Gå til innhold
Arkivverket
Aase R Sæther - Gloppen

Gloppen SF: Ola Pederson Hope si kone nr 3 og 4

Recommended Posts

Aase R Sæther - Gloppen

Ola Pederson Hope i Hyen bør vere fødd rundtom 1665 dersom vi skal tru på alderen i 1701-manntalet - 36 år. Det fyrste ekteskapet vi veit om, er i 1696, då han gifter seg med Lisbet Nilsdtr Rygg, som eg kjenner bakgrunnen til, så ho er ikkje tema her. Det er skifte etter henne i 1709, og ho etterlet seg 4 born - Peder, Malene, Sølvei og Anne.  Han gifter seg igjen i 1710 med Ingeborg Larstdr Hope, som eg også kjenner bakgrunnen til. Ho får i alt 3 born, men ingen av dei overlever henne, så skiftet i 1713 er barnlaust. 

 

Så kjem det fyrste problemet: Ola Pederson får eit barn i 1715, utan at det er registrert noka vigsle. Kyrkjebøkene er uvanleg gode på denne tida, så eg vil dermed tru at han har funne kona, Ingeborg Olsdtr, ein annan stad enn i Gloppen. Eid og Davik var vanlege stader å leite etter kone for ein hyar, men han kan sjølvsagt også ha reist lenger. 

 

Denne Ingeborg døyr allereie i 1719, dessverre i den tida vi ikkje har skifteprotokollar, og hadde vi hatt eit skifte, hadde det truleg ikkje sagt oss noko meir, sidan ho etterlet seg ei dotter, Eli, som seinare blir gift til Vambeset.

 

Så då er spørsmålet: Er det nokon i nabobygdene som manglar ei Ingeborg Olsdtr som kan vere i høveleg alder til å få born i 1715 og 1718?

 

Det er eit stygt gammalt ordtak som seier at albogestøyt og enkjemanns-sorg går fort over. I alle fall gifter Ola seg på nytt i 1721, denne gongen med Kristi Rasmusdtr Andenes, og får 2 born med henne. Dottera Ingeborg overlever mora, og det vesle utdraget vi har frå skiftet, inneheld dermed ikkje noko om kvar Kristi kjem frå.

 

Eg har ei Sølvei Rasmusdtr Andenes som er gift til Devik, men ho må vere ein del eldre; alder ved død er oppgjeven til 60 år, men då har ho i så fall fått barn som 48-åring i 1690. Denne sonen døydde som spebarn, men det er dessverre ikkje noko skifte etter Sølvei, så vi får ikkje vite meir.

 

Er det nokon som har opplysningar om bakgrunnen til Kristi Rasmusdtr Hope, f. Andenes?

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

8. april i 1714 vert det vigd eit par i Davik der brura var Ingebor Olsdtr. frå Ytre Isane. Kva gardsnamn brudgommen Ole Pedersen har, er kanskje ikkje så lett å tolke, men det kan ha stått noko liknande som Hobe:

SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 1, 1710-1742, s. 38
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418630132
 

Fylkesarkivet sin database over vigde i S. & Fj. har Hove som gardsnamn medan det i den skanna avskrifta av kyrkjeboka står Holle.

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Hjerteleg takk! Ja, der står Hobe, ingen tvil! Eit stort hopp framover altså.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Når eg ser i bygdeboka på Ytre Isane, finn eg ein Ola Eirikson som døyr ca 1714 - kona skal heite Eli Pedersdtr, og den dottera som overlevde Ingeborg, heitte Eli....

 

Eg trur eg kan få svaret i dette skiftet, men det var så utruleg innvikla - er det nokon som vil vere med og lese?

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0005a: Skifteprotokollar, 1711-1713, s. 217b-218a

 
Der er i alle fall nemnt ei Ingeborg Olsdtr på neste side - det må la seg gjere å finne ut slektskapen her, men ei svært forkjøla "haud" set sine grenser i dag.
Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Nokolunde slik:

 

Christi sin halvbror Erik Olsen samt fullsystera Marrite Olsdatter er døde og Christi Olsdatter arvar etter desse:

 

*frå halvbroren Erik – 1/7 av 2 merker jordegods i Y. Isane samt 1/7 av løysøyre. (Erik sin formyndar var Christen Sigdestad)

 

*frå fullsystera Marit arvar ho 2/5 av 3/4 merker jordegods i y. Isane

 

Folio 218b fortel at avdøde Anne Olsdatter også hadde tre steborn kalla Anne, Ingeborg og Eli/Elen Olsdøttre. Som då tyder at dei er borna etter no avdøde Anne sin tidlegare avdøde mann Ole og han sin fyrste avdøde kone.

 

Desse er då fullsystrer av avdøde Erik Olsen, og, naturlig nok, halvsystrer av Christi Olsdatter og avdøde Marit.

 

I tillegg er dette nemndt som arv til Christi Olsdatter

frå mora avdøde Anne Olsdatter arvar Christi 5 3/4 merker smør i y. Isane (formyndar Ole Olsen y. Isane)

 

Frå faren i 1699: «Herforuden tilfaldt hende i Arf effter hendes Sahl Fader effter forrige Skiffteforetning af dato 9. Decembr. 1699 --> 3/4 merker i «hendes foreldres Brug i y. Isane

frå ei «fadersyster» 1 rd 4 ort frå lausøyre.

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk - men eg er så avgjort ikkje heilt med endå, det må vere forkjølelsen ;-)

 

Får studere litt nærare.. Meiner eg såg ein stad at Kristi er "syg" - stemmer det?

 

Det framgår også på slutten at Erik Olsen er ein "dreng" - og då kunne han vere identisk med den 3 år gamle Erik Olsson Ytre Isane

i 1701. MEN denne Erik har far i 1701....

 

 

Eg ser forresten at her er snakk om arv etter ei farsyster og, men namn er ikkje nemnt.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.