Gå til innhold
Arkivverket
Preben Paulsen

Hjelp til å finne skylddelingsforretning?

Recommended Posts

Preben Paulsen

Hvis det ikke strider imot noen lover, så skulle jeg gjerne fått hjelp til å finne skylddelingsforretning til min eiendom?

Noen som kan hjelpe?

Hva trenger man av info for å finne slikt. Holder det med Gnr. og Bnr.?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Hvis det ikke strider imot noen lover, så skulle jeg gjerne fått hjelp til å finne skylddelingsforretning til min eiendom?

Noen som kan hjelpe?

Hva trenger man av info for å finne slikt. Holder det med Gnr. og Bnr.?

 

Det er offentleg informasjon; tinglyst.

 

Om det er enkelt å finne, kjem an på når det var.

Ein treng kommune, Gnr./bnr. og tidspunkt (dess meir nøyaktig dess betre).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Om ikkje dette er altfor langt tilbake i tid vil eg tru at ei grunnboksutskrift kan vere eit fyrste steg for å slå fast kor tid dette var. Dette får du ved å gå inn på "selvbetjening" her: https://media.digitalarkivet.no

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Preben Paulsen

Takker for svar så langt.

Ser ut til at eiendommen fikk gnr 22 og bnr 12 den gangen den blei 'opprettet' i 1856.

Denne eiendommen ligger i Aust-Agder, Arendal kommune. Og eksisterer idag som gnr 422 bnr 12.

Se vedlegget.

 

Trenger nok litt hjelp til å finne skylddelingen på denne eiendommen i 1856. Har veldig behov for grensebeskrivelsen fra denne tiden, da det dessverre er uenigheter med en naboeiendom.

post-9949-0-69900200-1476562633_thumb.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Preben Paulsen

Supert Ivar S.

 

Den første linken fører meg til side 397, var kanskje bare en glipp når du limte inn linken. I margen på side 396 er det noe som ligner på N25 og N26. Hvilken er min?

 

I linken til skjøtet kommer jeg til side 403 hvor det i margen står N36 og N37. N36 som er min?

 

Skylddelingsforretningen som beskriver grenser?

Hva slags informasjon inneholder skjøtet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Supert Ivar S.

 

Den første linken fører meg til side 397, var kanskje bare en glipp når du limte inn linken. I margen på side 396 er det noe som ligner på N25 og N26. Hvilken er min?

 

I linken til skjøtet kommer jeg til side 403 hvor det i margen står N36 og N37. N36 som er min?

 

Skylddelingsforretningen som beskriver grenser?

Hva slags informasjon inneholder skjøtet?

 

ikkje "side", men "fol." = folium = blad. Det står 396 på framsida, og lenkja går til baksida (ofte kalla 396b). Den høgre sida av det same oppslaget er framsida av fol. 397.

 

Det er nr. 27 som er "di" skylddeling, og skjøytet er nr. 37.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Realregister-sida (forløpar for Grunnboka) for bruket er til høgre her: https://media.digitalarkivet.no/tl20080516310817y

 

Vi ser at det vart halde utskifting på Ginnestad i 1895-1897, ekstrakt i pantebok 13 side 347-361 (her er det talt oppslagssider, altså ikkje folium).

Byrjar her (nede til høgre): https://media.digitalarkivet.no/tl20080505351065

Det kan hende det finst kart som vart laga til utskiftinga og som viser grensene.

 

Ved skylddelinga var det viktigaste å definere bruket og fastsetje skylda på dnet nye og rest-skylda på det som var att av gamle bruket, i dette tilfellet 13 (skyld-)skilling på det nye

og 1 (skyld-)dalar 3 ort 14 skilling på resten av det gamle, Altså 13/219 eller litt under 6%.

Det det vart opp til partane å halde orden på seg og sitt innafor. Både innmark og utmarka kunne vere felleseige, evt. teigblanda.  Utskiftingane på slutten av 1800-talet (kom pga lovverket) gjorde slutt på teigblanding og felleseige, og då måtte nøyaktige grenser dragast opp.

 

Det er sannsynlegvis i utskiftinga du finn opplysningane som kan bilegge usemja med grannen.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Preben Paulsen

Jordskiftedomstolanes saksarkiv: http://wcarkiv.domstol.no/wcarkiv/kommunelist.wc?ID

Dette er vel utskiftinga nemnd i forrige innlegg???: http://wcarkiv.domstol.no/wcarkiv/saksinfo.wc?ID=092099990286

Og ja, kartet er skanna.

