Gå til innhold
Arkivverket

Hans Knutson Tippen på Eid i Nordfjord, fødd kring 1670 - kven var kona hans og kva born hadde dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #18013 frå det gamle brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/103757-18013-hans-knutson-paa-tippen-i-eid-nordfjord-1701-kven-var-kona-hans/?hl=tippen), som eg har jobba med i mange år!

 

Me veit følgjande:

 

FT1701 for garden Tippen i Eid syner som ein av oppsitjarane denne karen:

 

* Hans Knutson, 31 år med

* Ole Hansson, 2 år son hans

 

I tillegg til sonen Ole hadde Hans minst ein son til:

 

* Knut Hansson, som i 1730 gifte seg første gongen i Eid med Bertha Isaksdotter Lemmichen (https://media.digitalarkivet.no/view/8768/47).  Dei flytte til Bergen, og Knut vart opphavsmann til ætti Norenberg, mellom anna i Sogn.

 

Dessuten hadde truleg Hans Knutson ogso denne dotteri (jmf. innlegg frå Odd Brede i det gamle emnet):

 

* Anna Hansdotter, gift 3.1.1734 med Ingebrigt Johannesson Lie

 

Til tross for iherdig leiting har det so langt ikkje vore mogeleg å finna ut kven Hans Knutson Tippen var gift med, og heller ikkje veit me om fleire born i denne huslyden.

 

Kan henda er det komme ny kunnskap sidan emnet var oppe til drøfting sist?  Det ville gleda meg svært so mykje, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Rune for nye interessante innlegg!

 

Det var rett nok fleire bruk på Tippen, men Josef Hansson kan godt vera ein son av «vår» Hans Knutson!  Eg veit det ikkje...

 

Derimot er nok den Hans Knutson Tippen, som døydde i 1741, utan tvil «vår» Hans!

 

Eg er takksam for alle nye «brikker» som kjem på plass om denne utfordrande huslyden og takkar på ny for alle gode tips!

 

Eg vonar framleis at det vil dukka opp eit dokument, til dømes i ei tingbok eller i ein skifteprotokoll, som vil skaffa eit godt oversyn over denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Josef Hansen er fra Hjelmeland, se skifte i 1748. Der er ingen skifter i Eid eller Hornindal som omtaler denne fam,, Hans Knudsen Tippen hadde 2 døttre til, Else Hansdatter gm Anders Ellingsen på Tippen, døper et barn Kari i 1741 og da er Hans Knudsen fadder og ligeså en Kari Hansdatter Tippen er også fadder til samme barn, trolig da søster til Else. Skulle gjerne ha vist om noen vet fra hvilken gard Anders Ellingsen kom fra?, der er ikke oppgitt noen gard ved vielsen i 1737. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner dødsfallet til en Kari Olsdatter Tippen, 76 år, i 1758 - f.ca. 1682 - men kanskje litt i "yngste laget" for å være kona til Hans Knudsen Tippen? 

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=gr14431741&gardpostnr=691&personpostnr=691&merk=691#ovre

 

Sogn og Fjordane fylke, Eid, Stårheim, Hornindal i Eid, Ministerialbok nr. A 2 (1741-1769), Kronologisk liste 1758, Side 101
Permanent bilde-ID: kb20070503620589
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Rune og Grethe for nye spennande innlegg om denne huslyden!

 

Det er verkeleg frustrerande ikkje å kunna finna ut meir om denne huslyden på og frå Tippen, men noko sleg meg:

 

Det finst i indre Sogn fleire militære lister over «ungt mannskap» frå tidleg 1700-tal der me får eit etter måten godt oversyn over alle mannlege personar som budde på dei ulike gardane, mellom anna ei liste frå 1714 og ei frå 1718, båe ordna etter matrikkjelgardar.  Finst det kan henda liknande lister frå Nordfjord?  Me veit jo ikkje ein gong den nøyaktige alderen til Knut Hansson (Nordberg)!?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden og vil ikkje la vera å vona at noko vil dukka opp, før eller sidan...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002229045

Elias Hansen Tippen, gift 1738 med Birthe Ebbesdtr, Aure i Sykkylven.

På MyHeritage er han oppgitt født 1704 i Eid, far oppgitt som Hans Knutson Tippen.

Han er oppgitt død i 1783 i Sykkylven, skal også ha vært gift med en Johanne Johannesdtr. Sætre.

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner ingen forbindelse til Hans Knutsson Tippen i boka "I Kongens Tjeneste". De som er nevnt der fra Tippen er Hans Mogensen, Knud Steffensen, Ole Isaksen, Peder Steffensen samt Knud Rasmussen fra Ytre Tippen.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002229045

Elias Hansen Tippen, gift 1738 med Birthe Ebbesdtr, Aure i Sykkylven.

På MyHeritage er han oppgitt født 1704 i Eid, far oppgitt som Hans Knutson Tippen.

Han er oppgitt død i 1783 i Sykkylven, skal også ha vært gift med en Johanne Johannesdtr. Sætre.

 

Birthe introdusert i 09.10.1740 etter dødfødt drengebarn:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/303/py00000000058263

 

Og i 1742 etter dødfødt pigebarn:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/303/py00000000058527

 

Birthe døde i 1744, 43 år gammel:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001863174

 

Enkemannen Elias giftet seg på nytt i 1745:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000002229917

 

Birthe, 1745

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000010633037

 

Anna Christina, 1747

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000010634661

 

Anna Chirstine døde i 1747

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001863595

 

Johannes, f. 1749

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000010634661

 

Dødsfallet til enkemann, sersjant Elias Hansen i 1783

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001849053

 

Kona Johanne døde i 1779: 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/267/pg00000001848926

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. og Rune for nye spennande og interessante innlegg!

