Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Larsson (1711-1773) - frå Luster til Bergen som dragar - kvar vart det av enkja Gjertrud og dei sju borni hans? - ei skikkeleg utfordring!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden arbeidde eg med sist i 1991 i samband med utgjevingi av band IV i bygdebokserien for Luster, og kjeldematerialet frå Bergen var ikkje på langt nær tilrettelagt slik det no er!  Kan henda er det etter kvart mogeleg å kartleggja meir av denne huslyden?

 

Johannes Larsson (Lunden), fødd på Joranger øvre i Hafslo kring 1711, gifte seg første gongen i Luster 30.10.1735 med Cecilia Nilsdotter, fødd på Tandla i Luster kring 1710.  Dei budde som plassfolk under Tandla i Luster der Cecilia døydde kring 1753.  So gifte Johannes seg att i Luster 3.11.1755 med Gjertrud Johnsdotter, fødd i Lunden under Rønnei i Luster kring 1729.  Dei busette seg då på heimeplassen hennar i Lunden under Rønnei, men kring 1769 flytte dei til Bergen der Johannes livnærte seg som «dragar» i Domkyrkjesokni.  Johannes døydde i Bergen 8.12.1773, medan eg frå før har gått ut ifrå at Gjertrud døydde som almisselem i Bergen 31.1.1799, men ymse tyder på at det er ho som er nemnd i fattigmanntalet frå Bergen frå 1800:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000073811

 

Me kjenner til elleve born etter Johannes Larsson, men fire av dei døydde i ung alder, og alle den andre sju berre «forsvinn»!  Ingen av dei er konfirmerte i Luster; kan dei alle vera farne til Bergen?

 

* Gjertrud Johannesdotter, døypt i Luster 25.9.1741

 

* Martha Johannesdotter, døypt i Luster 24.6.1743

 

* Nils Johannesson, døypt i Hafslo 20.9.1750

 

* Knut Johannesson, døypt i Luster 25.9.1755

 

* Kirsti Johannesdotter, døypt i Luster 25.9.1757

 

* Mari Johannesdotter, døypt i Luster 5.8.1764

 

* Lars Johannesson, døypt i Bergen 29.4.1772

 

Eg fryktar for at denne huslyden kan verta ei gigantisk utfordring, men det er lov å vona, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Lars Johannesson, døypt i Bergen 29.4.1772

 

Her finner jeg en Lars Johannesen, født 29/4 72 i Undersøkelseskommisjonen rulle over sjømannskap i Bergen 1804-1805:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/215/pp00000000013136

 

Det står at Lars er fisker eller sjømann. 

 

En Lars Johannesen, fisker, gifter seg i Korskirken i Bergen med Marthe Olsdatter i 1807:

 

Bergen fylke, Korskirken i Korskirken, Ministerialbok nr. A 9 (1743-1861), Viede 1807, Side 124
Permanent bilde-ID: kb20070321630042
 
Peter Johan Olaj, døpt juli 1807 i DK:
 
Rasmus Michael døpt i DK i Bergen i juni 1809:
 
Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 5 (1808-1820), Fødte og døpte 1809, Side 22-23
Permanent bilde-ID: kb20070306660094
 
Johannes, døpt 1811:
 
Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 5 (1808-1820), Fødte og døpte 1811, Side 46-47
Permanent bilde-ID: kb20070306660106
 
Lille Johannes døde i 1813:
 
Familien i f.t. 1815 for Bergen:
 
Fødselsåret avviker en del, men finner dette dødsfallet i DK i Bergen i 1837 - Lars Johannesen, fisker:
 
Enken Marthe Olsdatter døde i 1841 - gift med Lars Johannesen:
 
Jeg er langt fra sikker på om dette er din Lars Johannesen, men det er det nærmeste jeg kommer en aktuell kandidat....!
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er også en Lars Johannesen Alme. 

 

Er ikke Alme navnet på en gård i Hafslo, og kan denne familien din knyttes dertil ?

 

Nå er vel Alme et vanlig gårdsnavn så det vil nok uansett ikke bevise noe.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000009212508

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=2doep1668&gardpostnr=20383#nedre

 

Har større tro på Grethes kandidat med rett fødselsdata etc.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"So gifte Johannes seg att i Luster 3.11.1755 med Gjertrud Johnsdotter, fødd i Lunden under Rønnei i Luster kring 1729.  Dei busette seg då på heimeplassen hennar i Lunden under Rønnei.".

 

Finner ingen passende kandidater til Johannes Larsens barn i konfirmantlistene i Luster. Kan noen av barna være døde før de kom til Bergen? Barna født i andre ekteskap bør vel ha fulgt med foreldrene til Bergen? 

 

En Niels Johansen ble konfirmert i Domkirken i Bergen i 1768:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000437191

 

Men det står følgende merknad: hos Johan Jacobsen paa Smørsalm. {prest:} Af Stifts-Provsten {kyrkjeleg dato:} Dom XVIII p. Trin

 

Merkelige greier.....! 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Ivar for spennande og interessante innlegg!

