Gå til innhold
Arkivverket

Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter - 1766 busette på Lihaug i Eivindvik (Gulen) - men kvar er dei? - lagnad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette spørsmålet har vore oppe til drøfting i Brukarforum eit par gonger før, sist i 2007 som tema #47657 (https://forum.arkivverket.no/topic/133105-47657-arne-olson-g-hafslo-1723-m-metta-ingebrigtsdotter-1766-busette-lihaug-gulen/?hl=%2Barne+%2Bmetta+%2Blihaug), men noki løysing vart aldri finni!

 

Kanskje er no tidi komi for å finna ut kva som skjedde med denne huslyden?

 

Skifteprotokollen for indre Sogn 1766 side 758a (høgre side) (https://media.digitalarkivet.no/view/24139/328) syner at Ingebrigt Paulson var avliden før 1766, men han let etter seg fem born.  Fire av dei budde i Hafslo, men om eldste dotteri står det:

 

* Metta Ingebrigtsdotter «gift med Arne Olsen Liehougen boende udj Nordhorlenhns Fogderie i Evindvigs Præstegield».

 

Metta var truleg fødd i Hafslo kring 1697, og ho gifte seg i Hafslo 17.10.1723 med Arne Olson (https://media.digitalarkivet.no/view/11455/17) - fjerde siste linje på venstre side!

 

Eg kan ikkje sjå at Arne Olson kan ha vore frå Hafslo, men eg ser ein «høveleg kandidat» i Gulen på garden Fivelsdal, ikkje so langt frå Lihaug...!  Der budde i 1701 ein gardbruikar med namn Ole Hansson, og han hadde ein son Arne Olson, fødd kring 1693, som Gulenbøkene (band II, s. 579) ikkje seier noko meir om lagnaden til!

 

Det som synest endå meir underleg, er at Gulenbøkene (band II, s. 84 ff) som gjeld Lihaugen, heller ikkje har noko å fortelja om Arne Olson og/eller Metta Ingebrigtsdotter, men det budde fleire andre personar på Lihaugen ved midten av 1700-talet som var komne dit frå Hafslo!!!

 

Eg kan heller ikkje sjå at dette parfolket fekk born i Hafslo, med mindre det er Arne Olson som gøymer seg attom Arne Bygger (1727) og/eller Arne Styrmand (1729-1739).  Han/Dei fekk følgjande born, som alle var fødde i Solvorn - ikkje langt frå heimen på Skophammar der Metta voks opp:

 

* Bentha Arnesdotter, døypt 20.3.1727

 

* Inga Arnesdotter, døypt 1.5.1729

 

* Ingeborg Arnesdotter, døypt 31.12.1731

 

* Eli Arnesdotter, døypt 29.8.1734

 

* Metta Arnesdotter, døypt 22.2.1739

 

Men ingen av desse borni kan eg finna gifte korkje i Sogn eller i Nordhordland/Bergen!!

 

Det å kartleggja denne huslyden er ei skikkeleg utfordring!  Eg står «bom fast», men kanskje ein eller annan «ser» noko som eg har oversett?

 

Kan Ekstraskattmanntalet frå Eivindvik innehalda opplysningar av interesse??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for eit spennande innlegg!

 

Denne Ingeborg KAN so absolutt vera «vår» Ingeborg, men på kva vis kan me prova dette?

 

Eg finn at Johannes Christensen og Ingeborg Arnesdotter gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 2.2.1769, altso berre vel eit halvt år før Ingeborg døydde, men dei fekk ei dotter i lag:

 

* Anna Engel, fødd i Krosskyrkja i Bergen 20.8.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/8675/125

 

Diverre er det ingen namn mellom fadrane som hjelper oss i det heile tatt...

 

MEN; det er viktig å vera vaken, og eg takkar på ny for alle gode tips kring denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som sist var oppe til drøfting i november i fjor.

 

Kan det tenkjast at ekstraskattmanntalet for Gulen (Eivindvik) frå 1763 likevel har noko å by på?  Parfolket skal jo ha butt på Lihaugen i Gulen i 1766, og det er jo svært so underleg at dei ikkje skal vera hemnde i bygdeboki for Gulen!?

