Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Monsson (1840-1916) og Gunnhild Nilsdotter (1838-1919) - frå Sogn til Målselv/Tromsø/Vardø - dotter til Kirkenes - huslyden deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei direkte oppfølgjing av innlegg #7 frå tema #79301 i det gamle Brukarforum (https://forum.arkivverket.no/topic/164640-79301-johannes-monsen-solund-i-sogn/?hl=%2Bm%C3%A5lselv+%2Briise#entry1407179).

 

Nokre detaljopplysningar er nok komne til sidan den gongen, men fleire viktige detaljar manglar framleis, og dei hadde det vore kjempefint å få på plass før manusklriptet skal publiserast!  Eg attgjev eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Oppdatert etter nye opplysningar frå innlegg #2 og #3 nedanfor!)

 

Gunnhild Nilsdotter, f. 5.9.1838,

Gunnhild Nilsdotter flytte i 1859 til Solund og derifrå i 1864 vidare til Målselv der ho 7.1.1866 gifte seg med Johannes Monsson frå Lågøy i Solund.  Han var son av husmann Mons Hansson i Hagen under Lågøy, opphavleg frå Pollen, og kona Johanna Johnsdotter frå Utvær og f. i Solund 8.2.1840, men flytte likeins til Målselv i 1864.  Johannes var nokre år arbeidsmann og budde på Karlstad og Holmen i Målselv, men livnærte seg sidan som fiskar.  Han og Gunnhild budde frå kring 1870 i Tromsø, men flytte kring 1881 til Vardø der dei sidan budde levetidi ut.  Johannes d. som fiskar i Vardø 9.3.1916, medan Gunnhild d. som enkje på gamleheimen i Vardø 31.5.1919.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Kirstina Johannessen, f. i Solund 3.8.1863, d. på Karlstad i Målselv 12.11.1864.

b. Ingeborg Marie Johannessen, f. i Målselv 3.8.1866, d. i Kirkenes 30.6.1919.  Ingeborg gifte seg i Vadsø 31.10.1896 med Olaf Julius Evenson Riise, f. i Vadsø 2.4.1874.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – Kirkenes etter 1935?)

 

     Olaf gifte seg som enkjemann att i Sør-Varanger 10.6.1923 med Sigrun Eldbjørg Johansdotter Bakken frå Jarfjord i Sør-Varanger, f. i Sør-Varanger 3.7.1896.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – Kirkenes etter 1935?)

 

     Olaf Riise var fyrbøtar og sidan maskinist og budde først i Vadsø, men flytte kring 1912 med første kona Ingeborg til Kirkenes i Sør-Varanger.  Han fekk i alt

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Gunnar Johannes Riise, f. 30.5.1892 Stange, Hedm. - gift Bakklandet 20.9.1924 med Elvira Gretschel, f. Bergen 25.10.1904

            * Torodd Riise, f. 21.8.1897 Vadsø - d. 24.4.1953 gravl. Vestre Gravlund, Oslo med Lilly Johanne Riise (26.12.1898-27.4.1993)

            * Liv Bakken Riise, f. 7.2.1922 Kirkenes

            * Aase Bakken Riise, f. 24.9.1923 Kirkenes)

 

     born; av dei var to søner frå første ekteskapet med Ingeborg.

c. Nils Meyer Johannessen, f. i Målselv 4.3.1869, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – tydeleg d. barnlaus før 1916!)

 

     Nils gifte seg i Ibestad 23.9.1890 med Berit Helene Olsdotter frå Nautnes, Folvik i Ibestad, f. i Ibestad 23.10.1865.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1890/1891: fiskar og innerst Folvik i Ibestad – sidan?)

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl. Ole, f. Ibestad 25.1.1891, d. kort etter fødsli!)

 

                 d. Johan Kristian Johannessen, f. i Tromsø 24.9.1871, d. i Tromsø 18.5.1872.

e. Johanna Marie Johannessen, f. i Tromsø 1.8.1874, d. som enkje i Vardø 25.10.1951.  Johanna gifte seg i Vardø 31.10.1898 med Oluf Martin Karlson Lystad, f. i Vardø 14.4.1871.  Han d. i Vardø 6.9.1933.  Oluf Lystad var fiskar, og han og Johanna budde i Vardø levetidi ut.  Dei fekk tolv born i lag.

f. Olga Henriette Johannessen, f. i Tromsø 6.5.1876, d. i Vardø 23.10.1918.  Olga var sjukleg og budde i lag med foreldri sine levetidi ut.  Ho var ugift, men fekk ei dotter som d. kort etter fødsli.

g. Hjalmar Gunnerius Johannessen, f. i Tromsø 18.9.1879, var fiskar, men miste livet på fjellet mellom Porsanger og Svanholt 18.12.1900, ugift.

h. Julie Karoline Johannessen, f. i Vardø 17.6.1884, d. ugift i Vardø 18.2.1902.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar det let seg gjera finna svar på so mange som mogeleg av dei fire spørsmåli og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

c. Nils Meyer Johannessen, f. i Målselv 4.3.1869,

 

     ¤¤¤¤¤ (konf. Vardø 1884, ikkje n. 1900 – d. barnlaus før 1916! – lagnaden hans?)

