Gå til innhold
Arkivverket

SF, Gloppen: Hans Olson Skjerdal / Brite Reielsdtr. Osmundsnes


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Det døyr ein Hans Osmundnes i 1771, men han skal vere 82 år, så det er nok helst Hans Pederson som er fødd i 1692. Så beklagelegvis har eg ikkje noko til deg denne gongen heller :-(

 

Men truloving og ekteskap er einaste oppføringa på dei i Gloppen.

 

Hans er heller ikkje i 1701-manntalet for Gloppen.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

At du ikkje har noko på dei tek eg som eit teikn på at det er stor sannsynleghet for at dei flytte ut av prestegjeldet.  ;)

Takk for at du sa ifrå iallefall.   :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein Hans Olsen er i alle fall brukar på nabogarden til Maurstad, nemleg Indre Nore, ved manntalet i 1701, Der hadde han ein son på 2 år, Abel Hansen.

 

Dette er vel truleg same Abel Hansen som det var skifte etter på Øvre Skram i 1764. Då hadde han syskena Ole Hansen Høynes, Dorthe Hansdtr. som var gift med Ole (Hendrichsen?) på Stårheim og Aagaathe Hansdtr. som var ugift.

 

Ein Ole Hansen vart gift med enka Lisbeth Larsdtr. på Nedre Høynes i 1741:

SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 2, 1741-1769, s. 2

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070503620490

 

Ved trulovinga i 1740 står gardsnamnet Nore på Ole:

SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 1, 1722-1740, s. 106

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070503620483

 

Dorthe Hansdtr. Nore vart gift med Ole Hendrichsen Bjørhovde 15.7.1742:

SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 3

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418630401

 

Aagaathe Hansdtr. Nore vart gift med Jens Anderssen Bak 28.10.1765:

SAB, Eid Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 2, 1741-1769, s. 156

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070503630027

 

Aagaathe er vel eit namn som høver bra i denne samanhangen. (Namnet på mor til Brithe Reielsdtr.)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har notert at Brite Reielsdtr Maurstad er nemnt i tingboka for 1711 - for øyeblikket har eg ikkje høve til å leite det fram att; må prioritere ei kalving :-D

 

Men når eg ser debatten du lenkar til, hugsar eg dette; rett nok var Brite STEMOR til Kristen.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brite Reielsdtr Maurstad er død 1745 - då oppgjeven til å vere 98 år. 

 

SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1742-1816, s. 13
 
Om vi då legg inn eit høveleg slingringsrom og seier at det er meir truleg at ho er 90, vil ho vere ca 44 år når Brite Reielsdtr Osmundnes gifter seg, og om dei er identiske, sannsynlegvis ikkje ha born. 
 
Når det gjeld Hans Olsson Nore som kandidat til Hans Olsson Skjerdal, passar det i alle fall ikkje med at Brite = Brite, for Hans O Nore er nemnd i live etter 1711, og då kan ikkje Brite vere enkje etter han i dette året.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tingbokinnførsla om Brite Reielsdtr Maurstad - året er 1712. 

 


SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 01/01a/L0018: Tingbøker (justisprotokoller), 1711-1713, s. 62b-63a


 

Her testamenterer ho sin "halve hovedlod" til stesønene. Ho er med andre ord barnlaus sjølv. Om ho overlever stesønene, skal far deira ha denne halva. Resten skal gå til "hennar rette arvingar".

 

Det var vel for mykje forlangt at dei skulle liste opp kven desse rette arvingane var.

 

Men vi har i alle fall ikkje funne noko som utelukkar at desse to er same dama. At Kari Reieldtr Osmundnes og Anders Reielson Osmundnes er gift på Nave og Inger Reielsdtr Osmundnes på Solibakke er ikkje nokon ufordel.

 

Og Inger Reielsdtr sin mann Kristen Pederson er bror til Tidemand som er gift med denne Brite Reielsdtr.

 

 


 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No snakkar eg med meg sjølv her, men ein får ofte gode svar då. Eg er nokså sikker på at Brite R = Brite R, men manglar det endelege provet. Mannen Hans må ha døydd før 1701 sidan eg ikkje finn han i manntalet. Men så var det provet då!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har lett litt rundt og fann eit tema vi har vore innom før her på brukarforumet der Brite Reielsdtr. var lansert som ei mulig kone til Kristen Tidemandson Maurstad  

https://forum.arkivverket.no/topic/137031-51598-anders-reielsen-og-kari-bertelsdtr-nave-davik-sogn-og-fj-hvem-var-de/

 

Ekteskapet til Kristen:

SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 1, 1710-1742, s. 22

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418630284

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ekteskapet til Kristen:

SAB, Davik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 1, 1710-1742, s. 22

Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070418630284

 

 

 

Ja eg beklagar over at eg stokka namna Kristen / Tidemand.

Eg burde vite betre, men det er fort gjort når ein ikkje dobbelt og trippelsjekkar før ein trykkjer på knappen!  ;) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har site og fikla litt med denne familien og leita etter spor. Det store ynskjet hadde vore å finne eit skifte som knytte Brite Maurstad til nokon av Osmundnes-folka, men eg er ikkje der enno i alle fall. Eg ser på syskena frå Osmundnes, og finn dette:

 

1701 - skifte på Solibakke etter Inger Reielsdtr - https://media.digitalarkivet.no/sk20081127680440- Tidemand Maurstad har krav i buet, men det kan han ha utan at der er familieband mellom dei. Inger har ei dotter, Kristi Kristendtr, som er nemnd i skifte etter farbroren sin i 1706, då ca 18 år gammal. Er det nokon som veit kvar det vart av henne?

