Gå til innhold
Arkivverket

Peder Asbjørnson (1828- ) frå Hafslo til Tysfjord, Hammarøy, Trondenes, Ibestad og Vågan - so Voss og Amerika - men kva med kona Mariane?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #14394 frå 2003 (https://forum.arkivverket.no/topic/100201-14394-peder-asbjoernson-luster-gm-mariane-olsd-melhus-kvar-vart-det-av-ho-og-borni/?hl=%2Bpeder+%2Basbj%C3%B8rnsen) der eg framleis slit med lagnadane til fleire av desse personane.

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Asbjørnson (Krogen/Ekrene), f. i Hafslo 1.9.1828,

Peder Asbjørnson flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Lødingen 1.6.1857 med Marit, kjend som Mariane Olsdotter frå Forset i Melhus.  Ho var dotter av husmann Ole Olson i Forsetåsen under Forset og kona Anna Caspersdotter frå Feragen og f. i Melhus 17.2.1834. 

 

¤¤¤¤¤ (1865: husmann utan jord/snikkar Vik i Ibestad {alle borni kalla Pedersen!!} –

               1875: snikkarmeister og innerst Kabelvaag i Vågan {alle borni kalla Asbjørnsen!!} –

               Marit flytte 1850 til Buksnes, men skal 1877 ha vore busett i Bergen stift! -

               1879 utvandra Peder Asbjørnson Kroken, snikkar, frå Vangen (Voss)! –

               1880: Peder Asbjornson, carpenter, aged 50, stayed with Ole Kilen in Christiana township, Vernon Co., Wis. – alone!)

 

Peder og Mariane fekk sju born i lag:

a. Anton Berntsen Pederson Asbjørnsen, f. i Tysfjord, Lødingen 29.9.1856, d. som snikkar og gardbrukar på Breivik i Nordfold 5.6.1929.  Han gifte seg i Nordfold 5.10.1885 med Jentine Marie Andersen frå Trettvik under Breivik i Nordfold, f. i Nordfold 1.1.1861.  Ho d. som enkje i Nordfold 2.10.1948.  Anton var snikkar, men livnærte seg òg som tømmermann, møbelsnikkar og fiskar.  Han og Jentine busette seg som plassfolk på Nausthaugen under Breivik i Nordfold, men var barnlause.

b. Martin Ingvard Pederson Asbjørnsen, f. i Hammarøy 5.12.1859, d. som gardbrukar på Bervik i Hadsel 6.8.1926.  Han gifte seg i Hadsel 13.11.1882 med Johanna Fredrikke Christophersen frå Fagerbakken i Vågan, men f. på Steinvik i Vågan 27.11.1856.  Ho d. som enkje på Bervik i Hadsel 13.6.1940.  Martin Asbjørnsen var snikkar, men han og Johanna busette seg som gardbrukarar på Breivik i Hadsel, men budde òg på Lahaug i Hadsel før dei hana på Frydenlund, Bervik i Hadsel der Martin òg livnærte seg som fiskar.  Han og Johanna var barnlause, men tok til seg fleire fosterborn.

c. Anna Jensine Pedersdotter Asbjørnsen, f. i Trondenes 17.12.1862, d. i Kabelvåg i Vågan 17.6.1899.  Anna Asbjørnsen gifte seg i Vågan 18.7.1888 med Johan Erikson frå Svergen i Kvikne.  Han var f. i Kvikne 26.12.1849 og d. som enkjemann i Kabelvåg 30.9.1907.  Johan var køyrekar og vognmann, og han og Anna budde i Smevika ved Kabelvåg i Vågan.  Dei fekk fem born i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før.

d. Karl Magnus Pedersen, f. i Ibestad 17.12.1864,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1865, må vera avliden før 1870!! – finn ikkje i Ibestad!)

 

e. Petra Mathilde Klaudise Pedersen, f. i Ibestad 28.8.1867, d. i Ibestad 4.12.1868.

f. Karl Magnus Pederson Asbjørnsen, f. i Ibestad 1.1.1870,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1875! – ikkje d. Vågan 1876-1883!)

 

g. Almar Klauris Pederson Asbjørnsen, f. i Vågan 11.4.1875, d. i Kabelvåg i Vågan 18.2.1879.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er først og fremst desse spørsmåli som her er dei store utfordringane:

 

** Kvar vart det av Peder Asbjørnson (i Amerika)?

 

** Kvar vart det av Mariane Olsdotter (i Noreg)?  Flytte ho attende til Nordland etter 1879??

 

** Dødsfallet til sonen Karl Magnus, fødd 1864?

 

** Dødsfallet til sonen Karl Magnus, fødd 1870?

 

Eg føler eg har søkt nær sagt «overalt», men kanskje andre auge ser andre løysingar og kan bidra med detaljar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har motteke ei direkte melding som fortel meg at den yngste Karl Magnus, kjend som:

 

Charles M. ASBJORENSON

 

gifte seg i Viroqua, Vernon Co., WI 4.2.1895 med Karen Christine Larson.

 

Nærare undersøkjingar syner følgjande:

 

** Peter Asbjornson døydde i Vernon Co., WI 15.3.1893

 

** Charles M. Asbjorenson skal ha utvandra til Amerika i 1881.  Dersom dette stemmer, må han vera faren i lag med mor si, men KVAR i all verdi er dei skrivne som utvandra?  Eg har søkt etter Carl Mag* og Karl Mag* både over Bergen og over Trondheim, men so langt utan hell!

