Gå til innhold
Arkivverket

Aanund Paulson Aspvig i Lærdal (1663-1738) - gift to gongar og hadde ni born - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det var NESTEN at skifteskrivaren på Hafslo frå 1766 lurte meg!  Då det vart halde skifte etter Knut Augundson Hauge dette året vert det fortalt at han mellom anna hadde eit nestsøskenbarn med namn Aanund Paulson i Aspviki i Lærdal.   Aanund var avliden før 1766, men let etter seg ein son Ole Aanundson som då skulle bu på plassen Bermål under garden i Årdal.

 

Dette syner seg vera «riv ruskande» gale.  Det vart i 1738 halde skifte etter den nemnde Aanund Paulson Aspvig, og kyrkjebøkene syner dessutan fleire born.

 

Aanund var fødd på plassen Skophammar under Kroken ytre i Hafslo, og denne huslyden er det viktig for meg å skaffa oversyn over.  Eg har sete fleire timer i kveld for å få på plass so mykje som råd er, MEN eg står fast på pleire stadar.  No vonar eg at kanskje nokon har kjennskap til denne huslyden og kan hjelpa meg litt vidare?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Eit nytt oppdatert manuskript følgjer i innlegg #5 nedanfor etter at Grethe har oppdaga vigsli til Anders Aanundson, og eg har identifisert kona Malena...!)

 

Særleg er eg forundra over kvifor eg ikkje finn dødsfallet til Ole Lasseson i Lærdal i 1782.

 

Likeins burde Ole Lasseson og kona Anna vera å finna i ekstraskatten for Lærdal frå 1763!?

 

Og mykje «mystikk» omgjev Anders Aanundson og kona Malena Andersdotter, som tok over Aspviki etter foreldri...

 

Elles er lagnadane til Ole, Ingeborg, Solvi og Paul store spørsmål! attåt mori Metta Andersdotter...?

 

Og til sist, kven var Gjertrud Eriksdotter, andre kona til Erik Bermaal?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra (de gamle) nettsidene til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane - legger for ordens skyld inn skiftet etter Erik Aamundsen:

 

Namn arvtakar: Erich, Aamundsen 

Gard: Natvigen, nr.:2

Husmannsplass: Bæremaal

Yrke: Huusmand

Skipreide: Årdal

Protokoll/side: 10-219b

Datering: 1786-1794

Dato: 17.9.1792

Eiga: 7 Dalar, 2 ort, 8 skilling

Gjeld: 8 Dalar, 5 ort, 4 skilling

Netto: 0 Dalar, 0 ort, 0 skilling

Merknad: Ikkje i BB - Falitt

 

Personar i skiftet :
(1) Giertrud Erichsddatter Enken
(2) Hans Ørbech Laugverge for Enken
(3) Ingebrigt Aamundsen Død Bror
(4) Halvor Ingebrigtsen Myndig Brorsøn
(5) Ingebrigt Ingebrigtsen 16 Aar Brorsøn
(6) Metthe Ingebrigtsdatter 20 Aar Brordatter
(7) Halvor Knudsen Formynder for Metthe
(8) Anna Aamundsdatter Død Søster
(9) Ingebor Olsdatter Søsterdatter
(10) Marthe Ingebrigtsdatter Kreditor
(11) Ole Endresen Haugene Kreditor
(12) Lars Hollen Kreditor
(13) Hans Natvigen Kreditor
(14) Jan Hofland Kreditor
(15) Lasse Aamundsen Nedre Ehrie SchaalevoldenLeirdahl Gift med Ingebor
(16) Peder Stønjum Hiermand Leirdahl Formynder for Ingebr
(17) Martha Olsdatter 27 Aar Søsterdatter
(18) Jens Ovesen Øye Formynder for Martha
(19) Lars Erdal Kreditor
(20) Hans Lem Leirdahlsøren Kreditor

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for referat av skiftet etter Erik Aanundson Bermaal.  Som det går fram av dette skiftet, var det berre to av søskeni hans som då hadde slekt etter seg, og det er vel ymse som tyder på at det berre var tre søsken som levde då skiftet på Hafslo vart halde i 1766...

 

Ein feil finn me forresten i skiftet frå 1792:  Martha Olsdotter var 47 år gamal, ikkje 27 (tvillingane Ingeborg og Martha vart døypte i januar 1746!)

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Aard. Dom 22 à Trinitatis(...)Copul(...)Anders Aamundsen med Malene Jonsdatter:

 

Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 1 (1711-1752), Kronologisk liste 1743, Side 92
Permanent bilde-ID: kb20070514620035
 
 
Kan dette være Anders Aamundsens giftermål og at Malene har fått farsnavn Jonsdatter i stedet for Andersdatter?? 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for kjempeflott innlegg!

