Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kvar vart det av Erik (1743) og Gjertrud (1753) - borni av Mons og Britha i Lundshaugen i Hafslo? - flytte til ytre Sogn eller Bergen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har i mange år spekulert på denne huslyden og lagnadane til enkja og dei to borni her (utdrag av manuskriptet mitt frå garden Lunde i Hafslo):

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Mons Erikson Lundshaug, frå Melheim, var f. kring 1707 og d. som husmann i Lundshaugen 16.6.1763.  Han gifte seg 28.10.1742 med Britha Pedersdotter frå Berget under Fet.  Ho var f. kring 1712.  Mons og Britha tok over som plassfolk i Lundshaugen frå kring 1742 og budde her i alle fall so lenge Mons levde.

       Britha Pedersdotter ser ut til å vera fari frå bygdi etter ho vart åleine, men

 

       ##### (lagnaden hennar? - dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

   Mons og Britha fekk to born i lag:

 1. Erik Monsson, døypt 15.9.1743, vart konfirmert i 1776, 33 år gamal.

Erik Monsson ser ut til å vera faren frå bygdi etter 1776, men

 

##### (den seinare lagnaden hans?)

 

 2. Gjertrud Monsdotter, f. kring 1753, levde på Melheim i 1763.

Gjertrud Monsdotter fekk i 1763 John Rasmusson på Åbølle i Årdal til formyndar, og kanskje flytte ho dit på same tidi, men

 

##### (den seinare lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som det går fram av dette emnet (https://forum.arkivverket.no/topic/204702-n%C3%B6tten-johannes-o-hersvik-og-inger-m-vaulen-solund-sfj/), trudde eg ei «stakka» stund at Erik Monsson kunne vera identisk med den Erik Monsson som 13.6.1779 gifte seg i Gulen med ei Orlaug Olsdotter og som døydde på Tverranger i Gulen, gravlagd der 28.7.1781, 40 år gamal.  Men då sistnemnde Erik visstnok skulle ha ei søster med namn Inger, stemmer nok ikkje det....

 

Kvar kan det då ha vorte av Erik og vetlesøsteri Gjertrud?  Og kva med mori Britha?  Kanskje hamna dei i Bergen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Eg vil gjerne få leggja til følgjande: Ifølgje fattigregisteret for Hafslo fekk rik MNonsson fattigstøtte i 1764 «til skolegang og kost».  Han var då 21 år gamal!  Kan han ha vore på ein «spesialskule» til dømes i Bergen?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Legger for ordens skyld inn skiftet (fra de gamle nettsidene til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane): 

 

Namn arvtakar: Mons, Erichsen 

Gard: Lunde, nr.:3

Husmannsplass: Haugen

Yrke: Huusmand

Skipreide: Marifjøra

Protokoll/side: 7b-541

Datering: 1762-1768

Dato: 18.7.1763

Eiga: 80 Dalar, 3 ort, 2 skilling

Gjeld: 73 Dalar, 1 ort, 5 skilling

Netto: 7 Dalar, 1 ort, 13 skilling

Merknad:  

 

Personar i skiftet :
(1) Erich Monssen 20 Aar Søn
(2) Giertrud Monsdatter 10 Aar Datter
(3) Boets gjeld Kreditor
(4) Joen Aabølle Aardahl Formynder for Giertr
(5) Torchild Anderssen Hauge Lyster Kurator for Erich
(6) Brithe Pedersdatter Enken

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Gjertrud Mogensdtr, busett på Hauge, vært konfirmert 2 aug 1772 i Luster. 18 år gamal.

 

Sjå Luster 1731-1803, s 220.

-----

At broren er 33 år då han er komformert var veeeeldig gamal konf alder. Er sjølvmord eit alternativ. Og er det å finna i Luster på nettet ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for å attgje skiftet etter Mons Lundshaugen frå 1763, og ein skikkeleg stor takk til Jon for at du henta fram Gjertrud Monsdotter, konfirmert på Hauge i Luster i 1772.

 

Det finst ikkje noki Gjertrud Monsdotter fødd i Luster på den tidi, og når me veit at Torkild Hauge var «curator» for broren Erik, og John Rasmusson i Årdal i fleire år var gardbrukar på Bolstad, nabogarden til Hauge på hi sida av elvi frå Mørkridsdalen, før han flytte attende til Årdal, so er eg NESTEN overtydd om at du har finne den «rette» Gjertrud!

 

MEN, kvar vart det so av Gjertrud etter 1772?  Ho er i alle fall ikkje gift i Sogn og heller ikkje i Møre og Romsdal eller i Oppland, men kan ho vera flytt til Bergens-kanten?  Hjå FamilySearch ser eg fleire vigsler rundt Bergen som KAN vera aktuelle:

 

* Gjertrud Monsdotter gift på Askøy 5.11.1775 med Paul Erikson

 

* Gjertrud Monsdotter gift i Haus 16.6.1776 med David Andersson

 

* Gjertrud Monsdotter gift på Evanger 21.6.1779 med Tormod Olson

 

* Gjertrud Monsdotter gift i Hamre 5.1.1783 med Erik Janson

 

* Gjertrud Monsdotter gift i Hamre 13.6.1784 med Torsten Larsson

 

Kan det vera ei av desse??  Eg held ein liten knapp på ho på Askøy..., men diverre er det ogso FØDD Gjertrud Monsdotter på alle desse stadane i åri mellom 1730 og 1760, so kanskje dette berre er eit «skòt i blinde», som Grethe pleier å seia...

 

Om lagnaden til Erik Monsson er det vanskeleg å spekulera...

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.