Gå til innhold
Arkivverket

Martha Larsdotter - 25 år gamal tenestejente på Urnes i Hafslo i 1801 - kven var ho? - kan henda frå Davik i Nordfjord?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi har eg stått fast på i mange år, men no vil eg gjerne henta ho fram med von om at andre auge òg kan sjå på dette:

 

FT1801 for Urnes i Hafslo har mellom anna ei tenestejente som heitte Martha Larsdotter på 25 år:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058397002018

 

På same tid tente det ein Mons Nilsson på Urnes, som òg var 25 år gamal (sjå same side!).  Han vart døypt i Luster 27.7.1777 som son av Nils Monsson og Christi Olsdotter, sidan plassfolk i Kreken under Urnes!

 

Mons og Martha gifte seg i Hafslo 2.11.1801 og busette seg som husmannsfolk på ein plass Haugen under Urnes.  Dei fekk to søner Nils 1804 og Lars 1806, oppkalla etter dei to bestefedrene, og dessutan fekk dei fire døtrer før mori døydde i barselseng i 1818 med yngste dotteri:

 

* Elisabeth Monsdotter, fødd 1801

 

* Martha Monsdotter d.e., fødd 1811

 

* Christi Monsdotter, fødd 1814

 

* Martha Monsdotter d.y., fødd 1818

 

Yngste dotteri var oppkalla etter mori som då døydde, medan nestyngste dotteri var oppkalla etter mori hans, Christi Olsdotter!

 

Men kven var Elisabeth og Martha d.e. oppkalla etter??  Hadde mor hennar Martha eitt av desse namni?

 

Mons hadde ingen søsken med desse namni som kunne vore oppkalla....

 

Ei Martha Larsdotter Grov vart døypt i Hafslo 10.9.1775 og vart konfirmert frå Sjøtun i Hafslo i 1793 før ho forsvinn frå bygdi!  Ho hadde «passa» glimrande, var det ikkje for det at foreldri hennar heitte Lars og SIRI.  Og ingen søsken der heller som heitte Elisabeth eller ei Martha #2!

 

Som sagt, eg står fullstendig fast på denne utfordringi!  Martha Larsdotter synest ikkje vera fødd i Hafslo, men kvar kan ho vera kommi ifrå??

 

Eitt problem er at mange av fødselsregisteri frå denne perioden manglar namn på mødrene, som til dømes i Gulen, so kan henda vert dette som å leita etter den berømte «nåli»...!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Eg observerte denne Martha Larsdotter døypt i Davik 11.7.1776 som dotter av Lars Reinholdtson og Elisabeth då eg i aftes sat og søkte etter alternativ, men so har me det faktum at ei flytting frå Davik til Hafslo er høgst uvanleg, særleg på den tidi!  Kanskje det likevel er vel verdt å sjekka denne Martha litt nærare?  https://media.digitalarkivet.no/view/8750/155

 

Denne Martha Larsdotter er ikkje i Davik i 1801, og ho er heller ikkje gift i Davik!  MEN ei Martha Larsdotter Homberstad er konfirmert i Davik hausten 1790 - kanskje litt i yngste laget for å stå konfirmant på den tidi, om ho var fødd i 1776, men ein kan jo ikkje vera so sikker...?

 

Eg finn ikkje nokon Lars Reinholdtson gift i Davik, men derimot finn eg:

 

* Lars Andersson Gillesdal gift i Davik 12.6.1764 med Elisabeth Hansdotter Gillesdal - kanskje dette er foreldri? - https://media.digitalarkivet.no/view/8750/289

 

Merkeleg nok finn eg ikkje nokon referanse i det heile i Davik til namnet Lars Reinholdtson, so kanskje var dette ein person som berre kort var «innom» Davik?

 

Kanskje ein eller annan med detaljkunnskap om Davik kan supplera med fleire detaljar om denne huslyden?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Lars Reinholdtsen har eg ikkje vore bort i tidlegare. Reinholdt er eit namn som ikkje har vore i bruk i Davik så langt eg veit.

Det kan godt være at Lars Reinholdtsen og kona var eit par som var innom Davik ein kort periode og reiste/flytte vidare til eit anna prestegjeld.

Eg ser av faddarane at dei er heimehøyrande på nordsida av Nordfjord (m.a. Aarsnes og Nore) så truleg har dei hatt tilhald i det område.

Ikkje noka stor hjelp frå meg, men meint som ei orientering.