 

Du har finne vigsli til Anders Aanundson, og med namnet Malena Johnsdotter har eg identifisert kona hans!  Eg har etter dette sett opp eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Aanund Paulson (Skophammer), f. {i Hafslo} kring 1663,

Aanund Paulson flytte til Lærdal og gifte seg første gongen kring 1697 med Anna Ellingsdotter, truleg frå Aspviki i Lærdal

 

##### (kvan var foreldri hennar?)

 

og f. der kring 1670.  Men ho d. kring 1705, og Aanund gifte seg kring 1707 att med Metta Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

truleg f. kring 1686.  Aanund tok visstnok kring 1697 over som leiglending etter svigerforeldri sine i Aspviki i Lærdal og dreiv garden levetidi ut.  Han d. i Aspviki ?.1.1738, medan Metta d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1738!)

 

Me kjenner til ni born etter Aanund i Aspviki, to frå første ekteskapet og sju frå det andre:

a. Ole Aanundson, f. i Lærdal kring 1699,

 

     ##### (nemnd i 1738 – ogso nemnd som EINASTE barnet etter Aamund i 1766, då busett på Bermål under Natvik i Årdal, men dette er truleg feil for broren Erik! – lagnaden til Ole? – døydde barnlaus før 1792!)

 

b. Ingeborg Aanundsdotter, f. i Lærdal kring 1702,

 

     ##### (nemnd i 1738 (ugift?) – lagnaden hennar? – d. barnlaus før 1792!)

 

c. Anna Aanundsdotter, f. i Lærdal kring 1709, d. i Hauge sokn i Lærdal 24.3.1776.  Anna gifte seg i Lærdal 21.10.1742 med Ole Lasseson frå Brattegjerde under Øye i Lærdal, truleg f. i Lærdal kring 1712.  Han d. visstnok i Hauge sokn, Lærdal 16.12.1767.  Anna og Ole budde som plassfolk på Brattegjerde under Øye i Lærdal og fekk tre born i lag.

d. Anders Aanundson, døypt i Lærdal 13.11.1712, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1763!)

 

     Anders gifte seg i Årdal 10.11.1743 med enkja Malena Johnsdotter, opphavleg frå Øyri i Årdal, d. i Årdal kring 1692.  Ho d. i Årdal 12.11.1764.  Ho vart trulova første gongen i Årdal (vigselsdato manglar) 1.1.1715 med Tollef Olson frå

 

     ##### (opphav? – ikkje frå Årdal?)

 

     f. kring 1690.  Tollef var gardbrukar på Øyri og sidan på Hestetun i Årdal der han d. kring 1740.  Anders og Malena tok over som leiglendingsfolk på heimebruket hans i Aspviki, men

 

     ##### (ser ut til å vera flytte derifrå kring 1755? – ho er ikkje i Årdal 1763! – lagnaden deira?)

 

     Anders og Malena fekk ingen born i lag, men Malena hadde seks born frå første ekteskapewt sitt.

e. Erik Aanundson, døypt i Lærdal 1.6.1716, d. på Bermål i Årdal 7.10.1792.  Erik gifte seg første gongen i Lærdal 2.11.1744 med enkja Agatha Nilsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     Ho var f. kring 1695 og hadde før vore gift med gardbrukar og enkjemann Paul Endreson i Vindedalen indre i Lærdal (1693-1744), ein son av sagemeister Endre Johnson i Haugen under Amla i Sogndal, som ei tid hadde vore gardbrukar på Kvam øvre på Veitastrondi i Hafslo.  Agatha d. på Bermål i Årdal 29.3.1770, og Erik gifte seg 10.11.1771 att i Årdal med Gjertrud Eriksdotter

 

     ##### (oppl. om ho? – var det ho som døydde 12.2.1798, 86 år gamal?? – hadde før vore gift i Årdal 28.10.1731 med Ole Johannesson eller i Årdal 2.7.1735 med Peder Carlson?)

 

     Erik tok visstnok først over som leiglending på bruket som første kona sat med i Vindedalen indre i Lærdal, men flytte sidan som husmann til Bermål under Natviki i Årdal.  Erik fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

f. Solvi Aanundsdotter, døypt i Lærdal 1.2.1720, d. i Hauge sokn i Lærdal 12.4.1753, truleg ugift og i alle fall barnlaus.

g. Kari Aanundsdotter, døypt i Lærdal 3.6.1723, d.