Kjempe bra. Klarer du å fortelle meg hvilke eiendom på kartet som er min. Tenkte kanskje tallene hadde noe sammenheng med noe register en vei. Burde kanskje klart å finne den selv, men klarer ikke å kjenne meg igjen kartet. Men mange av eiendommene og veiene er nok forandret siden den gang.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Svaret finst nok i skifteprotokollen frå 1897.

Det ser ut som om oppmålaren har nummerert alle teigar på garden. Det kan hende det er eit system i nummereringa også.

Deretter har kvart bruk fått færre og større teigar. Desse er bokstaverte, og viser dei nye grensene.  Det vil stå i protokollen kven som fekk kva.

 

Dei brukar tydelegvis løpenummer, jamvel om desse vart avløyste av bruksnummer ti år tidlegare. Omrekninga frå matrikkelnr til gardsnummer og løpenr til bruksnr finn ein i 1886-matrikkelen, http://www.rhd.uit.no/matrikkel/matrikkel.aspx

 

Dei fleste grensene frå 1897 skal du kunne finne att i dag. Mange bruk er delte (altså fleire nye grenser), men ikkje så mange er slegne saman (slik at grenser forsvinn).

Grenser for matrikkelgarden (alle bruka tilsaman) vil vere enklast å finne att; dei er stort sett uendra.

Det enklaste vil vere om du kan identifisere topografiske haldepunkt, som høgdepunkt, dalar  m.m som er teikna inn.

 

Endret av Ivar S. Ertesvåg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Før utskiftingane var innmarka gjerne delt i mange små teigar (teigblanding), og dersom gardsbruk hadde blitt delte opp var gjerne husa til desse bruka gjerne framleis samla rundt det opprinnelege tunet, altså såkalla klyngetun. Utmarka var gjerne felles for alle bruka, men kunne også innehalde slåttekvier eller skogteigar som høyrde til kvart enkelt bruk. Poenget med ei utskifting var å dele dette opp i færrast mogeleg teigar slik at kvart bruk vart mest mogeleg samla, og at dei fekk kvart sitt tun. Utskiftinga på Ginnestad i 1897 er ei innmarksutskifting, og omfattar dermed ikkje heile Ginnestad. Ein veit i utgangspunktet heller ikkje om utskiftinga gjeld heile eller berre deler av innmarka. Eg slit med å få noko fornuftig ut av kartet, men det virkar som om innmarka på kartet grensar mot andre gardar i sør, og mot skog og utmark i nord. Dette ser ut til å stemme bra med nyare kart, som f. eks. http://www.gardskart.no (Evt. kan ein bruke seeiendom.no eller liknande). Dersom ein slår på  Raster / eldre ØK som bakgrunnskart i gardskartløysinga vil ein sjå gards- og bruksnr. til omkringliggjande bruk, og då ser ein at den sørlege grensa for heile gnr. 422 (jf. forrige innlegg om grensa for heile matrikkelgarden) stemmer ganske bra med den sørlege grensa på utskiftingskartet. Samstundes ser ein at bnr. 12 ligg i den nordvestlege enden av Ginnestad, og grensar mot Gnr. 413 (Løddesøl). Eg vil tru at små bokstavar på utskiftingskartet er dei gamle teigane, og at dei store bokstavane er dei nye teigane som skulle gjelde etter utskiftinga.

 

Eg veit ikkje om denne eigedommen har vorte vidare oppdelt, men det som evt. er att av eigedommen ser altså ut til å liggje i utmarka eit godt stykke utanfor utskiftingskartet. Dette stemmer bra med tolkinga av skylddelingsforretninga, der det står at eigedommen grensar til skogmarkene til den og den. Dermed er den heller ikkje omfatta av innmarksutskiftinga nemnt ovanfor. Men dersom det er slik er det jo også litt merkeleg at utskiftinga i det heile er nemnd under br. nr. 12 i pantebokregisteret??? Dersom det ikkje har vore utskifting av utmarka eller at eigedomsgrensene har blitt endra f. eks. ved seinare frådelingar skulle grensene frå den gamle skylddelingsforretninga framleis gjelde.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg limer inn det pantebokregisteret som kom etter det som står i innlegg #8 ovanfor, men før grunnboka i #4. Det er ikkje nemnt nye utskiftingar eller grenseendringar.

