Gå til innhold
Arkivverket

Passasjerlister frå USA til Noreg 1916/1917? - Ingebrigt «Bert» Eldegard og huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har leitt, men ikkje finne svar på denne utfordringi!  Kanskje nokon kan hjelpa meg?

 

Ingebrigt Ingebrigtson Eldegard, fødd i Årdal 20.11.1886, utvandra til Amerika i 1905 og var der kjend under namnet Bert Eldegard.  Han gifte seg i Duluth, MN 16.4.1910 med Astrid Wilhelmine Andersdotter Overn frå Kongsvinger, men fødd på Modum 12.6.1891.

 

Bert var snikkar, og parfolket budde framleis i Duluth, MN i mars 1916, men i november 1917 var dei attende i Årdal!

 

Finst det passasjerlister eller andre kjelder som kan fortelja oss meir nøyaktig kva tid Ingebrigt «Bert» og Agnes Eldegard kom heimatt til Noreg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje sett scanna protokollar over innreiste passasjerar til Noreg.
Om slike fins, kan dei vel svare på her i Digitalarkivet, men dei er i alle høve ikkje scanna og tilgjengelege.
Ein skulle tru at innreiste passasjerar vart registrerte på den tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tok og søkte litt på konfirmasjoner etc i Årdal, og fant 4 stk barn av nevnte par. Av disse ble i alle fall Ingvard Arvid gift (med Kirstina), og må ha etterkommere. Han og kona er gravlagt på Farnes kirkegård. Kona døde så sent som i 2003, Ingvard i 1996. Ingvard var født i Amerika 26.1.1911.

 

Min teori er at de vendte hjem da Ingvard skulle begynne på skolen (og kona Astrid var dessuten gravid med barn nr 3)

 

Det er en viss sannsynlighet for at de hjemvendte emigrantene har etterkommer i Farnes krets i Årdal. Jeg ville ha tatt kontakt med skolen der (flott hjemmeside). Kanskje de har et skolearkiv, eller kanskje saken kan være interessant for skole og elever også?)

 

Lykke til!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For dei som abonnerer på Ancestry skal det vere ein database for UK, Incoming Passenger Lists, 1878-1960, og dersom dei reiste via Storbritannia burde dei vel kunne vere med der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gunnar, Grethe, Hans Martin og Torbjørn for interessante og nyttige svar på denne utfordringi!

 

Eg kjenner til at denne huslyden har etterkomarar i Årdal, men ingen av dei har so langt kunna fortelja meg kva tid dei kom attende frå Amerika.

 

Eg har ikkje finne passasjerlister hjå ancestry.com som syner denne huslyden i 1916 eller 1917.

 

Eg har difor no i første omgong lagt inn eit nytt tema i Arkivforum til Statsarkivet i Bergen for å få dei til å sjekka Årdal folkeregister.  Er me heldige, finn dei svaret!

 

Ein ny stor takk for hjelpi so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hei, eg fann plutseleg dette innlegget som er nesten to år sidan. Eg er nesteldste barnebarnet til Ingebrigt( Bert)  og Astrid. Eg driv me slektsforskning og har også leita etter passasjerlister for heimreisa deira. Det eg veit er at mormor fikk ei dødfødt jente 14.mars 1916 i Duluth. Då dei hadde bestemt seg for å reisa heim, reiste mormor først med dei to sønene, Ingvar og Erik.

Dei reiste rett til hennar mor på Kongsvinger. Dette var ein gong i siste halvdel av 2016.  Bestefar måtte vera att for å selja huset. Det gjorde han og han reiste i løpet av februar 2017.

 

Fann vedlegget i eit avisutklypp frå Duluth/ St.Louis.

Kven er du og korleis har du vorte interssert i desse to? Ta gjerne kontakt om det er meir eg kan fortelja deg. 18.august skal me ha eit slektstreff for alle etterkomarane deira på Moa der han bygde hus i 1918, etter at dei kom heim frå Amerika.

 

Venleg helsing Astrid Finne

astridfinne@yahoo.no

 

Bert Eldegard.docx

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Astrid for eit spennande og nyttig innlegg!

 

Eg var komen til den konklusjonen at huslyden flytte til Kongsvinger hausten 1916, men visste ikkje at Ingebrigt vart att til over nyttår for å selja huset...

 

Grunnen til min interesse er at eg i mange år har vore bygdebokskrivar for Luster kommune, og i omtalen av garden Skophammar i Hafslo (gnr. 182, bnr. 3) kjem me ikkje utanom å skriva om Sjur Ingebrigtson Eldegaard (1834-1920) som i 1884 kjøpte Skophammar og sidan flytte dit som gardbrukar!  I manuskriptet mitt skriv eg dessutan om alle dei elleve borni som Sjur fekk med kona Johanna f. Vetti og dessutan alle barneborni som etter kvart kom til verdi!

