Gå til innhold
Arkivverket

Lars Reinholdtson gift med Elisabeth - fekk dotteri Davik i Nordfjord i 1776 - kven var dei? - omstreifarar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det vart 11.7.1776 registrert ein barnedåp i Davik i Nordfjord for Martha, dotter av Lars Reinholdtson og kona Elisabeth: https://media.digitalarkivet.no/view/8750/155

 

Reinholdt-namnet er heilt ukjent i Davik, og finst knapt i fylket i det heile på 1700-talet, so dette har truleg vore folk «på vandring»!  Ein Peder Reinholdtson budde i Gloppen på same tid - ein bror??

 

Men kven var dei, kvar kom dei ifrå og kvar vart dei av?

 

Eg meiner å hugsa at Reinholdt-namnet førekjem i ei av omstreifarættene frå Nordvestlandet; kan Lars ha vore av den ætti??

 

Denne utfordringi kjem som resultat av opplysningar lagde fram i dette emnet der eg søker opphavet til ei Martha Larsdotter som KAN vera dotteri til Lars Reinholdtson og kona Elisabeth: https://forum.arkivverket.no/topic/205305-martha-larsdotter-25-%C3%A5r-gamal-tenestejente-p%C3%A5-urnes-i-hafslo-i-1801-kven-var-ho-kan-henda-fr%C3%A5-davik-i-nordfjord/

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  Ein Peder Reinholdtson budde i Gloppen på same tid - ein bror??

 

 

 

Peder Reinholdtson Vibdorph på Eide i Gloppen er ein av mine forfedrer.

 

Han var son til klokkaren i Gloppen, Reinholdt Kristenson Vibdorph  og andre kona Dorthe Pedersdtr. Honningdal busette på Eide i Gloppen. Reinholdt Kristenson hadde ingen barn med namn Lars, så eg kan ikkje sjå nokon samnaheng mellom desse to.

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En Lars Reinholtsen viet 12/5 1775 med Lisbet Cathrina Alexandersdt i Vatne

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 525/L0371: Ministerialbok nr. 525A01, 1699-1777, s. 53

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070903620197

 

Kalles omvandrene ved sønnens dåp i 1775

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/255/pd00000002923229

Endret av Anne Tonby
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Harald og Anne for interessante kommentarar!

 

Då er det med andre ord fastlagt at Lars Reinholdtson var av «dei reisande», og ved eit enkelt søk i arkivi i Brukarforum finn eg mellom anna desse gamle innleggi:

 

* Endre Holten skriv 13.8.2005:

 

Om Reinholt Caspersen og hans etterkommere kan du lese det meste i Bygdebok for Eide, bind 3, side 189, og i bind 2 side 314 og videre utover. Deichmanske Bibliotek har bøkene til utlån.Mvh. Endre.

 

* Jonny Lyngstad skriv 18.8.2005:

 

I siste hefte av Norsk Slektshistorisk Tidsskrift - bind XL - hefte 1 - s. 55 - 86, har Arnvid Lillehammer en svært god, veldig god, artikkel kalt: 'Grisilla og folket hennar.' Her kommer han sjølsagt borti Reinholtfolket og deres etterkommere og har en masse henvisninger.Ellers anbefaler jeg på det sterkeste det jeg har skrevet både i Eidebøkene og i Eideminna. Bøkene og hefta finnes både på Riksarkivet og på Deichmanske.Jeg regner med at enda mer dukker opp etter hvert som vi graver oss ned i denne materien.

 

(Båe dei siste innleggi er saksa frå det gamle brukarforum tema 32008: https://forum.arkivverket.no/topic/117587-32008-eide-reinholdtctta-nordmoere/?hl=reinholdt

 

* Bjørn Eide skriv 8.9.2005 følgjande:

 

