Gå til innhold
Arkivverket

Halvor Larsson (1708-1764) på Bergheim i Luster - born og borneborn spreidde i Bergen og i København, men kvar vart det no av dei?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg arbeidde aktivt med tidleg på 1980-talet, men som eg då laut lata liggja p.g.a. manglande databasar og andre kjelder.  Alle dei fire borni etter Halvor som voks opp, flytte frå Luster, og sidan fleire av desse har ganske so spesielle namn (til dømes Antonette Baardsdotter og Find Baardson), vonar eg det let seg gjera å komma på sporet etter dei?

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

~~~~~~~~~~~~~~~~

Halvor Larsson Bergum, opphavleg frå Sørheim, var f. kring 1708 og vart gravlagd frå Bergheim 14.3.1764.  Han gifte seg i Luster 2.7.1731 med Anna Larsdotter frå

     ##### (opphavet hennar? – truleg frå Hafslo)

     Ho var f. kring 1703 og vart gravlagd frå Bergheim 14.6.1770.  Halvor og Anna flytte straks til Hafslo og var mellom anna ei tid gardbrukarar på Melheim, men vart sidan brukarar i Leirdalen og på Fortun til dei kring 1758 fekk hand om dette bruket på Bergheim.  Det var ikkje lenge Halvor og Anna dreiv bruket før eldste sonen fekk ta over, men dei vart buande her levetidi ut som kårfolk.  Halvor og Anna på Bergheim fekk seks born i lag:

 1. Lars Halvorson, d.e. (1732-    ), fekk som nemnt ta over heimebruket på Bergheim etter foreldri.

 2. Thor Halvorson (1734-1750), d. ugift i Leirdalen.

 3. Lars Halvorson, d.y., døypt i Hafslo 27.12.1736,

Lars Halvorson vart som soldat utkommandert til grenaderkorpset i København der han framleis hadde tilhald i 1764.  Me kan ikkje sjå at han nokon gong kom attende til Luster.

##### (lagnaden hans?)

 4. Baard Halvorson (1739-1795), var ei tid husmann på Gullskogen under Lavoll (s.d.).

 5. Halvor Halvorson, døypt i Hafslo 1.1.1743,

Halvor Halvorsen flytte i ung alder til Bergen og tente der i 1764.  Han vart truleg buande i Bergen

##### (lagnaden hans?)

 6. Metta Halvorsdotter (1748-før 1764).

~~~~~

Lars Halvorson Bergum, son av føregåande brukar og herifrå Bergheim, var f. kring 1732 og gifte seg 6.1.1757 med Christi Findsdotter frå Fortun, døypt 2.4.1735.  Lars fekk i 1757 skøyte på heimebruket til kona på Fortun, men selde att alt året etter og flytte på same tidi til Bergheim.  Ikkje lenge etter tok han over gardsdrifti etter foreldri og dreiv så bruket fram til 1768.

Lars og Christi Halvorsen flytte i 1768 til Bergen der Lars vart arbeidar.  Dei busette seg i Domkyrkjesokni, men Christi vart gravlagd i Bergen etter barselseng alt 27.4.1770, medan Lars

##### (lagnaden hans i Bergen?)

Me kjenner til fire born etter dei:

##### (kan det ha vore fleire? – oppl.?)

a. Halvor Larsen, døypt i Luster 5.3.1758, flytte med foreldri til Bergen i 1768 og tok der 18.8.1785 borgarskap som målar­meister.  Han gifte seg i Bergen 12.10.1785 med Margretha Cathrine Gottliebsdotter Klein.  Ho var dotter av målarmeister Gottlieb Klein og kona Metta Cathrine Nilsdotter og truleg f. i Bergen kring 1759.  Halvor og Margretha Larsen budde på mange ulike stader i Bergen, for det meste i Domkyrkjesokni, men flytte so til Nedre Fjeldsmug der Halvor d. 10.4.1810.  Margretha gifte seg sidan att med ein reipslagar og busette seg då i Sandvigsveien der ho d. 7.1.1830.  Halvor og Margretha fekk visstnok ni born i lag, men dei fleste d. kort etter fødsli.

b. Anna Larsen, døypt i Luster 17.11.1763, flytte nok òg med foreldri til Bergen i 1767, men

     ##### (lagnaden hennar?)

c. Thor Larsen, døypt i Luster 27.6.1767, flytte med foreldri til Bergen i 1768, men vart gravlagd der alt 28.3.1768.

d. Christian Larsen, døypt i Bergen 25.4.1770,

     ##### (lagnaden hans?)

~~~~~

Baard Halvorson Lavold, frå Bergheim, vart døypt i Hafslo 7.12.1739 og gifte seg her i Luster 2.12.1771 med Britha Findsdotter frå Hagen under Sørheim, døypt i Kyrkjebø (Vik) 18.4.1750.  Ho vart gravlagd frå Hagen 12.4.1780.  Baard og Britha budde først nokre år på Bergheim, men kring 1775 fekk dei ein plass her under Lavoll, og me trur det var plassen på Gullskogen 1 dei då rydda.  Men Baard slutta med plassen alt sommaren 1778, og Britha flytte på same tidi attende til foreldri sine i Hagen under Sørheim.

Baard Halvorsen vart 1778 stemnd for tjuveri hjå Britha Aamundsdotter på Ottum, og sommaren same året rømde han til Bergen.  Han vart førd attende til Luster og her dømd til å arbeida fire år på Bergenhus festning i Bergen.  Etter dette kom han aldri attende til Luster.  Han arbeidde visstnok sidan som sjauar på hamni i Bergen, men vart gravlagd frå sjukehuset i Domkyrkjesokni 30.6.1795.  I ekteskapet med Britha fekk han tre born som truleg alle flytte til Bergen kring 1780 etter at mori døydde:

a. Anna Baardsdotter, døypt i Luster 5.1.1772, vart gravlagd i Bergen 25.1.1783.

b. Find Baardson, døypt i Luster 3.5.1775, levde framleis i 1794,

     ##### (lagnaden hans?)

c. Antonetta Baardsdotter, døypt i Luster 1.6.1778, levde òg i 1794,

     ##### (lagnaden hennar?)

~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Margaretha Catharina Klein - konfirmant 1773 - født 1757

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/279/pk00000000284329

Det er  2 - Anne Larsdatter i Bergen i den epoken som er født i 1763

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390014501

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390019305

Finner dessverre ikke vielsen/fødested så det blir litt tynt

https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/51/pc00000000073871

Mvh

Ivar

Endret av Ivar Moe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for eit interessant svar.

Denne Anna som du fann i fattigregisteret frå 1800, ser svært spennande ut.  Ho var 75 år gamal, hadde vore 40 år i Bergen, var fødd i Sogn og var enkje etter Lars Halvorsen.  Då er det nok bruri i dette paret:

Lars Halvorsen, arbeidsmann og enkjemann, og Anna Larsdotter, enkje, vart trulova i Domkyrkja 3.11.1771: https://media.digitalarkivet.no/view/4560/33

Vigsli deira fann stad same staden 2.11.1777: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=4125&merk=4125#ovre

Dei fekk ein son i lag:

* Hans Henrik, døypt i Domkyrkja 6.2.1774: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/87

Me ser at Lars Halvorsen er kalla arbeidsmann då sonen Christian vart døypt i 1770, og same titel har den Lars Halvorsen som vart trulova i 1771!  Først sidan er han vorten vektar!  Me får ikkje nokon adresse på desse nokon stad, men dei var båe i Domkyrkjesokni!

Mykje talar for at me her kan ha finne Lars Halvorson som attgift i Bergen, men eg kan ikkje sjå noko til dødsfallet hans!  Heller ikkje finn eg noko meir om dei to sønene Christian eller Hans Henrik!

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars og Christi Halvorsen flytte i 1768 til Bergen der Lars vart arbeidar.  Dei busette seg i Domkyrkjesokni, men Christi vart gravlagd i Bergen etter barselseng alt 27.4.1770, medan Lars

##### (lagnaden hans i Bergen?)

???

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=4125&merk=4125#ovre

Bergen, Hordaland fylke, Domkirken, Strusshamn (Askøy) i Domkirken, Ministerialbok nr. A 7 (1725-1826), Viede 1776-1778, Side 94-95

Permanent bilde-ID: kb20070306660594

Nå ser jeg at du allerede hadde funnet vielsen, Lars!  :rolleyes:

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget som stadfester mitt siste innlegg.  Eg er ganske so overtydd om at me har den «rette» Lars Halvorsen, og eg trur òg det var enkja hans den Anna som i 1800 vart forsørgja av fattigstellet i Bergen.

MEN, eg finn ikkje dødsfalli til korkje Lars eller Anna!  Kvar er det vorte av dei?  Og kvar vart det av borni?

Eg har ogso lagt ut ei etterlysing på dansk DIS etter den yngre Lars Halvorsen i Danmark, som eg mistenker kan ha hamna ved Odense på Fyn...

Her følgjer eit oppdatert manuskriptutkast til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

