Gå til innhold
Arkivverket

Arbeider Paul Kittelsen (Sandvik), f. Nissedal 1870, d. Solum 1893


Håvard Moe
 Del

Recommended Posts

Eg er på jakt etter informasjon om arbeider Paul Kittelsen, f. Nissedal 1870, d. Solum 1893 som vert gravlagt i Solum 15. april 1893, og familien hans.

Så vidt eg kan sjå er bustad oppgitt å vere "Bjørnholt (Kaasa)" - er dette ein plass som kan identifiserast i dag? Var det noko naturleg arbeidsplass i nærleiken som kunne trekke ein ung kar frå Nissedal? Kan det vere andre kjelder tilgjengeleg i området om tilflyttande/utflyttande arbeidarar til Solum på 1890-talet?

 

Eg har òg notert at broren Kittel Kittelsen flytta frå Sandvik i Nissedal til Solum etter å ha seld heimgarden i 1892. Eg har leita gjennom listene over innflytta i Solum, men kan ikkje finne nokon av brørne der.  Kittel selde garden i november 1892, men det kan vere at Paul har reist frå Nissedal før dette, da systera Tone vert gift i Solum i juli 1892.

 

Den nemnte familien er ført opp på heimplassen i Nissedal i tellinga 01.01.1891, inklusive mor Anne (som da er død mellom Nissedal/1891 og Oslo/1900). I 1891 er Paul Kittilsen oppført som smed av yrke, medan faren er "maskinist på dampskib".
 

I tillegg til det overnemnte finn vi ein tredje bror, Gunnar, som konfirmert i Solum hausten 1892, òg med bopæl på Bjørnholt (Kaasen) så her er det nok klart at heile familien har reist. Gunnar og Kittel er seinare, i den kommunale folketellinga for Oslo i 1905 oppgitt å vere innflytta til Oslo i april 1892, men som ein kan sjå kan ikkje det stemme heilt. Brørne Gunnar og Kittel kan sporast i Oslo frå omlag 1898 (når Gunnar gifter seg) og utover tidleg 1900-tal gjennom kyrkjebøker, folketellinger (1900, 1905, 1910) og adressebøker (frå 1902-3 og utover).  Faren, Kittel Kittelsen (d.e.) er nemnt i Oslo i 1900; mora Anne Paulsdotter er ikkje nemnt nokon stad.

 

Familien må ha flytta til Solum mellom 1891 og sommaren 1892, når systera Tone vert gift i Solum. Broren Paul er død same haust, medan dei to andre brørne (og faren) har reist vidare til Oslo der dei kan finnast att frå 1898.

Listene for inn-/utflytta ser diverre ikkje ut til å vere komplette, for desse er ikkje fanga opp der...

Kan det finnast kjelder der ein kan finne ut meir om desse syskena i Solum? Eit skifte etter Paul ville t.d. vore nyttig, men eg kan ikkje finne noko skanna skifter så seint... Diverre startar dei skanna dødsfallprotokollane i 1895.

 

 

(Tidl. posta på DIS-forum, utan noko respons der...)

Endret av Håvard Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.