Gå til innhold
Arkivverket

Cecilia Halvorsdotter Espe - fødd i Jostedalen 1725 - døydde på Tune i Kyrkjebø 1785? - mannen Rognald Andersson og huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I Gards- og Ættesoga for Luster kommune, band V, Jostedalen, vart følgjande opplysningar prenta om barn #2 av gardbrukar Halvor Larsson på Espe (1692-1756) og første kona Martha Halvorsdotter frå Stokkanes i Luster (1689-1726) - her i oppdatert form med ei del konkrete spørsmål:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Cecilia Halvorsdotter, d.e., f. i Jostedalen kring 1725,

 

Cecilia Halvorsdotter gifte seg i Hafslo 17.1.1752 med Rognald Andersson frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksen?  - Nese i Arnafjorden, Vik?)

 

Han var son av

 

##### (foreldi hans? - gardbrukar Anders Rognaldson på Nese og kona Britha Knutsdotter frå Åse?)

 

og var fødd

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? - mars 1719?)

 

##### (yrke og bustadane deira? - 1753 plassfolk under Stedje i Sogndal, 1754 plassfolk under Vestreim i Sogndal - framleis i Sogndal 1756 - sidan (kva tid?) flytte til Tune nedre i Kyrkjebø?)

 

der Cecilia d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - kring 1785?)

 

Rognald vart gravlagd frå Tune 1.9.1799.  

 

##### (kor mange born fekk dei? - me kjenner til to døtrer):

 

a. Eli Rognaldsdotter, døypt i Sogndal 4.2.1753,

 

##### (tente mellom anna hjå enkja etter sorenskrivar Nansen på Kyrkjebø - bustad elles? - FT1801: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392002714)

 

og vart gravlagd frå Kyrkjebø i Lavik 1.6.1819, ugift.

 

b. Anna Rognaldsdotter, døypt i Sogndal 25.12.1754, vart gravlagd frå Selbøen i Kvamsøy 27.3.1817.  Anna kom i ung alder i teneste på Linde i Kvamsøy, Vik og gifte seg der 15.5.1780 med Ingebrigt Hansson frå

 

##### (kvar var han fødd/oppvaksen? - kring 1747? - kan henda døypt Kaupanger 30.5.1749 som son av Hans Mikkelson og Eli Ingebrigtsdotter Rusvig?)

 

Han tente òg på Linde på den tidi og vart gravlagd som husmann frå Brekke i Vik 10.10.1814. 

 

##### (yrke og bustad? - plassfolk på ein plass under Nesse indre i Kvamsøy - sidan plassfolk på ein plass (Selbøen?) under Brekke i Kvamsøy, Vik)

 

##### (talet på søner og døtrer? - minst fem!?)

 

##### (fleire born fødde av Rognald og Cecilia? - oppl.?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar at det no finst nye tilgjengelege kjelder som kan bidra med svar på ein del av desse opne spørsmåli og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ser at det i 1801 er ei Ragnhild Olsdatter i huslyden til Ingebrigt og Anne, bosatt på Brekke:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392001817

 

Ragnhild er deres datterbarn. I september 1800 blir det døpt ei Ragnilla utenfor ekteskap, med far Ole Sjursen og mor Cecilia Ingebrigtsdatter Brekke. Kan dette være samme Ragnhild som er datterbarnet til Ingebrigt og Anne?

 

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Fødte og døpte 1800, Side 118-119
Permanent bilde-ID: kb20070523640659
 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingebrigt og Ane på Næsset døper datteren Cecilia 20.04.1781. Jeg leser det til Næsset i alle fall....

 

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 4 (1772-1783), Fødte og døpte 1781, Konfirmerte 1781, Side 168-169
Permanent bilde-ID: kb20070523640559
 
Det kan vel stemme med det Lars skriver på starten av tråden:
 
"Anna Rognaldsdotter, døypt i Sogndal 25.12.1754, vart gravlagd frå Selbøen i Kvamsøy 27.3.1817.  Anna kom i ung alder i teneste på Linde i Kvamsøy, Vik og gifte seg der 15.5.1780 med Ingebrigt Hansson(...).  Han tente òg på Linde på den tidi og vart gravlagd som husmann frå Brekke i Vik 10.10.1814. 

