Gå til innhold
Arkivverket

Jon Olavson Kallestad (ca. 1690-1745), kvar kom han frå?


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Han vart gift 1723 med Helga Halldorsdtr. frå Batalden i Kinn pr.gj.: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi14371689&gardpostnr=417&personpostnr=834&merk=834#ovre

Dei vart busett i Terdalen i Kinn.

 

Ved giftemålet er han skriven som John Olson Kallestad. Det er fleire gardar med namnet Kallestad på Vestlandet, bl.a. i Fjell (Sund?), Vaksdal og i Kvam. Vaksdal har eg sjekka ut på NB og der fann eg han ikkje.

Er det nokon som har tilgang til Bygdebøker for Fjell/Sund og Kvam som kan hjelpe meg? Evt. berre for å utelukke desse gardane.

 

Gardane Vallestad og Kvalstad ligg i Kinn. Det er mogleg at gardsnamnet Kallestad er skrive feil. Det er nemnt ein Jo, son av Olav Vallestad, i skiftet etter mora Marite Øysteinsdtr. i 1697, Det budde ein Jo Olavson på garden Valvik i 1701 og 1704. Gardane Valvik og Vallestad ligg på same øya, Askrova. Det kan vere same person.

 

Mvh Torbjørn

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Torbjørn !

 

Det er ikkje nokon som vil hjelpa deg med ditt problem ?

 

Sjølv ikkje ho jenta som bur inne i PC-en vår, og om vel 100 innlegg kjem opp i 20.000, "siger og skriver", tjue-tusen, frå det nye DA byrja ca 1 februar 2011, vært det ei for stort problem; les utfordring ?

 

Jon S.

Bergen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for omtanken, Jon! Det kan vel vere at dei rette (ennå) ikkje har lese temaet. Og ein del gjer ein fantastisk innsats her på forumet, det er sikkert! :-)

 

Om nokon kunne gjere oppslag i bygdebok for Fjell og Kvam, hadde det avklart meir om denne John Olavson Kallestad.

Gardsnnamnet Kallestad finn ein visstnok og i nærleiken av Balestrand, så kanskje eit oppslag i rette bygdebok derfra...

 

Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelpa, Bjarte!

 

Som sagt kan det vere at Kallestad eigentleg skal vere Vallestad. Det har ikkje lukkast meg å finne vigselen i Kyrkjebok for Kinn for å sjå kva originalkjelda seier.

 

Eit oppslag på Kallestad i Kvam og i Balestrand vil gje meir klarheit.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sorry, men Balestrand finn eg ikkje nokon Jon Olavson f ca 1690.

 

På husmenn, side 146 under Vik III, fyrste halvbind utg 1957, er det ein Anders Olson i 1701. Kor vidt han kan ha ein bror som heiter Jon, står det ingenting om.

 

Fekk Jon og Helga ongar ? I såfall, kva slags navn har dei brukt på ongane, bortsett frå Ola og Haldor ?

Dersom Jon har teke med seg navnet Kallestad, f.eks frå nov Balestrand, før Vik Kommune, så ville eg tru at han også hadde brukt navn på ongane sine, som ikkje er såååå vanlige i Kinn.

 

Men navnebroren min er født 350 år før meg, og tankegangen er heilt sikkert annarleis enn i dag.

--------------

Korleis passar navnet på evt ongar inn dersom du brukar Vallestad ? Eller Kvalstad ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for hjelp, Inge og Jon!

 

Borna sine namn var: Kari, Borgni, Orlaug, Abelu (?), Olav og Helga. Dei avslører kanskje ikkje så mykje. Orlaug og Abelu var ikkje vanlege namn i Kinn pr.gj., men kanskje ikkje så vanleg generelt heller.

 

Ang. giftermålet i original-kjelda; er det tydeleg at det står Kallestad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Torbjørn !

 

Du kan jo "håpa" han har vore soldat i "Den store Nordiske krig", og difor er omtalt i Egil Øvrebø si bok "I kongenstjeneste" som kom ut i 1996, og som du finn på nb.no. Nasjonalbiblioteket.

 

Der KAN det væra mogelig å finna han, kanskje .......

 

Eg ville då starta med å leita på fornavn. Jo??? så på OL??? så evt på Kallestad, eller eit navn som liknar på Kallestad.

--------------------------

Presten som vige Jon og Helga i 1723 var mest trulig dansk, og navna som kom fram i samband med bygda folka og Presten . . . . . . Det er berre sjå på Nomino i NRK, korleis det kunne gå !!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tipset, Jon! Det er verdt eit forsøk å sjekke ut.