Aust-Agder fylke, Øyestad i Nedenes, Panteregister nr. 55 (1800-1955), Realregisterside, Side 265
 
... og dersom ein bestiller elektronisk grunnboksutskrift på seeiendom.no ser ein at det har vore delt frå ein eigedom, nemleg bnr. 40. Men både dette og bnr. 22 utskilt frå bnr. 9 i 1900 kjenner de nok til ...
 
Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Kristian Andreassen

Dette er advokatmat. Trådstarter bør tar høyde for at det vil gå med ett par tre hundre tusen i advokatregninger bare for å komme så pass dypt ned i dokumentene at det kan vurderes om det er noe å lage sak av og selvsagt uten garanti for at den går i ens favør.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Preben Paulsen

Mulig dette ender opp hos en advokat, men det er mye dyktige folk her i forumet som sitter på mye kunnskap om slike gamle dokumenter. Jeg prøver å finne mest mulig informasjon, slik at jeg er litt forberedt. Det er en av mine naboer som ikke vil forholde seg til det som fremgår av grenser på dagens kart. Han har til nå ikke klart å legge frem noen juridiske papirer for det han hevder. Så hvor langt eller hvor mye penger han vil bruke på dette blir spennende å se. Temmelig kjedelig ettersom byggesøknaden er godkjent og grunnarbeid og veibygging er godt påbegynt. Ikke akkurat dette jeg tenkte å bruke tiden min på nå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Bnr.12 ligg utanfor reguleringskartet frå 1897. Grunnen til at bruket er med likevel, kan vere at utskiftinga også regulerer beiterettane i utmarka. Det er iallfall nemnt i innleiinga. Elles er det berre å leite om oppsitjaren på løpenr 544d (=bnr. 12) er nemnd i teksten (bruka er nemnde med namnet til eigaren, ikkje med nummeret).

 

Sannsynlegvis finst det ikkje noko meir nøyaktig skildring av grensene enn det som er i skyldsetjinga (sjå lenkje til tyding i # 10). Det er ikkje akkurat millimeterpresist. På kartverket sitt kart seeiendom.no er grensene merka med den mest uvisse fargen, "skissenøyaktig". Grannen din har altså eit poeng.

 

Du/de kan tinge oppmåling frå kommunen. https://www.arendal.kommune.no/tjenester/plan-bygg-og-eiendom/oppmaling/pavisning-av-eiendomsgrenser/

Om dette gjev nøyaktige grenser, er eg usikker på, men det bør etaten kunne svare på.

Alternativt kan du/de legge saka inn for jordskifteretten, som fastset grenser etter moderne målemetoder. Då er det dei grensene som gjeld; som ikkje nødvendigvis vil vere identiske med det dei oppnemnde lagrettesmennene såg føre seg i 1856. Det er naturlegvis ein viss "risiko" ved dette,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Uansett kva framgangsmåten vert vidare (advokat eller ikkje) meiner eg at det er lurt å setje seg inn i historikken for eigedommen og korleis grensene vart fastlagde, slik som trådstartar har gjort her.

 

Eigedomskarta (frå Kartverket) som ein finn på internett inneheld ein del grove feil, så desse kan ein ikkje stole blindt på. Så også på den måten kan naboen ha eit poeng, men då må han kunne dokumentere korleis han meiner grensa skal vere, f. eks. med skylddelingsforretninga ovanfor eller evt. nyare papir som fastslår grenseendringar eller kvar grensa skal gå.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg
 Så også på den måten kan naboen ha eit poeng, men då må han kunne dokumentere korleis han meiner grensa skal vere, f. eks. med skylddelingsforretninga ovanfor eller evt. nyare papir som fastslår grenseendringar eller kvar grensa skal gå.

 

Det er nok sånn at det er den som vil gjere eit tiltak - til dømes bygge noko nær grensa- som må påvise at dette er (langt nok) på rett side av grensa. I dette tilfellet ser det ut til at det er trådstartar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det har du rett i (eg tenkte meg litt for lite om her), men når naboen er ueinig i grensa på kartet meiner iallefall eg at det er naturleg at han gjer greie for dette.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Preben Paulsen

