Gå til innhold
Arkivverket

Jørgen Endreson - fødd på Ottum i Luster 1699 - husmann under Frønningen i 1762 - huslyden hans og lagnadane deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få leggja fram ei sak som eg strevde med for over 35 år sidan, men som eg aldri greidde å finna ut av i «førdataalderen».  Kanskje er tidi no kommi til å få svar på nokre av spørsmåli frå den gongen?

 

Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Endreson (Frønningen), herifrå Ottum og steson av føregåande brukar, var f. i Luster kring 1699 og gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1727?)

 

     med Martha Andersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     Me kan ikkje sjå at Jørgen fekk noko tinglese bygselsbrev på bruket på Ottum, men truleg tok han over gardsen kring 1730 og dreiv han fram til 1735.

Jørgen og Martha flytte kring 1735 til

 

##### (seinare lagnad? – budde 1762 som husmannsfolk under Frønningen i Leikanger – Jørgen var dette året attende i Luster for å vitna i ei åstadsak på Dale prestegard – kona er då kalla Martha Hansdotter!)

 

Me kjenner til ein son etter Jørgen og Martha:

 

##### (hadde dei kan henda fleire born? – oppl.?)

 

a. Søren Jørgenson, døypt i Luster 13.5.1734,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje for alle gode tips om denne so «usynlege» huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I samband med emnet om Mons Endreson og Elisabeth Larsdotter (https://forum.arkivverket.no/topic/196083-mons-endreson-1709-fr%C3%A5-luster-og-elisabeth-larsdotter-1714-fr%C3%A5-%C3%A5rdal-budde-mellom-anna-i-nattviki-i-%C3%A5rdal-so-til-bergen-lagnaden-deira/) er det komme fram at denne Jørgen endreson truleg budde på Frønningen alt i 1749 og at han KAN ha hatt ei hittil ukjend dotter (NB: Kyrkjebøkene for Luster før 1730 gjekk tapt då prestegarden i Luster brann på 1730-talet!):

 

* Martha Jørgensdotter, fødd kring 1728(?), som er nemnd fadder på Frønningen i 1751.

 

Eg ser hjå FamilySearch at fleire jenter med namn Martha Jørgensdotter gifte seg i Vik og i Gulen på 1750- og 1760-talet.  Kan det vera ei av dei??

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no sett litt på dei mogelege «kandidatane» til Martha Jørgensdotter og finn dette:

 

* Martha Jørgensdotter Wange «pige» gift i Vik 19.6.1761 med ungkar Christen Andersson Tennefoss: https://media.digitalarkivet.no/view/11754/23

NB: Kanskje er det mann hennar som i 1801 er 78 år gamal i andre ekteskap som husmann under Mørkeskog i Vik: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392001145

 

* Martha Jørgensdotter Nesse «pige» gift i Vik 22.7.1764 med enkjemann og husmann Knut Johannesson Seimsøren: https://media.digitalarkivet.no/view/11754/33

NB: Ho bur 1801 hjå stesonen Johannes Knutson på Vikøyri i Vik, 77 år gamal enkje: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392000738

 

* Martha Jørgensdotter Myren gift i Gulen 26.6.1746 med Ole Josephson Brendesdal: https://media.digitalarkivet.no/view/11441/38

NB: Ho syner seg vera fødd på Myren i Lavik i 1717 og har andre foreldre!

 

* Martha Jørgensdotter Halsvig gift i Gulen 11.7.1751 med Hans Endreson Frøsæther: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/20

NB: Bygdeboki for Gulen nemner ein Jørgen Sjurson på Halsvik og at han hadde ei dotter Martha (med ukjent fødselsår) gift med Hans Endreson, so det kan ikkje vera ho heller!

 

Dei einaste to av desse «kandidatane» som KAN høva, er dei to frå Vik.  Men finst det fleire opplysningar om dei nokon stad?

