Jump to content
Arkivverket
Arne Åsbjørn Drangeid

Att og fram frå "over there"...

Recommended Posts

Arne Åsbjørn Drangeid

Hei!

 

Er det nokon som har rutiner og tips for å spore opp persondata frå emigrerte nordmenn?

 

C a s e :

 

Jennie Mat(h)ilde Jensen er i følge eit oldebarn fødd i Boston, Massachusetts, USA

 

Ho gifta seg i Haugesund i 1930, med Frithjof Olsen. Seinare er ho kjent som Jennie Olsen.

 

I oppføringa i kyrkjeboka er ho oppgitt å vere "hjv. datter" ("hjemvendt" reknar eg med) frå Skåre (ved Haugesund), og med fødestad USA (23. september 1907).

 

​Far til brura er veivokter Andreas Jensen.

 

I og med at Jennie har status som "hjemvendt", sjølv om ho er fødd i USA, reknar eg med at ho har norsk far, som mykje mogleg har blitt med på heimvendinga. Trulig har ho vel norsk mor òg, som sikkert var med på lasset. Eller kanskje er foreldra framleis "over there"?

 

Utfordringa for meg er uansett å finne meir detaljar om far til Jennie, som eg iallfall har namnet på, samt å finne ut kven mora var, slik at eg kan gå vidare i slektsrekkja.

 

Dei fekk ein son i 1931, og det kan jo vere hint blant fadrane, men dei er jo ikkje tilgjengelege frå...sofaen (!)

 

Pappa Jennie kan vere denne karen her, viss han før amerikalivet sitt budde i nærleiken av der dottera heldt til før ho gifta seg i 1930. Det er jo sjølvsagt eit skot i halvblinde, for han kan jo kome frå kor som helst elles i ryfylkebassenget eller frå kor som helst eigentleg....

 

Nokon som har tips?

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Dobbeltposting.

Kan slettes av moderator.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arne Åsbjørn Drangeid

Slik blir det, når hjulet spinn rundt i evigheiter...og endar opp med ei "time-out-melding" :-/

 

Fekk ikkje lov å slette sjølv nei....

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gunnar Sigdestad

Hjv. tyder i regelen "hjemmeværende", altså ein person som budde heime hjå mor og far.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arne Åsbjørn Drangeid

Hjv. tyder i regelen "hjemmeværende", altså ein person som budde heime hjå mor og far.

 

OK! Ho er iallfall fødd i USA, og bur ho heime med mor og far, har dei vel kome heim heile gjengen :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arne Åsbjørn Drangeid

Var ikkje verre, nei.... :)

 

Takkar så mykje....

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arne Åsbjørn Drangeid

Ikkje umogleg....får ha det i mente

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arne Åsbjørn Drangeid

Eg hadde nok forventa plankekøyring etter at Sven Hjortland fann paret i 1910-teljinga, men akk nei....

 

Begge er dei oppgitt med fullstendig fødselsdato i denne teljinga, men eg evnar ikkje å finne dei i respektive heimesokn, Andreas Jensen i Skaare/Rogaland og Gurine Jensen i Søvde (Sauda?) /Ryfylke/Rogaland.

 

Det næraste eg finn for Andreas (29. juni 1867), er Lars Andreas Jensen, med registrert fødselsdato 9. juni i oppføring for fødsel i kyrkjeboka.

 

Han er oppført med same fødselsdato til konfirmasjon.

 

No har eg ikkje så sjeldan vore borti avvik mellom dato i kyrkjeboka og seinare oppgjevne datoar, så det kan jo vere riktig kar (!)

 

Eg finn fleire "gurine'ar" i Sauda/Sand/Suldal, men ingen med datoen oppgjeve i 1910-teljinga (24. juni 1867). Eg veit jo heller ikkje kva pappa-Gurine heitte, av di ho sikkert har teke namnet Jensen av mannen. (Forbanna vere den namnetradisjonen!)

 

Då er det vel å finne støttekjelder. Dei har vel gifta seg ein gong, og då hadde eg iallfall fått namnet til fedrane, men kor gifta dei seg tru, eller kor tid? Eg finn dei ikkje...