~~~~~~~~~~~~~~~~~

Halvor Larsson Bergum, opphavleg frå Sørheim, var f. kring 1708 og vart gravlagd frå Bergheim 14.3.1764.  Han gifte seg i Luster 2.7.1731 med Anna Larsdotter frå

     ##### (opphavet hennar? – truleg frå Hafslo)

     Ho var f. kring 1703 og vart gravlagd frå Bergheim 14.6.1770.  Halvor og Anna flytte straks til Hafslo og var mellom anna ei tid gardbrukarar på Melheim, men vart sidan brukarar i Leirdalen og på Fortun til dei kring 1758 fekk hand om dette bruket på Bergheim.  Det var ikkje lenge Halvor og Anna dreiv bruket før eldste sonen fekk ta over, men dei vart buande her levetidi ut som kårfolk.  Halvor og Anna på Bergheim fekk seks born i lag:

 1. Lars Halvorson, d.e. (1732-    ), fekk som nemnt ta over heimebruket på Bergheim etter foreldri.

 2. Thor Halvorson (1734-1750), d. ugift i Leirdalen.

 3. Lars Halvorson, d.y., døypt i Hafslo 27.12.1736,

Lars Halvorson vart som soldat utkommandert til grenaderkorpset i København der han framleis hadde tilhald i 1764.  Me kan ikkje sjå at han nokon gong kom attende til Luster.

##### (lagnaden hans? – ??kan henda den Lars Halvorsen som 3.2.1766 gifte seg i Asperup, Odense med Maren Olufsdatter – tre born er kjende etter dette parfolket:

a. Maren Larsdatter, f. i Asperup, Odense 13.4.1766,

     ##### (lagnaden hennar?)

b. Halvor Larssen, f. i Asperup, Odense 24.11.1767,

     ##### (lagnaden hans?)

c. Anne Gregoria Larsdatter, f. i Asperup, Odense 29.9.1770,

     ##### (lagnaden hennar?)

 4. Baard Halvorson (1739-1795), var ei tid husmann på Gullskogen under Lavoll (s.d.).

 5. Halvor Halvorson, døypt i Hafslo 1.1.1743,

Halvor Halvorsen flytte i ung alder til Bergen og tente der i 1764.  Han vart truleg buande i Bergen

##### (lagnaden hans?)

 6. Metta Halvorsdotter (1748-før 1764).

~~~~~

Lars Halvorson Bergum, son av føregåande brukar og herifrå Bergheim, var f. kring 1732 og gifte seg 6.1.1757 med Christi Findsdotter frå Fortun, døypt 2.4.1735.  Lars fekk i 1757 skøyte på heimebruket til kona på Fortun, men selde att alt året etter og flytte på same tidi til Bergheim.  Ikkje lenge etter tok han over gardsdrifti etter foreldri og dreiv så bruket fram til 1768.

Lars og Christi Halvorsen flytte i 1768 til Bergen der Lars vart arbeidsmann og sidan vektar.  Dei busette seg i Domkyrkjesokni, men Christi vart gravlagd i Bergen etter barselseng alt 27.4.1770, og Lars vart 3.11.1771 trulova og 2.11.1777 attgift i Domkyrkja i Bergen med enkja Anna Larsdotter, opphavleg frå

##### (fødd i Sogn kring 1730! – til Bergen kring 1760!)

##### (første ekteskapet hennar?)

Lars d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1800!)

medan Anna d.

##### (e. 1800!)

Me kjenner til fem born etter Lars Halvorson, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

##### (kan det ha vore fleire? – oppl.?)

a. Halvor Larsen, døypt i Luster 5.3.1758, flytte med foreldri til Bergen i 1768 og tok der 18.8.1785 borgarskap som målar­meister.  Han gifte seg i Bergen 12.10.1785 med Margretha Cathrine Gottliebsdotter Klein.  Ho var dotter av målarmeister Gottlieb Klein og kona Metta Cathrine Nilsdotter og f. i Bergen kring 1757.  Halvor og Margretha Larsen budde ulike stader i Bergen, for det meste i Domkyrkjesokni, men flytte so til Nedre Fjeldsmug der Halvor d. 10.4.1810.  Margretha gifte seg sidan att med ein reipslagar og busette seg då i Sandvigsveien der ho d. 7.1.1830.  Halvor og Margretha fekk visstnok ni born i lag, men dei fleste d. kort etter fødsli.

b. Anna Larsen, døypt i Luster 17.11.1763, flytte nok òg med foreldri til Bergen i 1767, men

     ##### (lagnaden hennar?)

c. Thor Larsen, døypt i Luster 27.6.1767, flytte med foreldri til Bergen i 1768, men vart gravlagd der alt 28.3.1768.

d. Christian Larsen, døypt i Bergen 25.4.1770,

     ##### (konf. 1787? – lagnaden hans?)

e. Hans Henrik Larsen, døypt i Bergen 6.2.1774,

     ##### (lagnaden hans?)

~~~~~

Baard Halvorson Lavold, frå Bergheim, vart døypt i Hafslo 7.12.1739 og gifte seg her i Luster 2.12.1771 med Britha Findsdotter frå Hagen under Sørheim, døypt i Kyrkjebø (Vik) 18.4.1750.  Ho vart gravlagd frå Hagen 12.4.1780.  Baard og Britha budde først nokre år på Bergheim, men kring 1775 fekk dei ein plass her under Lavoll, og me trur det var plassen på Gullskogen 1 dei då rydda.  Men Baard slutta med plassen alt sommaren 1778, og Britha flytte på same tidi attende til foreldri sine i Hagen under Sørheim.