Hei Jon. Takk for opplysningene, noe hadde jeg fra før. Kjente barn til Nikolai Henriksen og Marta Reinholdtsdatter: 1.Birtha (Berit) Henrica f. 1772 i Eikefjorden døpt 28.juli 1772 i Bremanger SF2. Martha døpt 24.07.1774 Kornstad kirke, Averøy MR Døde trolig tidlig.3. Ane døpt 01.09.1776 Tynset kirke. død 1777 Bøler. Begr. 27.04.1777 Skedsmo kirke4. Petternella (Pernille)f. 26.mars 1778 døpt 8.april 1778 Lesja5. Henrik Nikolaisen f 1780 Løkken, Hemsedal døpt 20.aug. 1780 Nes6. Grisilla Nikolaisd. født 1782 Nedre Telemark døpt i drangedal 20.02.1782 Drangedal7. Lars Nikolaisen f 1787 Haramsøy døpt 30.juni 1787 Haram MR8. Marta Nikolaisd. f 1791 Sølsnes døpt 08.03.1791 Veøy kirke MR9. Her er det Ane Nikolaisdatter født på reise ca 1793/94 hvis teorien vår holder stikk10. Casper Reinholdt døpt 27.09 1795 Lesja kirke begr. 09.10.1795 Lesja kirke. Håper noen kan bidra med opplysninger om familien

 

(Saksa frå det gamle brukarforum tema 32483: https://forum.arkivverket.no/topic/118050-32483-reisendefolk-anne-nikolaidatter-f-ca-1793-94-kofirmert-1812-i-oeksendalen-1812/?hl=reinholdt)

 

Det finst sikkert fleire innlegg som omtalar denne huslyden, men so vidt eg kan forstå, må Lars Reinholdtson vera ein son av den nemnde Reinholdt Casperson!?

 

Dette høyrest ut som ein skikkeleg spennande huslyd, men me har enno ikkje noko prov for at Martha Larsdotter er identisk med ho som flytte til Hafslo!!?

 

Eg takkar igjen for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette innlegget legg eg inn både i dette emnet og i emnet om opphavet til Martha Larsdotter:

 

Eg har i ettermiddag vore i kontakt med Jonny Lyngstad i Eide og likeins med Arnvid Lillehammer i Stavanger om denne ætti, og det som synest klart er følgjande:

 

Lars Reinholdtson og Elisabeth Cathrine Alexandersdotter ser ikkje ut til å ha hatt fleire born enn sonen Reinholdt i 1775 og dotter Martha i 1776.  Reinholdt forsvinn, og lagnaden til Martha er òg ukjend.  Men Elisabeth synest vera avlidi, for kring 1780 tek Lars til å reisa i lag med ei Martha Pedersdotter, og dei får to born, Grisilla og Bertha, både fødde på Sørlandet.  Lars hadde på den tidi bevilling til å reisa som hesteskjerar i Mandal og Lister amt, men flytte so til Skedsmo der yngste dotteri Bertha d. i 1783.  Grisilla var avlidi før.

 

Etter 1783 ser me ikkje noko meir til Lars Reinholdtson nokon stad, so truleg er ogso han avliden på 1780-talet.  Kva som skjedde med Martha Pedersdotter er uråd å seia...

 

Me sit altso att med spørsmålet om kvar det vart av dotteri Martha Larsdotter, og når me ser at ho i ekteskapet med Mons Nilsson først fekk ei dotter Elisabeth og so Martha FØR dei kalla tredje dotteri opp etter farmori Christi, ligg det svært nær å tenkja seg følgjande:

 

Martha Larsdotter budde i lag med foreldri og sidan i lag med faren og stemori, og kan henda har ho kalla opp, først mori og sidan stemori, etter ho gifte seg.  Kan ho vera kommi til Hafslo i lag med stemori?  Eller er ho kommi i teneste eller som fosterbarn på Urnes etter faren døydde?

 

Eit faktum synest heilt klart:

 

* Martha Larsdotter fødd i Davik er absolutt for tidi det mest aktuelle alternativet for Martha Larsdotter på Urnes i Hafslo!

 

Er det nokon som har fleire tankar og tips kring denne saki, tek eg gjerne imot!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Mykje vatn har runne i Sognefjorden (og andre stadar) sidan dette emnet var oppe til debatt, men eg ønskjer i dag å komma med ei oppdatering av status slik EG trur det må ha vore:

 

Lars Reinholdtson, son av hesteskjerar Reinholdt Casperson og første kona Berit Larsdotter, var rimelegvis fødd kring 1750 eller kort etter og voks opp på ein plass ved nausti under Hovdenakken i Bolsøy, no ein del av Molde.  Han gifte seg i Skodje, Borgund 12.5.1775 med Elisabeth Cathrine Alexandersdotter som då gjekk under namnet Stangvig, men som elles er av ukjent opphav.