 

##### (yrke og bustad? - plassfolk på ein plass under Nesse i (uthevet GF) indre i Kvamsøy - sidan plassfolk på ein plass (Selbøen?) under Brekke i Kvamsøy, Vik)"

 

 

 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner også denne dåpen i 1772:

 

Hans, uekte sønn av Ingebrigt Hansen og Anne Rognaldsdatter, begger fra Linde: 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=16991&merk=16991#ovre

 

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 4 (1772-1783), Kronologisk liste 1772, Side 14-15
Permanent bilde-ID: kb20070523640483
 
Er dette dine folk, Lars? Du skriver jo at Ingebrigt tjente på Linde en tid. Det står forresten ikke mye om Ingebrigt i bygdeboka. Den nevner kun datteren Botilde blant barna. 

post-541-0-59744800-1479324413_thumb.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger for ordens skyld inn lenke til f.t. 1801 for Vik - Ingebrigt og Anne:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392001816

 

Barn som er nevnt i 1801: 

 

Bothilda, født (beregnet) 1790

Hans, født (beregnet) 1797

Eli, født (beregnet) 1800 

 

Datteren Cecilia er kanskje hun som er tjenestejente på Nesse indre i 1801?

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392001713

 

Det ser dermed ut som Ingebrigt og Anne hadde fire barn i 1801. Hvis de fikk sin første sønn sammen i 1772, er det 28 år mellom Hans, født 1772, og Eli, født 1800. Hmmmm....!  <_<

 

Her er vel dåpen til yngstejenta Eli:

 

Sogn og Fjordane fylke, Hoprekstad, Hove, Kvamsøy, Kyrkjebø, Arnafjord i Vik, Ministerialbok nr. A 5 (1787-1820), Fødte og døpte 1801, Side 124-125
Permanent bilde-ID: kb20070523640662
 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jon for nye interessante innlegg!

 

Det er nok frå nemnde bygdebok at eg i si tid fann dette med at Ingebrigt og Anna fekk minst fem born, men avstanden er lang mellom desse borni!  Rett nok vart dei ikkje gifte før i 1780, men mellom Cecilia i 1781 og Bothilda døypt 8.2.1790 er det «god plass» til fleire.  Og når me ser at kyrkjebøkene ser ut til å mangla for Vik mellom 1783 og 1787, forstår me òrsaki...

 

Kanskje Jon finn ut noko meir om desse borni når han får studert dei nye bøkene frå Arnafjorden?

 

Elles har eg søkt litt etter opphavet til Ingebrigt Hansson og kan slå fast at han IKKJE var frå Rudsviki på Kaupanger.  Bygdeboki for Kaupanger har ein annan lagnad på nemnde Ingebrigt!  Kvar han då kan vera komen ifrå, er eit godt spørsmål...  Ein Ingebrigt Hansson var fødd på Klakegg i Jølster i 1750, medan to andre var fødde i Selje same året, men eg får liksom ikkje ei flytting frå desse stadane til Kyrkjebø heilt til å «rima»...

 

Noko «uvanleg» huslyd dette, men eg vonar det let seg gjera få brikkene so nokolunde på plass og takkar nok ein gong so mykje for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Kan Ingebrikt Hansson væra f. 1742 ? Der er far er Hans Botolfsen Stølås Lagmannsås f. 1701 d 1783 og mor er: Eli Sakariasdt f. 104 d. 1768 ?

--------

Sjå på "Slekt og Data", Slektsforum, Sogn og FJ, 2 damer frå Texas ... starta 8.10.2014.

Når du søkjer på innlegg 2 på Rogn (first name) og Nes (last name) får du fram 19 navn. Nr 10 er Rognald Andersen Nese f. mars 1719, gift 1752 m/ Cecilie f. ca 1725 d ca 1785 i Kyrkjebø. Rognald d på Thune, Kyrkjebø 1.9.1799.