Baard Halvorsen vart 1778 stemnd for tjuveri hjå Britha Aamundsdotter på Ottum, og sommaren same året rømde han til Bergen.  Han vart førd attende til Luster og her dømd til å arbeida fire år på Bergenhus festning i Bergen.  Etter dette kom han aldri attende til Luster.  Han arbeidde visstnok sidan som sjauar på hamni i Bergen, men vart gravlagd frå sjukehuset i Domkyrkjesokni 30.6.1795.  I ekteskapet med Britha fekk han tre born som truleg alle flytte til Bergen kring 1780 etter at mori døydde:

a. Anna Baardsdotter, døypt i Luster 5.1.1772, vart gravlagd i Bergen 25.1.1783.

b. Find Baardson, døypt i Luster 3.5.1775, levde framleis i 1794,

     ##### (lagnaden hans?)

c. Antonetta Baardsdotter, døypt i Luster 1.6.1778, levde òg i 1794,

     ##### (lagnaden hennar?)

~~~~~~~~~~~~~~~~~

Eg er særleg overraska over at personar med so uvanlege namn som til dømes dei siste to skal verta so «sporlaust borte»!?

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

c. Anne Gregoria Larsdatter, f. i Asperup, Odense 29.9.1770,

     ##### (lagnaden hennar?)

???

Odense, Vends, Kavslunde, Voldbye Bye, , 4, FT-1801, B8730

Navn:  Alder:  Gift?:  Pos. husstand:  Erhverv:  Fødested:

Jens Madsen   67   Gift   Huusbonde   Bonde og gaardbeboer     

Dorte Kirstine Larsdatter   54   Gift   Hans kone        

Laurs Jensen   31   Ugift   Deres børn        

Maren Jensdatter   13   Ugift   Deres børn        

Niels Andersen   27   Ugift   Tienestefolk        

Ole Poulsen   22   Ugift   Tienestefolk        

Anne Gregoria Larsdatter   32   Ugift   Tienestefolk        

Peder Sørensen   15   Ugift  Tienestefolk  

Odense, Vends, Asperup, Baaring Bye, en Gaard, 111, FT-1834, C7507

Navn:  Alder:  Gift?:  Pos. husstand:  Erhverv:  Fødested:

Niels Hansen   51   Gift      Gaardmand     

Maren Jensdatter   46   Gift      hans Kone     

Hans Nielsen   16   Ugift      deres Søn     

Anders Rasmussen   36   Gift      Tjenestefolk     

Anne Gregorie Larsdatter   63   Ugift      Tjenestefolk     

Anne Larsdatter   24   Ugift      Tjenestefolk     

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit skikkeleg spennande innlegg!  Eg er jo ikkje sikker på at eg har finne den «rette» Lars Halvorsen i Danmark, men namnet synest vera ekstremt sjeldan i Danmark, og alderen høver jo godt!

Anne Gregorie er igjen eit so spesielt namn, at eg er overtydd du der har finne den «rette» dotteri til Lars Halvorsen.  Ho bur jo òg på om lag same stad som foreldri...

Spennande huslyd dette, men so vanskeleg å følgja...

På ny takkar eg for framifrå hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at det no er komme reaksjonar frå Danmark på innlegget mitt der om Lars Halvorsen, ser det ut til at me har finne «rett mann».  Sjå her:

https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,118283.0.html

~~~~~

Ved trolovelsen og vielsen 1765/1766 står der, bl.a. at Lars Halvorsen er dragon ved kammerherre- og oberst von Gørtz regiment og major von Brinchers eskadron udi Nyborg.

Men der står også at han er barnefødt i Bergens Stift i Norge.

Du skulle måske lægge hele trolovelsen ud til tydning i tydningsgruppen?
Det meste ses her, men teksten starter faktisk allerede i opslaget forinden, dvs. opsl. 48:
http://ao.salldata.dk/vis1.php?bsid=178507&side=49

mvh.
Ole Fabricius Dorch

~~~~~ og her:

Ved pigernes konfirmation i hhv 1781 og 1783 står det i efterteksten " lars halvorsens datter fra Norge"
hvad kan man lægge i det ? er han ikke længere i DK ?
og hvor var Anna Gregoria i 1787 ?

ja, spørgsmål er der nok af

mvh
poul e

~~~~~

Då skulle vegen stå òpen for vidare forsking i Danmark!

Eg takkar nok ein gong for kjempemessig bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg truleg finne sonen til Lars Halvorsen som gift i Odense i 1793 (Kjelde: FamilySearch):

Name:               Halvor Larssen
Spouse's Name:    Johanne Larsdr
Event Date:    16 Aug 1793
Event Place:    Sankt Hans Garnison, Odense, Odense, Denmark

Då burde han vel òg vera å finna i ymse danske folketeljingar?

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Der er en rar innförsel blandt döde i Bergen av en Antonette Baar Halvorsdatter som döde 30 juli 1813, 27 år. Avskriften stemmer med St Jörgens hospitals mini (jeg sjekket).

(SAB, St. Jørgens hospitals sokneprestembete*, Ministerialbok nr. A 2, 1766-1814, s 191, överst t.v.)

Alderen er feil og navnet litt rart, men det kanskje finnes noenting i arkivene betreffende hvem hun var?

(Hun kanskje likte å bruke Halvorsen i byen... Antonette Baardsdatter Halvorsen, fra faren Baard Halvorsen.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Vibeke for eit spennande innlegg!  Det ser nok ut til at du har finne dødsfallet til Antonetta Baardsdotter, men det er merkeleg at ho ikkje er nemnd i Bergen i FT1801!

Eg vil freista eit spørsmål i Arkivforum; kanskje finn dei noko i arkivi til St. Jørgen...?

Ein ny kjempetakk for framifrå innsats med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg truleg finne sonen til Lars Halvorsen som gift i Odense i 1793 (Kjelde: FamilySearch):

Name:               Halvor Larssen

Spouse's Name:    Johanne Larsdr

Event Date:    16 Aug 1793

Event Place:    Sankt Hans Garnison, Odense, Odense, Denmark

Då burde han vel òg vera å finna i ymse danske folketeljingar?

Eg takkar på ny for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Odense, Odense, Odense Købstad, Odense Kiøbstad, Skræppe Strædet, 114, FT-1801, B9037

Navn:  Alder:  Gift?:  Pos. husstand:  Erhverv:  Fødested:

Birthe Kirstine   58   Enke(mand)   huusmoder   de ernærer dem ved haandarbeide     

Marie Mørch   66   Enke(mand)   logerende   de ernærer dem ved haandarbeide     

Rasmus Nielsen   26   Gift   huusbonde   corporal     

Juliane Krøjer   23   Gift   hans kone        

Henrich Schÿtte   39   Gift   huusbonde   tømmersvend     

Anne Kirstine   27   Gift   hans kone        

Dorthea Elisabet   7   Ugift   deres børn        

Hans Ditlef   5   Ugift   deres børn        

Henrich Wilhelm   3   Ugift   deres børn        

Peder Poulsen   54   Gift   huusbonde   tømmersvend     

Apolone Hansdatter   32   Gift   hans kone        

Hans Jørgen   7   Ugift   deres børn        

Karen Pedersdatter   5   Ugift   deres børn        

Anne Sophie   2   Ugift   deres børn        

Johannes Nielsen   41   Gift   huusbonde   skræder, forhen trompeter, afskediget med 16rd pension aarlig     Karen Rasmusdatter   40   Gift   hans kone        