 

https://media.digitalarkivet.no/view/3728/249

 

gift 23.9.1890 i Ibestad, med Berit Helene Olsdtr. f. 1865.

 

https://media.digitalarkivet.no/view/3728/19

 

en sønn Ole, født 25.1.1891, død før dåpen var bekreftet.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gunnar gift 1924 Bakklandet

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Sør-Trøndelag, 604/L0206: Ministerialbok nr. 604A26, 1917-1931, s. 140
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb10081112023144
 

1925 med hustru og svigerforeldre

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01063300071369

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk tll Lars J. og Carsten for spennande og interessante innlegg!  Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #1 med dei nye detaljane!

 

Då er med andre ord Nils Meyer Johannessen attfunnen som gift - i Ibestad, men til tross for iherdig leiting finn eg korkje Nils eller Berit Helene att i 1900 eller 1910!  Kvar kan dei ha vorte av??

 

Eg takkar på ny for kjempebra hjelp med denne huslyden og vonar på fleire fine oppdagingar!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har motteke ei melding om at Nils Meyer Johannesson og Berit Helene Olsdotter KAN ha utvandra til Amerika, og følgjande vigselsattest ligg føre hjå FamilySearch:

 

Name    Oscar J. Johnson
Event Type    Marriage
Event Date    08 Jun 1928
Event Place    Polson, Lake, Montana        
Age    27
Birth Year (Estimated)    1901
Father's Name    Nels M. Johnson
Mother's Name    Beret Olson
Spouse's Name    Edith F. Curtis
Spouse's Age    18
Spouse's Birth Year (Estimated)    1910
Spouse's Father's Name    Thomas J. Curtis
Spouse's Mother's Name    Isabella J. Appleby

 

Oscar J. Johnson påstås ogso i 1930 vera fødd i Illinois i 1901.  Han var bilmekanikar og budde levetidi ut i Kalispell, MT der han d. 19.5.1965.  Han og kona Edith fekk minst fem born i lag: Harold J (1930), George G (1932), Margaret A (1935), Thomas J (1937) og Nada F (1939).

Ein Oscar J. Johnson, 19 år, fødd IL med norskfødde foreldre, mekanikar, budde i 1920 på ein hærskule i Omaha, NE

MEN, so er det at FT1940 oppgjev alderen til Oscar Johnson til 49 år, og WW2 draft cardet frå 1942 syner at:

Oscar Johannes Johnson var fødd i Chicago, IL 23.6.1892.  Eg finn ogso fødselsattest for han i Chicago, IL med foreldre Nels M. Johnson og Beret Olson!

Her er denne huslyden i FT 1900 i Hyde Park township, Cook Co., IL:

JOHNSON, Nels  born Norway Jan. 1863
JOHNSON, Bertha  born Norway Dec. 1868
emigrated in 1891, married for 8 years, 3 children/2 living:
JOHNSON, Oscar  born IL June 1891(!)
JOHNSON, Anna  born IL Mar. 1895

Eg ser dei ikkje i 1910, men i 1920 bur Nels Johnson, carpenter, 58 years old, i Minneapolis, Hennepin Co., MN som enkjemann med dei to borni Oscar og Anna!

Eg ser at ein Nels M. Johnson ligg gravlagd attåt Oscar Johnson i Conrad cemetery, Kalispell, MT - rimelegvis er dette faren:
born June 16, 1861
died Aug. 16, 1937  in Coeur d’Alene, ID

Mykje stemmer dersom dette er «vår» Nils Meyer Johannesson, til dømes utvandringsår 1891, tre born derav eitt barn avlide før 1900 og sjølvsagt namnekombinasjonen Nels M. Johnson og Beret Olson.  Men so var det alderen…!  Der har me store avvik frå «vår» Nils Meyer Johannesson og Berit Helene Olsdotter!  Det hadde vore spennande å sjå dødsattesten til Beret…!

 

Kanskje er det nokon som her «ser» noko som eg har oversett?

