Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peter Andreas Larsson frå ytre Flø i Ulstein, fødd kring 1782 - kven var han og kvar vart det av han? - bygdebokoppslag?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

FT1801 for garden ytre Flø i Ulstein syner at Peter Andreas Larsson, 19 år, då var busett hjå stefaren Styrker Sjurson (28) og mori Kari Jonsdotter (45), gardfolk på ytre Flø

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058413000038

 

Undersøkjingskommisjonen i Bergen 1804 syner at Peder Andreas Larsson då var dreng hjå Jørgendahl, 22 år gamal

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000009181

 

Eg er svært interessert i å få greie på kva ei eventuell bygdebok for Ulstein har å fortelja om denne Peter Andreas Larsson?  Eller kanskje nokon med lokal kunnskap veit noko meir om lagnaden hans?

 

Det er mistanke om at denne Peder Andreas Larsson var brudgom i Bergen 3.8.1806:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW4N-5LD

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

i Waage: "Bygdebok for Ulstein og Hareid" (1982), b.3 s. 30 (Ytre Flø bnr. 2) er Petter Andreas ført opp som einaste (kjende) barn av

Lars Olsson f. Skeide, brukar på Y.Flø frå 1781, skifte 1798, og Kari Jonsd, f. 1756 (opphav ikkje sagt)

Kari oppattg. Størker Sjursson f 1773, sk. 1802. Ingen (kjende) born.

 

"Born: Petter Andreas, han var 16 år i 1798 og Nils Brudevoll var verjen hans.

Lars bygsla 1 v fisk i Ytreflø i 1781 av Abelset. Sonen Peter Andreas arva

1 v 2 3/4 mrk fisk i Øvrelid etter farfaren, Ole Pederson Skeide, i 1800, og ein part

i Moldskred etter farmora, Ingeborg Larsd. i 1799. Buet etter Lars vart oppgjort med ei

nettoformue på over 410 rdlr. Enkja Kari fekk seg utlagt ein part i garden Ytre Åm i Ørsta

svarande til 1 v fiskeleie, og sonen Peder fekk 2 pd 12 1/2 mrk i Vatne i Ørsta,

..."

 

Det høyrer med til biletet at kyrkjebøkene for Ulstein brann med prestegarden i 1832.

 

Med så mange eigedomspartar burde ein kunne finne ut meir om kvar det vart av Petter Andreas,

men bygdebokskrivaren har ikkje gjort meir utav det.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til var for kjapt og interessant svar!

 

Eg er samd med deg i at det burde vera mogeleg å finna ut noko meir om denne Petter Andreas Larsson utifrå dei mange eigedomslutane han ervde, men det krev truleg ganske so detaljert og tidkrevjande forsking, med mindre panteregisteri kan avsløra noko...

 

Elles er eg litt i stuss på om Peter Andreas verkeleg kan ha endra namnet sitt i Bergen til Peder Andreas, men det er vel mogeleg...

 

Utfordringi vert førebels ståande, og eg takkar på ny for alle nye tips som måtte dukka opp om denne karen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Skiftet etter Ole Pedersen Skeide i 1799 nemner arvingane

 

1) Eldste søn Afgl. Lars Olsen Flø,

   a) hans efterladte søn Petter Larsen 17 aar formynder er Nils Brudevold

2) yngste søn Ole Olsen Jørgendal førende skib fra Bergen for Major Ameln.

3) Datteren Henicha Olsdtr., gift med Nils Brudevold af Ørstens Skibbrede.

 

M.a.o. var Peter Andreas Flø hos farbroren i Bergen.

 

Major Ameln nemnt i skiftet etter Ole Pedersen Skeide, var vel Christian Gerhard Ameln, far til Reinholdt Ameln, som var forlovar ved førnemnde giftermål i 1806: 

SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 8, 1776-1814, s. 150
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070416620615
 

 

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

2) yngste søn Ole Olsen Jørgendal førende skib fra Bergen for Major Ameln.

 
I Undersøkelseskommisjonen for Bergen står at Peder Andreas Larsen var dreng hos Jørgendahl:

 

En Ole Jørgendal er kommunikant i Nykirken i 1790:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/ko/person/pn00000000039967

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/ko/person/pn00000000041853

 

Ole Jørgendahl i Undersøkelseskommisjonen - merknad: skal være forlist og død

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000009180

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

 

Eg er samd med deg i at det burde vera mogeleg å finna ut noko meir om denne Petter Andreas Larsson utifrå dei mange eigedomslutane han ervde, men det krev truleg ganske so detaljert og tidkrevjande forsking, med mindre panteregisteri kan avsløra noko...