Niels Rasmussen   8   Ugift   deres børn        

Anders Nielsen   6   Ugift   deres børn        

Halvor Larsen   42   Gift   huusbonde   dragon     

Johanne Larsdatter   35   Gift   hans kone        

Lars Christensen   8   Ugift   deres børn        

Anne Nidholme   5   Ugift   deres børn        

Marie Sophie   3   Ugift   deres børn        

Cathrine Sørrensdatter   61   Enke(mand)   logerende   lever af at spinde     

Odense, Odense, Sankt Hans Landsogn, , o) et huus, 790, FT-1834, B5170

Navn:  Alder:  Gift?:  Pos. husstand:  Erhverv:  Fødested:

Halvor Larsen   77   Gift      Muursvend     

Johanne Larsdatter   68   Gift      Hans kone     

Halvor Larsen var han 42 år i 1801, f 1759, og 77 år i 1834, f. 1757. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter at det no er komme reaksjonar frå Danmark på innlegget mitt der om Lars Halvorsen, ser det ut til at me har finne «rett mann».  Sjå her:

https://www.slaegtogdata.dk/forum/index.php/topic,118283.0.html

~~~~~

Ved trolovelsen og vielsen 1765/1766 står der, bl.a. at Lars Halvorsen er dragon ved kammerherre- og oberst von Gørtz regiment og major von Brinchers eskadron udi Nyborg.

Men der står også at han er barnefødt i Bergens Stift i Norge.

Du skulle måske lægge hele trolovelsen ud til tydning i tydningsgruppen?

Det meste ses her, men teksten starter faktisk allerede i opslaget forinden, dvs. opsl. 48:

http://ao.salldata.dk/vis1.php?bsid=178507&side=49

Kjapt transkribert, ikke korrekturlest.

"1766

Den 3 Jan: 1766 trolovet Lars Halworsen, Dragon Under hr. Major Brinches Comp Esvadron liggende i Nÿborg, og Maren Ofuesdaatter af Asperup.. Over, Jwer Niels: og Kone, Jep Danielsen og Kone, Niels Anders: og Jacob Hansen alle af Asperup.

Bemelte Lars Halvorsen at have tilladelse at indlade Sig udi Egteskab, derfore liger hos mig hr. Major Brinches haand af 1 Sept: 1765.

Ovenmeldte Lars Halvorsen Dragon under hr. Kammer Herre og Obriste <græve> Görtz hans Regimente og hr. Major von Brinces Esqvadron, liggende udi Nÿborg og som er barneføft i Bergens stift i Norge, og som i dag agter at indlade sig ind i Egteskab med Maren Olufsdatter af Asperup, at hand anden steds enten Norge eller Dannemark er fri for Egteskabs, dette vilde vi  tvende underteignede <vederheftige> g…mædn af Asperup sogn og Bÿe som trofaste vidner efter loven, gaa i forlofuen for, og bered vores hænders underskrift vil holde vores sogne præst, hr. Bertel Clausen, som ovenmelte Personer i dag skulle forlove fri for ald den skade og uleilighed som deraf kunde flÿde, i fald oftmeldte Dragonen Lars Halvorsen andenstæds Egteskab med nogen skulle have indgaaet.          Asperup den 3 Jan: 1766.

St… Simonsen Christen Henningsen"

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er imponert!  Hjarteleg takk til Grethe og Ola for spennande og interessante innlegg!

Det var godt å få teksten om Lars Halvorsen og vigsli hans transkribert.  Eg er framleis ganske so sikker på at dette må vera VÅR Lars Halvorsen.

MEN, eg likte ikkje alderen til Halvor Larsen.  Kan han ha «ljuge» på seg heile 8-10 år?  Kanskje har dette ei naturleg forklaring, for eg har vanskar med å forstå at det kan ha vore TO stk. Halvor Larsen i Odense på same tid.  Namnet og namnekombinasjonen synest so sjeldan i Danmark!!  Kanskje kan han finnast i FT1787?  Der burde jo ogso foreldri, i alle fall mori, og søstrene Maren og Anne Gregorie vera nemnde...  Eit nærare studium av kyrkjebøkene for Asperup vil kanskje vera nyttig.  Likeins: Kven var fadrane til borni som Halvor Larsen og kona Johanne fekk?

Eg takkar nok ein gong for kjempefin hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var faktisk to Halvor Larsen i Odense på denne tiden, jfr. kirkebokregisteret: https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17129128#174306,29319719

1. 

Dragon Halvor Larsen som giftet seg i 1793 med Johanne Larsdatter: https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17138151#180551,30636095

Han døde 1.10. 1834: https://www.sa.dk/ao...180575,30640107, kalles fhv. dragon og murersvenn. 77 år gl. 

Se innlegg #12 for ham i Ft 1801 og 1834.

2. Skoflikker Halvor Larsen, som ble gift i 1797 ble gift med Cathrine Marie Netler (selv om han da kalles Halvor Hansen): https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17138171#180614,30652270.

I Ft. 1801:

Odense, Odense, Odense Købstad, Odense Kiøbstad, Holsedaare Strædet, 330, FT-1801, B9037

Navn:  Alder:  Gift?:  Pos. husstand:  Erhverv:  Fødested:

Karen Hansdatter   37   Gift   huusmoder   bager kringlebrød     

Anne Cathrine Nielsdatter   14   Ugift   hendes børn        

Peder Nielsen   10   Ugift   hendes børn        

Marie Nielsdatter   5   Ugift   hendes børn        

Johan Jørgen Warnich   76   Gift   huusbonde   almisselemmer     

Johanne Ibsdatter   78   Gift   hans kone        

Halvor Hansen   38   Gift   huusbonde   skoemagersvend     

Catrine Marie   29   Gift   hans kone        

Karen Halvorsdatter   4   Ugift   deres børn        

Anders Koefoed   3   Ugift   deres børn        

Christen Hansen   70   Gift   huusbonde   sælger fisk     

Anne Dorthea   60   Gift   hans kone     

Denne Halvor Larsen døde i 1826, og kalles da Larsen og ikke Hansen: https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17138167#180574,30639887, og oppgis da å være 63 år gl.

Hans enke døde i 1857 på Gråbrødre hospital: https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17138159#180554,30636269

Endret av Ola Teige
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola for endå eit interessant og utfordrande innlegg!

Eg er ikkje so heilt sikker på om «den andre» Halvor verkeleg heitte Halvor Larssen.  Orsaki er at han heiter Halvor Hansen ved vigsli, ved alle barnedåpane som er registrerte hjå FamilySearch for Halvor og Cathrine Marie Netler:

* Peter, fødd St. Hans, Odense 18.12.1803

* Anna Dorothea, fødd St. Hans, Odense 28.2.1806
* Marie Kirstine, fødd St. Hans, Odense 28.5.1808
* Anna Dorothea, fødd St. Hans, Odense 6.3.1811

og likeins i FT1801!  Den einaste gongen han opptrer som Halvor Larsen synest vera ved dødsfallet i 1826!

Elles er det i kveld komme eit nytt innlegg i Danmark, som følgjer:

~~~~~~~~~~~~~~~

De 2 døtres konfirmationer (som er tidligere nævnt i tråden) ses her:

1781 Maren Larsdatter konfirmation: http://ao.salldata.dk/vis1.php?bsid=178507&side=182
1783 Ane Gregoria Konfirmation: http://ao.salldata.dk/vis1.php?bsid=178507&side=183

Ved begges konfirmationer er også nævnt, at de bor hos deres morbror Iver Olsen, så noget er der sikkert sket i familien?