 

Når det gjeld namnet Alme, finst det som gardsnamn både i Luster og i Hafslo, men båe gardar ligg langt ifrå Gaupne der Johannes hadde bustaden sin, so det er nok ganske sikkert ein heilt annan person.  Alme finst jo som gardsnamn ganske mange andre stadar ogso...

 

Då har ogso eg stor tru på, særleg på grunn av fødselsdatoen, at Grethe har oppdaga den «rette» Lars Johannessen som fiskar i Bergen.  Eg er forresten overraska over at det berre finst ein einaste «kandidat» for Lars Johannessen i Bergen 1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390016050

 

Men er Lars det einaste av borni etter Johannes Larsson som har levd opp og er flytt til Bergen?  Eg held dette for svært lite sannsynleg, men kvar er so dei andre?

 

Den Nils Johannessen, som Grethe finn konfirmert i Domkyrkja i 1768, kan godt vera del av søskenflokken.  Eg har sjølv «skumma» gjennom konfirmantlistene for Domkyrkja frå 1769 og utover, men utan resultat.  Då skal òg seiast at eg heller ikkje fann Lars Johannessen, so han må vera konfirmert i ei anna kyrkje...  Johannes og Gjertrud hadde forresten òg ein son Lars fødd i Luster i 1767, som døydde kort tid etter.  Før den tid kan huslyden soleis ikkje vera flytt til Bergen!

 

Når eg ser på dødsfalli i Bergen, ser eg at Johannes Larssen mellom anna hadde følgjande born gravlagde på St. Jørgen:

 

* drengebarn (utan alder) gravlagd 9.1.1768

 

* pigebarn på 4 år og 6 mnd. gravlagd 10.9.1768

 

* pigebarn på 6 år og 6 mnd. gravlagd 6.7.1771

 

* drengebarn på 5 år gravlagd 23.7.1771

 

Kan «vår» Mari gøyma seg attom eitt av dei to «pigeborni» frå 1768/1771?

 

Ser me på døypte i Bergen, ser me at ein matros Johannes Larssen med kone Anna Elisabeth Christiansdotter fekk born i Domkyrkja på 1760-talet:

 

* Lovise Carine, døypt 17.5.1761

 

* Birthe Carine, døypt 10.7.1763

 

* Christian, døypt 23.1.1765

 

* Lovise, døypt 3.5.1767

 

Når det gjeld Nils Johannessen, finn eg i FT1801 tre «kandidatar» i Bergen:

 

* bøkkerarbeidsmann i 24-65: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390018607

 

* matros i 18-142: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390013986

 

* paktar på Nygaard: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390019545

 

Den einaste av desse eg finn i Undersøkjingskommisjonen 1804, er bøkkerarbeidsmannen, som seiest fødd i Sogndal og 49 år!!  http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=5347&merk=5347#ovre

 

Han er då truleg døypt i Sogndal 1.3.1755...

 

Men kva med matrosen???

 

Eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld denne huslyden og vonar på fleire innspel...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no teke for meg eit par av borni i denne huslyden for å sjå om nokon med namni deira hadde døtrer med namn Cecilie eller Gjertrud.

 

* Kirsti Johannesdotter (med alternative skrivemåter) gav ikkje noko treff.

 

* Nils Johannessen matros med kone Kirstine Marie Nilsdotter hadde derimot denne dotteri:

 

** Giertrud Kirstine, fødd 1.11., døypt 9.11.1794 i Nykyrkja i Bergen: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/110

 

Det syner seg at dette parfolket ogso fekk følgjande born, alle i Nykyrkja i Bergen:

 

** Nils, fødd 25.8., døypt 30.8.1786

 

** Nils Johan, fødd 23.6., døypt 29.6.1788

 

** Severin, fødd 15.10., døypt 21.10.1792

 

** Gjert Johan, fødd 14.11., døypt 22.11.1793

 

Giertrud Kirstine var soleis EINASTE dotteri deira!

 

Nils Johannessen og Kirstine Marie Nilsdotter vart vigde i Nykyrkja 5.6.1786, lysingi var 30.4.1786.

 

Ei Kirstine Marie Nilsdotter vart døypt i Nykyrkja 28.3.1762 av foreldri Nils Johannessen og Martha Sivertsdotter - kan det vera kona?

 

MEN, denne huslyden finn eg ikkje i Bergen i 1801.  Var Nils kan henda avliden før 1801?

 

Eg ser ein Nils Johannessen frå Kjellersmuget vart gravlagd på St. Jørgen 11.7.1796, 40 år gamal.  Kjellersmuget høyrer til Nykyrkjesokni - kan det vera han??

 

Og kan dette vera «vår» Nils Johannessen, fødd i Hafslo i 1750?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for hjelpi med denne so vanskelege huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.