 

Eg takkar enno ein gong for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

No når juli nærmar seg med stormskritt, ønskjer eg å henta fram att denne saki som av ein eller annan grunn ser ganske so vanskeleg ut å løysa.  Skiftet frå 1766 er ganske so eintydig med omsyn til bustaden til dette parfolket, men kvifor er dei då ikkje å sjå nokon stad i kyrkjebøkene?  Eller er det eg som er vorten «blind»?  Hadde me endå kunna finna dei i ekstraskatten frå 1762/1763?

 

Ei løysing av denne saki ville vore ei gigantisk julegåve for meg og mange andre, og eg takkar på ny for alle gode tips!

 

God Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Gamle Da, som du vil sjå under «nyttige lenker», Døde i Bergen 1868-1815.

 

Pigen Ellen Arnesdtr, 69 år, død 10.3.1809. Gravlagt 16.3.1809.  Gravlagt ? Gjett kvar hen:  Eivindvik.

Eli Arnesdtr døypt 1734 i innlegg #1 er 75 i 1809.  Ein diff på 6 år

 

God jul !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 3.11.2016 den 18.38, Lars E. Øyane skrev:

* Eli Arnesdotter, døypt 29.8.1734

 

* Metta Arnesdotter, døypt 22.2.1739

 

Står det Arne Styrmand ved disse barnedåpene?

 

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 1 (1717-1755), Kronologisk liste 1734, Side 31
https://media.digitalarkivet.no/view/11455/32

 

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 1 (1717-1755), Kronologisk liste 1739, Side 38
https://media.digitalarkivet.no/view/11455/39

 

Også da Ingeborg ble døpt står det Arne Styrmands datter:

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 1 (1717-1755), Kronologisk liste 1732, Side 26
https://media.digitalarkivet.no/view/11455/27

 

Inge(r)?

https://media.digitalarkivet.no/view/11455/24

 

Ved eldste datters dåp står det - så vidt jeg kan se - Arne Byggers datter:

https://media.digitalarkivet.no/view/11455/22

 

Hvor kommer Bygger og Styrmand fra? 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Grethe for svært spennande og interessante innlegg!

 

Eg trur du Jon verkeleg er inne på noko her!  Og spørsmålet er om ikkje dette er same jenta i FT1801, tenestejente på 65 år hjå kyrkjetenar Hans Jacobson i 19-23:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390014309

 

Som eg nemnde i innlegg #1, er eg ikkje 100% sikker på om det verkeleg var Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter som var foredri til dei fem jentene fødde i Solvorn, men Arne Olson er den EINASTE Arne som gifte seg i Hafslo og som kan vera aktuell som barnefar.  Når me so finn denne Elen Arnesdotter som døydde i Bergen og vart gravlagd i Eivindvik, er det eit ganske so sterkt «indisium» på at me har med «rette» folki å gjera...

 

Eg trur elles òg at den Ingeborg Arnesdotter som Jon fann gift i Bergen, godt kan høyra til denne huslyden.  Som styrmann kan vel Arne Olson godt ha butt, i alle fall tidvis, på Lihaug i Gulen, men kanskje budde han òg i Bergen?

 

Ei vanskeleg utfordring dette, men eg har ei kjensle av at me er på «rett veg», og eg takkar på ny for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden!

 

God Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Min tippoldefar  Jon Anderson Lihaug 1796-1850 var sønn av Anne Jonasdatter Hauge  1753 - ? fra Hafslo.  Hun var datter av lærer Jonas Petterson fra Hafslo. ( Mener du Lars har hjelpa meg med disse forfedrene tidligere.)

Men noe samrøre har det nok vært.

 

Lihaug ligger midt i skipsleia til Bergen, så hvis de var bekjente fra Hafslo  ??så var det kanskje naturlig at Arne og Mette stoppet der en stund.

Så Jon Sværen treffer nok spikeren atter en gang :)

 

Mvh

Ivar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegg!

 

Det var fleire indresogningar som var innom Lihaug på 1700-talet, og når du no fortel at garden ligg «midt i skipsleia» til Bergen, kan styrmannsyrket høva godt på Arne.   MEN, kvar er denne huslyden ved ekstraskatten i 1762/1763, og kvifor vert dei ikkje nemnde i bygdeboki for Gulen??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden og fortsatt God Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg har no (omsider) fått eit svar frå Statsarkivet i Bergen på spørsmålet mitt dit i desember om eit skifte etter Elen Arnesdotter, ho som døydde i Bergen i 1809.

 

Diverre var svaret negativt, so då er me like langt.

