Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Tre fødsler i Bergen 1919-1924 - kvar er dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg leiter etter dåpshandlingane (eventuelt fødselsregistreringane) til desse tre fødslene i Bergen, alle er avlidne, og alle var born av messepike Anna Kristiansdotter Forthun/Lerum (1894-1941) som dels voks opp på Meland i Alversund:

 

** Bjarne Olai, fødd 9.1.1919 (døydde 1995)

 

** Svanhild Miranda, fødd 4.3.1921 (døydde 2012)

 

** Lillian, fødd 14.4.1924 (døydde 1999)

 

Sjølv har eg leitt etter dei på Fødselsstiftelsen i Bergen, men finn ikkje nokon av dei der...!

 

Er der mogeleg å finna desse fødslene/barnedåpane registrerte i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tore Nilssen

Det må være Bjarne Olai som gifter seg i 1945. Det står han er født i Fortun.

 

SAB, Sandviken Sokneprestembete, H/Hab/L0015: Klokkerbok nr. D 2, 1929-1953, s. 235b-236a
 

Svanhild i folketellingen 1922

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01065522088519

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune, Tore og Solveig for interessante og spennande innlegg!

 

Det er nok fødsli til «vår» Bjarne Olai som er oppført i Bergen i 1919, sjølv om namnet manglar, men dei to andre fødslene synest vera verre å finna...

 

Eg har i kveld fått greie på at Lillian vart oppali på ein barneheim i Drammen frå 1929, og då hadde ho butt ei tid hjå ei eldre dame på Strømsgodset.  Ved lysingi hennar i Sylling 1950 (https://media.digitalarkivet.no/view/5671/69) har ho namnet Lillian Halvorsen, og det vert sagt at ho var fødd på Strømgodset, men ho vart ikkje døypt før i 1929 på barneheimen, so truleg har dei ikkje visst kvar ho var fødd...

 

Når det gjeld Svanhild Miranda, veit me at ho flytte til England der ho gifte seg to gongar, først i Reading, Berkshire i 1947 med Anthony H. Parkin og so same staden i 1952 med Roy D. Murtagh.  Ho døydde i Oxford, England i 2012, men nærare detaljar manglar...  Ved båe vigslene heitte ho FORTHUN!

 

Eg vonar at fleire detaljar kan dukka opp og takkar nok ein gong for kjempefin hjelp!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.