 

Det er heilt tydeleg at Elias Hansson høyrer til huslyden «vår» frå Tippen, so då er endå ein son komen «til rette»...  Eg ser av FamilySearch at Elias Aure i Ørskog hadde minst tre born:

 

* Bertha Eliasdotter, døypt i Ørskog 23.5.1745

 

* Anna Christine Eliasdotter, døypt i Ørskog 17.9.1747

 

* Johannes Eliasson, døypt i Ørskog 3.8.1749

 

Ser ein på desse namni, skulle ein nesten tru at dette alle var born av andre ekteskapet med Johanna Johannesdotter?  Og ganske riktig:  Dei to vart gifte i Ørskog 10.1.1745!

 

Med omsyn til boki «I Kongens Tjeneste» er rekruttane der for «gamle» til å vera born av Hans Knutson Tippen; den einaste me i beste fall kunne venta å finna, er eldsteguten Ole Hansson.  Me lyt nok inn i dei gamle mannskapslistene, og dei er, so vidt eg veit, ikkje digitaliserte...  Eg trur dei fleste ligg i Statsarkivet i Bergen...  Kanskje ein eller annan har høve til å sjekka dette?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

 

Redigert: Og medan eg har sete med dette spørsmålet, er det kome ei ny flott melding frå Grethe der ho har finne dei same opplysningane (og litt fleire) om Elias Hansson som eg har skissert overfor.  Hjarteleg takk,Grethe!  Dette var tankeoverføring!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anders Elingson Tippen og Else Hansdtr. døyper 15. juli 1741 dottera Kari.

Faddera er; Hans Knutson (morfar?). Ant er det den same som er gravlagd 17.09.1741

                    Ole Hansson (morbror?)

                     Kari Hansdtr Tippen (mormor el morsyster?)

                    Johanna Andersdtr. Tippen

                     ? Lien 

Oppattkallingsreglane var på den tid; 1. son oppkalla etter farfar og 1. datter etter mormor. Og oftast  same namn.  Mor til Else Hansdtr. kan ha heitt Kari og kan vere den Kari som er fadder.

                     

Rune!

Iflg. bygdeboka "Eid og Hornindal" utg 1953. bygsla Anders Elingson (- død 1772 - 63 år) bruk nr 4 på Tippen/ no Haugland i 1737. Meir står ikkje om han. Ny bygslar på bruket i 1741.

-------------

NB! Bremanger har fått ny bygdebok!


 

Endret av Sol Høydalsvik Ulvestad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er vel kanskje vielsen til sønnen Ole Hansson, Tippen i Eid 1725.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vi14431722&gardpostnr=61&personpostnr=227&merk=227#ovre

 

Ole Hansson Tippen/Løken ble gravlagt 02.07.1766. Det er skifte etter ham prot. 15a side 121b 1766.1770. Enken Margrethe Jonsdtr. ble gravlagt fra Løken 20.07.1775.

 

De hadde bl.a sønnen Peder Olsen Tippen død før 1766 som etterlot seg datteren Margrete gift med Ivar Rasmusson, og sønnene Johannes Olsson og Hans Olsson.

Endret av Rune Thorstensen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sol og Rune for nye interessante innlegg om Else og Ole, to av borni etter Hans Knutson Tippen.  Om Kari Hansdotter, fadder i 1741, var mormor eller moster, skal eg ikkje ho noki meining om...

 

Elles vonar eg framleis at militære kjelder kan skaffa oss supplerande opplysningar om sønene...  Og kven veit; kanskje er desse Hansborni frå Tippen nemnde i eitt eller annan skifte etter ein ukjend morbror eller farbror?  Kanskje på Sunnmøre?

 

Eg takkar på ny for alle framifrå innspel i denne debatten og tenkjer at det framleis er «von i hangande snøre»!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som har lege stille det siste halve året.

 

For å «rekapitulera» lite vetta, so leiter me altso etter opplysningar om:

 

Hans Knutson Tippen, fødd kring 1665/1670, gravlagd frå Tippen 17.9.1741, då oppgjeven vera 76 år, 2 veker og 4 dagar gamal, men «berre» 31 år gamal i 1701.  Kona hans er ukjend, men dei ser ut til å ha hatt minst seks born:

 

** Ole Hansson, fødd kring 1699, gravlagd 2.7.1766, trulova i Eid 25.12.1725 med Margretha Johnsdotter (sjå innlegg #14)

 

** Knut Hansson, fødd kring 1702(?), gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 28.5.1748, gift 1ste gongen i Eid 7.5.1730 med Bertha Isaksdotter (Lemmichen), flytte til Bergen og gifte seg att der 14.6.1741 med Gjertrud Andersdotter Sundby - stor etterslekt!

 

** Elias Hansson, fødd kring 1704, døydde i Sykkulven i 1783, gift 1ste gongen i Sykkulven 19.10.1738 med Bertha Ebbesdotter Aure, sidan attgift i Sykkulven 10.1.1745 med Johanna Johannesdotter - stor etterslekt!

 

** Anna Hansdotter, fødd ??, gift i Eid 3.1.1734 med Ingebrigt Johannesson Lie

 

** Elsa Hansdotter, fødd ??, trulova i Eid 1.1.1738 med Anders Ellingson, budde på Tippen i 1741

 

** Kari Hansdotter, fødd ??, budde på Tippen i 1741

 

Eg vonar framleis på at det på eitt eller anna tidspunkt skal dukka opp fleire opplysningar om denne huslyden på Tippen og takkar igjen for alle gode tips og freistnadar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.