 

MEN, eg er likevel ganske so overtydd om at det er «vår» Elen som døydde i Bergen, og den Ingeborg Arnesdotter, som Jon fann avlidi i Bergen i 1769, høver «påfallande» godt med «vår» Ingeborg Arnesdotter.

 

MEN, det store spørsmålet er framleis kvar det vart av Arne Oløson og Metta Ingebrigtsdotter, som i 1766 skal ha butt på Lihaug i Eivindvik?  Korleis kan dei berre totalt «forsvinna»?  Me har jo òg dei tre andre døtrene (sjå innlegg #1), Bentha (1727), Inga (1729) og Metta (1739) - kvar «gøymer» dei seg?

 

Eg ser at ei enkje Mette Arnesdotter gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 22.5.1785 med enkjemannen og matros Nils Hansson: https://media.digitalarkivet.no/view/8681/90

 

Eg kan ikkje sjå at dei fekk born i lag, so kanskje Metta kan ha vore fødd so tidleg som i 1739?

 

So har me ei Inger Arnesdotter gifte seg i Bergen 28.7.1771 med ein Peder Asbjørnson

 

og ei anna Inga Arnesdotter Molde gifte seg i GULEN 12.11.1761 med ein Ole Amundson Molde: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/102

 

Kan desse jentene vera av borni etter Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter?  Eg er særleg optimist når det gjeld Mette Arnesdotter...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kartleggja denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboka for Gulen bd II,  gården Molde nevner en husmann Arne (patronym er ikke oppgitt). Han skal ha hatt to døtre, Brite gift 17.4.1748 med Jon Jensson Nordgulen, og Inger, gift 12.11.1761 med Ola Åmundson. Interessant her er at Ola og Inger hadde en datter, METTE, f. 1766, gift med Ivar Bendiksson Hjartås. Denne Inger døde i 1792.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit kjempespennande innlegg!

 

Eldste dotteri til Arne Olson og Metta kan godt vera Britha i staden for Bentha - presten i Hafslo skreiv ganske so utydeleg på den tidi, sjølv om det her ser ut som Bente...: https://media.digitalarkivet.no/view/11455/22

 

Men kombinasjonen med Britha, Inger og Inger si dotter Metta er sterke indisiar på at me her har å gjera med Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter!  Her er forresten vigsli i Gulen 17.4.1748 for John Jensson Nordgulen og Bertha Arnesdotter Molde: https://media.digitalarkivet.no/view/11442/65

 

Denne huslyden er i band I av bygdebøkene for Gulen omskriven som gardbrukarar på Nordgulen med fem born, ei dotter Britha, oppkalla etter farmori, og fire søner...

 

Men framleis er det eit stort «mysterium» kvar Arne og Metta kan vera i ekstraskatten 1762??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden, som no endeleg ser ut til å byrja komma «for ein dag»...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for ei ny interessant melding!

 

Presten har lista opp fadrane på eit «underlegt» vis, men den første heitte Arne, som me lyt tru er bestefaren til barnet...

 

Eg har no vore inne og bladd igjennom ekstraskatten for Eivindvik, men finn korkje Lihaug eller Molde!  Kan dei ha lege under Nordhordland på den tidi?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag søkt lite vetta etter Ole Aamundson, han som i 1761 gifte seg i Gulen med Inger Arnesdotter.

 

Den einaste «kandidaten» eg finn, dersom Ole var frå Gulen, er ein:

 

* Oluf, døypt i Gulen 17.1.1723 av foreldri Aamund Baasdalen og Marthe Eriksdotter - skulle vel ha vore på denne sida i kyrkjeboki, men eg finn ikkje dåpen innført: https://media.digitalarkivet.no/view/11439/2

 

Uansett so vil eg tru at denne Oluf er identisk med Ole Aamundson som i 1801 var husmann under Baasdalen i Lavik sokn, Eivindvik: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011411&gardpostnr=234&merk=234#ovre

 

Kanskje ogso Ole Aamundson kom innante fjorden?  Korleis er det til dømes med denne:

 

* Ole, døypt i Årdal 22.3.1732 av far Aamund Asbjørnson: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/56

 

Kan dette vera mannen me leiter etter?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang innlegg 15, om Eivindvik skal bli funnen i Nordhordaland.

 

Og du har rett, Lars !  Men å få med Kjelda var verre.  På s 12 står det om nr 7 (noko eg tolkar som resten av) Eivindvik Sogn.