 

Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld greve litt meir i denne huslyden frå innlegg #5 ovanfor, og nokre detaljar er komne til:

 

Då Nels M. Johnson døydde i Coeur d'Alene, ID 16.8.1937, er namnet hans skrive Nils M. Johnson, og som fødselsdato er oppgjeve 16.6.1869.  Han har m.a.o. eit fødselsår som stemmer mykje betre med «vår» Nils Meyer Johannesson, sjølv om datoen framleis har eit visst avvik!  Som foreldre er på dødsattesten oppgjevne John og Mary Johnson (altso IKKJE Gunnhild!)

 

Ein Nils M. Johnson, farmar i Pleasant Lake, ND, 40 år gamal, står på ein passasjerliste frå juni 1910 då han siglde frå Liverpool til New York, men det står noko om at han vart «naturalisert» i Clay Co., MN i 1899, so då kan det vel ikkje vera han...

 

Nels Johnson, som i 1920 var snikkar i Minneapolis, MN, er i Minneapolis, MN city directories verkeleg kalla Nels M. Johnson.  Han dukkar første gongen opp i Minneapolis, MN city directory i 1917 som «cabinet maker» (møbelsnikkar), medan han i 1920 er bygningssnikkar!  Han forsvinn frå Minneapolis, MN på same tid!

 

Eg har no bede om å få tilsend obituaries for både Nels M. Johnson og sonen Oscar J. Johnson, so kanskje finn me ut litt meir om opphavi deira...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg òg oppdaga at søsteri til Oscar J. Johnson òg ligg gravlagd attåt faren Nels M. og broren Oscar J. i Conrad cemetery, Kalispell, MT:

 

Anna B.Johnson

born Mar. 6, 1895 in Chicago, IL

died May 6, 1978 in Whitefish, MT

 

Obituarien hennar fortel at ho flytte til Montana i 1922 og arbeidde som «chef» på Glacier Park Hotel om somrene, medan ho arbeidde på vestkysten om vintrene.

 

Men, det er framleis eit stort spørsmål om Nels M. Johnson er identisk med «vår» Nils Meyer Johannesson...

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan!

 

Eg har nettopp hatt ein interessant telefonsamtale med ei dotter av Oscar Johannes Johnson, og ho hadde mykje spennande å fortelja meg:

 

Faren Oscar Johannes Johnson og fasteri Anna var fødde i Chicago, IL, men som «barn» reiste dei med foreldri attende til Noreg.  Dei skal ha busett seg på VEBLUNGSNES i Romsdalen der bestemori Berit døydde då sonen Oscar var 10 år gamal, d.v.s. kring 1902.

 

Nokre år etter ville faren Nils, som ifølgje kjelda mi i Amerika heitte Nils Martinus, senda son sin på skule for å verta lækjar.  Dette ville ikkje sonen, so far og son vart uvenar, og Oscar «stakk av» til Amerika.

 

I klokkarboki for Grytten - Grytten sokn, finn eg:

 

* Berit O. Gjerde, fødd 1868, døydde 23.12.1907 på Veblungsnes: https://media.digitalarkivet.no/view/6389/235

 

* Oscar Johannes Gjerde, fødd i Chicago, IL 23.6.1892, vart konfirmert i Grytten i 1907: https://media.digitalarkivet.no/view/6389/185

 

* Anna Borghild Gjerde, fødd i Chicago, IL 6.3.1895, foreldre Nils Gjerde og Berit Olsdotter, vart konfirmert i Grytten i 1910: https://media.digitalarkivet.no/view/2692/96

 

* Og her er endeleg prov på at dette ikkje er «vår» Nils Meyer Johannessen, frå Veblungsnes, Grytten FT1910: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036774000284

 

Dåpen til Nils Martinus i Norddalen 1861:

 

Name: Nils Martinus Johansen

Gender: Male

Birth Date: 16 Jun 1861

Christening Date: 04 Aug 1861

Christening Place: NORDDAL,MORE OG ROMSDAL,NORWAY

Father's Name: Jon Madsen

Mother's Name: Anne Marie Olsdr

 

So då er det «back to square #1»: Kvar vart det av Nils Meyer Johannesson og Berit Helene Olsdotter frå Ibestad??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at det vart klart at Nils Meyer Johannesson IKKJE er identisk med Nels M. Johnson i Amerika, går innlegg #5-8 ut, og status for dette manuskriptet er attende til manuskriptet frå innlegg #1.