 

Eg har sett mange, og komiske, eksempel på "fordanskingar" av lokale stadnamn, kanskje både tilsikta og utilsikta. :-)

Men vi har jo gjort det her til lands også, t.d. når det gjeld fornorsking av samiske stadnamn, og for så vidt også "riksmålifisering" av lokale namn på Vestlandet.

 

Men når det gjeld det som står i krk.boka for Kinn om vigselen for John og Helga så lurer eg berre på fyrste bokstaven. For meg ser det like mykje ut som ein L (Lallestad?), men det var kanskje slik K vart skrive på den tida (arkivarane på Statsarkivet i Bergen som transkriberte denne og påfyljande kyrkjebok for Kinn har gjort ein stor og god jobb!).

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for opplysningen, Johan Arthur!

 

Får tilgang til to av sannsynlegvis tre av slektsbøkene som omhandlar Kvinnherad på Nasjinalbiblioteket, men ikkje den som tar for seg Husnes-området.

Ser på kartet at Kaldestad ligg på "Husnes-halvøya".

Er det nokon som har tilgang til alle slektsbøkene for Kvinnherad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Lyfter dette tema i håp om at skiftet etter Jon Olavson kanskje kan gje opplysningar om kvar han kom frå! 

 

Her er skiftet etter han i 1745 (på garden Tirdalen (Terdalen), nede på s. 57b: https://media.digitalarkivet.no/view/24201/60

 

Det står kanskje noko i skiftet om personar som Jon hadde gjeld til, om formyndarar til borna o.l.

Er det nokon som er drevne i å tolke slik skrift  og som kunne tenke seg å hjelpe med å gi eit kort resyme av skiftet ?

Det er ikkje nødvendig med tal, berre å nemne personar av interesse. Kanskje dukker det opp ein slektning av Jon nemnt i skifte-teksten?

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hei Torbjørn.

 

Jeg drev og søkte på Kallestad og da kom dette gamle temaet ditt opp.

Dette er også " mine " folk, og jeg har ikke kommet noe lenger i å avdekke hvor Joen Olsson kom fra.

 

I 1701 manntallet ser jeg at det er en gård Kalstad i Holmedahl/Guddal området, men jeg vet ikke om det hjelper oss. 

Der bor det en Olle Larsson 61 år gammel i 1701, men han har i alle fall ingen sønn Joen boende på gården. 

Jeg får sjekke om det finnes noe skifte etter ham:

https://www.digitalarkivet.no/search/64/38456?no_alias=1&fornavn=&etternavn=&stilling_stand=&kjonn=&rolle=&alder=&oppholdssted=&gard=Kal*&konstruert_adresse=&sokn=&prgjeld=&skipreide=&fodestad=&fogderi=&merknader=

 

Den eneste Joen Olsson i passende alder i Kinn 1701 er han på 14 år på gården Valviig

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000620474

Endret av Rune Thorstensen
  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

On 4/3/2020 at 1:33 PM, Torbjørn Henrik Hillersøy said:

Det står kanskje noko i skiftet om personar som Jon hadde gjeld til, om formyndarar til borna o.l.

Det er ikkje nødvendig med tal, berre å nemne personar av interesse. Kanskje dukker det opp ein slektning av Jon nemnt i skifte-teksten?

 

Ao 1745 d: 17de Junj blev paa dend

gaard Tirdahlen Peder Jacobsen Ous

sen tilhørrende i Brandtzøe Ski

brede og Sanøe Kirche Sogen be

liggende holden Registering og Wur

dering Arve skiffte og deeling effter

afgl: Joen Olsen som samestæds

boede og døde og det imellem

hands effterladte Enche Helge Hal

dorsdatter paa den Eene side og

deres tilsamen auflede 3 døttre

Ved Nafn 1. Kari Joensdatter gifft

med Anders Olsen og boende paa gaar

den Pudserviigen, 2. Baarnj

 

Joensdatter 16 aar gl: og 3de Orlaug

Joensdatter 12 aar gl: begge hieme

Værende hos deris Moder

Udj Lensmanden Anders Nielsen

Standahlens Svagheds forfald mødte

handes Søn Niels Andersen og

tillige som Vurderingsmænd Iver

Olsen Storøen og Abraham Larsen Stor

øen, og befantes da boen at beløbe til

den Summa 135-4-6

derimod Gield og Afgang 13-4-,,

 

Ingen kreditorar nemnte med namn ...

 

til sist i skiftet er nemnt formyndarane ...