 

 

Sitat

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for imponerande innlegg!

 

Du fann ei ekstraskatteliste for dei gardane i Eivindvik som ikkje var med i lista frå Sogn!  Kjempeflott!

 

Rett nok ser denne lista ut til berre å innehalda namni til dei som betalte ekstraskatt; d.v.s. at ektemakar og born ikkje er nemnde, men hovudsaki er at Arne Olson er nemnd under Molde.

 

Skattebetalarane under Molde var:

 

** Hans Otteson

** John Andersson

** Anna enkje (innerst)

** Ole Trondson

** Lars Olson

** Arne Olson

 

Ivar Kleiva nemner i bygdeboki for Molde i Gulen:

 

** Hans Otteson og

** John Andersson som brukarar av kvar si helft av det eine bruket på garden, som dei styrte for enkja

** Anna Baltzersdotter.  So nemner Ivar Kleiva

** «ein Lars» som hadde eitt av dei andre bruki på garden, utan at han veit noko meir om kven han var.  Og so nemner Kleiva

** Ole Aamundson på det tredje og siste bruket.  Han er tydeleg (feil-)skrive Ole Trondson i ekstraskattelista!!  Og frå før veit me om

** Arne som husmann under garden!

 

Kan det tenkjast at Ivar Kleiva ikkje har vore merksam på denne ekstraskattelista som er arkivert under Nordhordland??

 

No i kveld har eg dessutan oppdaga at Ole Aamundson og Inger på Molde hadde ei dotter til i tillegg til Metta i 1766:

 

* Kirsti Olsdotter, døypt i Eivindvik 29.1.1763: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/109

 

Mellom fadrane hennar er... Arne Molde!

 

Og når me veit at mor til Ole Aamundson fødd i Årdal i 1732 heitte Kirsti Trondsdotter, so vil eg tru me er langt på veg til å ha identifisert opphavet hans!  Der har me til og med Trond-namnet!!  Aamund Asbjørnson døydde i Årdal i 1740, og for alt me veit, kan Kirsti Trondsdotter godt ha flytt med sonen til Eivindvik!?

 

Det går forresten fram av kyrkjebøkene for Gulen at Lars Olson Molde var gift med ei B(e)ritha, men vigsli deira er ikkje innført i Gulen.  Kan ogso dei vera komne innante fjorden?

 

Denne utfordringi i Gulen børjar no verkeleg å «løsna», og eg må på ny få takka so mykje for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag studert huslyden til Ole Aamundson og foreldri hans og har finne følgjande:

 

Aamund Asbjønson og Kirsti Trondsdotter gifte seg i Årdal 8.10.1730 og fekk i alle fall to søner:

 

* Ole Aamundson, døypt i Årdal 22.3.1732 - op. cit.

 

* Trond Aamundson, døypt Holen i Årdal 16.10.1735 - må vera identisk med den Trond Aamundson som 7.1.1764 gifte seg i Gulen med Ingeborg Johannesdotter Setenes: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/114

 

Truleg var ogso denne guten son deira:

 

* Johannes Aamundson, døypt Vandet i Årdal 5.7.1739 - kan henda identisk med den Johannes Aamundson som 2.1.1762 gifte seg i Gulen med Kari Olsdotter (eg finn ikkje denne vigsli i originalprotokollen...!)?

 

So me kjem nærare og nærare inn på denne huslyden!

 

Kanskje vert det etter kvart òg mogeleg å finna den endelege lagnaden (dødsfalli) til Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter - etter 1766 - kan henda i Gulen?  Hadde berre desse kyrkjebøkene vore lettare å lesa...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne utfordrande ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i kveld henta fram att drøftingi frå innlegg #2 og #3 om Ingeborg Arnesdotter som budde i Bergen.  Eg har nemlig oppdsga at soga hennar er noko meir omfattande enn det som kjem fram ovenfor:

 

Ingeborg Arnesdotter var nemlig enkje då ho 2.2.1769 gifte seg med matros Johannes Christianson frå Skuteviken.  Johannes var son av Christian Achersen og kona Engel Magnusdotter og vart døypt i Krosskyrkja i Bergen 2.9.1746.

