Gå til innhold
Arkivverket

Martha «Marit» Olsdotter (Bagge) (1674-1762) - frå Urnes i Hafslo til Skjesvold i Vågå - biografiske opplysningar om ektemakane hennar -bygdebok Vågå?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden har vore drøfta fleire gongar før, sist med ei oppdatering i dette emnet frå sist vinter: https://forum.arkivverket.no/topic/200435-ole-skuleson-bagge-p%C3%A5-urnes-i-hafslo-1631-1710-og-dei-seks-borni-hans-med-greiner-til-ma-%C3%A5rdal-l%C3%A6rdal-v%C3%A5g%C3%A5-og-bergen-utfordrande-%C3%A6tt/?hl=skjesvold

 

Status er uendra frå den gongen:

 

~~~~~~~~~~

 

 3. Martha Olsdotter, f. i Hafslo kring 1674.

Marit Olsdotter flytte rimeligvis som tenestejente til Vågå i Gudbrandsdalen og gifte seg truleg der

 

¤¤¤¤¤ (år for vigsli? – før 1740!)

 

med enkjemannen Knut Arneson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?)

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og truleg f. i Vågå kring 1663.  Han gifte seg første gongen

 

¤¤¤¤¤ (detaljar kring første vigsli med Marit Rasmusdotter – leveår m.m.?)

 

Knut var gardbrukar på

 

¤¤¤¤¤ (tidleg bustad? – kvar budde han i 1723?)

 

men han og Marit Olsdotter flytte sidan til Skjesvold nordre i Vågå der Knut d. ?.9.1749.  Marit gifte seg 19.7.1753 att i Vågå med enkjemannen Thore Johnson frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hans?).

 

Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)

 

og f.

 

¤¤¤¤¤ (fødselsåret hans?)

 

¤¤¤¤¤ (opplysningar om første ekteskapet hans?)

 

Thore hadde før vore gardbrukar på Holen i Vågå, men flytte med Marit til Skjesvold søndre der Marit d. ?.4.1762.  

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad for Thore? – dødsfallet hans?)

 

Marit fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Knut hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt, medan Thore hadde

 

¤¤¤¤¤ (kor mange?)

 

born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~

 

Eg står fullstendig «i stampe» når det gjeld desse ektemakane til Marit, men kanskje er det nokon som kan bidra med detaljar?  Har bygdeboki for Vågå noko å bidra med?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes ett skifte etter Knud Arnesen iflg, FS

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q233-T7C6

 

 

Skifte er her (folie 810b) men  må overlate til andre å lese det.

SAH, Nord-Gudbrandsdal tingrett, J/Ja/L0001a: Skifteprotokoll, 1732-1751, s. 810b-811a
 
 
Bare for å bekrefte vielsen til Tore Jonsen. Trolovet 13. jan./ viet 19. jul- - 1753
SAH, Vågå prestekontor, Ministerialbok nr. 1, 1739-1810, s. 103
 

 

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tatt en kikk på skiftet etter Knut Arnesen Skeidsvoll. Det var tydeligvis en litt komplisert skifteforretning først og fremst pga. at arvelater bare hadde én livsarving, nemlig Ingeborg Knutsdatter, og at hennes 2. mann Jon Christensen, som nå var død, i 1731 (på vegne av Ingeborg) hadde gitt avkall på all arv etter Knut Arnesen og hans første kone, Marit Rasmusdatter. Jeg fant ingen opplysninger som kunne fortelle noe om Knut Arnesens opphav, men jeg har ikke sett grundig på selve boet med kreditorer og debitorer.

 

Likevel fant jeg én nyttig opplysning. Det står nemlig i et sitat fra et eldre dokument "... Knud Arnesøn og Marit Olsdatters parter efter Guds Forsiun og Behag givet os i ægteskab tilsammen udj Aaret 1719 og da givet ver andre(?) i Morgengave 150 rd." Da har vi i alle fall året for dette litt overraskende giftemålet mellom Marit fra Sogn og Knut Arnesen som trolig var fra Vågå(?).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif og Knut for interessante innlegg!

 

Dette med giftarmålet mellom Marit og Knut i 1719 meiner eg heilt sikkert å ha lese om ein eller annan gong, men eg er ikkje i stand til å seia kvar eller i kva samanhang.  Kanskje har eg sett på dette skiftet ein gong før?  I so fall er det lenge sidan...  No ville eg sjå på det ein gong til, men Knut kom meg i forkjøpet, og når først han har sett på dette skiftet, tvilar eg sterkt på om det er so mykje meir ǻ henta ut av det!