 

Elles er eg litt i stuss på om Peter Andreas verkeleg kan ha endra namnet sitt i Bergen til Peder Andreas, men det er vel mogeleg...

 

 

"Peder", "Petter" eller "Peter" var vel skriftformer som gjekk om kvarandre, og var meir avhengig av skrivaren enn av namneberarer.

 

Kyrkjebøkene er som sagt tapte, men ein del av listene soknepresten (skreiv av etter kyrkjeboka og) sende inn til sjøinnrulleringa kvart år, er tekne vare på.

http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/innrull_Ulstein.htm

Her finn vi at "Petter Andreas" vart døypt 25.jan 1782. Han står ikkje i konfirmantlistene, men lister for åra 1798-99 manglar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Inge, Grethe og Ivar E. for nye interessante innlegg, og ogso takk til Ivar Moe som gjorde meg merksam på det redigerte tillegget i innlegget frå Inge som eg ikkje hadde fått med meg!

 

Dette at Reinholdt Ameln var forlovar til Peder Andreas Larsson i Bergen i 1806, meiner ogso eg er eit ganske so sterkt indisium på at det ER Peter Andreas Larsson frå Flø som gifte seg med Guri Jørgensdotter!  Og Ivar E. har ogso skaffa fram ein dåpsdato frå desse spesielle listene som soknepresten førte for sjøinnrulleringstenesta.

 

Eg vil difor slå fast at me er komne eit godt stykke vidare i denne saki, og då vil det truleg ikkje vera nokon dårleg idé å freista følgja dei eigedomslutane som Peter Andreas Larsson ervde kring hundreårsskiftet (jmf. innlegg #2 over):

 

* 1 v 2 3/4 mrk fisk i Øvrelid etter farfaren, Ole Pederson Skeide, i 1800

 

* ein part i Moldskred etter farmora, Ingeborg Larsd. i 1799.

 

* ein part i garden Ytre Åm i Ørsta svarande til 1 v fiskeleie, som mori Kari fekk utlagt etter mann sin 1798 (og som KAN ha gått vidare til sonen Peter Andreas?)

 

* 2 pd 12 1/2 mrk i Vatne i Ørsta, som Peter Andreas fekk etter far sin i 1798

 

Finst det gardssoger for Ulstein og Ørsta der desse eigedomslutane kan følgjast vidare?

 

Peter Andreas Larsson forsvinn kort etter 1807, kan henda miste han livet på sjøen, men enkja og sonen var framleis i Bergen i 1815 (og 1827) før ogso dei forsvinn!  Det er vel ikkje særleg sannsynleg, men vel heller ikkje å utelukka, at dei kan vera flytte til Sunnmøre for å ta over ein av desse gardpartane?

 

Finst det forresten eit skifte etter Kari Jonsdotter Flø?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Det ser ikkje ut til at bygdebøkene kastar meir lys over denne karen (?).

 

I realpanteregisteret for Søre Sunnmøre frå 1799 (og nokre tilbakedaterte innførsler) har ordna gardane alfabetisk for kvar skipreide. Moldskred er her: https://media.digitalarkivet.no/tl10041101030032

Skiftet etter farmor Ingeborg er nr.1 og 2. Petter sin arvelut i Moldskred,  2pd 15 mk fisk er heile Moldskred (gammal skyld i matrikkelen 1838, også ført øvst på sida her).

 

Neste dokument er frå april 1816, då ein "Petter Jørgendal, Skipper og Borger" sel eigedomen til Jakob Ivarson Barstad. Skøytet i panteboka her: https://media.digitalarkivet.no/tl10040903200256

Blekket i panteboka er svakt, men vi ser at det er fleire garpartar med i handelen: Vatne, Alme, Øvrelid, Moldskred.

 

Det er ikkje heilt klart, men det mest nærliggande er vel at det er den same Petter, som no kallar seg "Jørgendal". Farfar Ole Pederson kom frå Snipsøyr og var brukar i Hjørunddal ("Jørgendal") frå 1751 til 1763, før han flytta til Skeide. Både far Lars og farbror Ole kan godt vere fødde på Hjørunddal. I Bergen kan det ha vore praktisk å ha same etternamn som farbroren. I så fall levde Petter Andreas i 1816 (han har skrive under sjølv), og bør kunne finnast i Bergen.

