Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kristian Gjetmundsen (1872-1951) - verksmeister på Løkken i Meldal - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i fleire år slite med å fylla ut dei manglande detaljane om denne huslyden som etter kvart hamna på Løkken i Meldal, Sør-Trøndelag.  No vonar eg at ein eller annan kan komme med eit innspel som gjer at eg kjem eit hakk vidare...

 

Her er status pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~~NB: Dette utdraget er erstatta av eit nytt oppdatert utdrag i innlegg #6 nedanfor!

 

Her er dei i Trondheim i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036806011065

 

Kan henda er det nokon som dreg kjensel på denne huslyden og som kan fortelja meg meir om dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

 

a. Gunvor Kristiansdotter Gjetmundsen, f. i Kåfjord, Alta 8.3.1903, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – borni deira: ein son NN og ei dotter Eva)

 

     med Iver Olai Olson Stokke frå Kristiansund, f. i Kristiansund 22.6.1900.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Iver Stokke var brannmann, og han og Gunvor budde i Kristiansund.  Dei fekk to born i lag.

 

 

Det skal ifølge flere slektstrær være en datter til: Gully Jakobsen, født Stokke. Født 9. oktober 1925 og død 2013.

Ifølge de samme slektstrærne døde Iver i 1971 og Gunvor i 1988.

 

Vielsen, nummer 28

 

SAT, Arkivreferanse ukjent*, Ministerialbok nr. 7d, 1917-1931, s. 81
Permanent bilde-ID: kb20071018630207
 
Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente L. Skjager

 

a. Gunvor Kristiansdotter Gjetmundsen, f. i Kåfjord, Alta 8.3.1903, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – borni deira: ein son NN og ei dotter Eva)

 

     med Iver Olai Olson Stokke frå Kristiansund, f. i Kristiansund 22.6.1900.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Iver Stokke var brannmann, og han og Gunvor budde i Kristiansund.  Dei fekk to born i lag.

 

 

Gift 15.4.1925: SAT, Arkivreferanse ukjent*, Ministerialbok nr. 7d, 1917-1931, s. 81

 
 
Mvh Bente

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Bente L. Skjager

Kristine Gjetmundsen f.1900 fra "Norske sykepleiere.1"

post-4171-0-63941800-1477674928_thumb.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Bente og Grethe for spennande og interessante innlegg!

 

Her er det komme fleire nye opplysningar.  Eg let førebels opplysningane om sjukesøsteri Kristine liggja, då der vel òg skal vera eit «framhald», men her kje ei oppdatering av manuskriptet til erstatning for utdraget i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Opplysningar om dotteri Kristine er oppdatert etter innlegg #4 og innlegg #7

 

Kristian Jetmundson, f. i Hafslo 11.8.1872,

Kristian Gjetmundsen flytte òg til Talvik med foreldri kring 1873 og arbeidde ei tid som smed i Trondheim, men gifte seg i Talvik 16.11.1902 med Anna Marie Magdalena, kjend som Magda Andreasdotter Berg frå Talvikbukt i Talvik.  Ho var dotter av bakar Andreas Pederson Berg i Talvikbukt, opphavleg frå Fjervold i Bø, Nordland, og kona Malena Johansdotter Strømbeck frå Blåberget i Talvik og f. der 27.10.1870.  Kristian var ei tid smed på Elvebakken i Alta, men han og Magda flytte kring 1907 til Trondheim der Kristian var smedmeister.  Sidan busette dei seg på Løkken verk i Meldal der Kristian var verksformann.  Magda d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – gravlagd Løkken)

 

5.7.1942, medan Kristian Gjetmundsen d.

 

¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans? – gravlagd Løkken)

 

2.4.1951.  Dei fekk tre døtrer i lag:

a. Gunvor Kristiansdotter Gjetmundsen, f. i Kåfjord, Alta 8.3.1903, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     1988.  Ho gifte seg i Kristiansund 15.4.1925 med Iver Olai Olson Stokke frå Kristiansund, f. i Kristiansund 22.6.1900.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – borni deira: son og dotter Eva – ogso ei dotter Gully, f. 9.10.1925?)

 

     1971.  Iver Stokke var brannmann, og han og Gunvor budde i Kristiansund.  Dei fekk to born i lag.

b. Magnhild Kristiansdotter Gjetmundsen, f. i Kåfjord, Alta 3.10.1905, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ho gifte seg i Meldal 22.11.1925 med Alf Sigurd Kristian Konradson Dahl frå Vesterberg i Vik (Sømna) på Helgeland, f. i Vik 5.5.1900.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – døydde «tidleg»)

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1925: assurandør!)

 

     Dei fekk ein son i lag.

c. Kristine Kristiansdotter Gjetmundsen, f. i Trondheim 3.9.1909, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – Hamar?)

 

     17.2.1996.  Kristine var sjukepleiar.  Ho budde frå 1937 til 1946 i Orkdal, men etter fleire kortare opphald i London, i Polen, i Israel, i Korea, på Lillestrøm og i Brønnøysund var ho frå 1955 røntgensøster i Oslo. 

 

     ¤¤¤¤¤ (framleis ved Radiumhospitalet i 1960 – kva seinare?)

 

     ugift.

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for fraimfrå hjelp med denne huslyden og vonar det let seg gjera finna nokre av dei detaljane som framleris manglar.