 

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har studert litt meir på denne huslyden i Davik og finn at Lars Andersson og Elisabeth Hansdotter i 1801 er busette på Gildal i Davik som innerstfolk (kårfolk?) hjå sonen Ole: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058407000214

 

FamilySearch syner at Lars og Elisabeth hadde desse borni:

 

* Hans Larsson, døypt 9.7.1765

 

* Anders Larsson, døypt 2.2.1767

 

* Ole Larsson, døypt 2.6.1768

 

* Lars Larsson, døypt 26.10.1771

 

Då Martha Larsdotter vart døypt i 1776, står det ikkje noko gardsnamn, og som far er oppgjeve Lars Reinholdtson.  Og ser me på alderen til Elisabeth i 1801, ville ho ha vore om lag 50 år gamal då Martha kom til verdi.  Eg er meir og meir overtydd om at Martha IKKJE høyrer til huslyden på Gildal.  Samstundes trur eg òg at Lars Reinholdtson og kona hans IKKJE har vore heimehøyrande i Davik, men at dei berre var «innom» der for ei kort tid.  Reinholdt-namnet tyder jo ganske sterkt nettopp på det"!

 

Eg vil forresten nemna at det i 1793, samstundes med konfirmasjonen av Martha Larsdotter Grov i Hafslo på 16 år, vart konfirmert ei:

 

Martha Larsdotter Hougen - ogso ho 16 år gamal.  Dette KAN vera ho som sidan vart gift med Mons Nilsson, men om ho òg var dotter av Lars Reinholdtson og kona Elisabeth, kan vera eit stort spørsmål...?

 

 

Denne Lars Reinholdtsen har eg ikkje vore bort i tidlegare. Reinholdt er eit namn som ikkje har vore i bruk i Davik så langt eg veit.

Det kan godt være at Lars Reinholdtsen og kona var eit par som var innom Davik ein kort periode og reiste/flytte vidare til eit anna prestegjeld.

Eg ser av faddarane at dei er heimehøyrande på nordsida av Nordfjord (m.a. Aarsnes og Nore) så truleg har dei hatt tilhald i det område.

Ikkje noka stor hjelp frå meg, men meint som ei orientering.


 

 

Hjarteleg takk til Harald for innlegget som kom, medan eg skreiv mitt!  Det høyrest ut som me er samde når det gjeld denne Lars Reinholdtson, at han ikkje var heimehøyrande i Davik, so då ert det store spørsmålet:

 

* Kven var Lars, og kvar vart det av han og Elisabeth?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette innlegget legg eg inn både i dette emnet og i emnet om Lars Reinholdtson og huslyden hans:

 

Eg har i ettermiddag vore i kontakt med Jonny Lyngstad i Eide og likeins med Arnvid Lillehammer i Stavanger om denne ætti, og det som synest klart er følgjande:

 

Lars Reinholdtson og Elisabeth Cathrine Alexandersdotter ser ikkje ut til å ha hatt fleire born enn sonen Reinholdt i 1775 og dotter Martha i 1776.  Reinholdt forsvinn, og lagnaden til Martha er òg ukjend.  Men Elisabeth synest vera avlidi, for kring 1780 tek Lars til å reisa i lag med ei Martha Pedersdotter, og dei får to born, Grisilla og Bertha, både fødde på Sørlandet.  Lars hadde på den tidi bevilling til å reisa som hesteskjerar i Mandal og Lister amt, men flytte so til Skedsmo der yngste dotteri Bertha d. i 1783.  Grisilla var avlidi før.

 

Etter 1783 ser me ikkje noko meir til Lars Reinholdtson nokon stad, so truleg er ogso han avliden på 1780-talet.  Kva som skjedde med Martha Pedersdotter er uråd å seia...

 

Me sit altso att med spørsmålet om kvar det vart av dotteri Martha Larsdotter, og når me ser at ho i ekteskapet med Mons Nilsson først fekk ei dotter Elisabeth og so Martha FØR dei kalla tredje dotteri opp etter farmori Christi, ligg det svært nær å tenkja seg følgjande:

 

Martha Larsdotter budde i lag med foreldri og sidan i lag med faren og stemori, og kan henda har ho kalla opp, først mori og sidan stemori, etter ho gifte seg.  Kan ho vera kommi til Hafslo i lag med stemori?  Eller er ho kommi i teneste eller som fosterbarn på Urnes etter faren døydde?

 

Eit faktum synest heilt klart:

 

* Martha Larsdotter fødd i Davik er absolutt for tidi det mest aktuelle alternativet for Martha Larsdotter på Urnes i Hafslo!

 

Er det nokon som har fleire tankar og tips kring denne saki, tek eg gjerne imot!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ifg " Bygdebok for Kjølsdalen Krins" utg. 2010 var Elisabet Hansdtr og Lars Anderson brukar av  br. 1 på Gillesdal.

Dei hadde 4 gutar, 3 døde som barn. Den 4. tok over garden etter foreldra. - Marte Larsdtr. må ein leite vidare etter!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sol for nytt innlegg om huslyden på Gillesdal.

 

Me hadde vel forsovidt slått fast at Martha Larsdotter neppe kunne vera frå Gillesdal, men det var kjekt å få dette endeleg fastslått av ei lokal bygdebok!  Eg er vel meir og meir overtydd om at Lars Reinholdtson verkeleg var far hennar Martha som kom til Hafslo...

 

Eg takkar på ny for god hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.