Gå til innhold
Arkivverket

Jan Nilsson - fødd kring 1715-1725 - husmann på Bjørkeneset under Kroken i Hafslo - kvar kan han vera komen ifrå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jan Nilsson (Lindeflaten) og Elisabeth Aanundsdotter (Hovland) gifte seg i Hafslo 24.5.1750.

 

Elisabeth vart døypt i Årdal 19.9.1723 og var dotter av husmann Aanund Johnson og kona Britha Trondsdotter på plassen Hola under Hovland.

 

Men kven kan Jan ha vore?  Han budde tydeleg på plassen Lindeflaten under Kroken i 1749, men ser ikkje ut til å vera dertifrå.  Eg trur han var innflyttar, men kvar kom han ifrå??

 

NB: Jan og Elisabeth busette seg på plassen Bjørkeneset under Kroken og fekk ei dotter Britha i 1749 (oppkalla etter mormori) og ein son Jens i 1761.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW48-QY3

 

Name: Jan Nilsen
Christening Date: 05 Dec 1721
Christening Place: Bergen, Bergen, Norway
Father's Name: Nils Jensson
Mother's Name: Elen Jansdr
 
Jan ble døpt i Korskirken i Bergen: 
 
Nils Jensen og Elen Jansdatter giftet seg i KK  01.11.1717:
 
Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 8 (1698-1747), Viede 1717, Side 79
Permanent bilde-ID: kb20070321620582
 
Ane Margrete, døpt i 1719 i Domkirken:
 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og interessant innlegg!

 

Denne Jan Nilsson ser jo svært so spennande ut, særleg at farfaren heitte Jens er jo ei mogeleg oppkallingskjelde for sonen Jens Janson!

 

MEN, eg ser eit par ekteskap i Bergensområdet som KAN forstyrra dette biletet:

 

* Jan Nilssen og Maren Hemmingsdotter Foss vigde i Nykyrkja i Bergen 2.6.1746

 

* Jan Nilssen og Martha Mikkelsdotter vigde i Askøy 8.9.1754

 

Båe desse pari og ogso andre Jan Nilssons får born i Bergen, Askøy og Os frå 1740-åri og utover, men eg kan ikkje sjå at nokon av dei kallar opp noki Elen!!

 

Eg kan elles ikkje sjå at Nils Jenssen og Elen Jansdotter fekk fleire born enn den eine sonen Jan.

 

Kaskje finst det skifte etter Nils og/eller Elen som kan hjelpa oss?  Eg ser ikkje noko hjå Sollied, men kan henda andre stadar?  Kan dødsfalli til Nils og Elen finnast?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et har i dag teke for meg denne huslyden ein gong til, og eg oppdagar at Jan Nilsson må vera avliden alt kring 1765.  Alt i 1762 fekk «Elisabeth Jan Birknes'es» fattigstøtte frå prestegjeldet,og frå 1767 er ho regelmessig ute og får støtte, openberrt som enkje!

 

Men diverre bringer ikkje dette oss noko nærare om kven han var...  Dødsfallet hans er ikkje innført i kyrkjeboki for Hafslo, so nokon alder har me ikkje...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.