 

Om Jon Sværen ser dette innlegget, kanskje han veit råd?

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

No har eg "kaona" til att, slik at eg kan prøva på desse 2 Martha Jørgensen i dåv Vik.

Nr 2, som du omtalar som "Nesse", brukar G. Balvoll på s. 245 i Ættabokji frå 2008, som Martha Jørgensen Kvist 1724-1802.

Kvist og Nesse er 2 gårdsbruk på nordsida av Sognefjorden, Kvamsøy og er i dag Balestrand.

 

Nr 1, Tennefoss er også, Kvamsøy, før Vik, pr i dag Balestrand.

 

Kjem attende med meir, Lars.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan diverre ikkje seia om desse 2 Martha Jørgensdtr har noko med ho som er f. 1728, og som er nevnt som fadder i 1751, Lars.

 

Nr 1 døyr i "god stund" før 1801. For v/ FT 1801 er Christen Anderson gift for andre m/ enkja Ingeborg Markusdtr.

 

Dersom eg har funne ut noko av dette, så er det at Christen og syster Kirsti busette seg på i sjølve Vik. I bygdebokji frå Vik, er desse 2 nevnt på side 75, og at dei kjem vekk frå garden, Ytre Tennefoss.

 

Det siste hjelpe ikkje deg det "spøtt", Lars ! Og inntil vidare må du grubla vidare på dette, eller få hjelp av nokre andre i Forumet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Ein sein, men like hjarteleg takk til Jon for innleggi om dei to Martha Jørgensdøtrene som budde i Vik.  So mykje klokare vart eg vel ikkje av svari dine, Jon, anna enn at båe Martha Jørgensdøtrene burde ha tilhald eller opphav frå Kvamsøy sokn.

 

Frå Fylkesarkivet sin base over fødde i Vik, som tek til i 1727, finst det berre to Jørgen'ar som får born dei første 20 åri.

 

** Jørgen Johnson, husmann på Gotten under Kvist i Kvamsøy.  Han har borni Britha (1729), Børge (1732) og John (1736), og nettopp desse tre er dei einaste borni som lever etter Jørgen då det vart halde skifte etter han i 1749: https://media.digitalarkivet.no/view/24162/219?indexing=

 

** Jørgen i Viks almenning (Vikøyri).  Han har borni Siri (1730) og Synneva (1736).  Denne huslyden veit eg ikkje noko meir om...

 

For meg ser det ut som om ingen av dei to Martha Jørgensdøtrene kan vera fødde i Kvamsøy, so då står sjansane framleis opne for at Jørgen Endreson godt kan vera far til ei av dei...

 

Her er forresten provet på at Jørgen og Martha i 1762 budde på Frønningen som husmannsfolk, ekstraskatten: https://media.digitalarkivet.no/view/47516/231

 

Det vert nok ikkje so enkelt å løysa denne utfordringi, men eg lever i voni og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå «gløymsli».

 

Eg har diverre ikkje noko meir å føya til enn dei opplysningane som kjem fram i tidlegare innlegg, men vonar at kanskje ein eller annan «ser» ei løysing på denne kjempeutfordringi?

 

Som eg var inne på alt i innlegg #2 over, var Jørgen Endreson tydeleg alt i 1749 busett på Frønningen som faddar på brordotteri Inger Monsdotter døypt 15.11.1749:

https://media.digitalarkivet.no/view/11565/101

 

Og han kan godt vera far til den Martha Jørgensdotter Frønningen som er nemnd faddar på søskenbarnet Anders Monson døypt 17.3.1751:

https://media.digitalarkivet.no/view/11565/117

 

Og denne Martha KAN godt vera identisk med ei av dei Martha Jørgensdøtrene som eg syner til i innlegg #3 som gifte i Vik!?