 

Lars og Elisabeth fekk to born i lag:

 

* Reinholdt Larsson, døypt i Borgund 9.7.1775

* Martha Larsdotter, døypt i Davik 11.7.1776.

 

Kort etter den siste fødsli må Elisabeth Cathrine vera avlidi, og snart etter tok Lars Reinholdtson til å reisa i lag med ei Martha Pedersdotter, og dei fekk to døtrer, medan Lars hadde bevilling til å reisa som hesteskjerar i Mandal og Lister amt.  I 1783 var dei komne til Skedsmo, men det er det siste me ser til dei.  Dei fekk to døtrer i lag, men båe døydde som born.  Me trur at ogso Lars døydde kort tid etter.

 

Når me ser på dei to barnedåpane refererte over, er det vel rimeleg å tru at Reinholdt døydde kort etter fødsli, men derimot er lagnaden til Martha heilt òpen. 

 

So er det at ei Anna Larsdotter, fødd kring 1735, brått dukkar opp på Urnes i Hafslo der ho 16.10.1780 gifte seg med Peder Jørgenson Børtnes, døypt i Hafslo 26.12.1755.  Dei vart plassfolk på Røykhaugen under Urnes i Hafslo der Anna vart gravlagd 10.3.1815, 80 år gamal.  Peder var 20 år yngre og overlevde Anna med 30 år; han døydde på Urnes 8.1.1845.  Dei fekk ikkje born i lag, men Anna hadde med seg ei lita jente til bygdi:

 

* Martha Larsdotter, fødd kring 1776, vart konfirmert frå Røykhaugen i Hafslo i 1793, 16 år gamal, og var 25 år gamal tenestejente på Urnes i 1801:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058397002018

 

På same tid tente det ein Mons Nilsson på Urnes, som òg var 25 år gamal (sjå same side!).  Han vart døypt i Luster 27.7.1777 som son av Nils Monsson og Christi Olsdotter, sidan plassfolk i Kreken under Urnes!

 

Mons og Martha gifte seg i Hafslo 2.11.1801 og tok over som plassfolk på Røykhaugen etter Peder og Anna.  Dei fekk to søner Nils 1804 og Lars 1806, oppkalla etter dei to bestefedrene, og dessutan fekk dei fire døtrer før mori døydde i barselseng i 1818 med yngste dotteri:

 

* Elisabeth Monsdotter, fødd 1801

 

* Martha Monsdotter d.e., fødd 1811

 

* Christi Monsdotter, fødd 1814

 

* Martha Monsdotter d.y., fødd 1818

 

Yngste dotteri var oppkalla etter mori som då døydde, medan nestyngste dotteri var oppkalla etter mori hans, Christi Olsdotter!

 

Men kven var Elisabeth og Martha d.e. oppkalla etter??  Hadde mor hennar Martha eitt av desse namni?

 

Mons hadde ingen søsken med desse namni som kunne vore oppkalla....

 

Eg TRUR at Elisabeth og Martha d.e. er oppkalla etter Elisabeth Cathrine Alexandersdotter og Martha Pedersdotter, dei to «kjærestane» til Lars Reinholdtson!  Mori døydde kort etter fødsli, og Martha har truleg som barn opplevd Martha Pedersdotter som stemor før ho kom til Hafslo med Anna Larsdotter.  Ho kan sjølvsagt òg vera kommi til Hafslo noko seinare etter at far hennar og kanskje ogso Martha Pedersdotter var avlidne!?

 

So er spørsmålet: Kan Anna Larsdotter ha vore ei slektning av Martha?  Farmor til Martha heitte Berit Larsdotter, og teoretisk kunne Anna godt vera ei yngre søster av ho?  Kanskje er det nokon med god kunnskap om desse omstreifarættene i Møre og Romsdal som kan bidra med eit svar på dette?

 

Eit anna spørsmål i same samanhang: Er det mogeleg å seia noko meir konkret om opphavet til Elisabeth Cathrine Alexandersdotter (Stangvig)?

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand som kan bidra til ei løysing av desse kjempeutfordringane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.