Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lars Iverson frå Eivindvik (Gulen) - borgarskap som meistersmed i Bergen 1761- var han verkeleg frå Gulen - eller var han berre (dels) oppvaksen der?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Borgarboki for Bergen syner at Lars Iversen frå Eivindvik 17.9.1761 fekk borgarskap i Bergen som meistersmed: http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bergensbbok&sideid=19&innhaldid=5&storleik=

 

Meistersmed Lars Iversen vart gravlagd frå 24. rode nr. 38, Krosskyrkja i Bergen 30.4.1789, 56 år gamal.

 

Lars gifte seg første gongen i Krosskyrkja 11.3.1764 (http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/327/pv00000000429776) med Anna Margrethe Bonnemand, som vart gravlagd frå Dreggen, Krosskyrkja 14.10.1774, 46 år gamal ( http://gda.arkivverk...merk=23520#ovre)

 

Desse fekk ein son i lag:

 

* Iver Christian, døypt i Krosskyrkja 9.9.1764: http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000005878835

 

Lars gifte seg som enkjemann i Krosskyrkja 12.11.1775 med Bertha Margrethe Pedersdotter Høyer (http://gda.arkivverk...merk=10465#ovre).  Ho vart gravlagd frå Krosskyrkja 16.12.1784, 28 år og 6 månader gamal (http://gda.arkivverk...merk=23963#ovre)

 

Dei fekk desse borni i lag:

 

* Anna Margrethe, fødd 27.2.1778, døypt i Krosskyrkja 5.3.1778, vart gravlagd frå Krosskyrkja 13.3.1778, 11 dagar gamal.

 

* Peder Paulsen, fødd 5.11.1779, døypt i Krosskyrkja 12.11.1779, vart gravlagd frå Krosskyrkja 2.11.1782, 3 år gamal.

 

* Lars, fødd 16.12.1781, døypt i Krosskyrkja 21.12.1781

 

* Gjertrud, fødd 1.10.1784, døypt i Krosskyrkja 8.10.1784, vart gravlagd frå Krosskyrkja 8.11.1784, 5 veker gamal.

 

Skifteakten for Lars Iversen frå 1789 syner at han då let etter seg to søner:

 

** Iver Larsen, 25 år, frå første ekteskap, i Hamburg - ser me ikkje noko meir til i Bergen...

 

** Lars Larsen, 7 år, frå andre ekteskap, i Bergen - er vel identisk med den Lars Larsen som i Undersøkjingskommisjonen 1804-1805 er nemnd her: http://gda.arkivverk...&merk=3668#ovre

 

So langt meistersmeden i Bergen, det meste teke frå eit tema eg la ut i Brukarforum i juni 2015: https://forum.arkivverket.no/topic/197087-meistersmed-lars-iversen-i-bergen-1733-1789-kven-var-han-kan-henda-fr%C3%A5-hafslo-i-sogn/?hl=%2Blars+%2Biverson+%2B%C3%B8yane#entry1709040

 

I dette gamle emnet har eg mistenkt meistersmeden for å vera døypt i Hafslo 7.4.1734 som son av dåverande gardbrukar på Øvrebø, seinare husmann på Loi under Kroken, Iver Larsson og kona Gjertrud Olsdotter.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ser me på kyrkjebøkene for Eivindvik (Gulen), finn me berre to «kandidatar» for ein Lars Iverson i so nokolunde nær alder:

 

~~~~~

 

Name: Lars Iversen

Gender: Male

Christening Date: 24 Oct 1728

Christening Place: , GULEN, SOGN OG FJORDANE, NORWAY

Father's Name: Iver Hansen Hougland

Mother's Name: Zirj Larsdr

 

~~~~~

 

Name: Lars Iversen

Gender: Male

Christening Date: 20 Oct 1730

Christening Place: , GULEN, SOGN OG FJORDANE, NORWAY

Father's Name: Iver Haveland

Mother's Name: Sophia Johannesdr

 

~~~~~

 

Ingen av desse finn me vigde i Gulen, men dei er vel båe litt i eldste laget for å vera meistersmeden «vår» i Bergen, særleg når avviket i alder går i den retningi!  Og namni til mødrene finn me heller ikkje att som oppkallingar...

 

Sidan det framleis er uklart om det verkeleg var Lars Iverson frå Hafslo som vart meistersmed i Bergen, rettar eg no spørsmålet i Brukarforum om nokon med lokal kunnskap i Eivindvik (Gulen) kan identifisera meistersmeden med opphavet sitt i den bygdi?

 

Kva seier bygdebøkene om dei to «kandidatane» ovanfor?

 

* Haveland, Gulen, band I, s. 484: Iver Bendikson Haveland døydde i 1739 og let etter seg fleire born, men lagnaden til sopnen Lars synest ukjend.

 

* Haugland finn eg ikkje som gard i Gulen, so den «kandidaten» kan eg førebels ikkje seia noko meir om...

 

Eg vonar på lokal bistand og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!  Eg vonar at opphavet til meistersmeden i Bergen endeleg kan «avslørast»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ser i FT1801 at garden Haugland ligg i Brekke sokn av Gulen prestegjeld, og dei bøkene har eg ikkje tilgjenge til.

 

MEN, eg ser at Iver Hansson og Siri Larsdotter på Haugland fekk fleire born, og neste barnet etter Lars, sonen Hans, vart døypt alt 15.1.1730, berre vel 14 månadar etter Lars, so då er det vel mykje som talar for at Lars døydde kort etter fødsli...?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om meistersmeden «frå Eivindvik»!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.