Gå til innhold
Arkivverket
Torbjørn Henrik Hillersøy

Jon Olavson Kallestad (ca. 1690-1745), kvar kom han frå?

Recommended Posts

Torbjørn Henrik Hillersøy

Han vart gift 1723 med Helga Halldorsdtr. frå Batalden i Kinn pr.gj.: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi14371689&gardpostnr=417&personpostnr=834&merk=834#ovre

Dei vart busett i Terdalen i Kinn.

 

Ved giftemålet er han skriven som John Olson Kallestad. Det er fleire gardar med namnet Kallestad på Vestlandet, bl.a. i Fjell (Sund?), Vaksdal og i Kvam. Vaksdal har eg sjekka ut på NB og der fann eg han ikkje.

Er det nokon som har tilgang til Bygdebøker for Fjell/Sund og Kvam som kan hjelpe meg? Evt. berre for å utelukke desse gardane.

 

Gardane Vallestad og Kvalstad ligg i Kinn. Det er mogleg at gardsnamnet Kallestad er skrive feil. Det er nemnt ein Jo, son av Olav Vallestad, i skiftet etter mora Marite Øysteinsdtr. i 1697, Det budde ein Jo Olavson på garden Valvik i 1701 og 1704. Gardane Valvik og Vallestad ligg på same øya, Askrova. Det kan vere same person.

 

Mvh Torbjørn

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Torbjørn !

 

Det er ikkje nokon som vil hjelpa deg med ditt problem ?

 

Sjølv ikkje ho jenta som bur inne i PC-en vår, og om vel 100 innlegg kjem opp i 20.000, "siger og skriver", tjue-tusen, frå det nye DA byrja ca 1 februar 2011, vært det ei for stort problem; les utfordring ?

 

Jon S.

Bergen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for omtanken, Jon! Det kan vel vere at dei rette (ennå) ikkje har lese temaet. Og ein del gjer ein fantastisk innsats her på forumet, det er sikkert! :-)

 

Om nokon kunne gjere oppslag i bygdebok for Fjell og Kvam, hadde det avklart meir om denne John Olavson Kallestad.

Gardsnnamnet Kallestad finn ein visstnok og i nærleiken av Balestrand, så kanskje eit oppslag i rette bygdebok derfra...

 

Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bjarte Breistein

Jeg finner ikke Jon Olavson Kallestad i bygdeboken for Fjell under gården Kallestad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for hjelpa, Bjarte!

 

Som sagt kan det vere at Kallestad eigentleg skal vere Vallestad. Det har ikkje lukkast meg å finne vigselen i Kyrkjebok for Kinn for å sjå kva originalkjelda seier.

 

Eit oppslag på Kallestad i Kvam og i Balestrand vil gje meir klarheit.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Sorry, men Balestrand finn eg ikkje nokon Jon Olavson f ca 1690.

 

På husmenn, side 146 under Vik III, fyrste halvbind utg 1957, er det ein Anders Olson i 1701. Kor vidt han kan ha ein bror som heiter Jon, står det ingenting om.

 

Fekk Jon og Helga ongar ? I såfall, kva slags navn har dei brukt på ongane, bortsett frå Ola og Haldor ?

Dersom Jon har teke med seg navnet Kallestad, f.eks frå nov Balestrand, før Vik Kommune, så ville eg tru at han også hadde brukt navn på ongane sine, som ikkje er såååå vanlige i Kinn.

 

Men navnebroren min er født 350 år før meg, og tankegangen er heilt sikkert annarleis enn i dag.

--------------

Korleis passar navnet på evt ongar inn dersom du brukar Vallestad ? Eller Kvalstad ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for hjelp, Inge og Jon!

 

Borna sine namn var: Kari, Borgni, Orlaug, Abelu (?), Olav og Helga. Dei avslører kanskje ikkje så mykje. Orlaug og Abelu var ikkje vanlege namn i Kinn pr.gj., men kanskje ikkje så vanleg generelt heller.

 

Ang. giftermålet i original-kjelda; er det tydeleg at det står Kallestad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Torbjørn !

 

Du kan jo "håpa" han har vore soldat i "Den store Nordiske krig", og difor er omtalt i Egil Øvrebø si bok "I kongenstjeneste" som kom ut i 1996, og som du finn på nb.no. Nasjonalbiblioteket.

 

Der KAN det væra mogelig å finna han, kanskje .......

 

Eg ville då starta med å leita på fornavn. Jo??? så på OL??? så evt på Kallestad, eller eit navn som liknar på Kallestad.

--------------------------

Presten som vige Jon og Helga i 1723 var mest trulig dansk, og navna som kom fram i samband med bygda folka og Presten . . . . . . Det er berre sjå på Nomino i NRK, korleis det kunne gå !!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for tipset, Jon! Det er verdt eit forsøk å sjekke ut.

 

Eg har sett mange, og komiske, eksempel på "fordanskingar" av lokale stadnamn, kanskje både tilsikta og utilsikta. :-)

Men vi har jo gjort det her til lands også, t.d. når det gjeld fornorsking av samiske stadnamn, og for så vidt også "riksmålifisering" av lokale namn på Vestlandet.

 

Men når det gjeld det som står i krk.boka for Kinn om vigselen for John og Helga så lurer eg berre på fyrste bokstaven. For meg ser det like mykje ut som ein L (Lallestad?), men det var kanskje slik K vart skrive på den tida (arkivarane på Statsarkivet i Bergen som transkriberte denne og påfyljande kyrkjebok for Kinn har gjort ein stor og god jobb!).

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Jon Ol(av)son var ikkje nemnd som soldat i "I kongens teneste". Det var fleire både frå Kallestad og Vallestad, men ingen Jon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

slettet

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Johan Arthur Hansen

Det er også Kaldestad i Kvinnherad i Hordaland. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for opplysningen, Johan Arthur!

 

Får tilgang til to av sannsynlegvis tre av slektsbøkene som omhandlar Kvinnherad på Nasjinalbiblioteket, men ikkje den som tar for seg Husnes-området.

Ser på kartet at Kaldestad ligg på "Husnes-halvøya".

Er det nokon som har tilgang til alle slektsbøkene for Kvinnherad?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.