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Iflg. Norske sykepleiere (utgitt 1960) var Kristine røntgensøster på Radiumhospitalet fra 1955.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for siste innlegg!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt med omsyn til Kristine i innlegg #6 ovanfor.

 

Kan henda er det naudsynt med direkte kontakt med etterkomarar for å få svar på dei detaljane som no manglar?

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i kveld fått kontakt med etterkomarar etter Kristian Gjetmundsen og har fått mange interessante detaljar på plass.  Det som no står att å samla, er detaljopplysningar kring dotteri Magnhild og første mann hennar Alf DAHLE samt vigsli hennar med Knut Wold.  Kanskje ligg svari i Meldal??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kristian Jetmundson, f. i Hafslo 11.8.1872,

Kristian Gjetmundsen flytte òg til Talvik med foreldri kring 1873 og arbeidde ei tid som smed i Trondheim, men gifte seg i Talvik 16.11.1902 med Anna Marie Magdalena, kjend som Magda Andreasdotter Berg frå Talvikbukt i Talvik.  Ho var dotter av bakar Andreas Pederson Berg i Talvikbukt, opphavleg frå Fjervold i Bø, Nordland, og kona Malena Johansdotter Strømbeck frå Blåberget i Talvik og f. der 27.10.1870.  Kristian var ei tid smed på Elvebakken i Alta, men han og Magda flytte kring 1907 til Trondheim der Kristian var smedmeister.  Sidan busette dei seg på Løkken verk i Meldal der Kristian var verksformann.  Magda d. på Løkken 5.7.1942, medan Kristian Gjetmundsen d. same staden 2.4.1951.  Dei fekk tre døtrer i lag:

a. Gunvor Kristiansdotter Gjetmundsen, f. i Kåfjord, Alta 8.10.1903, d. på sjukeheimen i Kristiansund 10.9.1988.  Ho gifte seg i Kristiansund 15.4.1925 med Iver Olai Olson Stokke frå Kristiansund, f. i Kristiansund 22.6.1900.  Han d. på sjukehuset i Kristiansund 27.2.1971.  Iver Stokke var brannmann og sidan brannmeister, og han og Gunvor budde i Kristiansund.  Dei fekk fire born i lag.

b. Magnhild Kristiansdotter Gjetmundsen, f. i Kåfjord, Alta 30.3.1905, d. i Meldal 25.1.1986.  Ho gifte seg første gongen i Meldal 22.11.1925 med Alf Sigurd Kristian Konradson Dahle frå Vesterberg i Vik (Sømna) på Helgeland, f. i Vik 5.5.1900.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – yrke og bustad? – 1925: assurandør – døydde «tidleg» - son Kjell Arnfinn Dahle, f. 8.5.1926, d. 25.1.1986 - busett Løvenstad, arbeidde i NRK – gravl. Skedsmo – enkje Erna, born Kari og Inger)

 

     Magnhild gifte seg so att

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for andre vigsli hennar? – Meldal? – 1930-talet?)

 

     med Knut Olson Wold frå Meldal, f. i Meldal 29.11.1903.  Han d. i Meldal 6.11.1986.  Knut Wold var heradskasserar, og han og Magnhild budde i Meldal levetidi ut.  Magnhild fekk ein son, som var frå første ekteskapet.

c. Kristine Kristiansdotter Gjetmundsen, f. i Trondheim 3.9.1909, d. på Hamar 17.2.1996.  Kristine var sjukepleiar.  Ho budde frå 1937 til 1946 i Orkdal, men etter fleire kortare opphald i London, i Polen, i Israel, i Korea, på Lillestrøm og i Brønnøysund vart ho i 1955 tilsett som røntgensøster i Oslo.  Sist på 1960-talet vart ho styrar for ein sjukeheim på Lillehammer, men sist på 1970-talet flytte ho som pensjonist til Hamar.  Ho var ugift.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden og vonar på hjelp til å finna dei siste svari...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Alf Dahle døde 1926

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, 604/L0207: Ministerialbok nr. 604A27, 1917-1933, s. 141
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10081112050144
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit nyttig og interessant innlegg!

 

Då er dødsfallet hans Alf Dahle kome «på plass», og det einaste me no manglar når det gjeld denne ætti, er:

 

** Dato og stad for vigsli til Knut Wold og Magnhild Gjetmundsen Dahle?

 

Kanskje gifte dei seg i Trondheim?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aud Marion Røen

I "Norges bebyggelse", herredsbind for Sør-Trøndelag, vestre del (side 990) er det oppgitt at Knut Wold og Magnhild Gjetmundsen giftet seg i 1939.

Magnhild husker jeg som lærer i håndarbeid på Meldal kommunale realskole på 1960-tallet.

 

mvh Aud M

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Aud for det siste innlegget, som høyrest svært so lovande ut!

 

Diverre ser eg at dei skanna vigslene for Meldal sluttar i 1938, so kan henda gifte dei seg i Meldal likevel, sidan det skal ha vore i 1939!  Eg får freista ein telefon til det lokale kyrkjekontoret...

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Då har eg vore i kontakt med kyrkjekontoret i Meldal, og der fekk eg vigselsdatoen for Knut Wold og Magnhild Dahle!  Dei gifte seg i Nidarosdomen 19.7.1939!

 

So då er dette problemet heilt løyst!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.