 

1721 - Kari Reielsdtr døyr på Nave - vi har ikkje skifteprotokollar frå denne tida - i 1701-manntalet er der tre søner; Kristen, Reiel og Anders Abelssøner. Reiel overtok Nave og det er skift etter han i 1767 (8 born); kvar Kristen og Anders vart av skulle eg gjerne visst, men sidan det eksisterer ei fruktbar linje her, vil eventuelle skifte etter dei ikkje seie noko om Brite. REDIGERT: I eit seinare innlegg blir det påpeika at eg har blingsa her - skiftet i 1767 er etter Reiel ANDERSSON, son til Anders Reielson. Reiel Abelson er dermed ikkje lokalisert.

 

1730 - Mari Reielsdtr Eimhjellen og husbond skifter i levande live - har 7 born - ikkje noko som kan vere nyttig for oss.

 

1732 - skifte etter Anders Reielson, død på Nave - https://media.digitalarkivet.no/sk20081128620134- blar ein ei side fram, står det nokså mykje om Kristen Tidemandson Maurstad, men eg slit med å lese det samanhengande. Er det nokon som kan bidra?  Redigert: Både Kristen Maurstad og Kristen Nave har krav i buet, ser eg.

 

1742 - Byrge Reielson døyr på Holme - ser ikkje skifte etter han - har dessutan born som vil vere arvingar.

 

1744 - Jakob Reielson døyr på Osmundnes - ser ikkje skifte etter han - har dessutan born som vil vere arvingar.

 

1747 - Torleiv Reielson døyr på Skram - ser ikkje skifte etter han - har dessutan born som vil vere arvingar.

 

Dette er dei beviselege syskena til Brite Reielsdtr Osmundnes, og det ser ikkje ut som om vi får noko hjelp av dei i leitinga.

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjempeflott oversikt, Aase.

Dessverre har eg ikkje noko nytt om Kristen og Anders Abelsøner, heller ikkje Kristi Kristendtr. Sollibakke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som eg skriv, vil nok ikkje Kristen eller Abel tilføre noko nytt, sidan dei har ein bror med etterlkomarar. Kristi Kristendtr derimot vil vere meir interessant å lokalisere.

 

Redigert: i neste innlegg blir det påpeika at eg har gjort ein feil her - det er Reiel ANDERSSON vi har skifte etter, ikkje Reiel ABELSON. Dermed er dei tre brørne intreressante likevel.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veit ikkje om det har relevans, men i 1712 er Tidemann innsett som verge for ei Kristi Kristensdatter. Usikkert om det er same Kristi som du leitar etter, Aase, sidan ho ikkje er nemnd med gårdsnamn.

 

Sjå ved fyste dito etter 3.mai side 65b

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 01/01a/L0018: Tingbøker (justisprotokoller), 1711-1713, s. 65b-66a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rg20090402620411

Eg har også noko kunnskap om ein Anders Abelsen, men er svært usikker på om det kan vere den Anders du leitar etter. Det eg veit er at ein Anders Abelsen busett på garden [Ytre] Vik ved Slagnes i Vanylven er tidlegare utnemnd som verge for ei Malene Abelsdatter Nave i 1718. Ho er stedottera til ein Christen Nave. Eg veit ikkje kven denne Kristen er heller, men eg har på eit tidspunkt kalla han for Pederson. Har dessverre ikkje kjelda for den opplysninga. Kan gjerne vere ein feil frå min side!

 

Sjå fyrste Dito, litt nedom midten side 42b

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 01/01a/L0020: Tingbøker (justisprotokoller), 1718-1720, s. 42b-43a
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/rg20090402620849
 

Endret av Morten Sylte
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Svært interessant, dette skal eg sjå på i morgon - for øyeblikket har eg ikkje basen min tilgjengeleg.

 

Det er i alle fall Kristi Kristensdtr sin farsarv (patrimonium) det er snakk om i 1712. 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det må vel vere rimeleg sikkert at dette er den same Kristi Kristendtr.  Far hennar er bror til Tidemand; Kristen Pederson Maurstad til Solibakke. Vi har dessverre ikkje skiftet etter Kristen (mellom 1701 og 1706), så vi veit ikkje kven som vart sett inn som formyndar, men farbroren er vel den mest nærliggande. I så fall veit vi i alle fall at Kristi er i live og ugift i 1712.

 

Elles har du rett i at Kristen Nave = Kristen Pederson; han var gift med Kari Reielsdtr Osmundnes som tidlegare var gift med Abel Olsson på Nave. At denne Malene er stedottera hans, må bety at ho er syster til desse tre gutane (Kristen, Reiel og Anders Abelssøner). 

 

At det er Anders som blir brukt som verje, kan vel tyde på at dei to eldre enten er døde eller bur endå lenger vekke. 

 

Kva står det heilt til slutt at Anders Abelson er?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved litt nærare studie av manntalet i 1701 er det vel ingen tvil om at "min" Anders Abelsen ikkje kan vere den same som er nemnd i manntalet for Nave. Anders busett i Vik på Sunnmøre vert 39 år i 1701. Anders frå Nave vert 10 år og busett heime i 1701...

 

Ytre Vik, 1701, Sunnmøre

RA, Manntallet 1701, nr. 10: Sunnmøre fogderi, 1701, s. 252-253
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ft10051010281137
 

Nave, 1701, Nordfjord

RA, Manntallet 1701, nr. 9: Sunnfjord fogderi, Nordfjord fogderi og Svanø birk, 1701, s. 210-211
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/ft10051010280113
 

Der er trulig ein samanheng, berre ikkje den eg trudde. Ellers klarar eg ikkje heil å lese kva som står mot slutten akkurat no. Men frå manntalet er det klart at Anders Vik var soldat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.