Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

John Johnson (Urnes) og Isabelle Jarvie med born John, Alison og Alexander - amerikansk utfordring i Utah?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er lagt ut til erstatning for (https://forum.arkivverket.no/topic/199637-olivia-tronstad-gift-i-minneapolis-mn-i-1903-kven-var-ho-lagnaden-hennar/?hl=tronstad) etter at Anne Tonby i det gamle emnet kom på sporet etter denne mannen og det andre ekteskapet hans i Utah:

 

John Johnson Urnes, òg kjend som John Johnson, fødd i Goodhue Co., MN 17.11.1869, var først gift med Olivia Andersdotter Tronstad frå Sunnylven.  John var vognreparatør («car repairer»), og dei budde i Denver, CO, men vart skilde kring 1906, og i 1907 flytte Olivia heimatt til Sunnmøre!

 

John Johnson dukkar opp att i FT1920 for Helper, Carbon Co., UT, framleis som vognreparatør («car repairer»), som gift med skotske Isabelle (https://familysearch.org/search/collection/results?count=20&query=%2Bgivenname%3Ajohn~%20%2Bbirth_place%3Aminnesota~%20%2Bbirth_year%3A1869-1870~%20%2Bspouse_givenname%3Abelle~&collection_id=1488411).  Denne Isabelle syner seg no vera identisk med:

 

Isabelle Strathearn, fødd i Bathgate, Linlithgowshire i Skotland 31.10.1871.  Ho gifte seg første gongen i Bathgate, Skotland 25.10.1889 med Matthew Anderson Jarvie, fødd i Slamannan, Stirlingshire, Skotland 16.3.1865.  Dei utvandra i 1896 til Salt Lake City, UT der dei er nemnde i FT1900.  Matthew levde framleis i 1906, den gongen i Ogden, UT, men korkje Matthew, Isabelle eller dei tre attlevande borni deira:

 

* John Strathearn Jarvie, fødd i Bathgate, Skotland 16.4.1890

 

* Alison Strathearn Jarvie, fødd i Glasgow, Skotland 23.6.1895

 

* Alexander Strathearn Jarvie, fødd i Salt Lake City, UT 16.8.1900

 

er å sjå i FT1910, men John dukkar opp i WW1 draftet i 1918 med adresse Park City, UT, medan Alexander på same tid er busett i Yakima, WA.  Då Alison «Alice» Jarvie gifte seg første gongen i 1913 med Ernest Bertalina, var ho busett i Carbon Co., UT, der mori dukkar opp i 1920 som gift med John Johnson!!  Og ikkje nok med det:  Då både John Jarvie og Alexander Jarvie gifte seg i Davis Co., UT sommaren 1920, har båe lista opp John Johnson og Isabelle Strathearn som foreldri deira!!  Dette bør vera prov godt nok for at me har finne den «rette» Isabelle som kona til John Johnson!

 

Ekteskapet mellom John og Isabelle varte ikkje lenge, for alt 16.11.1923 gifte Isabelle seg att med ein annan skotte, John McLauchlan (1879-1970) og dei vart hønsefarmarar i Draper, Salt Lake Co., UT.  Isabelle døydde i Salt Lake City, UT 4.9.1951.

 

Dei store utfordringane her er no:

 

** Kvar vart det av Matthew A. Jarvie og kvar er Isabelle og dei tre borni hennar i 1910?

 

** Og kvar er John Johnson (Urnes) i 1910?

 

** Dato og stad for vigsli til John Johnson (Urnes) og Isabelle Jarvie?

 

Om nokon greier desse utfordringane, ville eg verta svært so takksam!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
U.S. City Directories

Name: Isabella Johnson - post-5105-0-04012300-1477074527_thumb.png

Residence Year: 1909

Residence Place: Salt Lake City, Utah, USA

Publication Title: Salt Lake City, Utah, City Directory, 1909

 

Samme adresse i census 1910, men med fornavn Mary - barna tilstede - https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:M5X7-4HV

Name: Mary Johnson

Age in 1910: 39

Birth Year: abt 1871

Birthplace: Scotland

Home in 1910: Salt Lake City Ward 2, Salt Lake, Utah

Street: V 2nd South

House Number: 5191/2

Race: White

Gender: Female

Immigration Year: 1895

Relation to Head of House: Head

Marital Status: Widowed

Father's Birthplace: Scotland

Mother's Birthplace: Scotland

Native Tongue: Y

Occupation: Landlady

Industry: Rooming House

Employer, Employee or Other: Own Account

Home Owned or Rented: Rent

Farm or House: House

Able to Read: Yes

Able to Write: Yes

Number of Children Born: 6

Number of Children Living: 3

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

???? - under sterk tvil, siden vår mann skal være født i 1865, og Isabelle/Mary er enke i 1910:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:MVGR-9SM