 

Her er den delen av manuskriptet som gjeld greini di:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Ingebrigtson Eldegaard, opphavleg frå Eldegard i Årdal, var son av gardbrukar Ingebrigt Sjurson på Eldegard og kona Ingeborg Olsdotter frå Hestetun og f. i Årdal 26.10.1834.  Han gifte seg i Årdal 13.4.1856 med Johanna Jørgensdotter frå Vetti i Årdal, dotter av gardbrukar Jørgen Anfindson på Vetti (1809-1892), som ei tid var gardbrukar på Holmestad i Luster (bnr. 3).  Johanna var f. i Årdal 10.1.1838.

Sjur og Johanna Eldegaard tok først over heimebruket hans på Eldegard i Årdal og var gardbrukarar der fram til 1890.

Men 17.5.1884 fekk Sjur skøyte på Skophammar, og i 1890 flytte han og Johanna hit for å driva bruket.  Dei vart buande på Skophammar levetidi ut.  Sjur d. her som kårmann 6.4.1920, medan Johanna Eldegaard d. som kårenkje same staden 3.9.1920.  Dei fekk elleve born i lag:

 1. Ingebrigt Sjurson Eldegaard, f. i Årdal 22.3.1857,

Ingebrigt Sjurson flytte aldri til Hafslo, men gifte seg i Årdal 19.6.1885 med Kari Eriksdotter frå Moen i Årdal.  Ho var dotter av gardbrukar Erik Olson på Moen og kona Brita Iversdotter frå Offerdal og f. i Årdal 19.7.1865.  Ingebrigt og Kari var innerstfolk på Moen i Årdal, men Ingebrigt miste livet då han 5.3.1886 gjekk gjennom isen på Årdalsvatnet og drukna.  Kari gifte seg 20.11.1897 att i Årdal med enkjemannen Ole Eivindson Hjelle frå Gjelle i Årdal.  Han var son av gardbrukar Eivind Torstenson på Gjelle og kona Ingeborg Olsdotter frå Svaleim og f. i Årdal 2.12.1855.  Ole var handelskar og skreddar, og han og Kari budde på Øvstetun i Årdal der Ole d. 4.2.1917.  Kari Hjelle d.  på Farnes 19.3.1949.  Kari fekk i alt tre born; av dei var ein son frå første ekteskapet med Ingebrigt Sjurson:

a. Ingebrigt Ingebrigtson Eldegard, f. i Årdal 20.11.1886, utvandra til Amerika i 1905, og under namnet Bert Eldegard gifte han seg i Duluth, Minn. 16.4.1910 med Astrid Wilhelmine Andersdotter Overn frå Kongsvinger, i Amerika kjend som Astrid Overn.  Ho var f. på Modum 12.6.1891, men utvandra til Amerika i 1907.  Bert livnærte seg som snikkar («carpenter»), og han og Astrid vart buande i Duluth, St. Louis Co., Minn. til Astrid hausten 1916 og Ingebrigt i februar 1917 flytte heimatt, først til Kongsvinger og våren 1917 til Øvre Årdal i Årdal.  Ingebrigt livnærte seg sidan som anleggsarbeidar, og han og Astrid budde på Moabakken, Moen i Øvre Årdal.  Ingebrigt d. på gamleheimen i Øvre Årdal 21.6.1971, medan Astrid Eldegard d. sake staden 18.11.1981.  Dei fekk elleve born i lag, mellom anna denne sonen:

- Ingvard Arvid Ingebrigtson Eldegard (1911-1996), vart gift med Berte Kirstine, kjend som Kirstina Olsdotter Kinserdal frå Plassen, Urnes i Hafslo (bnr. 5) (1916-2003) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Referansen til Ingvard kjem av at han gifte seg med ei jente frå Kinsedalen og soleis vert omskriven der...!

 

Eg må seia eg har hatt svært mykje arbeid med å fylla manuskriptet mitt om denne Eldegaard-ætti, men som du ser, er eg etter kvart bra «i mål»!  Dette gjeld òg for alle søskeni til Ingebrigt Sjurson!

 

Eg takkar elles for tilbodet om vidare hjelp!

 

Lukke til med slektstreffet i august!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes ikke innreise protokoller på samme måte som det finnes emigrasjonsprotokoller

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Ein liten kommentar vedr opplysningane om Bestefar Ingebrigt Eldegard:

Som nemnt bygde han hus på Moa etter at han og Bestemor kom heim frå Amerika. Eg er dotter til Kirstina og Ingvard, og har huset no. Far var eldst av syskena, fødd i Amerika og kom hit til (kanskje året før) han byrja på skulen.

Sidan det i år er 100 år sidan "Bestefarhuset" var ferdig, tok eg initiativ til eit treff 18. august, som Astrid Finne har skrive om. Det er no vel 70 etterkomarar som har meldt frå at dei blir med på denne samlinga. Då datoen vart sett, tenkte i alle fall ikkje eg på at dette er akkurat same dato som Bestefar reiste til Amerika - ut frå passasjerlistene var det 18.august 1905. Eit interessant samantreff at me samlast her på dagen 113 år etter at han utvandra...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inger Anne for den siste interessante kommentaren!  Litt av eit samantreff...!

 

Eg vil gjerne på dette viset få ønskja deg og dine lukke til med slektssamlingi på laurdag!  So får me vona at vêret spelar på lag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.