 

Kanskje har dei gifta seg i Amerika? Eg finn ikkje familien i 1900-teljinga, og dotter Jennie var fødd i 1907 i USA.

 

Kanskje har dei likevel gifta seg i heimesoknet til Andreas før dei for over? Eg han vel tenkje meg at Gurine er ei jente som har fore til byen frå Ryfylke, og funne mannen sin der. Dei kan jo likevel ha gifta seg i hennar heimesokn for den del.

 

Uansett, eg finn dei ikkje :-/

 

Er det mogleg å sjekke ut vigslar i Amerika? ...sånn utover sjømannskyrkja?

 

...eller andre tips?

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Finner dette slektstreet på myheritage:

post-3741-0-79036900-1471120914_thumb.jpg

post-3741-0-36039700-1471120922_thumb.jpg

post-3741-0-25030300-1471120978_thumb.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arne Åsbjørn Drangeid

Vel, det gir iallfall nokre fleire hint :)

 

...men eg er litt ør. Har framleis ikkje funne noko dåpsreferanse til Gurine (Brynjulsdatter (?)), verken med utgangspunkt i den eine eller andre datoen. Eg har t.o.m. tråkla kjapt igjennom eit par sokn i Sunnhordland....

 

Gjorde eit artig søk kun på førenamnet "Brynjul", på Digitalarkivet, og fekk berre TO tilslag i heile Rogaland og Hordaland, der kun ein av dei er aktuell som eventuell pappa-Gurine.

 

Har forresten funne eit par liknande treff for familien på eit par andre slektssider på nett, men namn og datoar går i hytt og pine, sjølv om det er tydeleg at det er same folka det gjeld.

 

Vel, Sven, du har sikkert tilgang til MyHeritage? Dei hadde ikkje noko KJELDEDOKUMENTASJON, for dei der profilane du hadde i faksimilane i posten over?

 

Sikkert ikkje... :angry:

 

Pappa-Jennie har eg kontroll på, viss det er han då, rett nok med f-dato 9.6.1867, ikkje 24., ikkje 7 (...som var dåpsdato i juLi)

 

Har heller ikkje funne noko oppføring for vigsel ennå, noko som ville gitt ei sterkare stadfesting på at ein faktisk har med riktig mamma og pappa å gjere. Dei kan jo ha blitt smidd i Hymens lenkjer "over there"...

 

Irriterande dette! ...særleg fordi det gjeld ætlingar for ikkje veldig-veldig lenge sidan. Då vil eg gjerne litt vidare, men vil vere tilnærma HEILT sikker på at eg ikkje tullar. Hadde det vore slutten av 1600-talet, hadde eg sikkert berre sett strek...

Edited by Arne Åsbjørn Drangeid

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arne Åsbjørn Drangeid

Då har eg fått løysing på pina, trur eg, og her er det verkeleg att og fram....

 

Etter søk på Digitalarkivet på Gurine Jensen fann av emigrasjonsprotokollen at ho for til Amerika seint i 1906, saman med mannen sin, skipsførar Lars Andreas Jensen.

 

Her stod òg at ho hadde bustad i Haugesund.

 

Av ein av faksimilane over, frå MyHeritage, stod giftemålsdato 25.februar 1906, og etter eit søk i kyrkjeboka for Haugesund fann eg dei der (Først på sida), på denne datoen.

 

....men, her heiter ho ikkje Gurine, men GURO, og står oppført med fødestad Sandeid i Ryfylke, ikkje Sauda/"Søvde" (!) Konfirmasjonen stod ho visst  i Sauda. Her står jo pappa-GURO òg oppført...Brynjel Sjursen.

 

...men, akk, eg fann ho ikkje i Sandeid heller.

 

Då var det tilbake til start og ein kjapp sveip over Sauda igjen, for eg har jo ikkje leita etter GURO, men GURINE.

 

Der trur eg eg har funne ho, Guro Bryneldsdatter, oppført med fødsel 3. juli 1866 (nr. 53). (Far Bryneld Sjursen og mor Ingeborg Eriksdatter)

 

Takkar elles for hjelp og tips.... :)

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum
Arne Åsbjørn Drangeid

Takkar... :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.