 

for Baarni Joensdatter vart Johanes Larsen Brandtzøen og for Orlaug Joensdatter svogeren Anders Olsen Pudserviig.

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 28.9.2016 den 23.31, Torbjørn Henrik Hillersøy skrev:

Takk for hjelp, Inge og Jon!

 

Borna sine namn var: Kari, Borgni, Orlaug, Abelu (?), Olav og Helga. Dei avslører kanskje ikkje så mykje. Orlaug og Abelu var ikkje vanlege namn i Kinn pr.gj., men kanskje ikkje så vanleg generelt heller.

 

Ang. giftermålet i original-kjelda; er det tydeleg at det står Kallestad?

 

Orlaug er iallefall mykje brukt elles i Sunnfjord, f.eks. i Gaular, Fjaler, Askvoll osv.

 

Kvinnenamnet Abel er brukt i Fjaler på 1800-talet. Diverre finst det ikkje kyrkjebøker frå Holmedal prestegjeld før det i 1755 vart delt i Ytre- og Indre Holmedal (Fjaler og Gaular).

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Rune Thorstensen skrev:

Hei Torbjørn.

 

Jeg drev og søkte på Kallestad og da kom dette gamle temaet ditt opp.

Dette er også " mine " folk, og jeg har ikke kommet noe lenger i å avdekke hvor Joen Olsson kom fra.

 

I 1701 manntallet ser jeg at det er en gård Kalstad i Holmedahl/Guddal området, men jeg vet ikke om det hjelper oss. 

Der bor det en Olle Larsson 61 år gammel i 1701, men han har i alle fall ingen sønn Joen boende på gården. 

Jeg får sjekke om det finnes noe skifte etter ham:

https://www.digitalarkivet.no/search/64/38456?no_alias=1&fornavn=&etternavn=&stilling_stand=&kjonn=&rolle=&alder=&oppholdssted=&gard=Kal*&konstruert_adresse=&sokn=&prgjeld=&skipreide=&fodestad=&fogderi=&merknader=

 

Den eneste Joen Olsson i passende alder i Kinn 1701 er han på 14 år på gården Valviig

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000620474

 

Det er ikkje nokon passande Jon Olsson på Kalstad i bygdeboka for Fjaler:

 

https://www.nb.no/items/addcc5498762fb28de8fc8d55e2f1ab4?page=285&searchText="Kalstad gard nr"

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Vevring-området har ein namnet Kvellestad, ikkje så langt derifrå og til Flora/Kinn.

 

https://kart.gulesider.no/?c=61.497773,5.305373&z=12&q="kvellestad";mobile;geo

 

I bygdeboka er nemnt mannsnamnet Abel, samt at det er ein Ole som er brukar i nokonlunde rett tidsrom:

 

https://www.nb.no/items/07ae7eeb6320817e48ccc401e9775d16?page=77&searchText=68

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for hjelp, Rune, Morten og Torbjørn! 

 

Garden Kvellestad i Vevring er kanskje ein mogleg "kandidat"

Så langt held eg ein knapp på Vallestad som fødestad og 14 årige Joen Olsson i Valvika (begge gardane på Askrova) i 1701. 

 

Vergen til dottera Borni, Johannes Larsson Brandsøy, er det kanskje verdt å sjå nærare på. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 2016-10-1 den 14.57, Torbjørn Henrik Hillersøy skrev:

Takk for opplysningen, Johan Arthur!

 

Får tilgang til to av sannsynlegvis tre av slektsbøkene som omhandlar Kvinnherad på Nasjinalbiblioteket, men ikkje den som tar for seg Husnes-området.

Ser på kartet at Kaldestad ligg på "Husnes-halvøya".

Er det nokon som har tilgang til alle slektsbøkene for Kvinnherad?

 

Er det nokon som har tilgang til Husnes-boka for Kvinnherad? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har dessverre ikke den boka. Men mandag kan du søke om  tilgang pga pandemien.

For øvrig holder også jeg en knapp på ungdommen på Valvik i 1701. men det hjelper oss vel for så vidt ikke med hensyn til hvem som var hans foreldre.

  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingen treff i Kvinnherad bok 4, Husnes, heller. 

 

Når det gjeld Vallestad på Askrova:

På 2016-9-19 den 21.25, Torbjørn Henrik Hillersøy skrev:

Det er nemnt ein Jo, son av Olav Vallestad, i skiftet etter mora Marite Øysteinsdtr. i 1697

Dette iflg. "Soga om Flora" av Joleik. 

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.