødd på Vossestrand 20.12.1840 som son av John Olson Lunde og kona Ranvei Olsdotter, gifte seg på Vossestrand 23.4.1873 med:

 

Mari Nilsdotter Gudvangen, fødd i Aurland 21.11.1848 som dotter av Nils Jensson Gudvangen og kona Ragnhild Hansdotter.

 

Eg trur det var John Johnson Lunde som sommaren 1873 (eg skreiv feil i innlegg #4 ovanfor - 1873 er rett!) utvandra åleine til Amerika, men eg har no motteke dødsattestane til John og Maria Lunde i Watonwan Co., MN, og det syner seg at dette er eit heilt anna par:

 

* John Lunde, fødd 2.6.1839 som son av Simon Runningen og kona Ingeborg, døydde i Odin, MN 10.3.1914

 

* Maria Lunde, fødd 27.3.1846 i «Guldbrandsdalen» som dotter av «Englebretson», døydde i Odin,. MN 23.6.1933

 

Eg veit ikkje kvar desse kom ifrå eller kven dei var, men dei var IKKJE dei John og Mari som eg leiter etter!!

 

Då er det eit spørsmål: Kvar i all verdi vart det av John Johnson Lunde og Mari Nilsdotter Gudvangen?  Reiste John verkeleg frå kona si året etter dei gifte seg?  Kanskje vart Mari buande på Voss??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om dette parfolket!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var pussig! 25.03.1873 er det registrert en utflytting for ei tjenestejente fra Gudvangen i Aurland til Amerika. Jenta heter Mari Nilsdatter. Har vi med to Mari Nilsdatter Gudvangen å gjøre, mon tro? Denne jenta er ugift idet hun flytter fra Aurland. I kirkeboka er oppgitt alder 24 1/2 år og det gir vel fødselsår 1848/49.

 

Sogn og Fjordane fylke, Vangen, Flåm, Nærøy, Undredal i Aurland, Ministerialbok nr. A 12 (1858-1879), Inn- og utflyttede 1873, Side 39
Permanent bilde-ID: kb20070109370351
 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Eg trur du har finne den rette Mari Nilsdotter som emigrant frå Aurland i 1873, men ho gifte seg altso på Vossestrand før ho fór vidare «over dammen».  Då vert det nok likevel i Amerika me lyt leita etter dette parfolket...

 

Når det gjeld mori Ragnhild Nilsdotter, so døydde ho på Hylland i Aurland 26.4.1903

 

https://media.digitalarkivet.no/view/1976/58

 

men Statsarkivet i Bergen fann ikkje noki dødsmelding etter ho!

 

https://forum.arkivverket.no/topic/203248-d%C3%B8dsmelding-aurland-1903-gudvangenhylland/?hl=aurland

 

Merkeleg...!

 

MEN WOOPS!

 

Då John Johnson utvandra til Amerika i 1873, er han kalla RYG, og søker ein på ancestry.com med etternamn Ryg og foreldre John og Mari, får me eit interessant treff:

 

* Nils, fødd Lime Creek, Emmons, MN 12.9.1880 av foreldri John og Maria Ryg.

 

Denne Nels kjem att i militærdokument som:

 

Nels Johnson, fødd i Lake Mills, IA 12.9.1880, busett 1918 i Frederick, Brown Co., SD, gift med Hilda!

 

Frederick, SD er same stad som bror hennar Mari, Ole Nilsson frå Gudvangen, budde!!

 

Og utifrå dette kjem heile huslyden «rullande på ein fjøl»:

 

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=JO&GSpartial=1&GSbyrel=all&GSst=44&GScntry=4&GSsr=5321&GRid=20397501&

 

På Aurland cemetery nær Frederick, SD ligg:

 

John Johnson - f. 12.12.1841, d. 7.4.1911

Maria Johnson - f. 1848, d. (26.2.)1922

 

Her er eit oppdatert manuskript for Mari og John:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

d. Mari Nilsdotter, f. i Aurland 21.11.1848, gifte seg på Vossestrand, Voss 23.4.1873 med John Johnson frå Tråi

 

     ##### (stemmer plassnamnet? – foreldri John Olson Lunde og Ranvei Olsdotter – ho enkje 1865!)

 

     under Lunde på Vossestrand, f. på Voss 20.12.1840.  John og Mary Ryg, sidan kjende som John og Mary Johnson utvandra alt våren 1873 til Amerika og farma først i Norway township, Winnebago Co., Ia., men slo seg kring 1883 ned som farmarar i Richland township, Brown Co., S.D. der John d. 7.4.1911.  Mary Johnson d. same staden 26.2.1922.  Dei fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Soleis er denne floken so å seia løyst; berre plassnamnet under Lunde på Vossestrand må stadfestast...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.