 

Du ser då at det KUN er registrert 2 ongar til dtr Anna og Ingebrikt. Og du vil sjå at Botalda vært gift i 1837 m ekkjemannen Hans Torkelson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Kan Ingebrikt Hansson væra f. 1742 ? Der er far er Hans Botolfsen Stølås Lagmannsås f. 1701 d 1783 og mor er: Eli Sakariasdt f. 104 d. 1768 ?"

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=120161&merk=120161#ovre

 

 

Informasjon om Dorotea Hansd. Tingastad
i kyrkjebøkene, Sogndal prestegjeld

 

År 1731

Kyrkje  

Fødselsdato 7.1.1731

Dåpsdato ..

Førenamn Dorotea

Etternamn Hansd.

Ekte (e) - uekte (u) e

Far Hans Botolfs.

Far's bustad Tingastad

Far's yrke  

Mor Eli Sakariasd.

Mor's bustad  

Mor's yrke  

Merknad Far: Hans Bottolfsøn Støel.

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være skiftet etter Eli Sakariasdatter?

 

Sogn og Fjordane fylke, Ytre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 8b (1766-1772), Skifteprotokollside, Side 543b-544a
Permanent bilde-ID: sk20081124640163
 
Bottel, Zacharias, Ole og Ingebrigt, Dordei gift med Lasse Nyborg(?) og Anna. 
 
Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det har vore hektisk her dei siste dagane, men eg vil i kveld skunda meg og takka på det hjartelegaste til Jon og Grethe for dei siste innleggi frå torsdag!

 

Eg har ei kjensle av at me ikkje kjem so mykje lenger når det gjeld opphavet til Rognald Andersson.  Dei opplysningane som Jon nemner frå Slekt og Data, men som eg i farten ikkje er i stand til å finna att (kan henda ligg det nummeret i Noreg...), synest vera ganske so identiske med mine gamle opplysningar frå bygdeboki, so då er det kanskje eit spørsmål om kven som har kopiert kven...?  Det som eg lurte på, er om det finst noko i (den nye) bygdeboki for Arnafjorden som kan stadfesta dei nemnde opplysningane eller eventuelt retta dei opp?

 

Når det so gjeld opphavet til Ingebrigt Hansson, er ei mogeleg tilknytting til Lagmannsås i dåverande Leikanger (noverande Lærdal) svært spennande!  Mor hans heitte Eli og det heitte jo òg den yngste dotteri hans Ingebrigt på Brekke.  MEN, me skal ikkje gløyma at Cecilia og Rognald si eldste dotter heitte Eli, som vel var ei oppkalling etter stemori til Cecilia, Eli Andersdotter Aasen (1700-1740), som forresten òg er ei av mine eigne stammødrer!!

 

Ingen av dei to bygdebøkene som omhandlar Lagmannsås, Leikanger og Lærdal, kjenner lagnaden til Ingebrigt Hansson, men me veit at han levde so seint som i 1769, og han hadde dessutan to brør, Bottolf og Ole, som båe henta konene sine innante fjorden, ei frå Venjum i Hafslo og ei frå Hengesteg i Luster!

 

Eg TRUR dette er rett Ingebrigt, men kan ikkje prova det 100%!

 

Eg takkar på ny for kjempefijn hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Ættabokji frå 2008, skrive av G.Balvoll, nevner foreldra til Rognald Anderson f. 1719.

 

Side 358: Anders Rognaldson Nese 1676-1765 gift m/ Brita Knutsdtr Åse f ??? d. 1725. Anders vart oppattgift i 1727 og ongar der og.

 

-------

Det at du ikkje kjem inn i innlegget på S/D, Slektsforum, SF, Vik og så "2 damer frå Texas ......" det er underlig, for det er jo ei såkalla .com liste på engelsk.

 

Er du heilt sikker på at du har leita rette staden, Lars ? Eg gløymde vist kommune-navnet i innlegg # 8. Det er Vik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.