 

** FT1900 og FT1910 syner Charles og Christine Asbjorenson i Viroqua, Vernon Co., WI med to born - i 1900 er Charles «stock buyer» (kveghandlar) og i 1910 er han «tobacco warehouse superintendant» (leiar for eit tobakkslager).

 

** Karen Christine «Christine» Larson var fødd i Vernon Co., WI 17.1.1876.  Foreldri hennar var komne frå Luster!  Ho døydde i Viroqua, WI 28.7.1963, men vart skild frå Charles alt kring 1912 og gifte seg sidan att to gongar!

 

** Charles M. Asbjorenson gifte seg att i Dubuque, IA 30.8.1913 med Marie Lein, fødd i Wisconsin kring 1884 av tyske foreldre, P. (eller Anton?) Lein og Ann Margers.  I 1910 var Marie Lein vaskeriarbeidar i La Crosse, WI, og i 1920 hadde ho same jobb i Dubuque, IA, då som Marie Asbjorson og busett åleine i lag med ei søster Grace Groth.

 

** Charles M. Asbjorenson ser me ikkje noko til korkje i 1920 eller i 1930, men i 1935 er han i Minneapolis, Hennepin Co., MN og der døydde han 20.1.1943.  Dødsattesten har han som «married» med Marie, men FT1940 seier han var «divorced»!  Mori er refert til som Mary!  Store delar av dagen har eg leitt etter fleire opplysningar om denne huslyden, men no står eg «bom fast»!  Kanskje andre friske auge kan sjå etter nokre av dei manglande fakta, særleg desse:

 

*** Utvandringi kring 1881 til Karl/Carl Magnus Pederson (Asbjørnson) og kan henda mori Mari(ane)?  Og kva skjedde med mori??

 

*** Opplysningar om andre kona Marie f. Lein, fødsli hennar i Wisconsin og lagnaden hennar etter 1920?

 

*** Christine Larson Asbjorenson gifte seg att i Viroqua, WI 18.12.1919 med Robert A. Snearly, restaurateigar i Viroqua, WI som var fødd i Vernon Co., WI 6.11.1876.  Kort før 1930 gift Christine seg tredje gongen med Peter P. Rockstad (1876-1971), men Robert Snearly berre «forsvinn»!  Kvar kan han ha vorte av??

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips kring denne huslyden og lever i voni...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå oktober, som eg framleis slit med å «komplettera».  Nokre nye detaljar er komne frå Amerika, mellom anna desse:

 

** Marit «Mariane» Olsdotter ser ut til å vera avlidi i Vernon Co., WI alt våren 1882 under namnet Marit Olsen og vart gravlagd på Coon Prairie 22.4.1882, attåt mannen Peder, som døydde 15.3.1893.  Kyrkjegardskartet syner «Asbjornsen» med to graver!

 

** Charles M. Asbjorenson må elles ha vore ein «fargerik» person.  Første kona skulda han for vald, som førte til skilsmål kring 1905, men dei kom i lag att før dei endeleg vart skilde kring 1912.  Han vart òg separert frå andre kona Marie, og endte sine dagar med å gjera sjølvmord i Minneapolis, MN 20.1.1943.

 

** Marie Asbjorenson med jentenamnet Lehen (av tysk avstamming), var fødd i La Crosse, WI i januar 1884 og døydde i La Crosse, WI under namnet Marie Asperson(!) 25.6.1961.

 

** Me har elles frå ei kjelde (frå Melhus?) at Marit (Marianne) Olsdotter i 1877 skal ha vore busett i Bergen stift, og faren Peder Asbjørnson utvandra frå «Vangen» (Voss?) over Bergen hausten 1879.  Då er det merkeleg at yngste sonen Almar Klauris, fødd i Vågan 11.4.1875, døydde i Kabelvåg i Vågan 18.2.1879!  Den einaste «logiske» forklaringi på dette er at Almar budde hjå fosterforeldre i Kabelvåg...  Dei eldste tre borni i denne huslyden vart jo alle òg buande i Nordland, og det står ikkje noko om fosterheim då til dømes Anna Jensine vart konfirmert i Vågan i 1878: https://media.digitalarkivet.no/view/2630/141

 

To store utfordringar står att å finna svar på:

 

*** Kvar vart det av sonen Karl Magnus Pederson, fødd i Ibestad 17.12.1864?  Han levde i 1865, men må vera avliden før 1870, då neste sonen med same namn vart fødd 1.1.1870, ogso han i Ibestad!  Eg har ikkje greidd å finna noki gravferd for denne Karl Magnus i Ibestad.  Er eg blind, eller???

 

*** Spørsmåli om flytting frå Vågan til Bergen stift og vidare til Amerika for Marit (Mariane) Olsdotter og yngste sonen Karl Magnus.  Eg går ut ifrå at det er Vossevangen(?) som er meint då Peder utvandra frå Vangen i 1879.  Uansett må Marit (Mariane) og Karl Magnus ha utvandra anten i 1880 eller i 1881, til naud i 1882, men kvar er denne utvandringi ført?  Kanskje passasjerlister frå Amerika kan hjelpa oss?

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg motteke ei melding om at dødsfallet til den første Karl Magnus er reguistrert i dødsmeldngslista frå Ibestad.  Han døydde 26.4.1869!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/57673/13

 

So då er det spørsmålet løyst!

 

Men let det seg gjera finna utvandringi til mori Marit (Mariane) og veslebroren Karl Magnus i 1880-1881?

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.