 

Elles mener eg òg eller annan stad å ha lese om ein del konfliktar i samband med skiftet etter Marit sjølv og då gjaldt det Thore Johnson.  Han var vel ein del yngre enn Marit og gifte seg kan henda med ho for å få tilgjenge til garden på Skjesvold?  Det burde vel stå noko om dette i bygdeboki for Vågå?  Eller lyt ein kanskje inn i pantebøkene?

 

Eg har ei kjensle av å stå på ein avgrunn når det gjeld tilfang av opplysningar frå Vågå, men vonar at einkvan kan hjelpa meg komma vidare med denne huslyden!

 

Eg takkar på ny so mykje for framifrå bistand!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er skifte etter Tore Jonsens hustru Marith Olsdatter

 

Skiftekort.

SAH, Nord-Gudbrandsdal tingrett, J, 1658-1900, s. 11777
 
Skifte.
SAH, Nord-Gudbrandsdal tingrett, J/Ja/L0002a: Skifteprotokoll, 1752-1764, s. 737b-738a
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdebøkene for (Sel og) Vågå har dessverre ikkje opplysningar om slekt.

Mogleg du kan finne meire på Nasjonalbiblioteket (tilgang berre for Norske ip-adresser) i denne boka; 

Tittel:

 

Eg finn denne informasjonen om Thore Johnson på Geni (må verifiserast sidan kjeldene ikkje er nemnt): 

 

Marit gifte seg 19.7.1753 att i Vågå med enkjemannen Thore Johnson frå Holen f. 1692

 

Han var son av Joen Holen f.ca 1670.

 

Gift med Anne Jonsdotter f.Sønsteng, ca.1696-1744.

 

Thore hadde før vore gardbrukar på Holen i Vågå, men flytte med Marit til Skjesvold søndre der Marit d. ?.4.1762.  

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad for Thore? – dødsfallet hans?): 1765

 

Marit fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men Knut hadde ei dotter frå første ekteskapet sitt, medan Thore hadde

 

¤¤¤¤¤ (kor mange?): 8 barn frå første ekteskapet sitt;

Guri 1713-1783, g.m. Arne Andersson Myrom f.1724

Marit f.1721

Rønnaug f.1723 g.m. Erik Olsson Svare

Jon 1725-1776 g.m. Rønnaug Olsdotter f.1731

Kari 1726-1804 g.m. Jon Olsson søre Svare (1722-1807)

Anna Dorthea f.1731

Lars (Haugen) 1737-1825 g.m. Kari Johannesdotter f.Haugen 1749-1794

Anne 1740-1793 g.m. Christen Jonsson Uleberg (1726-1783)

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif og Kåre for interessante og spennande innlegg.

 

Skiftet etter Marit Olsdotter på Skjesvold, som er eit heilt «studium» i seg sjølv, har vore tema for eit tidlegare emne i Brukarforum og er vel kjent for å innehalda mange spennande fakta om søskeni til Martha «Marit» og borni deira.

 

Derimot var det heilt nye opplysningar som no dukka opp om Thore Johnson.  Eg stoler rett nok ikkje 100% på kva som kjem fram på GENI, men eg finn i kyrkjeboki for Vågå at:

 

Tore Jonssen døydde i juni 1765, 73 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/9247/203

 

Då er fødselsåret hans sett til kring 1692, og i mangel av ei konkret bygdebok for Vågå vil sikkert gamle matriklar eller skattelister kunna stadfesta at det var ein John som budde på Holen før Thore kom dit...?

 

Eg ser forresten òg i kyrkjeboki for Vågå at:

 

Anne Joensdtr. Hoelen, 48 år, døydde i august 1744: https://media.digitalarkivet.no/view/9247/32

 

Kan henda finst det òg eit skifte etter denne Anna som kan stadfesta at ho var gift med Thore Johnson...?  Og at dei hadde åtte born...?

 

Då børjar brikkene i denne huslyden etter kvart å falla på plass, men eg er framleis særleg oppteken av følgjande spørsmål:

 

** Kvar kan Knut Arneson ha vore ifrå?  Og kvar budde han og Marit i 1723 (prøvematrikkelen)?

 

Eg meiner eg ein gong har sett på denne prøvematrikkelen frå 1723, og der er IKKJE Knut nemnd på Skjesvold!?  Og denne «morgongåvi» frå 1719 nemnd i skiftet etter Knut frå 1749 seier vel ikkje noko om KVAR dei gifte seg, berre at det var i 1719!

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for eit nytt spennande innlegg!