 

Den store utfordringi her er soleis framleis Nils Meyer Johannesson, fødd i Målselv 4.3.1869, og kona Berit Helene Olsdotter, fødd i Ibestad 23.10.1865.  Dei gifte seg i Ibestad 23.9.1890 og fekk sonen Ole i Ibestad 25.1.1891, som døydde kort etter!

 

Nils og Berit må vera flytte frå Ibestad kort etter.  Diverre er ikkje FT1891 enno digitalisert for Troms, og i FT1900 og FT1910 er dei ikkje å sjå!

 

MEN; det skal ha vore ein del flytting frå Troms til Nord-Sverige på den tidi.  Kan dei vera farne dit??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til dette parfolket, og sjølvsagt ogso om lagnaden til Olaf Riise og andre kona Sigrun i Kirkenes!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nils Meyer Johannesen i f.t. 1891 for Ibestad - tellingskrets 3, husliste nr. 68:

 

Troms fylke, Ibestad i Senja og Troms, Statlig folketelling (1891-1891), Dokumentside, Side 2209
Permanent bilde-ID: ft10061210036335
 
Berit Helene Jakobsdatter
 
Troms fylke, Ibestad i Senja og Troms, Statlig folketelling (1891-1891), Dokumentside, Side 2210
Permanent bilde-ID: ft10061210036336
 
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit nytt interessant innlegg!

 

Som me ser, budde Nils og Berit, ikkje uventa, i Ibestad 1.1.1891.  Pussig at ho er kalla Jakobsdotter; det var jo far hennar som heitte Ole Jacobson, men det tyder ikkje so mykje i denne samanhangen.

 

Berit Helene er IKKJE i Noreg i 1900 eller 1910!

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser at Berit Helene hadde en sønn, Jentoft Martin Pettersen, født 1885.

https://media.digitalarkivet.no/view/2888/100

 

I 1891 er han pleiesønn hos Berits foreldre

https://media.digitalarkivet.no/view/53188/2117

 

I 1900 bor han sammen med faren og hans familie

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037550003089

 

Fra DIS Gravminner:

2896060 

  Jentoft Martin  Pettersen        1885    0810  1940  1310  1940    J  07  007       Grov eldste del Skånland korrigering.gif

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt interessant innlegg!

 

Berit hadde altso ein son, og dersom me kan finna etterkomarar etter Jentoft Martin Pettersen, er det jo ikkje utelukka at dei kan vita kvar det vart av mori Berit Helene...

 

Elles kunne det kanskje òg vera ein tanke å sjå etter skifte eller dødsmeldingar for foreldri til Berit Helene?

 

Eg ser faren døydde her:

 

* Ole Peter Jakobsen, gardbrukar og fiskar, busett Folvik, miste livet ved Skrova 12.3.1892: https://media.digitalarkivet.no/view/3728/305

 

Mori Maren Henriksdotter budde framleis på Nautnes, Folvik i 1900 hjå sonen Svend Olson og kona Vilhelmine: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037550003051

 

MEN, eg kan ikkje sjå noko til nokon av desse i FT1910 nokon stad i Noreg!  Kan heile huslyden vera bortflytt?  Men i so fall kvar?  Sverige?  Amerika?

 

Eg finn ikkje Maren avlidi i Ibestad 1900-1910, og korkje Maren, Sven eller Vilhelmine er nemnde mellom utflytte frå Ibestad 1900-1910!

 

Ein merkeleg huslyd dette!  Kvar vart det av dei?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for nye interessante innlegg!

 

Særleg var det spennande å slå fast at Maren Henriksdotter framleis budde i Ibestad i 1910.  Underleg at eg ikkje fann ho, men kanskje la eg inn berre «Ibe*» som fødestad og ikkje «Ibbe*»...

 

Uansett, anten eg nyttar den eine eller andre fødestaden, er korkje Berit Helene eller Sven/Vilhelmine å sjå nokon stad i Noreg i 1910, og ikkje heller finn eg born fødde av Sven og Vilhelmine i Ibestad 1901-1904 (inkl.), so dei må vera bortflytte...

 

Det ser ut til at ein lyt leita vidare etter dødsfallet til Maren Henriksdotter etter 1910...

 

Eg takkar nok ein gong for hjelpi med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit nytt spennande bidrag!

 

Eg har i mellomtidi leitt etter dødsfallet til Maren Henriksdotter i Ibestad ut 1929.  Eg finn ho ikkje, MEN eg ser at dei siste par åri i denne perioden hadde mistenkeleg få dødsfall, so kanskje prestegjeldet vart delt kring 1925?

 

Elles er det underleg at ikkje mori er nemnd i dødsmeldingi etter sonen i 1903!  Kanskje det var ein tanke å be Statsarkivet i Tromsø om bistand til denne meldingi og skiftet?  Kanskje Berit er nemnd der?

