Gå til innhold
Arkivverket

Ragnhild Iversdotter (Hammer) - fødd i Hafslo 1750 - tre born i Bergen og so gift med skomakarsvein Jan Hansson Dahl - kvar vart det av borni hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #25205 frå 2004 i det gamle brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/110864-25205-jan-dahl-ragnhild-iversdotter-og-borni-hennar-i-bergen-paa-1770-talet-lagnad/?hl=%2Bragnhild+%2Biversdotter) som framleis står uløyst!

 

Ragnhild Iversdotter Skophammer, kjend som Ragnhild Marie Iversdotter Hammer, vart døypt i Hafslo 15.2.1750, yngst av seks søsken som alle flytte til Bergen i vaksen alder.  Ragnhild fekk tre døtrer som alle vart døypte i Nykyrkja:

 

* Anna Carthrine Jacobine, døypt 14.7.1771 - barnefar korporal Johan Meyer - ho vart gravlagd 6.4.1778 frå 3. rode nr. 48, sju år gamal

 

* Johanna Nicoline Marie, døypt 29.8.1773 - barnefar underoffiser Johannes Meyer (truleg same far som Anna) - lagnad ukjend

 

* Herman Pettersen, fødd 11.5.1777 - barnefar bortreist matros Hans Christian Walter - lagnad ukjend

 

So gifte Ragnhild seg i Nykyrkja i Bergen 26.12.1779 med skomakarsvein Jan Hansson Dahl.  Ho vart gravlagd som skomakarkone 5.9.1798 frå 1. rode nr. 63, medan Jan Dahl truleg vart gravlagd frå Tukthuset i Bergen 19.4.1804, 59 år gamal.

 

Spørsmåli her, som eg framleis ikkje har greidd finna svar på, er konkret følgjande:

 

** Kven var skomakarsvein Jan Hansson Dahl - fødsel og opphav?

 

** Kven var korporal/underoffiser Johan(nes) Meyer?

 

** Kven var matros Hans Christian Walter?

 

** Og sist, men ikkje minst: Kvar vart det av Johanna Nicoline Marie f. 1773 og Herman Pettersen f. 1777?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kan ikke se at Johannes Meyer er nevnt hos Ovenstad. Jeg synes det står at Johannnes er underoffiser ved kaptein Jacobi kompani av det Delmenhorstiske regimente ved dåpen til datteren Johanne Nicoline Marie:

 

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. A 1 (1668-1820), Uekte fødte og døpte 1773-1776, Side 72
Permanent bilde-ID: kb20070323640419
 
På nettsidene til Statsarkivet i Bergen finner du en arikkel om regimentet:
 
Det er også lagt ut en søkbar base over innrullerte soldater ved regimentets livbataljon:
 
Ved søk i militærullene 1770 for delmenhorstiske regiment, livbataljonen, får jeg treff på en korporal Johan Meyer:
 
Det finnes også en musketer med samme navn, men jeg holder en knapp på korporalen. Historikken/artikkelen om regimentet (ovenfor) kan kanskje gi noen svar på hvor Johannes kan ha tatt veien. Kanskje statsarkivet kan gi svar på om han var norsk eller dansk. 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Grethe for nye interessante innlegg!

 

Det er ikkje utruleg at Johan(nes) Meyer kan høyra til ein av hanseatarættene i Bergen, men eg vil tru det kanskje er betre å leita etter mannen i militære dokument.  Eg har alt lagt inn eit spørsmål om dette i Arkivforum Bergen og vonar på eit positivt svar...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"I de bergenske kirkebøkene kan man telle opp 82 "uekte" barn der soldater eller offiserer fra regimentet er oppgitt som barnefedre."

 

 

 

Interessant artikkel Grethe har lagt ut  lenket til, men det kan bli litt av en utfordring å finne ut mer om Johan Meyer.

Leser i en annen artikkel at det var leiesoldater fra 6 forskjellige land involvert i dette regimentet.

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

 

Det er nok rette korporalen jeg har funnet i databasen over livbataljonen, Lars! Det står her at Johan Meyer tilhørte Abercrones Compagnie, og det er det samme som går fram ved dåpen til Anna Cathrine Jacobine i 1771: 

 

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. A 1 (1668-1820), Uekte fødte og døpte 1772, Side 71

Permanent bilde-ID: kb20070323640418
 
Det er ikke sikkert rullene i original inneholder noen flere opplysninger enn det som kommer fram i den søkbare basen. Men dette vet statsarkivet mer om. I Bergen Byleksikon står det at to av kompaniene i delmenhorstiske regiment ble overflyttet til Kristiansand i 1773 og resten av soldatene forlot byen året etter. 
 