Dagens kart på nett viser at min eiendom grenser til fylkesveien, det som blir omtalt som Løddesøl Vei i skylddelinga. Naboen hevder han eier alt fra 1 meter til 7-8 meter på det meste på "min" side av fylkesveien. Eiendommen min består av gnr. 422 bnr. 12 og 40. 40 er skilt ut fra 12 for nesten 50 år siden. Den er det målebrev på, og de grensene viser helt inn til fylkesveien. Noe som også stemmer når jeg måler fysisk fra bekken og diverse byttestein. Målebrev er juridisk gyldig. Men naboen vil nok hevde at denne oppmålingen ikke ble gjort korrekt for 50 år siden. Slik jeg tolker tydinga av grensene i skylddelinga, så er Løddesøl vei grensa mi. Les: 'derfra gaar Byttet langs med Sidstnævnte Gaards Skov i vestlig Retning til den saakaldte Løddesøl Veien; derfra bytter bemeldte Vei i sydlig Retning til Begyndelsespunctet.' 

Føler meg litt usikker på nøyaktigheten i den grensebeskrivelsen/tydinga dersom det kommer til en befaring med jordskifteretten.

 

Denne naboen har vært hos kommunen 2 ganger og krevd at de endrer matrikkelen. Saksbehandler sier han ikke har lagt frem noe juridisk dokumentasjon på dette, og at han ikke kommer til å endre matrikkelen dersom vi klager på kravet, noe vi selvsagt har gjort.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar S. Ertesvåg

Ifl. kartet er vegen og litt på kvar side skilt ut som eige bruk; gnr. 601 bnr. 182; det er ein smal tarm frå Rykenevegen til snuplassen din.  Dette bruket har areal 25.9 dekar,

derav 3,8 daa fulldyrka jord, 7,4 daa skog og 12,6 daa "bebygd, samferdsel, vann, isbre og snø". Det siste vil vel seie "veg". Vegteigen er altså halvparten veg, og må inkludere halve vegbreidda på kvar side av vegen.

 

Dersom grannen din eig 601/182, har han kanskje rett.... 

Dersom det er nokon annan eig vegteigen - fylkeskommunen til dømes, kan det hende han har ei overrasking i vente.

 

Men det som er 601/182 må ha vore oppretta/utskilt ein gong, kanskje oreigna, eller kanskje godviljug.  Det finst kanskje ei oppmåling. Grunnboka er ein plass å starte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Dette er glimrande observert, men at det går ein fylkesveg forbi betyr jo ikkje at ikkje naboen kan eige på begge sider av vegen.

Om naboen skulle ha rett må fylkesvegen ha blitt "tatt" frå eigedommen hans. Om eg ikkje tek feil er det 422/7.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg finn ikkje noko om at 422/7 har avstått grunn til fylkesvegen. Det ser ikkje ut til å vere mogeleg å bestille grunnboksutskrift for 601/182, men eg går ut frå at kommunen kan hjelpe til med å finne ut historikken for denne vegen?

 

Gjekk denne vegen vidare frå snuplassen mot Løddesøl i gamle dagar? Ein veit jo heller ikkje om fylkesvegen følgjer den gamle traseen, men dersom det finst gamle grensesteinar inntil vegen burde jo saka vere grei.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Preben Paulsen

Fylkeskommunen eier fylkesveien, og de har skrevet i mail til meg at de disponerer 2,6m fra veiskulder på begge sider. Men det er etter de 2,6m at naboen hevder han eier. Han har levert et kart til kommunen der han har skravert et felt han hevder han eier. Dette feltet går fra hjørnet på uthuset (nærmest snuplassen) og til hjørnet av eiendommen 422/8 på 'min' side av veien. Altså skrår det utover 'min' eiendom fra veiskulder ved uthuset til 6-7m etter veiskulder, på det meste, ca 30m forbi min eiendom 422/40. Altså er min gode nabo også berørt av dette kravet. Han har også klagd.

 

Veie går videre over til Løddesøl fra enden av snuplassen, men da som traktorvei. Finner ikke spor som tyder på at gamle Løddesøl veien har gått på noen andre plasser enn der Fylkesveien er nå. Kommunen sier at denne veien ikke er målt opp. Den er bare tegnet inn i kartet digitalt med ca 2,6m veiskulder.

 

Det er ingen byttestein langs fylkesvein på noen av mine eiendommer (12 og 40). Men vi har funnet en byttestein ca 2m på siden av fylkesveien ca 15m forbi min siste grensebolt på 40. Denne steinen peker parallelt med veien og mot den første grensebolten på 40. Den grensebolten står 2,5m fra veiskulder.

 

Håper dere klarer å skjønne hva jeg har prøvd å beskrive her.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.