 

Men dersom du veit at kona var enkje i 1815, vert det litt meir innvikla...

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for nytt utfordrande og spennande innlegg!

 

Dette med namnet Jørgendal òpnar opp for nye «perspektiv»!  Eit kjapt søk på Digitalarkivet avslører mellom anna desse:

 

Peder Knutson Jørgendal, matros, gift i Krosskyrkja i Bergen i 1806: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000433781

 

Her er dei same i FT1815 for Bergen: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01051079010726

 

Her er Peder avliden i Bergen i 1840, 72 år gamal: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000974160

 

Dette må altso vera ein annan!!

 

Men so har me denne, med ein alder som «høver» mykje betre:

 

Peter Jørgendahl, jekteskipper, død Baklandet (Trondheim) 10.6.1843, 62 år gamal: http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000000326448

 

Her er dødsfallet hans frå kyrkjeboki: https://media.digitalarkivet.no/view/16282/144

 

Denne Peter Jørgendahl er òg skipper i Trondheim i 1816: http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/97/pt00000000300795

 

At denne siste Peter Jørgendahl verkeleg ER identisk med Peter Andreas Larsson frå Flø i Ulstein går fram av skifteutlodningi frå Trondheim 1844: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25103/329/?size=gigant&mode=0

 

der dei næraste ervingane hans er tre søskenborn:

 

* Torkild Nilsson Brudevold

* Peder Nilsson Skeide

* Magnus Nilsson Riise

 

Desse må vera borni etter Nils Brudevold og Henrikka Olsdotter nemnde av Inge i innlegg #4 ovanfor!!

 

Dette vert vanskeleg!!!

 

Eg ser føre meg følgjande «scenarium»:

 

Peter Andreas har forlete kone og barn i Bergen etter kort tid og har drege til Baklandet, Trondheim for der å livnæra seg som jekteskipper.  Dersom dette stemmer, må sonen Anfind vera avliden mellom 1827 og 1843!  Kanskje fór han til far sin på Baklandet?

 

Kanskje skiftreregistreringsforretningi frå Trondheim har fleire opplysningar?  Eller kanskje finst det ei skiftepakke med dokument?  Eg vil senda eit spørsmål til Statsarkivet i Trondheim om dette...

 

Eg ser fleire referansar til Bergen i utlodningsforretningi etter Peter Jørgendahl, so han har nok hatt samband med Bergen ogso etter han flytte derifrå...

 

Eller har me likevel «feil mann» i vigsli i Nykyrkja i 1806?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Hanikka (eller Annika; men ikkje Henrikke) Olsd og Nils f. Brudevoll tok over bruket på Skeide etter Ole Pederson.

Ifl. bygdboka (Ulstein og Hareid, b3) hadde dei tre søner som vaks opp; som stemmer med skiftet etter Peter Jørgendal.

 

 

Vigsla i 1806 er her https://media.digitalarkivet.no/kb20070416620615

og i Klokkarboka (nr. 15) https://media.digitalarkivet.no/kb20070416670383

"Ungkarl Peder Larsen, Matros" er ikkje så mykje til identifisering.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for nytt interessant innlegg!

 

Eg er heilt samd med deg i at ein identifikasjon av Peder Larsen i form av Peter Andreas Larsson frå Flø ytre i Ulstein er heller «tunn».  Matrosen i Bergen opptrer som Peder Larsen både ved trulovingi i 1806, ved vigsli i 1806 og ved dåpen av sonen Anfind i 1807.  Kvar kjem so namneformi Peder Andreas ifrå??

 

Etter litt leiting i gamle notat finn eg han her som Peder Andreas Larsen i den gamle databasen i Digitalarkivet over vigde i Bergen 1663-1816:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=16390&merk=16390#ovre

 

Dette må vera ei sak for Arkivforum i Bergen som eg går ut ifrå har transkribert desse listene...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Singstad

Hjelper deg ikke med utfordringen din, men legger ved lenke til STR tollregister som viser at skipper Peter Jørgendahl 13. mai 1815 førte et skip fra Trondheim til København med sild, ost og trelast.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Singstad

Jeg finner skipper Peter Jørgendal nevnt i rådstuerettsprotokollen i Trondheim:

Det bør være mulig å finne hans bekreftelse på borgerskap i samme protokoll.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete for nye interessante innlegg!