 

post-541-0-63335800-1476421811_thumb.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som Grethe skriver så ble det  Delmenhorstiske regiment ble overflyttet til Kristiansand i 1773. Noen år senere ble det oppløst og soldatene reiste hjem til sine respektive land/garnisoner.

Ikke enkelt å søke etter personer man ikke vet sikkert hvor kommer fra, men har søkt litt i Holland og Danmark.

 

Det nærmeste jeg kommer er Corporal Johan Meyer f. 1749 og tjenestegjør i det Kgl.norske Livregiment 2.Musketerkompagni  stasjonert i Kjøpenhavn i 1787.

 

http://www.danishfamilysearch.dk/cid421537

 

 

"Regimentet stammede oprindeligt fra Bremen- flyttede til Bergen og senere til Danmark.
Soldaterne var af blandet nationalitet men en del af de soldater der blev i Danmark var fra Norge."

 

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar og Grethe for nye spennande innlegg om Johan Meyer og det Delmenhorstiske regiment!

 

Korporal Johan Meyer som i 1787 bur i København som tenestegjerande i det norske livregimentet kan godt vera mannen me leiter etter, og då er det eit spørsmål om det er same mann som ved to høve opptrer som barnefar ved Garnisonskyrkjelyden i Kølbenhavn:

 

* Johanne Christine, døypt 15.9.1782 - mor: Johanne Marie Pedersdotter

 

* Daniel Carolus Emanuel, døypt 22.5.1799 - mor: Kirstine Sterckel

 

Eg ser ikkje av FamilySearch om nokon av desse var «uægte»...

 

Eg finn òg to vigsler i Garnisonskyrkjelyden som kan vera interessante:

 

* Johan Meyer og Birgitte Kirstine Butner - vigde 20.12.1793

 

* Johan Meyer og Sophie Friedrike Grosmann - vigde 3.10.1794

 

samt fleire Johan Meyer med mellomnamn, Babtist (1785), Friedrich (1789) og Christoph (1791), alle i Garnisonskyrkjelyden....

 

Johannes Meyer og Sophie Friedrike Grosmann døyper ein son Ernst i Trinitatis, København

 

Det er tydeleg ikkje noki enkel sak å identifisera Johan Meyer.  Det synest vera fleire alternativ...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den Jan Hansen Dahl som døde i 1804, var 59 år gammel, f. ca. 1745. 

 

 

Et skudd i blinde:

 

Det ble døpt en Jan Henrich i Nykirken i Bergen 31.07.1745, sønn av Hans Olsen og Karen Halversdatter:

 

Bergen fylke, Nykirken i Nykirken, Ministerialbok nr. A 1 (1668-1820), Uekte fødte og døpte 1746, Side 53
Permanent bilde-ID: kb20070323640400
 
Faren Hans Olsen var fra Sunnfjord og det sies at han var omkommet på sildefiske om våren. Barnet ser ut til å være "aflet" i Korskirkesognet og det sies at moren var "publ. absolveret" av presten i samme sokn. 
 
En Jan Hansen er konfirmant i KK i 1761:
 
I 1747 gifter en Karen Halversdatter seg i Korskirken (KK) med enkemann Knut Guttormsen:
 
 
I 1747 har Karen Halversdatter og Knut Guttormsen sønnen Lars til dåpen i KK:
 
Guttorm, 1748
 
Guttorm døde i 1749
 
Marte, 1748
 
Guttorm, 1751
 
Guttorm døde 1752:
 
Sønn død 1 år gammel i 1752:
 
Sønn død 18 uker gammel i 1756
 
Rangle, 1756
 
Gunner, 1758
 
Men om dette er Jan Hansens Dahls familie, vet jeg som sagt slett ikke. Det ser ikke ut som det er noen Dahl her i alle fall, så dette er nok mest sannsynlig et skudd i blinde. 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande innlegg kring Jan Hansson Dahl og opphavet hans!

