Gå til innhold
Arkivverket

Eivin Petro Knudsen - gift i New Jersey 1924 - var han frå Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eivin Petro Knudsen er oppgjeven i Bergen folkeregister som «norsk» namn til Edwin Knutsen som 30.10.1924 gifte seg i New Jersey med Sophie Andrea Endresen frå Bergen (jamfør desse emni: https://forum.arkivverket.no/topic/203207-clara-alida-twedt-1892-1968-og-sophie-andrea-knutsen-1900-1990-halvs%C3%B8strer-til-new-jersey-fleire-detaljopplysningar-om-dei/og https://forum.arkivverket.no/topic/204806-bergen-folkeregister-sophie-andrea-knutsen-f-endresen-1900-1990/?p=1727418).  Edwin døydde i New Jersey kring 1929, og i 1935 kom Sophie attende til Bergen.

 

Men kven var Eivin Petro Knudsen?  Mannen er fødd i Noreg, mest truleg i Bergen, og han utvandra truleg kring 1915/1920.

 

Hjå Bergen folkeregister står det at Eivin var jarnarbeidar, og i FT1910 ser eg ein spennande person med namn Sigurd Petro Knutsen, fødd i Bergen 1881, «jernskibsbygger» på Nygard, Askøy i 1910 - slekt?? (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036692006259).

 

Eg ser ingen personar mellom emigrantane frå Bergen som høver, men me har jo fleire skrivemåter av dette namnet...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvilket år stammer opplysningene i folkeregisteret fra? Finnes det ikke noe fødselsår eller adresse på mannen i folkeregisteret? Eller er det i forbindelse med at enken Sophie kom tilbake til Bergen, at han er nevnt? 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det vera han her:

 

Øivind Petro (Knudsen), f. 14.08.1892, Magnus Barfodsgade 29, Ministerialbok for Domkirken prestegjeld 1888-1903 (1301M1):

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000007681705

 

i 1900-folketellinga her:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037335058091

 

og i 1910 er han lettmattros:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036708053281

 

vennleg helsing Richard

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Richard og Carsten for imponerande og kjempefine innlegg!

 

Etter meldingi frå Richard var eg NESTEN overtydd om at dette måtte vera «vår» mann, og no fann eg provet, dødsmeldingi etter mori Petra Knudsen frå 1933:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/27867/216

 

Som barn #12 er oppgjeve Eyvind som var avliden, men som let etter seg dotteri Patricia på 5 år, som er full klaff!

 

Det einaste som då står att å finna her, er sjølve UTVANDRINGI til Øivind/Eivind Knudsen.  Kvar kan den vera??

 

Eg takkar på ny for framifrå innsats!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

ettersom han var sjømann er det ikkje sikkert han finst i emigrasjons- elller passasjerregistre, han kan ha gått i land i USA frå eit/det siste av skipa han var på. Han bør finnast i Sjømannsrullene for Bergen, og der kan det stå ein notis om "avhopping" eller avmønstring i USA. Du kan jo ta kontakt med Statsarkivet i Bergen.

 

Vennleg helsing Richard

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for siste merknad!

 

Eg har lagt inn eit nytt emne i Arkivfrum om denne saki og samstundes lagt til eit spørsmål om han ikkje òg er nemnd i folkeregisteret.  So får me sjå kva svar me får...

 

Nok ein stor takk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.