Iver ses her i 1787:

Odense, Vends, Asperup, Asperup Bye, , , FT-1787, C4843
Iver Olsen   56   Gift   Mand   Bonde og Gaardbeboer     
Maren Jørgensdatter   47   Gift   hans Kone         
Jørgen Iversen   21   Ugift   Børn af første Egteskab   Karl     
Karen Iversdatter   8      Børn af første Egteskab         
Dorothea Maria Jensdatter   26   Ugift   Tjenestefolk   Tjenestepige   

..og her i 1801 er hans kone enke:

Odense, Vends, Asperup, Asperup, , 4, FT 1801, A0512
 Navn:  Alder:  Gift?:  Pos. husstand:  Erhverv:  Fødested:
Maren Jørgensdatter   62   enke   huusmoder   gaardbeboer     
Jørgen Iversen   35   ugift   hendes søn         
Anne Andersdatter   17   ugift   tjenestepige 

Vedr. dit spørgsmål om Halvor Larsen viet 1793, så står der ikke andet direkte brugbart, end at han er dragon ved 3 Esquadron. Vielsen ses her:
http://ao.salldata.dk/vis1.php?bsid=180551&side=83

Men når man finder ham i ft så fremgår det, at denne her Halvor er ca. 8-10 år ældre, end ham du søger, så det er nok ikke den rigtige?:

Odense, Odense, Odense Købstad, Odense Kiøbstad, Skræppe Strædet, 114, FT-1801, B9037
Halvor Larsen   42   Gift   huusbonde   dragon (f. ca. 1759)     
Johanne Larsdatter   35   Gift   hans kone         
Lars Christensen   8   Ugift   deres børn         
Anne Nidholme   5   Ugift   deres børn         
Marie Sophie   3   Ugift   deres børn         
Cathrine Sørrensdatter   61   Enke(mand)   logerende   lever af at spinde   

Odense, Odense, Sankt Hans Landsogn, , o) et huus, 790, FT-1834, B5170
 Navn:  Alder:  Gift?:  Pos. husstand:  Erhverv:  Fødested:
Halvor Larsen   77   Gift      Muursvend  (f. ca. 1757).   
Johanne Larsdatter   68   Gift      Hans kone   

mvh.
Ole Fabricius Dorch

~~~~~~~~~~~~~~~

Følgjer ein Iver Olsen vidare, finn me (ifølgje FamilySearch) at:

Ole Nielsøn og Maren Iversdatter (vigde i Asperup 27.5.1731) fekk desse borni i Asperup, Odense:

* Iver Olsen, døypt 21.7.1733

* Hans Olsen, døypt 29.10.1736

* Niels Olsen, døypt 4.1.1739

Men merkeleg nok er det ein annan(?) Ole Nielsøn i Asperup som er skriven far til desse borni, men utan mor:

* Niels Olsen, døypt 25.4.1732

* Maren Olsdatter, døypt 9.5.1732

* Maren Olsdatter, døypt 21.4.1734

* Kisten Olsdatter, døypt 21.4.1734

Ikkje so heilt «klart» dette, men det høver jo godt at Iver Olsen og Maren Olufsdatter (gift med Lars Halvorsen) hadde ei Maren til mor; dei fekk båe born med namn Maren!
 
Elles har den danske debattanten òg kommentert at alderen til Halvor Larsen ikkje stemmer so altfor godt, men eg finn ikkje nokon andre som «høver»...
 
Og kvar det er vorte av Lars Halvorsen og Maren Olufsdatter er jo tydeleg ei stor utfordring!!
 
Eg takkar på ny for framifrå hjelp med denne huslyden!
Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola for endå eit interessant og utfordrande innlegg!

Eg er ikkje so heilt sikker på om «den andre» Halvor verkeleg heitte Halvor Larssen.  Orsaki er at han heiter Halvor Hansen ved vigsli, ved alle barnedåpane som er registrerte hjå FamilySearch for Halvor og Cathrine Marie Netler:

* Peter, fødd St. Hans, Odense 18.12.1803

* Anna Dorothea, fødd St. Hans, Odense 28.2.1806

* Marie Kirstine, fødd St. Hans, Odense 28.5.1808

* Anna Dorothea, fødd St. Hans, Odense 6.3.1811

og likeins i FT1801!  Den einaste gongen han opptrer som Halvor Larsen synest vera ved dødsfallet i 1826!

Elles er det i kveld komme eit nytt innlegg i Danmark, som følgjer:

~~~~~~~~~~~~~~~

Ja, jeg tror du har rett i det. Navnet ved begravelsen er sikkert en feilskrift. Men det viser i alle fall at Halvor-navnet ikke var helt ukjent på Fyn i siste halvdel av 1700-tallet. Om det skyldes norsk påvirkning er ikke lett å si.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ola for siste innlegget frå i aftes.  Me kan nok seia at me er samde...

Elles la eg ut spørsmål om Antonetta Baardsdotter i Arkivforum, og der er det i dag komme fram oppsiktsvekkande opplysningar:

https://forum.arkivverket.no/topic/205880-d%C3%B8dsfall-st-j%C3%B8rgen-1813-fleire-opplysningar-tilgjengelege/

Det er tydeleg at Antonette kom i «dårleg selskap» den siste tidi ho levde, og ho sonte ein straff på Tukthuset i Bergen då ho døydde på St. Jørgen i 1813.  Ho hadde «streifa ikring» i lag med ein Ole Bendixon frå Vangsnes og påstod at namnet hennar var Antonette Baard Halvorsdatter!

MEN, i sakspapiri frå Nordhordland kjem det fram at ho hadde fått pass i Bergen i 1803 for å reisa til København i Danmark.  Ho tente både der og i Altona i Tyskland til ho i 1806 kom attende til Bergen.  Interessant i denne samanhangen er det at passi hennar var utskrivne på namnet Marie Antonette Jørgens/Jürgens, og eg er NESTEN sikker på det er ho som i FT1801 gøymer seg i Bergen under namnet Antonette Jørgensdotter, tenestejente i 10. rode nr. 101:

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390006942

Ein annan stad i saksdokumenti står det at ho ikkje visste om ho var fødd i Vik eller i Luster.  Dette får meg til å tru følgjande:  Faren Baard Halvorson vart same året som Antonetta var fødd, i 1778, dømd til tukthusstraff i Bergen, og då jenta var to år gamal, døydde mori i Luster.  Og mori hadde slekt i Vik, mellom anna søsteri Sophia Findsdotter (1761-1827) som alt i 1779 budde på Fitje på Kyrkjebø, men som sidan vart gift og budde på Vikøyri i Vik.  Kanskje Antonetta vart oppali hjå mosteri?  Kan ho ha vorte KONFIRMERT i Vik?

Kvar dei har henta Jørgensnamnet, er ei gåte, men det KAN jo vera førenamnet til ein fosterfar i Vik?

Dette er ein skikkeleg spennande huslyd.  Kanskje har broren Find Baardson ei like spennande soge??

