Gå til innhold
Arkivverket

Søskenflokk frå Gaupneøyri i Luster, fødde 1742-1761 - kan henda flytte dei til ytre Sogn - Gulen, Solund eller Askvoll? eller til Bergen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Me ser talrike døme på barneflokkar frå meir eller mindre fattige kår i indre Sogn som flytte tidleg heimefrå for å tena til livets opphald.  Mange av dei fór til kyststroki i ytre Sogn eller Sunnfjord, men nokre òg til Bergenskanten.  Dette er ein av desse huslydane:

 

John Erikson (1721-1794) og kona Gunnhild Christophersdotter (1714-1772) var husmannsfolk på Gaupneøyri i Luster frå 1740-åri og utover og opplevde mellom anna at Jostedalselvi i flaumåret 1748 endra laupet sitt slik at plassen deira vart «vingeklypt» i alle fall på eine sida!  Dei fekk heile ni born; fleire av dei døydde unge og ugifte; ei av dei eldste tok over heimeplassen på Gaupneøyri, men alle dei andre «forsvinn» frå bygdi i svært ung alder:

 

* Gjertrud Johnsdotter, døypt i Luster 22.3.1742

 

* Erik Johnson, døypt i Luster 29.10.1752

 

* Britha Johnsdotter, døypt i Luster 25.6.1758

 

* Christi Johnsdotter, døypt i Luster 16.7.1761

 

Ingen av desse borni er å sjå noko meir til i Luster.  Kan ein eller fleire av dei ha hamna i ytre Sogn eller Sunnfjord?  Eller i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Den einaste «kandidaten» eg i farten kan sjå, er denne Berthe Jonsdotter (42) som i 1801 var gift med Jon Tomesen og budde i Bergen.  Eg ser ho hadde ei dotter Ragnhild, og «vår» Britha hadde ei søster Ragnhild som døydde ugift i Luster i 1789!  Oppkalling?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390016842

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ett skudd i blinde.

I FT1801, Glopen  var det både en Erich og ei Christie i passende alder

Erich som bonde og Christie som tjenestejente på samme gård.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058409002286

 

Men Aase R. Sæther har vel noe mere å si om disse.  ^_^

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for eit spennande innlegg!

 

Eg har no studert denne lista frå Gloppen frå 1801, men ser at dette ikkje kan vera «våre» folk.  På siste linje er nemlig oppført Else Reiersdotter som mor deira, og Erik har dessutan ei dotter Else som rimelegvis er oppkalla etter bestemori...

 

Elles er det ytterst uvanleg at born frå indre Sogn flytte til indre Sunnfjord eller Nordfjord på 1700-talet, so i utgangspunktet var dette uansett ei usannsynleg løysing...

 

Men, det er viktig å ha auge og øyre opne.  Ein veit jo aldri...!

 

Nok ein kjempetakk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mogelig eg har eit svar på Erik døypt i 1752.

 

I Ættabokji for Vik, utg 2008, av G. Balvoll (GB), s. 376, vært Erik Johnsen i 1772 gift m/ Torblørg Olsdtr Finden.

 

GB har ikkje funne at Erik er frå Vik. Han er soldat då han er gift, og fødd ca 1747. Kvar GB har 1747 frå veit eg ikkje.

 

Kan eit spyrsmål til Yngve ang Soldatrullane, finne ut om dette er "din" Erik ?

-----

Ein heilt annan sak : Er du kjent med A-Magasinet forrige fredag som skriv om Kvit Slavehandel ? Eg kjente til noko, men slett ikkje i det omfanget som A-Magasinet skriv om.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nytt skudd i blinde: Kirsti Johnsdatter, 41 år, Eivindvik - 1801, ugift, tjener: 

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058391002363

 

Men en Sygnie Jonsdatter er registrert like etter Kirsti - 25 år - men kan hun være en yngre søster???  

 

Dødsfallet til samme Christie Joensdatter - men fødselsåret er 1760 - bosted: Stokkevåg

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000000771673

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon, Ivar og Grethe for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld Erik Johnson i Vik, trur eg han kan vera litt i eldste laget.  Soldat som 19-åring?  Men ein skal aldri seia aldri!

 

Med omsyn til kvit slavehandel so veit eg ikkje kva A-Magasinet har skrive om, men eg har høyrt at det var utstrakt kvit slavehandel i Nord-Afrika på 1600- og 1700-talet, under leiing av nordafrikanske herskarar!

 

Gjertrud Johnsdotter i fattigmanntalet for Bergen er rett nok for gamal til å «passa» på «vår» Gjertrud, men det faktum at ho var fødd i Luster, vil eg bera med meg og sjekka ut om det kan vera ei onnor...!

 

So kjem Grethe med ein «kandidat» for Christi Johnsdotter i Gulen.  Denne lyt nok undersøkjast litt nærare...

 

Ein my kjempetakk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

Grethe sitt forslag er nok også ein "bommert". Det finnes Kristi og Sygni Jonsdøtre med far Jon Olson og mor Orlaug Alvsdtr (Stokkevåg). Jon hadde fleire barn og var vel også gift med ei Anne Knutsdtr seinare. Men har ikkje noko meir info nett no.

 

Trur det står noko om dei under Stokkevåg og/eller Kråkenes (søndre) i Bygdebok for Solund.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars,

Grethe sitt forslag er nok også ein "bommert". Det finnes Kristi og Sygni Jonsdøtre med far Jon Olson og mor Orlaug Alvsdtr (Stokkevåg). Jon hadde fleire barn og var vel også gift med ei Anne Knutsdtr seinare. Men har ikkje noko meir info nett no.

 

Trur det står noko om dei under Stokkevåg og/eller Kråkenes (søndre) i Bygdebok for Solund.