 

Det er ikkje nokon enkel «materie» å grava i dette spørsmålet.  Dahl-namnet finst, som du òg seier, over hovudet ikkje innanfor den huslyden som du nemner, men eg har sett døme på at Dahl kan vera avleia frå Dahle eller ein gard mned endingi Dahl.  Ein fattig husmannsson Ole Olson Leirdahl frå Luster, om lag på same alder som Jan Hansson, flytte til Bergen i 1760-åri og tok namnet Ole Dahl i Bergen!  Og dersom Hans Olson, sjømannen frå Sunnfjord, som var far til Jan Henrik Hansson i 1745, hadde opphavet sitt frå Dale i Sunnfjord, KAN jo dette vera ein teori...  Men å prova det, sjå det vert nok vanskeleg...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips og tankar kring denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg ønskjer i dag å henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan oktober 2016!

 

Først av alt lyt eg nemna at eg vel ikkje er 100% sikker på at eg har finne den «rette» Ragnhild.  Ho er aldri nemnd med ættenamnet Hammer (eller Skophammer, som namnet opphavleg var), og ingen av søskeni hennar var fadrar til nokon av dei tre «uekte» borni som Ragnhild fekk i Bergen på 1770-talet.  Heller ikkje kan eg sjå at ho sjølv opptrer som faddar for borni til søskeni sine! 

 

Me har òg ei utfordring i det faktum at alderen hennar ved dødsfallet i 1798 er oppgjeven til 56 år - som er 8 år «for mykje».  Dessutan er ho ved vigsli i 1779 kalla Ragnhild Marie Iversdotter, men det var ikkje uvanleg at innflyttarar frå bygdene rundt Bergen «pynta på» namni sine etter dei kom til by'n!

 

Me har òg eit par argument for at dette høgst sannsynleg er «vår» Ragnhild, og det kanskje viktigaste er det faktum at einaste sonen hennar vart døypt for Herman og det berre eit knapt år etter at broren Herman var avliden i Bergen.  Dessutan ser me at søskeni hennar for det meste òg budde i Nykyrkjesokni.  Og til sist er ikkje alderen hennar so «avskrekkande» langt unna, samstundes som namnekombinasjonen Ragnhild Iversdotter syner seg vera ganske so uvanleg!

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ragnhild Iversdotter, døypt 15.2.1750,

Ragnhild Iversdotter er truleg identisk med den Ragnhild Marie Iversdotter som 26.12.1779 gifte seg i Nykyrkja i Bergen med Jan Hansson Dahl

 

¤¤¤¤¤ (kven var han? – han 59 år i 1804 – ho var 56 år i 1798!)

 

Jan Dahl var skomakarsvein, og parfolket budde visstnok i Nordnesgaten i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (sjekka dette – sjå konfirmasjonen til Herman! – 1778 i 3. rode 48)

 

der Ragnhild vart gravlagd 5.9.1798.  Jan er truleg identisk med den Jan Dahl som sidan sat på tukthuset i Bergen og vart gravlagd derifrå 19.4.1804.  Dei fekk ikkje born i lag, men Ragnhild hadde tre born frå før:

a. Anna Cathrine Jacobine Johan(nes)dotter Meyer, dotter av Ragnhild og korp0ral Johan(nes) Meyer, vart døypt i Bergen 14.7.1771, men vart gravlagd i Bergen 6.4.1778.

b. Johanna Nicoline Marie Johgan(nes)dotter Meyer, likeins dotter av Ragnhild og korporal Johan(nes) Meyer, vart døypt i Bergen 29.8.1773,

 

     ¤¤¤¤¤ (ikkje konf. i Nykyrkja – lagnaden hennar?)

 

c. Herman Pettersen, son av Ragnhild og «bortreist matros» Hans Christian Walter, vart døypt i Bergen 11.5.1777,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. NK 1795 – 16 år – hjå «stivfaderen Herman(!) Dahl på M.B.» – lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ei viktig ny opplysning som er kommi til, er oppdagingi av konfirmasjonen i Nykyrkja i 1795 av sonen Herman Petersen, som det står budde hjå «stivfaderen Herman (feil for Jan!) Dahl i M(?) B(?)»:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8734/20

 

Det har tidlegare vore «filosofert» over opphavet til skomakar Jan Hansson Dahl og lkikeins over kven Johan(nes) Meyer kunne vera, men desse utfordringane synes framleis stå ved lag:

 

** Kven var Hans Christian Walter, far til Herman Pettersen fødd i 1777?

 

** Kvar vart dedt av dotteri Johanna Nicolined Marie, fødd i 1773 - kanskje døydde ho i ung alder?

 

** Kva kan denne bustaden vera (M? B?) som konfirmasjonen frå 1795 syner til?

 

** Og endeleg, kvar vart det av Herman Pettersen etter 1795?  Kan det vera han som i 1800 var barnefar i Domkyrkja:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009224144

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.