 

Det er i det heile merkeleg kor godt denne huslyden synest «gøyma» seg i kjeldene våre, men eg vonar på meir bistand til å finna fleire detaljar om denne huslyden og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Iflg skiftet, innlegg nr 6,  frå 1749 har ikkje Jørgen Johnson noko levande dtr v/ navn Marta Jørgensdtr 1724-1802.

Eit unnatak KAN VÆRA at Martha f 1724 = Uekte !

Jørgen i Vik almenning, kan væra nr 550, s 226, i Ættabokji frå Vik, utg 2008.

Jørgen Nilsson Vikøyri 1693-1763 var gift m/ Marta ?? (fødd og død: ukjent). 3 ongar:

1. Marta f 1726. Død 1726 ?

2. Sigrid f 1730

3. Synneva f og d 1736

 

1758 var Jørgen i armod. Og 1763 på lege.

———————-

Dette var ikkje mykje å ropa hurra for, men det er alt eg har diverre !

 

Og i Vik er ein trulig oppteken m/ Skulestruktur. Og om når det kjem eit ras m/ døden til fylgje, til å væra inntr i kven ho

Martha kan væra !! 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Nei, denne utfordringi om huslyden til Jørgen Endreson og dotteri Martha er og vert skikkeleg komplisert.  Truleg får me berre svar dersom me brått kjem over kjelder som omskriv desse personane direkte...  Er spørsmålet berre å «leita på rette staden»...?

 

Dette med naturkatastrofar er elles noko som har oppteke folk til alle tider.  Ferieturen min til Sør-Frankrike i august skulle normalt ha starta den dagen Morandi-brui i Genova raste saman.  Eg har køyrt over den brui mange gongar før, so eg kan vera glad reisen vart utsett i to dagar, so eg kunne endra reiseruta...

 

Eg takkar elles på ny for alle innspel som kan bidra til å løysa denne kjempegåta som omgjev huslyden til Jørgen Endreson!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne utfordringi som av ein eller annan grunn tydeleg ikkje let seg gjera noko med... 

 

Det er påfallande kor «anonym» Jørgen Endreson og huslyden hans skal vera.  Jørgen var fødd på Ottum i Luster kring 1699, men var komen til Frønningen alt på 1740-talet og levde framleis der ved ekstraskatten i 1762 - men kvar vart det av han?? - og kva med kona og borni deira??

 

Det er fleire alternativ for lagnaden til den mogelege dotteri Martha, drøfta i fleire innlegg over, men me manglar framleis «nakna fakta».

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Jørgen Endreson Frønningen, herifrå Ottum og steson av føregåande brukar, var f. i Luster kring 1699 og gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1727?)

 

     med Martha Andersdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     Me kan ikkje sjå at Jørgen fekk noko tinglese bygselsbrev på bruket på Ottum, men truleg tok han over kring 1730 og dreiv fram til 1735.

Jørgen og Martha flytte kring 1735 til

 

##### (seinare lagnad? – seinast i 1740-åri på Frønningen - budde 1762 som husmannsfolk under Frønningen i Leikanger – Jørgen var dette året attende i Luster for å vitna i ei åstadsak på Dale prestegard – kona er då kalla Martha Hansdotter!)

 

Det ser ut til Jørgen og Martha må ha hatt minst to born i lag:

 

##### (hadde dei kan henda fleire born? – oppl.?)

 

a. Martha Jørgensdotter, f. i Luster kring 1730,

 

     ##### (nemnd som faddar Frønningen 1751!? - lagnaden hennar?)

 

b. Søren Jørgenson, døypt i Luster 13.5.1734,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for alle freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for følgjande melding som kom inn hjå i aftes:

 

«Som du kanskje hadde frykta: Eg er ikkje komen ein millimeter lenger fram her, diverre Lars !

 
Lev vel»
 
Jørgen Endreson på Frønningen er og vert ei kjempeutfordring, og eg veit ikkje mi arme råde råd korleis me skal komma lenger med denne husoyden.
 
Men eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne gåta!
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.