 

Name: Matthew A Jarvie
Titles and Terms:
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Sutter, Sutter, California, United States
District: ED 171
Gender: Male
Age: 38
Marital Status: Single
Race: White
Race (Original): White
Relationship to Head of Household: Hired man
Relationship to Head of Household (Original): Hired Man
Birth Year (Estimated): 1872
Birthplace: Scotland
Immigration Year: 1895
Father's Birthplace: Scotland
Mother's Birthplace: Scotland
Sheet Letter: A
Sheet Number: 21
Sheet Number and Letter: 21A
Household ID: 297
Affiliate Name: The U.S. National Archives and Records Administration (NARA)
Affiliate Publication Number: T624
Affiliate Film Number: 107
GS Film Number: 1374120
Digital Folder Number: 004970290
Image Number: 00408
 
 
Household Role Gender Age Birthplace
William E Wadsworth Head M 43 California
Lucy Wadsworth Wife F 39 California
Trusten P Wadsworth Son M 11 California
Edward W Wadsworth Son M 9 California
Madeline Wadsworth Daughter F 7 California
Samuel D Bashford Hired man M 28 New Jersey
Matthew A Jarvie Hired man M 38 Scotland
John Chenoweth Hired man M 52 Texas
Kono Hired man M 58 Japan
 
 
 
 
Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Jeg tror du kan ha rett mann Grethe - jeg finner Matthew H (A) Jarvie innlagt i California i 1908 - oppgitt alder 45 (avviker noe) siste oppholdssted Wyoming, men resten stemmer bra. Med tanke på den mentale tilstanden hans så kan vel opplysningene i både census og sykehus bli noe avvikende!

Name: Mathew H Jarvie
Gender: Male
Age: 45
Birth Date: abt 1863
Birth Place: Scotland
Record Date: 21 Feb 1908
Hospital: Stockton State Hospital
Hospital Place: Stockton, San Joaquin, California, USA
 
post-5105-0-55055500-1477078324_thumb.png post-5105-0-77037700-1477078418_thumb.png post-5105-0-43001300-1477078431_thumb.png
 
Du får ta en titt på dokumentet Lars - http://search.ancestry.com/search/db.aspx?dbid=9206
Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil og Grethe for fantastiske innlegg!  Kva de greier å finna!!  Eg er meir enn imponert!

 

For å ta den siste først:  Eg er overtydd om at det er «vår» Matthew Jarvie som i 1906 må vera flytt til California frå Wyoming.  Næraste pårørande er Mrs. Jarvie i Salt Lake City, UT.

 

Og då er det eit spørsmål om det ikkje er same mann den Matt Jarvice/Jarvis som døydde på Yuba County Hospital i Marysville, CA 6.11.1917.  Han er rett nok oppgjeven vera 65 år gamal, men dette med alderen trur eg ikkje me skal ta so altfor nøye...  «Sjukehuslemmar» har ofte store aldersavvik!

 

Og at det er Isabelle Jarvie som i 1909 heiter Isabella Johnson og bur i Salt Lake City, UT må òg vera «vår» Isabelle, sjølv om ho i 1910 er kalla Mary.  Dei tre borni hennar er der, og både namn og aldrer høver svært so bra!

 

Det somn synest ha skjed herl, er at John og Isabelle har gift seg kring 1908, truleg i eller nær Salt Lake City, UT, og sidan Isabelle er kalla enkje i 1910, har nok John vore borte på jarnbanearbeid ein eller annan stad...

 

Då børjar brikkene verkeleg å falla «på plass».  Det einaste som no står att, er å finna:

 

** Vigsli til John Johnson (Urnes) og Isabelle Jarvie!?

 

Men denne er vel ikkje mogeleg å finna...

 

Nok ein kjempetakk for fantastiske opplysningar!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

????

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=urness&GSfn=John&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSob=n&GRid=91549359&df=all&

 

John Urness   Birth:  Nov. 17, 1869
Goodhue County
Minnesota, USA Death:  Jan. 22, 1943
Goodhue County
Minnesota, USA trans.gif   Burial:
Dale Lutheran Church Cemetery 
Wanamingo
Goodhue County
Minnesota, USA  
Created by: DaveVangsness
Record added: Jun 07, 2012 
Find A Grave Memorial# 91549359

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget.  Jau, du har finne gravi til John Johnson Urness i Minnesota, men diverre kan ikkje nekrologen hans hjelpa oss vidare heller...  Inntrykket mitt er at John var ein ganske so «tagen (taus)» person etter han kom attende frå Utah.  Dette vart nok ikkje særleg omsnakka...

