Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

SF, Gloppen: Jacob Lasseson og Anne Antonsdtr. Hyenes - når og kvar døydde dei?

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Jacob Lasseson   var f. 1731 på Hyenes i Gloppen  gift 1753 med Anne Antonsdtr.  f. 1731 på Kvitenes i Gloppen.

 

I bygdeboka er det oppgjedd at Jacob Lasseson døydde 1801, men eg finn han korkje i kyrkjeboka for Gloppen eller i skifteregisteret for Nordfjord.  Det same gjeld kona Anne Antonsdtr. 

 

Borna som er registrerte er:

 

- Lasse gift til Solheim i Gloppen

- Anne overtok bruket i Hyeneset

- Anton gift på Maurstad i Davik

- Cecilie som vart gift til Hestenes 

 

Ein kunne kansje tenke seg at foreldra flytte til sonen Anton på Maurstad og døydde der, men dei er ikkje å finne i kyrkjeboka for Davik heller.

 

Er det nokon som har løysinga på kvar dei har teke vegen. Kva er kjelda til bygdeboka for Gloppen sin påstand om Jakob døydde 1801?

 

 

Her er paret busett i Hyeneset ved FT-1801

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011445&gardpostnr=22&personpostnr=601#nedre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Eg trur det er ein glipp - død ETTER 1801, skulle det stått. Eg finn heller ingen av dei døde, men det er skifte etter dottera Anne i 1817, og då må begge vere døde, elles hadde dei vore arvingar (barnlaust skifte).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Mange takk Aase!

 

Vi får skrive det på kontoen for "glipp frå presten" at dei ikkje er innførte i kyrkjeboka, men det var svært merkeleg at dei begge har vorte utegløymde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Ja, for så vidt, men det er nokre år like etter 1800 at presten slurvar nokså mykje. Eg har også tenkt at dei kan ha døydd ein annan stad, men finn ikkje noko.

 

Sjå td på 1806 - her er registrert 30 døde, 70 færre enn fødde.

 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 5, 1785-1815, s. 155

 
I 1807 er han oppe i 46 døde, 48 færre enn fødde.
 
SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 5, 1785-1815, s. 161
 
Går vi tilbake til den forrige presten, har vi i 1799 heile 60 døde, berre 31 færre enn fødde.
 
SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 5, 1785-1815, s. 107
 
Eg har vanskeleg for å tru at denne variasjonen er reell. 
 
 
 
Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.