 

Eg har freista finna dette skiftet frå 1720, men kan ikkje sjå noko til det på pag. 279b der det skulle ha vore: https://media.digitalarkivet.no/view/25156/287

 

MEN, utan å ha lese skiftet, lurer eg på om ikkje denne Anna Johnsdotter kan vera ei kone #1 til Thore Johnson og mor til eldste dotteri Guri, f. 1713?  Det er tydeleg 8 år mellom denne Guri og neste barnet Marit, f. 1721.  Kanskje hadde Thore verkeleg to koner med same namn?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har sett på noen kilder som kanskje kan kaste litt mer lys på Marit Olsdatters første(?) mann, Knut Arnesen. Lars skriver at Knut ikke er nevnt på Skeidsvoll i matrikkelutkastet fra 1723, men det er han nok. Det var to bruk på Skeidsvoll, og de er av en eller annen grunn ført forskjellige steder i matrikkelen, - som løpenr. 37 og løpenr. 80. Sistnevnte bruk er "opsidderen Knud Arnesen tilhørig med bøxel". https://media.digitalarkivet.no/ma20090817640054

 

Panteboka viser at dette Skeidsvoll-bruket var "handelsvare" noen år før:

  • 21. sep. 1720: Lars Pedersen Lyen, Ole Iversen Lunde, Endre Jacobsen Østrem og Rønnaug Jonsdatter Blessum solgte 1 hud i dette bruket til Iver Johannessen Kvarberg for 60 rd
  • 21. sep. 1720 (samme dag): Iver Johannessen Kvarberg solgte hele bruket med skyld 1 1/2 hud videre til Torstein Eriksen for 90 rd.
  • 26. feb. 1721: Torstein Eriksen Skeidsvoll solgte bruket til Nils Bårdsen(?) for 90 rd.
  • 5. mars 1721: Nils Bårdsen(?) Skeidsvoll solgte bruket til "Erlig og velfornumstige Knut Arnesen" for 90 rd.

Siden de to siste eierne har Skeidsvoll som del av navnet, må vi vel tro at de bodde der. Spørsmålet blir derfor hvor Knut og Marit bodde før 1721? Det kan være verdt å skumme gjennom skoskatten for Vågå fra 1711. Jeg synes å huske at den inneholder personnavn på alle brukere, husmenn og tjenere. Dessverre er den visst ikke tilgjengelig på nettet for tiden.

Endret av Knut Bryn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for eit nytt interessant innlegg om denne huslyden på Skjesvold!

 

Eg tolkar opplysningane dine slik at Knut Arneson og Martha (Marit) Olsdotter flytte dit i 1721, men me har altso framleis ingen haldepunkt for kvar dette parfolket har butt før, og heller ikkje veit me kvar Knut og Marit Rasmusdotter budde.

 

Må dei ha butt i Vågå?  Eller kan ogso dei vera komne frå Sogn?

 

Skoskatten frå 1711 vil vel, som du òg seier, kunne vera til god hjelp...

 

Eg ser forresten i 1701 at ein Knut Arneson på 32 år var oppsitjar på Hovland i Vik.  Men han hadde ein son Ole Knutson på 1 år, so med mindre sonen døydde ung, er vel denne Knut Arneson likevel uaktuell...?

 

Eg takkar igjen for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for siste meldingi!

 

Då var altso Anna Johnsdotter frå 1720 ei «feilmelding», og eg kan setja strek over teorien min frå i aftes...  MEN, eg trur like fullt at dei sju borni som er nemnde som born av Thore Johnson, må ha vore frå to ekteskap...

 

Ein ny kjempetakk for hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har jeg tatt meg tid til å se på skoskatten for Vågå fra 1711. Disse skattelistene inneholder navn på brukere (noen bare med fornavn) og tjenestejenter og -gutter. Det er dessuten opplysninger om hvilken lønn tjenestefolket har. Det kan indikere noe om alder eller status.

 

På prestegården i Vågå var det hele 12 tjenestefolk. Som førstemann er oppført Knut Arnesen med en lønn på 4 rd. i penger og dessuten sko til verdi på 1 rd.

 

Dessuten fant jeg Ingeborg Knutsdatter som tjenestejente på Berge. Denne gården ligger på nordsiden av Vågåvann noen km vest for Vågåmo. Ingeborg hadde 2 sk. i lønn + klær til en verdi på 2 rd. 2 sk. Dette er forholdsvis lavt. En annen tjenestejente på samme gård hadde 1 rd. i rede penger og klær til en verdi av 2 rd 3 1/2 sk.

 

Det er selvsagt ikke godt å vite om dette er den Knut Arnesen som senere kom til Skeidsvoll og hans datter Ingeborg, men vi må vel likevel si at disse opplysningene er interessante.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.