Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Larsson Hauge (1842) oig kona Gunnhild Torkildsdotter (1848) - til Amerika i 1869, men kvar budde dei, og kva skjedde med Sjur?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Etter stor suksess med John E. Dahl og opphavet hans våger eg meg på «neste etappe» i denne huslyden.  Er me heldige, går det like greitt...?

 

Sjur Larsson Hauge, fødd i Luster 8.2.1842, gifte seg i Luster 22.10.1868 med:

 

Gunnhild Torkildsdotter Hauge, fødd i Luster 15.6.1848.

 

Dette parfolket utvandra til Amerika med ein son våren 1869:

 

* Lars, fødd i Luster 13.12.1868.

 

To brør av Sjur, Ole L. Hauge (1829-1903) og Lars L. Hauge (1837-1894) var utvandra før og budde i Dane Co., WI, men Lars flytte kring 1869 vidare til Worth Co., IA

 

Etter mine opplysningar fekk Sjur og Gunnhild ei dotter etter dei kom til Amerika:

 

* Andrea, skal vera fødd i Dane Co., WI 2.2.1871

 

So skal Sjur vera avliden, rimelegvis i Dane Co., WI kring 1872(?), og Gunnhild flytte til Vernon Co., WI der ho i 1876 gifte seg att med John E. Dahl.

 

Dei to borni etter Sjur og Gunnhild voks opp med stefaren John og skreiv seg sidan ERICKSON (Louis Erickson og Andrea Erickson Akervold).

 

Eg har søkt etter Sjur og Gunnhild i FT1870 for Wisconsin, men finn dei berre ikkje!

 

Spørsmåli mine er følgjande:

 

** Er det mogeleg å finna denne huslyden i FT1870?

 

** Er det mogeleg å finna ein dåp for dotteri Andrea i 1871?

 

** Og endeleg, let det seg gjera finna lagnaden/dødsfallet til Sjur Larson (Hauge) kring 1872?

 

Hjarteleg takk på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De eneste som jeg syns ligner noenting i det hele tatt i 1870 er Lewis (!) Lewison, 27, med kone Guneld, 21, og sönn Lewis, 1 (f. i WI!).

De er listet efter Ole Lewison 42 med kone Annie 35 og barnene Lewis, 7, Sophia, 6, og Nels, 3. (barn f. WI, voksne f. Norge)

 

(Dane county, WI)

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibeke for eit fantastisk innlegg!  Du har finne Sjur og Gunnhild i 1870, og dei budde hjå broren Ole i Westport township, Dane Co., WI, som på den tidi tydeleg kalla seg for Lewison!

 

Då er det første spørsmålet løyst!

 

Kanskje han er kalla Lewison ved dødsfallet òg?

 

Nok ein kjempetakk for framifrå opplysningar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.