Gå til innhold
Arkivverket
Helge Hånes

Daniel Davidsen Muri

Recommended Posts

Helge Hånes

Daniel Davidsen Muri hadde ved skifte i 1757 ifølgje  innlegg [#28462] borna Rasmus (22), David (16) Knud (13) og Sigri (24). Av desse finn eg att Rasmus og Knud, men ikkje David og Sigrid. Kan nokon hjelpe meg med å lokalisere dei?


Far til Marte Knudsdatter Vollset, ei av dei tre konene til Daniel Davidsen Muri, var Knud Knudsen, truleg fødd i 1669. Om  han veit ein at han var bror til Ole Knudsen Stadheim og Nils Knudsen Grønfur og Gregorius Knudsen Årheim. I tillegg hadde dei ei syster Synneve. Kvar vart det av desse?


Knut Danielsen Vollset (1755-1796), son til Daniel Davidsen Muri hadde borna Knut, Daniel, Sølfest, Marthe, Brithe, Lars og Thomas. I 1801-teljinga finn vi Daniel, Marthe/Martha, Lars og Thomas på heimegarden, dei andre truleg i teneste på andre gardar eller nokon av dei kan vere døde, eller dei har gifta seg og flytta ut. Eg har spora Knut, Daniel og Sølfest, men dei andre finn eg ikkje. Kan nokon hjelpe?


Til sist gjeld det Ingeborg Rasmusdatter Muri, gift med Anders Erikson Strand. Er ho dotter til Rasmus Danielson Muri og Tora Jonsdatter fødd Frøyset?  Eller er ho frå ei anna slektsgrein?


Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.