 

Nærare gransking syner at Ingeborg gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 14.7.1754 med konstabel Anders Knudsen: https://media.digitalarkivet.no/view/8681/29

 

Dette parfolket budde òg i Skuteviken, og dei fekk sju born i lag, alle døypte i Krosskyrkja:

 

* Bertha Johanne, fødd 20.10.1754: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=9236&personpostnr=74580&merk=74580#ovre

* Arne Andreas, fødd 1.1.1756: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=9400&personpostnr=75868&merk=75868#ovre

* Bertha Johanne, fødd 30.3.1758: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=9714&personpostnr=78371&merk=78371#ovre

* Knut Andreas, fødd 11.4.1760: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=10011&personpostnr=80745&merk=80745#ovre

* Ingeborg Lise, fødd 28.5.1761: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011761kk&gardpostnr=67&personpostnr=529&merk=529#ovre

* Ingeborg Elisabeth, fødd 2.9.1762: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011761kk&gardpostnr=239&personpostnr=1905&merk=1905#ovre

* Lise Dorothea, fødd 8.3.1766: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011761kk&gardpostnr=707&personpostnr=5643&merk=5643#ovre

 

Ser me på fadrane til desse borni, kjem det att ei Anna Arnesdotter ved to av borni, i 1754 og 1758, og denne Anna gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 11.7.1756 med tambur Ole Olsen: https://media.digitalarkivet.no/view/8681/34

 

Ole og Anna fekk fem born, som alle vart døypte i Krosskyrkja:

 

* Arne, fødd 14.3.1757: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=9570&personpostnr=77221&merk=77221#ovre

* Torbjørn Ulrich, fødd 24.1.1759: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011686&gardpostnr=9837&personpostnr=79356&merk=79356#ovre

* Martha Olsine, fødd 27.3.1761: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011761kk&gardpostnr=35&personpostnr=274&merk=274#ovre

* Andreas, fødd 18.11.1765: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011761kk&gardpostnr=670&personpostnr=5346&merk=5346#ovre

* Johan, fødd 20.3.1768_ http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011761kk&gardpostnr=973&personpostnr=7769&merk=7769#ovre

 

Ser me på fadrane til desse borni, var Ingeborg Arnesdotter fadder på Torbjørn i 1759, medan andre mann hennar Johannes Christiansen var fadder på Johan i 1768.

 

Truleg er det Anna Arnesdotter som her er skrivi avlidi i 1786 i ein alder av 60 år, kona til Ole Olsen matros: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=31812&merk=31812#ovre

 

Skal me freista «analysera» desse opplysningane, må me vel kunna seia ganske sikkert at Anna og Ingeborg var søstrer.  Og ser me på barnerekka frå innlegg #1, ser me det er eit «sprang» på fire år mellom vigsli i 1723 og eldste kjende dotter i 1727, so Arne og Mette KAN godt ha hatt eit barn født kring 1724/1725!

 

MEN, det er to «element» eg ikkje liker:

 

** Ingen av søstrene kalla opp mor deira, Metta!

 

** Og søsteri Eli «Elen» Arnesdotter, som tydeleg òg budde i Krosskyrkjesokni, er ikkje ein einaste gong nemnd som fadder!

 

Spørsmålet er altso: Høyrer Anna og Ingeborg til huslyden som me leiter etter, borni etter Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter?

 

Eg ser namni Ingeborg og Anna Arnesdotter førekjem mellom anna i Kvam i Hardanger på den tidi...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har oppdatert manuskriptet mitt for huslyden til Arne Olson og Metta Ingebrigtsdotter for å skaffa oversyn over kva detaljar som framleis manglar, og manuskriptet ser no slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Arne Olson Molde, truleg frå Fivelsdal i Gulen, var i so fall son av gardbrukar Ole Hansson på Fivelsdal og f. i Gulen kring 1693.  Arne flytte i ung alder til Hafslo og gifte seg her 17.10.1723 med Metta Ingebrigtsdotter frå Skophammar under Kroken, f. kring 1697.  Arne var styrmann, og han og Metta busette seg i Solvornstrondi.  Her vart dei buande fram til midten av 1740-talet.

Men på 1740-talet flytte Arne Olson og kona Metta til Gulen der me finn dei att som busette på garden Molde. 

