Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Trond Aamundson Sætenes i Gulen - gift der i 1764 - opphavet hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

På Sætenes i Gulen - bygdebok band II, side 510/511 - er omskrive ein:

 

Trond Aamundson som gifte seg til denne garden 7.1.1764, men eg kan ikkje sjå at det står noko om opphavet hans!

 

Namnekombinasjonen er uvanleg, men det finst to personar med dette namnet fødde lenger inne i fjorden i 1735:

 

* Trond Aamundson på Fretheim i Aurland, son av husmann Aamund Trondson og kona Ingeborg Aamundsdotter, døypt i Aurland 17.4.1735.  Bygdeboki som Anders Ohnstad for mange år sidan skreiv om folket i Aurland, har ingen opplysningar om kvar det vart av denne Trond Aamundson.

 

* Trond Aamundson på Hovland i Årdal, son av husmann Aamund Asbjørnson og kona Kirsti Trondsdotter, døypt i Årdal 29.8.1735.  Bygdeboki for Årdal nemner ikkje Trond Aamundson i det heile!

 

Ein Trond Aamundson med fødselsår «kring 1733» dukka opp i Hafslo då han 22.10.1758 gifte seg der med Siri Hansdotter frå Plassen i Kinsedalen.  Dei fekk tre søner, Ole og Knut og Hans, men ingen døtrer.  Den gamle bygdebokskrivaren Jon Laberg, som voks opp i dette nabolaget, hevda at denne Trond skulle vera komen frå Feios, men der finst det ikkje nokon Trond Aamundson på den tidi...

 

So er det at eg oppdagar at Trond Aamundson Sætenes fekk fleire born, og den eldste dotteri hans er døypt for KIRSTI!

 

Etter dette er eg NESTEN 100% sikker på at det var Trond Aamundson frå Årdal som flytte til Gulen og gifte seg der, medan Trond Aamundson frå Aurland MÅ vera den Trond som hamna i Hafslo.  Rett nok er det eit stykke frå Fretheim til Feios, men sjøvegen, som den gongen vart nytta, er ikkje so allverdens lang, og for alt me veit, kan Trond frå Fretheim ha vore i teneste i Feios før han om til Hafslo.  Det var på den tidi ein god del flytting mellom Flåmsbygdi i Aurland og Fresvik/Feios i dåverande Leikanger...

 

Det er nok vanskeleg å finna eit prov på denne påstanden, men kanskje er det nokon som har sysla med same spørsmålet og som har tankar kring dette?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for interessant kommentar kring denne huslyden.

 

Særleg interessant er det at du kjem med ein alder på Trond Aamndson Sætenes som stemmer so godt!  Eg trur me kan slå endeleg fast at me har «rett person» på «rett stad»..., eller...

 

Eg takkar på ny for synspunkt kring denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.