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Eg ønskjer i dag å henta fram att denne utfordrande huslyden som har lege i «dvale» sidan årsskiftet.  So mykje nytt har eg diverre ikkje å bidra med, bortsett ifrå at eg oppdaga Baard Halvorson i Bergen hadde gift seg att eit par år før han døydde, likevel utan at eg har greidd å finna ut noko meir om den andre kona hans.

Lagnaden til Antonetta Baardsdotter er bra kartlagd, men det hadde vore interessant å få vita litt meir om Ole Bendikson frå Vangsnes, som ho reiste i lag med!?

Det er vel ikkje so godt å finna noko særleg meir om Lars Halvorsen, d.y., i Danmark, men kanskje brørne hans i Bergen, Lars, d.e., og Halvor, kan sporast?

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

~~~~~~~~~~~~~~~~

Halvor Larsson Bergum, opphavleg frå Sørheim, var f. kring 1708 og vart gravlagd frå Bergheim 14.3.1764.  Han gifte seg i Luster 2.7.1731 med Anna Larsdotter frå

     ##### (opphavet hennar? – truleg frå Hafslo)

     Ho var f. kring 1703 og vart gravlagd frå Bergheim 14.6.1770.  Halvor og Anna flytte straks til Hafslo og var mellom anna ei tid gardbrukarar på Melheim, men vart sidan brukarar i Leirdalen og på Fortun til dei kring 1758 fekk hand om dette bruket på Bergheim.  Det var ikkje lenge Halvor og Anna dreiv bruket før eldste sonen fekk ta over, men dei vart buande her levetidi ut som kårfolk.  Halvor og Anna på Bergheim fekk seks born i lag:

 1. Lars Halvorson, d.e. (1732-    ), fekk som nemnt ta over heimebruket på Bergheim etter foreldri.

 2. Thor Halvorson (1734-1750), d. ugift i Leirdalen.

 3. Lars Halvorson, d.y., døypt i Hafslo 27.12.1736,

Lars Halvorsen vart som soldat utkommandert til grenaderkorpset i København der han framleis hadde tilhald i 1764, men kort tid etter flytte han til Asperup, Odense der han 3.2.1766 gifte seg med Maren Olsdotter frå Asperup, f.

##### (opplysningar om opphavet hennar? –hadde ein bror Iver Olsen!)

##### (lagnadane til Lars og Maren? – synest verta borte frå Asperup, men døtrene vart konfirmerte der – busette hjå ein morbror!)

Dei fekk tre born i lag:

a. Maren Larsdatter, f. i Asperup, Odense 13.4.1766,

     ##### (konf. Asperup 1781 – då busett hjå morbror Iver Olsen – lagnaden hennar?)

b. Halvor Larssen, f. i Asperup, Odense 24.11.1767,

     ##### (lagnaden hans? – kan henda gift St. Hans garnison, Odense 16.8.1793 med Johanne Larsdotter

            1801 i Odense: Halvor Larsen – dragon, 42 med kone ohanne Larsdatter 35 og born: Lars Christensen 8, Anne Nidholme 5 og Marie Sophie 3

            1834 i Odense_ Halvor Larsen – mursvein 77 med kone Johanne Larsdatter 68

            Halvor Larsen 77 døydde i Odense 1.10.1834)

c. Anne Gregoria Larsdatter, f. i Asperup, Odense 29.9.1770,

     ##### (konf. Asperup 1783 – då busett hjå morbror Iver Olson – n. 1801 som ug. tenestejente Voldby, Kavslunde, Odense – n. 1834 som ug. tenestejente i Baaring, Asperup, Odense – lagnaden hennar?)

 4. Baard Halvorson (1739-1795), var ei tid husmann på Gullskogen under Lavoll (s.d.).

 5. Halvor Halvorson, døypt i Hafslo 1.1.1743,

Halvor Halvorsen flytte i ung alder til Bergen og tente der i 1764.  Han vart truleg buande i Bergen

##### (lagnaden hans?)

 6. Metta Halvorsdotter (1748-før 1764).

~~~~~

Lars Halvorson Bergum, son av føregåande brukar og herifrå Bergheim, var f. kring 1732 og gifte seg 6.1.1757 med Christi Findsdotter frå Fortun, døypt 2.4.1735.  Lars fekk i 1757 skøyte på heimebruket til kona på Fortun, men selde att alt året etter og flytte på same tidi til Bergheim.  Ikkje lenge etter tok han over gardsdrifti etter foreldri og dreiv så bruket fram til 1768.

Lars og Christi Halvorsen flytte i 1768 til Bergen der Lars vart arbeidsmann og sidan vektar.  Dei busette seg i Domkyrkjesokni, men Christi vart gravlagd i Bergen etter barselseng alt 27.4.1770, og Lars vart 3.11.1771 trulova og 2.11.1777 attgift i Domkyrkja i Bergen med enkja Anna Larsdotter, opphavleg frå

##### (fødd i Sogn kring 1730! – til Bergen kring 1760!)

##### (første ekteskapet hennar?)

Lars d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1800!)

medan Anna d.

##### (e. 1800!)

Me kjenner til fem born etter Lars Halvorson, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

##### (kan det ha vore fleire? – oppl.?)

a. Halvor Larsen, døypt i Luster 5.3.1758, flytte med foreldri til Bergen i 1768 og tok der 18.8.1785 borgarskap som målar­meister.  Han gifte seg i Bergen 12.10.1785 med Margretha Cathrine Gottliebsdotter Klein.  Ho var dotter av målarmeister Gottlieb Klein og kona Metta Cathrine Nilsdotter og f. i Bergen kring 1757.  Halvor og Margretha Larsen budde ulike stader i Bergen, for det meste i Domkyrkjesokni, men flytte so til Nedre Fjeldsmug der Halvor d. 10.4.1810.  Margretha gifte seg sidan att med ein reipslagar og busette seg då i Sandvigsveien der ho d. 7.1.1830.  Halvor og Margretha fekk visstnok ni born i lag, men dei fleste d. kort etter fødsli.

b. Anna Larsen, døypt i Luster 17.11.1763, flytte nok òg med foreldri til Bergen i 1767, men

     ##### (lagnaden hennar?)

c. Thor Larsen, døypt i Luster 27.6.1767, flytte med foreldri til Bergen i 1768, men vart gravlagd der alt 28.3.1768.