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1766)

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1766)

 

Me kjenner til fem born etter Arne og Metta:

 1. Britha Arnesdotter, døypt 20.3.1727,

Britha Arnesdotter flytte på 1740-talet med foreldri til Gulen der ho 17.4.1748 gifte seg med John Jensson frå Nordgulen.  Han var son av gardbrukar Jens Rasmusson på Nordgulen, opphavleg frå Byrknes, og første kona Britha Nilsdotter frå Neverdal og vart døypt i Gulen 31.7.1718.  John og Britha tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Nordgulen i Gulen, og derifrå vart Britha gravlagd 6.8.1783.  John vart gravlagd same staden 20.4.1791.  Dei fekk sju born i lag:

a. Jens Johnson, døypt i Gulen 8.1.1749, d. som kårenkjemann på Nordgulen 24.2.1832.  Han gifte seg i Gulen 9.7.1786 med Magdeli Hansdotter frå Li, døypt i Gulen 18.11.1754.  Ho d. som gardkone på Nordgulen 11.11.1819.  Jens og Magdeli tok over som gardbrukarar på Nordgulen etter foreldri hans og fekk tre born i lag.

b. Britha Johnsdotter, døypt i Gulen 26.7.1752, d. som hjusmannskone på Nyhammar 21.7.1827.  Britha gifte seg i Gulen 20.7.1803 med enkjemannen Nils Johnson, opphavleg frå Navdal, døypt i Gulen 5.7.1768.  Han d. som kårenkjemann påp Nyhammar 31.8.1839.  Nils hadde gift seg til Nyhammarberget under Nyhammar, og der vart ogso han og Britha buande som husmannsfolk levetidi ut.  Nils fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

c. Johannes Johnson, døypt i Gulen 14.5.1756, d. som husmann på Nordgulen 14.9.1817.  Han gifte seg i Gulen 19.4.1783

 

     ¤¤¤¤¤ (datoen frå bygdeboki – finn ikkje den originale vigsli!!)

 

     med Christi Thorsdotter frå eitt av nabobruki på Nordgulen, døypt i Gulen 16.12.1753.  Ho d. som enkje og legdelem på Nordgulen 19.5.1834.  Johannes og Christi var strandsitjarar på ein plass under Nordgulen i Gulen og fekk seks born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – seks born fødde i Gulen 1788-1800)

 

d. Metta Johnsdotter, døypt i Gulen 6.1.1760, vart gravlagd i Gulen 13.7.1760

e. Arne Johnson, døypt i Gulen 21.6.1761,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – bygdeboki seier: døydde før 1791!)

 

f. Rasmus Johnson, døypt i Gulen 23.10.1764, vart gravlagd i Gulen 13.1.1765

g. Rasmus Johnson, døypt i Gulen 4.12.1767, vart gravlagd i Gulen 27.12.1791, ugift.

 2. Inga Arnesdotter, døypt 1.5.1729,

Inga Arnesdotter flytte òg med foreldri i 1740-åri til Gulen der ho 12.11.1761 gifte seg med Ole Aamundson frå Lægreid i Årdal.  Han var son av husmann Aamund Asbjørnson på Vatnet under Lægreid, opphavleg frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans? – Lærdal? – sjekka bustaden hans i Årdal?)

 

og kona Kirsti Trondsdotter frå Hola under Hovland og vart døypt i Årdal 22.3.1732.  Ole og Inga var gardbrukarar på Molde i Gulen, kan henda på bruket der ho var oppvaksi, og

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans?)

 

Inga Arnesdotter vart gravlagd frå Molde 7.11.1792.  Ole og Inga fekk to døtrer i lag:

a. Kirsti Olsdotter, døypt i Gulen 29.1.1763,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – kan det vera ho som i 1801 tente på Skjerjehavn i Gulen?)

 

b. Metta Olsdotter, døypt i Gulen 7.12.1766, d. som kårenkje på Blomholmen 16.12.1826.  Metta gifte seg i Gulen 18.1.1796 med Iver Bendikson frå Hjertås, døypt i Gulen 14.7.1766.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet/gravferdi hans? – bygdeboki seier 1810! – finn ikkje!)

 

     Iver og Mette var gardbrukarar på Blomholmen i Gulen og fekk fire søner i lag.