 

Takk for avklaringen, Gisle! Jeg spurte vel allerede innlegget mitt om Sygni kunne være en yngre søster av Christi, så flott at du fikk sjekket dette ut! :) Da er det "back to scratch", 

 

Mor Gunnhild døde i 1772, mens far John døde i 1794, og en av de eldste barna overtok hjemplassen, skriver Lars.

 

Hvor lenge bodde de hjemme hos faren, etter morens død?

 

Siden barna "forsvinner" fra bygda i svært ung alder, betyr det at de ikke ble konfirmert her?

 

Er det bare de to barna født i 1758 og 1761, som "forsvinner", eller er det flere?

 

Sønnen Erik var jo født i 1752, så han var 20 år da moren døde. Forsvinner også han svært tidlig?

 

Og hva med søsteren Gjertrud?

 

Ble de satt bort hos slektninger? Eller reiste de fra bygda for å søke tjeneste andre steder? 

 

I FS finner jeg en datter Ragnele, født 1755, er det hun som blir konfirmert her, bosatt på Øren?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000457336

 

Var det også en sønn Christopher, født 1750, som blir konfirmert i 1767, bosatt på Øren?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000457070

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle og Grethe for nye interessante - og avklarande - innlegg med omsyn til Christi/Kirsti Johnsdotter i Gulen.  So er ho ute av biletet!

 

Det stemmer at Christopher og Ragnhild var mellom søskeni i denne huslyden.  Dei voks opp og budde levetidi ut i Luster, men døydde ugifte, Christopher i 1771 og Ragnhild i 1789.  Ingen av dei etterlyste fire søskeni vart konfirmerte i Luster,  Ein eller fleire av dei KAN sjølvsagt ha avlide i ganske so ung alder, men dødsfallsprotokollane frå Luster er bra fullstendige for den perioden me her talar om, so det ville vera underleg om dei alle døydde!!

 

Men eg vil gjerne komma ein augneblink attende til den Gjertrud Johnsdotter som Ivar Moe fann i fattigmanntalet frå Bergen 1800.  Det var ei onnor Gjertrud Johnsdotter som vart konfirmert i Luster i 1754, 26 år gamal.  Denne Gjertrud var fødd kring 1729 og gifte seg i Luster i 1755 med husmann og enkjemann Johannes Larsson i Lunden under Rønnei, fødd kring 1711.  Dette parfolket flytte kring 1769 til Bergen, og Johannes var «dragar» i Domkyrkjesokni der han døydde 8.12.1773.  Eg har notert at Gjertrud «visstnok var ho som døydde same staden som almisselem 31.1.1799»!  Det er nok mest truleg at dette var den Gjertrud som Ivar fann i 1800!?  I so fall må ho ha levd lenger enn til januar 1799!!

 

No er det slik at denne sistnemnde huslyden ogso er ein som eg manglar svært mykje opplysningar om, men eg vil ta denne opp til drøfting i eit eige tema!

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden og lever i voni om at noko vil dukka opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Innlegg #11:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne kuempeutfordreingi som har lege «i dvale» i over 4 år!

 

I Innlegg #4 over nemner Jon ein Erik Johnson som i 1772 gifte seg med Torborg Olsdotter Finden.  Eg veit ikkje om han tenkjer på same mann, som eg finn i FT1801 på Vangsnes i dåverande Leikanger (Balestrand), då i andre ekteskap med ei Mari Olsdotter?  Alderen høver i alle fall godt!  https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058393001865

 

Veit nokon kven denne Erik Johnson kan ha vore?

 

Eg har reinskrive manuskriptet for denne huslyden forn å få eit betre oversyn:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

John Erikson Øren, son av føregåande husmann og herifrå plassen, var f. kring 1721 og vart gravlagd frå Øyri 23.3.1794.  Han gifte seg første gongen 1.11.1742 med Gunnhild Christophersdotter frå Øvrebø.  Ho var f. kring 1714 og vart gravlagd frå Øyri 31.1.1772.  John gifte seg so att i Hafslo 27.12.1772 med Rannei Mathiasdotter frå Opheim i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo kring 1725 og vart gravlagd frå Øyri ?.12.1797.  Kan henda dreiv John plassen i lag med far sin første åri etter han sjølv gifte seg, men sidan tok han over åleine, og huslyden vart buande på plassen levetidi ut.  Så vidt me kan sjå, fekk John Erikson i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Gjertrud Johnsdotter, døypt 22.3.1742,

Gjertrud Johnsdotter ser ut til å vera fari frå bygdi i svært ung alder

 

##### (lagnaden hennar?)

 

 2. Ragnhild Johnsdotter (1744-1744).

 3. Christi Johnsdotter, d.e. (1745-1784), vart gift første gongen med husmann Johannes Pederson her på Rønneisøyri under Rønnei (1734-1780) og sidan attgift med husmann og enkjemann Johannes Larsson, òg her på Rønneisøyri under Rønnei (1743-1784).

 4. Britha Johnsdotter (1748-1748).

 5. Christopher Johnson (1750-1771), d. ugift på Øyri.

 6. Erik Johnson, døypt 29.10.1752,

Erik Johnson må vera faren frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnaden hans?)

 

 7. Ragnhild Johnsdotter (1755-1789), d. ugift på Øyri.

 8. Britha Johnsdotter, døypt 25.6.1758,

Britha Johnsdotter flytte truleg frå bygdi før ho kom i konfirmasjonsalderen,

 

##### (lagnaden hennar?)

 

 9. Christi Johnsdotter, d.y., døypt 16.7.1761,

Christi Johnsdotter må òg vera fari frå bygdi i ung alder,

 

##### (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips for å finna att desse Johnsborni som berre «forsvinn»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.