 

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp til å løysa denne «floki»!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har det skjedd at meddebattant Sven Hjortland har finne dette dødsfallet i Vardø:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/6796/257

 

Eg er ikkje eit sekund i tvil om at dette må vera «vår» Berit Helene, so då er den delen av problemet løyst.  Det står no «berre» att å finna lagnaden til Nils Meyer Johannessen!

 

Eg kan ikkje sjå at han er gravlagd i Vardø...

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp med å finna ut av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er i kveld vorten merksam på denne emigranten over Trondheim: https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000113850

 

Nils Johansen, ugift arbeidar, 30 år, frå Vardø til Granite Falls, MN

 

Han er ikkje ført mellom dei utflytte i kyrkebøkene for Vardø...  Kan dette vera «vår» Nils Meyer Johannessen?

 

Eg finn ikkje nokon Nels Johnson i eller kring Granite Falls, MN, MEN eg finn eit «mistenkeleg» dødsfall i Cass Co., ND (rimelegvis i Fargo, ND):

 

Nels Johnson

fødd 19.3.1869

døydde 20.12.1908

busett i Cass Co., ND

 

«Vår» Nils var fødd 4.3.1869 - ikkje langt unna....,men er det han??

 

Vigselsregisteret for Cass Co., ND syner to spennande vigsler:

 

Nels Johnson og Hattie Buckmaster - vigde 18.10.1893

 

Nels J. Johnson og Anna Vinge - vigde 28.3.1895

 

Elles er det påfallande at Fargo city directory frå 1900 syner tre personar med namnet Nels Johnson:

 

Nels Johnson lab bds 406 1/2 Front

Nels Johnson lab bds St Paul Hotel

Nels Johnson lab res 102 1st Ave So

 

men ingen av dei finst i FT1900 for Fargo, ND!

 

Fargo city directory frå 1907 syner ogso tre personar med namnet Nels Johnson:

 

Nels Johnson emp P A Glover bds 1008 Front

Nels Johnson res 102 1st Ave So

Nels Johnson bds 504 Front

 

Kanskje er ein av desse mannen som døydde i 1908?

 

Kanskje kan ein eller annan finna ein obituary for Nels Johnson frå 1908?

 

Redigert: Eg ser dette dødsfallet registrert i Minneapolis, MN:

 

Name: Nils U. Johnson

Event Type: DEATH

Event Date: 12 Jan 1900

Event Place: Minneapolis, Hennepin, Minnesota

Gender: Male

Age: 31

Marital Status: Married

Race: W

Occupation: Clerk

Birthplace: Norway

Birth Year (Estimated): 1869

Burial Place :Rice Lake, Wis.

Father's Birthplace: Norway

Mother's Birthplace: Norway

 

Ei anna kjelde har mellombokstaven N - Nels N. Johnson.  Han er gravlagd i Rice Lake, WI, og der var det mange nordlendingar!!

 

Eg takkar nok ein gong for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har me fått ei stadfesting frå Statsarkivet i Tromsø med omsyn til ervingane etter Johannes Monsson og Gunnhild Nilsdotter: https://forum.arkivverket.no/topic/205506-d%C3%B8dsmeldingar-vard%C3%B8-1916-og-1919/?p=1732262

 

Då Gunnhild døydde i 1919, levde døtrene Ingeborg i Kirkenes og Johanna i Vardø.  Då Johannes døydde i 1916, levde òg eit tredje barn (ikkje namngjeve), men det var dotteri Olga som døydde barnlaus i Vardø i 1918!

 

Då har me endeleg ei stadfesting av at Nils Meyer Johannesson døydde FØR 1916, og hadde han etterlete born, ville vel det vore sagt!

 

Eg trur nok det er «vår» Nils Meyer Johannesson som utvandra frå Vardø i 1892, men om det er han som døydde i Fargo, ND i 1908, kan me ikkje seia noko sikkert om...

 

Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

So har eg endeleg motteke ein obituary for Nels Johnson som døydde i Fargo, ND 20.12.1908 (sjå innlegg #20 ovanfor)

 

Nels Johnson obit_Fargo Forum 21 Dec 1908.pdfNels Johnson obit_Fargo Forum 21 Dec 1908.pdf

 

Denne syner at dette IKKJE kan vera «vår» Nels Johnson, so då er det «back to square #1»...

 

Men det vert nok ikkje noki enkel sak å finna att Nils Meyer Johannesson i Amerika...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om lagnaden til denne emigranten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.