Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: John Gustav (Magnussson) Bergquist - fødd i Sverige jan. 1849 - utvandra 1868 - kven var han?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Charlotte Marie Arne (1884-1968), med foreldre frå Arna ved Bergen, fekk hausten 1908 ein son i Moorhead, MN med omreisande fotograf John Silvan Morgan (1881-1962), med mor frå Hafslo i Sogn, før ho 9.12.1908 gifte seg med den svenske ungkaren:

 

John Gustav Bergquist

 

John G. Bergquist døydde i Moorhead, MN 24.3.1928 og vert då oppgjeven vera son av ein Magnus Bergquist.  Mori var ukjend.  Fødselsåret er oppgjeve til 1849, og ifølgje FT1900 var han fødd i Sverige i januar 1849.  Utvandringsåret er oppgjeve til 1868 både i 1900 og i 1920, medan FT1910 seier 1867.

 

Hjå FamilySearch finn eg denne «kandidaten» som eg tykkjer ser svært so god ut:

 

Name: Johan Gustaf Magnusson

Gender: Male

Christening Date: 31 Jan 1849

Christening Place: Linneryd, Kronoberg, Sweden

Birth Date: 30 Jan 1849

Father's Name Magnus Niclasson

Mother's Name Maria Petersdotter

 

Men er det han?  Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å finna den «rette» John Gustav?

 

* Fullt namn i Sverige?

 

* Nøyaktig dato og stad for fødsli hans?

 

* Utvandringsåret?

 

* Fulle namn på foreldri med yrke og bustad, samt fødestad til båe foreldri?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kari Aabelvik

Hei!

 

Den kandidaten du nevner,bor i Linneryd i telling 1880.

 

Her er en annen kandidat:

 

 

Post 338185

Magnusson, Johan Gustaf
Dräng (ogift man)

f. 11/1 1849 i Långasjö, Kalmar län (Småland)

Utvandrad 2/4 1868
från Brunamåla, Långasjö, Kalmar län (Småland)
till Nordamerika

Källa: Husförhörslängd, s. 511
 

 

Hans foreldre var Magnus Jonasson og Kajsa Lisa Petersdtr.

 

Hilsen Kari

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kari Aabelvik

Far Magnus Jonasson d.ä (den eldre) f. 14/7 1811 i Långasjø.De bodde i alle år på Brunamåla i Långasjø,der Magnus J. eide 1/8.

Kajsa Lisa Petersdtr., f. 5/7 1815 i Långasjø.

 

Ingen steder har jeg sett Bergquist brukt. Derfor vet jeg ikke om dette er rett mann.

Finner ingen med navn Bergquist som passer.

 

Hilsen Kari

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kari for svært so spennande innlegg!

 

Eg har ved fleire høve observert at svenske emigrantar «tok» svenskklingande ættenamn i Amerika utan at eg har finne dekning for desse i Sverige, og med dei mange «samantreffi» her, patronymikon, fødselsmånad og år samt utvandringsår, er eg NESTEN sikker på at det må vera «rett» mann du har finne, Kari, men er det eventuelt mogeleg å finna søsken av Johan Gustaf som òg utvandra?  Dei kan ha «teke» same Bergquist-namnet?

 

Du seier forresten at Magnus Jonasson eigde 1/8 av Brunamåla.  Skal me tolka dette slik at han var gardbrukar?

 

Brunamåla synest vera eit gardsnamn, og eg reknar med at Magnus Jonasson ogso var fødd der?  Finst det kan henda eit tilsvarande gardsnamn i Långasjö for fødestaden/opphavet til Kajsa Lisa Petersdotter?

 

Dette er elles kjempefine opplysningar!  Eg kan opplysa at Johan Gustaf i Minnesota visstnok hadde ein «uekte» son med hushaldaren sin.  Johan og Charlotte vart skilde etter kort tid, og i 1914 gifte Charlotte seg att med sonen!!  Spennande huslyd med «forviklingar» dette...

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Kari Aabelvik

Magnus Jonasson var født på Pellamåla i Långasjø,og Kajsa Lisa Petersdtr.var født på Brunamåla.

 

Magnus J.var gårdbruker,i telling 1880 står han som "undantagshjon", dvs han hadde overlatt gården til andre men bodde fortsatt der. (det vi kaller kårmann)

 

Johan Gustaf hadde en bror,Peter Jonas f. 11/2 1853,som utvandret til Amerika 25/7 1873:

 

 

Post 338325

Magnusson, Peter Jonas
Dräng (ogift man)

f. 11/2 1853 i Långasjö, Kalmar län (Småland)

Utvandrad 25/7 1873
från Brunamåla, Långasjö, Kalmar län (Småland)
till Nordamerika

Källa: Husförhörslängd, s. 532
 

Kan dette være Peter Jonas i 1930??:

 

 

Namn:

  Peter J Bergquist Födelseår: cirka 1853 Kön: Male (Man) Härstamning: White (Vit) Födelseort: Sweden (Sverige) Civilstånd: Widowed (Blivit änka/änkling) Släktskapsförhållande till familjeöverhuvud: Head (Chef) Bodde år 1930: Fargo, Cass, North Dakota Karta över hemmet: Visa karta Gatuadress: Fourth Street North Del av stad: Precinct 4 Husnummer i städer eller större orter: 211 Bostadens nummer: 69 Familjnummer: 90 Bostad – ägd eller hyrd: Owned Bostadens värde: 7000.00 Radioutrustning: Yes Bor på bondgård: No Gått i skola: No Läs- och skrivkunnig: Yes Faderns födelseort: Sweden (Sverige) Moderns födelseort: Sweden (Sverige) Talat språk: Swedish Immigrerade år: 1873 Naturalisering: Naturalized Talar engelska: Yes Sysselsättning: Proprietor Industri: Retail Grocery Typ av arbetare: Employer Anställning: Yes Grannar: Visa andra på sidan Hushållsmedlemmar: Namn Ålder Peter J Bergquist 77 Clarence Horden 34 Laura Hovden 35 Jean H Hovden 8 Clarence J Hovden 0
[11/12]  Ames Berquist 29 Victor Berquist 28
 
 

Hilsen Kari

 

Endret av Kari Aabelvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kari for eit nytt kjempeflott innlegg!

 

Peter Jonas Bergquist er i 1900 oppgjeven fødd i februar 1854, feil år, men det må vera han.  Og han budde rett over elvi for John, i Fargo, ND!

 

Då er opphavet til Johan Gustaf prova, og eg takkar likeins for tilleggsopplysningane om foreldri.

 

Problemet er med dette løyst!  Ein ny stor takk til Kari!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.