 

Her er den biografien eg no har «komponert» for John Johnson Urness:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

John J. Urness, f. i Goodhue Co., Minn. 17.11.1869, d. i Goodhue Co., Minn. 22.1.1943.  John flytte i ung alder til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der han ei tid arbeidde for ei telefonverksemd («telephone lineman») før han kring 1902 tok til som vognreparatør («car repairer»).  Han gifte seg i Minneapolis, Minn. 30.5.1903 med Inger Olivia Andersdotter frå Tronstad i Sunnylven, i Amerika kjend som Olivia Tronstad.  Ho var dotter av husmann Anders Halkjeldson på Syneshaug under Tronstad og kona Brit Lovise Endresdotter frå Frøysa og f. i Sunnylven 3.2.1881.  Ho utvandra til Amerika i 1902.  Kring 1904 flytte John og Olivia til Denver, Colo., men der vart dei skilde kring 1906, og i 1907 reiste Olivia attende til Noreg.  Olivia Urnes busette seg på Spjelkavik i Borgund der ho livnærte seg som hushaldar.  Ho d. på sjukeheimen i Borgund 14.5.1972.  John gifte seg att

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his 2nd marriage? – kring 1908!)

 

     med Isabella Jarvie, f. Strathearn, opphavleg frå Bathgate, Linlithgowshire i Skotland.  Ho var dotter av gruvearbeidar William Strathearn i Bathgate og kona Alison Campbell frå Falkirk i Stirlingshire, Skotland og f. i Bathgate, Linlithgowshire, Skotland 31.10.1871.  Ho gifte seg første gongen i Bathgate, Skotland 25.10.1889 med Matthew Anderson Jarvie, f. i Slamannan, Stirlingshire, Skotland 16.3.1865.  Matthew og Isabella utvandra til Amerika i 1896 og busette seg i Salt Lake City, Utah der Matthew livnærte seg som arbeidar («laborer»).  Men parfolket vart skilde kring 1905, og Matthew flytte i 1906 til California.  Han var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Sutter, Sutter Co., Cal., men vart sjuk og d. visstnok på eit sjukehus i Marysville, Yuba Co., Cal. 6.11.1917.  John, som i ekteskapet med Isabella skreiv seg for John Johnson, heldt fram som vognreparatør («car repairer»), og dei budde ei tid i Salt Lake City, Utah der Isabella var pensjonatvertinne («rooming house landlady»), men kring 1912 synest dei vera flytte til Helper, Carbon Co., Utah.  Dei vart skilde kring 1921, og Isabella gifte seg tredje gongen i Price, Carbon Co., Utah 16.11.1923 med John McLaughlan, f. i Skotland 6.8.1879.  Han skal ha utvandra i 1918.  John McLaughlan og Isabella busette seg i Draper, Salt Lake Co., Utah der dei var hønsefarmarar («poultry farmers»), men dei flytte sidan inn til Salt Lake City, Utah der Isabella d. 4.9.1951.  John McLaughlan d. same staden 10.8.1970.  John Urness flytte på 1920-talet attende  til heimefarmen i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn. der han sidan farma i lag med yngste broren Albert.  John hadde ei dotter frå ekteskapet med Olivia, som flytte med mor si til Borgund og voks opp der, medan Isabella hadde heile åtte born frå første ekteskapet sitt med Matthew Jarvie.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Er me heldige, so dukkar den manglande vigsli òg opp, ein eller annan stad...

 

Eg takkar på ny for kjempeflott hjelp med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Frå ein bekjent i Amerika har eg i dag motteke fleire opplysningar om John og Isabella frå Utah og hadde lyst til å dela desse med dykk:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Just thought this was interesting about Helper. The town is at the base of a very high plateau. Trains couldn’t make it up the steep grade, so they had “helper” locomotive engines to get them up the hill. That’s where the town got it’s name.

Anyway, here’s Isabella and Matthew in a October 18, 1904 article from the Salt Lake City Deseret Evening News:

Suit for divorce has been filed in the district court by Isabella S. Jarvie against Matthew A. Jarvie on the grounds of cruelty and habitual intemperance. The parties were married in Scotland on Oct. 25, 1888, and have three children of whom plaintiff asks the custody. Mrs. Jarvie alleges that on March 1, 1903, her husband threw a whitewash brush at her, striking her in the back of the head and inflicting a painful wound. On Oct. 5, she alleges that he threw a chair at her. For more than a year past, she claims that he has been an habitual drunkard. She asks that their home in this city be given to her and that her husband pay her $25 per month alimony.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Fargerike personar dette...!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.