 

Etter alle dei opplysningane som no er dukka opp om Peder Jørgendahl i Trondheim, har eg vanskar med å forstå at han kan ha vore gift i Bergen for sidan å dukka opp i Trondheim.  Eg er berre svært spent på om Statsarkivet i Trondheim finn fleire opplysningar i skifteregistreringi hans frå 1843...

 

Eller finst det kanskje kjelder frå Trondheim som seier noko om at han var gift eller fråskild?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne utfordringi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Singstad

Peter Andreas født 22. des. 1828, døpt 8. feb. 1829 i Trondheim domkirke.

Far: Peter Andreas Jørgendahl – ungkar og skipper

 

Sør-Trøndelag fylke, Domkirken i Trondheim, Ministerialbok nr. 601A13 (1821-1831), Fødte og døpte 1829, Side 114

 

Edit:

Sønnen Peter Andreas Jørgendahl døde av krampe 13. okt. 1830.

 

Sør-Trøndelag fylke, Domkirken i Trondheim, Ministerialbok nr. 601A13 (1821-1831), Døde og begravede 1830, Side 441

Endret av Grete Singstad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grete for eit, etter mitt syn, avklarande innlegg!  Då er Peter Andreas Jørgendahl IKKJE identisk med brudgomen frå Bergen frå 1806!

 

Då kan me sjå på denne saki som løyst, og eg takkar på ny for kjempefin hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Tja.... presten - og kanskje barnemora - trudde iallfall at han var ungkar. Men visste dei det?

Ungkar eller barnlaus enkjemann gjer ikkje så stor skilnad på noko vis.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Du har heilt rett i at Peter Jørgendahl kan ha «servert» ei «kvit løgn», eller at presten og/eller barnemori har vore i «god tru», særleg då denne barnefødsli fann stad so lenge etter at Peter forlot Bergen, so me skal vel ikkje heilt utelukka Peter som mogeleg brudgom i Nykyrkja i Bergen i 1806, men eg vil likevel halda fram med leitingi etter andre «kandidatar»...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Uavhengig av tilknytninga til Lars sine folk, kan det vere interessant å kaste meir lys over den utflytta ulsteiningen.

 

Han betalte sylvskatt i 1816 https://media.digitalarkivet.no/db10081203305033

Der er han ført opp som busett i "Forstaden Bakklandet" nr. 31 b (høgre sida) og bur tydelegvis i huset til "Jacob Dreyers Enke" saman med Jonas Vigtel.

I folketeljinga 1815 for Kjøpstaden Trondheim finn vi "Enken Madame Dreyer" (Bakklandet Rode 1, nr. 70), med losjerande "Johnas Wigtel", https://media.digitalarkivet.no/ft20110314620451

men ingen Peter Jørgendal. Eg finn han ikkje på Bakklandet (Rode 1 og 2; har ikkje gått gjennom rodene for sjølve byen).

(ifl. rådstueprotokollen som Grete fann, må Peter hatt eit hopehav med Jakob Dreyer)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit nytt interessant innlegg!

 

Eg ser det som verdifullt at ein søker fleire opplysningar om Peter Jørgendahl.  Me veit jo aldri kva som kan «dukka opp»!  Det ligg jo òg eit spørsmål inne til Statsarkivet i Trondheim om denne saki, og eg er spent på kva dei kan finna i samband med skiftet...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grete Singstad

#19

Jacob Eliassen Dreier bodde i hus nr. 35 i 1. rode på Bakklandet i 1801. Han var gift med Marta Olsdatter og de var foreldre til Ingeborg Kirstina, døpt 13. juni 1790. Ingeborg Kirstina ble gift med korporal Jonas Wigtell 17. jan. 1812.

Marta Olsdatter hadde også sønnen Ole Olsen Sten, gift i 1801 med Ingeborg Evensdatter Ramberg.

 

Skipsbygger Jacob Eliassen Dreier ble gravlagt 11. feb. 1814, Skiftet ble ikke sluttført før 1833, skipper Jørgendahl hadde fordringer i boet. Skiftet etter Marta ble gjort i 1841.

Endret av Grete Singstad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.