 3. Ingeborg Arnesdotter, døypt 31.12.1731,

Ingeborg Arnesdotter flytte på 1740-talet med foreldri sine til Gulen,

 

¤¤¤¤¤ (flytte kan henda til Bergen – ?gift første gongen i Krosskyrkja 14.7.1754 med overkonstabel Anders Knudsen – som enkje attgift i Krosskyrkja 2.2.1769 med matros Johannes Christianson frå Skuteviken i Bergen, son av Christian Acherson i Bergen og kona Engel Magnusdotter –

(?døypt Hamre 2.4.1712 som dotter av Magne Lille-Hamer??) og døypt i Bergen 2.9.1746.  Ingeborg budde med båe ektemakar i Skuteviken der Ingeborg vart gravlagd etter barselseng

7.9.1769 – borni hennar:

       * Bertha Johanne, f. 20.10.1754, gravl. 28.12.1757 – fadd. Anna Arnesdotter !

       * Arne Andreas, f. 1.1.1756, gravl. (dtr.!) 5.7.1756

       * Bertha Johanne, f. 30.3.1758 – fadd. Anna Arnesdotter!

       * Knut Andreas, f. 11.4.1760, gravl. 21.7.1760

       * Ingeborg Lise, f. 28.5.1761, gravl. 9.6.1761

       * Ingeborg Elisabeth, f. 2.9.1762, gravl. 2.3.1763

       * Lise Dorothea, f. 8.3.1766 – konf. KK 1783 («hos Christiansen»!) – kommunik. KK 1790

       * Anna Engel, f. 20.8.1768

       Anna Arnesdotter var gift i Krosskyrkja 11.7.1756 med tambur Ole Olsen – ho gravlagd som matroskone 3.3.1786 – 60 år gamal – born:

       * Arne, f. 14.3.1757

       * Torbjørn Ulrich, f. 24.1.1759 – fadd. Ingeborg Arnesdotter

       * Martha Olsine, f. 27.3.1761

       * Andreas, f. 18.11.1765

       * Johan, f. 20.3.1768 – fadd. Johannes Christiansen)

 

 4. Eli Arnesdotter, døypt 29.8.1734,

Elen Arnesdotter flytte likeins med foreldri sine til Gulen og sidan til Bergen der ho arbeidde som hushaldar hjå kyrkjetenaren i Krosskyrkja.  Ho d. ugift i Bergen 10.3.1809, men vart gravlagd i Gulen.

 5. Metta Arnesdotter, døypt 22.2.1739,

Metta Arnesdotter flytte nok òg med foreldri sine til Gulen i 1740-åri,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld Ingeborg Arnesdotter og den eventuelle søsteri Anna i Bergen er eg framleis svært usikker på om dei høyrer med til denne huslyden; difor er opplysningane om dei so «kryptisk» innskrivne.  Kanskje kan nokon finna sikrare opplysningar oim opphavi deira?

 

Elles er det lagnaden til Arne og Metta som framleis står «i fokus» i lag med ein del andre detaljar frå Gulen.  Kyrkjebøkene for Gulen er nok ikkje 100%, og særleg trur eg det manglar ein del gravferder, men eg er ganske so sikker på at både Arne og Mette samt svigersonen Ole Aamundson må vera avlidne i Gulen, truleg alle i perioden 1766 til 1778...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å kartleggja denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei Lars

 

Du finner vielse til Johannes Jonson nesten nederst på s. 71b i Gulen Mini A13 1776 - 1787. 

 

Denne kirkeboken har eg transkribert, og vielsen rett før og rett etter finner man ved å søke i de transkriberte dataene. Vielsen til Johannes var med i den listen som ble sendt til Digitalarkivet, men den må ha forsvunnet på en eller annen måte. Skal sjekke dette med de rette personene der.

 

Johannes fikk syv barn - fem sønner (Jon, Lars, Hans, Lars og Thor) og to døtre (Brithe og Mari).

 

Hilsen Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegget!

 

Eg slo opp i den nemnde kyrkjeboki på nemnde side og finn TRULOVINGI 19.4.1783 til Johannes Jonson og Kirsti Thorsdotter Nordgulen: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/72

 

Men etter å ha blatt igjennom mestedelen av 1783 finn eg ikkje sjølve vigsli deira!  Kan det tenkjast at dei «gløymde» å føra denne inn?  Eg har fleire tilfelle frå Hafslo der berre trulovingi er ført i kyrkjeboki, og den gongen var det jo trulovingi som var den viktigaste hendingi av dei to...!

 

Du Terje, om du er «lokalkjend» i kyrkjebøkene frå Gulen, du har vel ikkje tilfeldigvis vore  borti dødsfalli til Arne Olson og kona Metta Ingebrigtsdotter, til dottersonen Arne Johnson eller til svigersonen Ole Aamundson ?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.