d. Christian Larsen, døypt i Bergen 25.4.1770,

     ##### (konf. 1787? – lagnaden hans?)

e. Hans Henrik Larsen, døypt i Bergen 6.2.1774,

     ##### (lagnaden hans?)

~~~~~

Baard Halvorson Lavold, frå Bergheim, vart døypt i Hafslo 7.12.1739 og gifte seg her i Luster første gongen 2.12.1771 med Britha Findsdotter frå Hagen under Sørheim, døypt i Kyrkjebø (Vik) 18.4.1750.  Ho vart gravlagd frå Hagen 12.4.1780.  Baard og Britha budde først nokre år på Bergheim, men kring 1775 fekk dei ein plass her under Lavoll, og me trur det var plassen på Gullskogen 1 dei då rydda.  Men Baard slutta med plassen alt sommaren 1778, og Britha flytte på same tidi attende til foreldri sine i Hagen under Sørheim.

Baard Halvorsen vart 1778 stemnd for tjuveri hjå Britha Aamundsdotter på Ottum, og sommaren same året rømde han til Bergen.  Han vart førd attende til Luster og her dømd til å arbeida fire år på Bergenhus festning i Bergen.  Etter dette kom han aldri attende til Luster.  Han gifte seg att i Krosskyrkja i Bergen 22.9.1793 med Anna Johannesdotter frå

##### (opphavet hennar? – trulova 28.8.1793)

##### (opplysningar om ho?)

Baard arbeidde visstnok som sjauar på hamni i Bergen, men vart gravlagd frå sjukehuset i Domkyrkjesokni 30.6.1795.  I ekteskapet med Britha fekk han tre born som truleg alle flytte til Bergen kring 1780 etter at mori døydde:

a. Anna Baardsdotter, døypt i Luster 5.1.1772, vart gravlagd i Bergen 25.1.1783.

b. Find Baardson, døypt i Luster 3.5.1775,

     ##### (levde i 1794 – lagnaden hans?)

c. Antonetta Baardsdotter, kjend som Antonetta Baard Halvorsdotter, døypt i Luster 1.6.1778, d. i Bergen 30.7.1813.  Antonetta voks truleg opp i Vik, men flytte på 1790-talet til Bergen der ho i 1801 er nemnd Antonetta Jørgensdotter.  Ho flytte i 1803 til København i Danmark og sidan vidare til Altona i Niedersachsen, Tyskland, men kom i 1806 attende til Bergen.  Ho vart sidan sambuande med Ole Bendikson frå Vangsnes

     ##### (døypt i Leikanger 7.2.1779 – son av Bendik Olson og Britha Tollaksdotter – Ole var gift og gardbrukar på Vangsnes i 1801! – opplysningar om han?)

     og dei streifa i lag, for det meste i Nordhordland, men fekk ikkje born i lag.

~~~~~~~~~~~~~~~~

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne sogneætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegg og ogso for tilsende kopiar frå ætteboki om Ole Bendikson Vangsnes og lagnaden hans.

Kva som kan ha vore òrsaki til at Ole Bendikson kom ut på «skråplanet», kan me sikkert drøfta i det vide og breie, men det er ingen tvil om at me talar om same person.

Det som i første rekke interesserer meg, er kva lagnad Ole fekk?  Men det vert sikkert ikkje so lett å finna ut av...

Ogso vonar eg sjølvsagt på at det let seg gjera finna fleire detaljar om Finn Baardson og ogso stemori Anna Johannesdotter, men der lyt ein vera realistisk og sjå i augi at særleg den siste personen truleg nok vert ståande som berre eit namn...

Sidan eg veit at Arnfrid Dommersnæs Mæland tidlegare har jobba med problematikken kring Antonetta Baardsdotter, vonar eg ho vert merksam på emnet og kan komma med ein liten kommentar...?

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Beklager, men jeg har ikke noe nytt å tilføre. Her er lenke til tråden jeg hadde for 10 år siden

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Arnfrid for siste innlegget.

Eg var særleg spent på om du hadde fleire opplysningar om desse personane enn det som kom fram i emnet ditt frå 2007, men so vidt eg forstår, har du ikkje det.  Då kjem altso spørsmålet om lagnaden til Ole Bendikson opp «for fullt».

Eg kan ikkje sjå at nokon person med namnet Ole Bendikson Wangsnes er gravlagd i Bergen.  Han sat vel på festningen fram til kring 1817, men han var vel «merkt» for livet, og med mindre han skulle dukka opp i passprotokollar(?), lyt me vel gå ut ifrå at han vart buande i Bergen ogso etter at han slepte ut frå «slaveriet»...

Eg ser det var eit almisselem Ole Bendixen på 72 år, som døydde på arbeidanstalten i 18. rode nr. 6 den 31.1.1841: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=4211&merk=4211#ovre

Kan det vera han?  Dødsmeldingsprotokollen har heller ikkje fleire opplysningar: https://media.digitalarkivet.no/view/23995/272

MEN; eg ser det var ein tømmermannsdreng Ole Bendixen som budde i Bergen i 1801, 30 år gamal: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011301&gardpostnr=384&personpostnr=2694&merk=2694#ovre

Denne Ole var fødd på Sunde i Innvik: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=berg1804&gardpostnr=905&merk=905#ovre

Han gifte seg i Nykyrkja 25.7.1802 med ei Siri Willumsdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=16214&merk=16214#ovre

og ho døydde i Bergen 28.4.1832: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=1301begr&gardpostnr=36759&merk=36759#ovre

Denne Ole Bendixen ligg mykje nærare i alder opp til almisselemmet frå 1842, so kanskje det helst var han som døydde då...?

Men kvar vart det i so fall av Ole Bendixen Wangsnes??

Ein ny kjempetakk for alle framifrå freistnadar på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Ivar Moe er i eit anna tema komme inn på ymse personar frå Luster som tok borgarskap i Bergen, og ein av dei var:

1785

image.png.27cfa6fcd8f668cdd35196dd8cb21ab5.png

Denne Halvor Larsson høyrer til denne utfordrande huslyden som har lege «i dvale» hjå meg sidan sommaren 2017.  Det har nok ikkje vore dei heilt store endringane i manuskriptet mitt sidan den gongen, men for å vera trygg, vil eg gjerne leggja ut den noverande manuskriptformi, men først vil eg gjerne få presentera dei største «hovudutfordringane» me slit med her:

** Målarmeistaren Halvor Larsson (1758-1810) hadde fleire yngre søsken, mellom anna Anna (1763), Christian (1770) og Hans Henrik (1774), kvar kan det ha vorte av desse?

** Far til målarmeistaren, vektaren Lars Halvorson, fødd 1732, og andre kona hans Anna Larsdotter, er òg ei stor utfordring - Lars døydde før 1801, men kvar er dødsfsallet hans?

** Vektaren Lars Halvorson hadde ein bror Halvor, fødd 1743, som skal ha butt i Bergen, medan ein annan bror Lars d.y. flytte til Odense i Danmark - frå Danmark er det vel ikkje so lett å finna fleire opplysnngar(?), men kva med Halvor Halvorson?

* Fleire detaljar om Finn Baardson, fødd 1775 og svogeren Ole Bendikson, fødd 1779 - kvar vart det av dei?

Her følgjar so siste versjon av manuskriptet mitt:

~~~~~~~~~~~~~~~~

Halvor Larsson Bergum, opphavleg frå Sørheim, var f. kring 1708 og vart gravlagd frå Bergheim 14.3.1764.  Han gifte seg i Luster 2.7.1731 med Anna Larsdotter frå

     ##### (opphavet hennar? – truleg frå Hafslo)

     Ho var f. kring 1703 og vart gravlagd frå Bergheim 14.6.1770.  Halvor og Anna flytte straks til Hafslo og var mellom anna ei tid gardbrukarar på Melheim, men vart sidan brukarar i Leirdalen og på Fortun til dei kring 1758 fekk hand om dette bruket på Bergheim.  Det var ikkje lenge Halvor og Anna dreiv bruket før eldste sonen fekk ta over, men dei vart buande her levetidi ut som kårfolk.  Halvor og Anna på Bergheim fekk seks born i lag:

 1. Lars Halvorson, d.e. (1732-    ), fekk som nemnt ta over heimebruket på Bergheim etter foreldri.

 2. Thor Halvorson (1734-1750), d. ugift i Leirdalen.

 3. Lars Halvorson, d.y., døypt i Hafslo 27.12.1736,

Lars Halvorsen vart som soldat utkommandert til grenaderkorpset i København der han framleis hadde tilhald i 1764, men kort tid etter flytte han til Asperup, Odense der han 3.2.1766 gifte seg med Maren Olsdotter frå Asperup, f.

##### (opplysningar om opphavet hennar? –hadde ein bror Iver Olsen!)

##### (lagnadane til Lars og Maren? – synest verta borte frå Asperup, men døtrene vart konfirmerte der – busette hjå ein morbror!)

Dei fekk tre born i lag:

a. Maren Larsdatter, f. i Asperup, Odense 13.4.1766,

     ##### (konf. Asperup 1781 – då busett hjå morbror Iver Olsen – lagnaden hennar?)

b. Halvor Larssen, f. i Asperup, Odense 24.11.1767,

     ##### (lagnaden hans? – kan henda gift St. Hans garnison, Odense 16.8.1793 med Johanne Larsdotter

            1801 i Odense: Halvor Larsen – dragon, 42 med kone Johanne Larsdatter 35 og born:

                 Lars Christensen 8, Anne Nidholme 5 og Marie Sophie 3

            1834 i Odense: Halvor Larsen – mursvein 77 med kone Johanne Larsdatter 68

                Halvor Larsen 77 døydde i Odense 1.10.1834)

c. Anne Gregoria Larsdatter, f. i Asperup, Odense 29.9.1770,

     ##### (konf. Asperup 1783 – då busett hjå morbror Iver Olson – n. 1801 som ug. tenestejente Voldby, Kavslunde, Odense – n. 1834 som ug. tenestejente i Baaring, Asperup, Odense – lagnaden hennar?)

 4. Baard Halvorson (1739-1795), var ei tid husmann på Gullskogen under Lavoll (s.d.).

 5. Halvor Halvorson, døypt i Hafslo 1.1.1743,

Halvor Halvorsen flytte i ung alder til Bergen og tente der i 1764.  Han vart truleg buande i Bergen

##### (lagnaden hans?)

 6. Metta Halvorsdotter (1748-før 1764).

~~~~~

Lars Halvorson Bergum, son av føregåande brukar og herifrå Bergheim, var f. kring 1732 og gifte seg 6.1.1757 med Christi Findsdotter frå Fortun, døypt 2.4.1735.  Lars fekk i 1757 skøyte på heimebruket til kona på Fortun, men selde att alt året etter og flytte på same tidi til Bergheim.  Ikkje lenge etter tok han over gardsdrifti etter foreldri og dreiv så bruket fram til 1768.

Lars og Christi Halvorsen flytte i 1768 til Bergen der Lars vart arbeidsmann og sidan vektar.  Dei busette seg i Domkyrkjesokni, men Christi vart gravlagd i Bergen etter barselseng alt 27.4.1770, og Lars vart 3.11.1771 trulova og 2.11.1777 attgift i Domkyrkja i Bergen med enkja Anna Larsdotter, opphavleg frå

##### (fødd i Sogn kring 1730! – til Bergen kring 1760!)

##### (første ekteskapet hennar?)

Lars d.

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1800!)

medan Anna d.

##### (e. 1800!)

Me kjenner til fem born etter Lars Halvorson, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

##### (kan det ha vore fleire? – oppl.?)

a. Halvor Larsen, døypt i Luster 5.3.1758, flytte med foreldri til Bergen i 1768 og tok der 18.8.1785 borgarskap som målar­meister.  Han gifte seg i Bergen 12.10.1785 med Margretha Cathrine Gottliebsdotter Klein.  Ho var dotter av målarmeister Gottlieb Klein og kona Metta Cathrine Nilsdotter og f. i Bergen kring 1757.  Halvor og Margretha Larsen budde ulike stader i Bergen, for det meste i Domkyrkjesokni, men flytte so til Nedre Fjeldsmug der Halvor d. 10.4.1810.  Margretha gifte seg sidan att med ein reipslagar og busette seg då i Sandvigsveien der ho d. 7.1.1830.  Halvor og Margretha fekk visstnok ni born i lag, men dei fleste d. kort etter fødsli.

b. Anna Larsen, døypt i Luster 17.11.1763, flytte nok òg med foreldri til Bergen i 1767, men

     ##### (lagnaden hennar?)

c. Thor Larsen, døypt i Luster 27.6.1767, flytte med foreldri til Bergen i 1768, men vart gravlagd der alt 28.3.1768.

d. Christian Larsen, døypt i Bergen 25.4.1770,

     ##### (konf. 1787? – lagnaden hans?)

e. Hans Henrik Larsen, døypt i Bergen 6.2.1774,

     ##### (lagnaden hans?)

~~~~~

Baard Halvorson Lavold, frå Bergheim, vart døypt i Hafslo 7.12.1739 og gifte seg her i Luster første gongen 2.12.1771 med Britha Findsdotter frå Hagen under Sørheim, døypt i Kyrkjebø (Vik) 18.4.1750.  Ho vart gravlagd frå Hagen 12.4.1780.  Baard og Britha budde først nokre år på Bergheim, men kring 1775 fekk dei ein plass her under Lavoll, og me trur det var plassen på Gullskogen 1 dei då rydda.  Men Baard slutta med plassen alt sommaren 1778, og Britha flytte på same tidi attende til foreldri sine i Hagen under Sørheim.

Baard Halvorsen vart 1778 stemnd for tjuveri hjå Britha Aamundsdotter på Ottum, og sommaren same året rømde han til Bergen.  Han vart førd attende til Luster og her dømd til å arbeida fire år på Bergenhus festning i Bergen.  Etter dette kom han aldri attende til Luster.  Han gifte seg att i Krosskyrkja i Bergen 22.9.1793 med Anna Johannesdotter frå

##### (opphavet hennar? – trulova 28.8.1793)

##### (opplysningar om ho?)

Baard arbeidde visstnok som sjauar på hamni i Bergen, men vart gravlagd frå sjukehuset i Domkyrkjesokni 30.6.1795.  I ekteskapet med Britha fekk han tre born som truleg alle flytte til Bergen kring 1780 etter at mori døydde:

a. Anna Baardsdotter, døypt i Luster 5.1.1772, vart gravlagd i Bergen 25.1.1783.

b. Find Baardson, døypt i Luster 3.5.1775,

     ##### (levde i 1794 – lagnaden hans?)

c. Antonetta Baardsdotter, kjend som Antonetta Baard Halvorsdotter, døypt i Luster 1.6.1778, d. i Bergen 30.7.1813.  Antonetta voks truleg opp i Vik, men flytte på 1790-talet til Bergen der ho i 1801 er nemnd Antonetta Jørgensdotter.  Ho flytte i 1803 til København i Danmark og sidan vidare til Altona i Niedersachsen, Tyskland, men kom i 1806 attende til Bergen.  Ho vart sidan sambuande med Ole Bendikson frå Vangsnes

     ##### (døypt i Leikanger 7.2.1779 – son av Bendik Olson og Britha Tollaksdotter – Ole var gift og gardbrukar på Vangsnes i 1801! – opplysningar om han? – kanskje er det han som d. almisselem i Bergen 31.1.1841 – 72 år?)

     og dei streifa i lag, for det meste i Nordhordland, men fekk ikkje born i lag.

~~~~~~~~~~~~~~~~

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.