 

     ##### (d. kort etter fødsli? – dato?)

 

h. Ingebrigt Aanundson, døypt i Lærdal 1.12.1724, d. i Hauge sokn i Lærdal 25.3.1777.  Han gifte seg i Lærdal 28.10.1755 med Ragnhild Halvorsdotter frå Galdane i Lærdal, døypt i Lærdal 29.9.1732.  Ho d. på Gjerde i Lærdal 12.10.1802.  Ingebrigt og Ragnhild tok i 1750-åri over som leiglendingar etter broren Erik i Vindedalen indre i Lærdal, men flytte kring 1770 til Gjerde på Lærdalsøyri.  Som enkje gifte Ragnhild seg 7.9.1777 att i Lærdal med Knut Larsson frå Gjerde, Lærdalsøyri, døypt i Lærdal 30.6.1743.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1801 – ikkje finne 1801-1834!)

 

     Knut og Ragnhild vart buande som strandsitjarar på Gjerde, Lærdalsøyri i Lærdal.  Ragnhild fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet med Ingebrigt.

i. Paul Aanundson, døypt i Lærdal 9.6.1729, d. i Hauge sokn, Lærdal 8.8.1756, truleg ugift og i alle fall barnlaus.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand med å komplettera denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"med enkja Malena Johnsdotter, opphavleg frå Øyri i Årdal, d. i Årdal kring 1692." 

 

En liten korrigering: du mener vel f. i Årdal kring 1692 (eller er det døpt?).

 

Malena døde i 1764 og det er vel da i årene 1755 og fram til dødsfallet til Malena at du ikke ser spor av henne og ektemannen Anders. 

 

Ellers finner jeg disse skiftene på nettsidene til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane - regner med at du allerede har sett dem, men legger dem for ordens skyld inn her: 

 

Namn arvtakar: Mallene, Joensdtr 

Gard: Hestethun, nr.:4 Husmannsplass:

Yrke: Danneqvinde

Skipreide: Årdal

Protokoll/side: 7b-693b

Datering: 1762-1768

Dato: 6.2.1765

Eiga: 14 Dalar, 4 ort, 6 skilling

Gjeld: 3 Dalar, 5 ort, 0 skilling

Netto: 10 Dalar, 5 ort, 6 skilling

Merknad:

 

Personar i skiftet :
(1) Ole Tollefsen Død Søn
(2) Tollef Olssen 21 Aar Sønnesøn
(3) Ole Olssen 15 AarBergen Sønnesøn
(4) Øllegaard Olsdatter 22 Aar Sønnedatter
(5) Maritha Olsdatter 17 Aar Sønnedatter
(6) Tollef Olssen 2 1/2 Aar Sønnesøn
(7) Ole Olssen 8 Veker Sønnesøn
(8) Kari Olsdatter 6 Aar Sønnedatter
(9) Anna Olsdatter 4 Aar Sønnedatter
(10) Giertrud Tollefsdatter Død Datter
(11) Mallene Olsdatter Datterdatter
(12) Randj Olsdatter Datterdatter
(13) Boets gjeld Kreditor
(14) Haaver Thorsen Hestethun Formynder for Ole
(15) Ole Endresen Herrøe Formynder for Tollef
(16) Ole Heljesen Herrøe Formynder for Karen
(17) Peder Polsen Holmestad Formynder for Malene
(18) Hermund Holsetter Formynder for Øllega
(19) Ludvig Endresen Holsetter Formynder for Endre
(20) Hans Erichsen Præstegaarden Formynder for Ole
(21) Endre Olssen 8 Aar Sønnesøn
(22) Malene Olsdatter 13 Aar Sønnedatter
(23) Aase Olsdatter 14 Aar Datterdatter
(24) Bertel Hanssen Form Aase/Mal/Randj
(25) Jon Jonsen Øhren Formynder for Marith
(26) Iver Jørgensen Øhren Formynder for Anna
(27) Ole dy Tollefsen Død Søn

 

-----------------------------------------------------------------------------------

Namn arvtakar:

Tollev, Olsen  

Gard: Hestetun, nr.:5

Husmannsplass:   Yrke:

Skipreide: Årdal

Protokoll/side: 5a-212b

Datering: 1735-1741

Dato: 27.9.1740

Eiga: 67 Dalar, 5 ort, 2 skilling

Gjeld: 20 Dalar, 4 ort, 8 skilling

Netto: 47 Dalar, 0 ort, 10 skilling

Merknad:

 

Personar i skiftet :
(1) Ole Tollevsen 25 AarBergen Søn
(2) Ole dy Tollevsen 23 AarBergen Søn
(3) Siur Tollevsen 15 Aar Søn
(4) Giertrue Tollevsdatter 10 Aar Datter
(5) Joen Tollevsen 18 Aar Søn
(6) Boets gjeld Kreditor
(7) Malene Joensdatter Enken

 

I 1740 er Malenes eldte sønn, Ole, 25 år, f. ca. 1715 og i Bergen. Neste sønn heter også Ole, f. ca. 1717, så følger Jon, 18 år, f. ca. 1722, Sjur, 15 år, f. ca. 1725 og til slutt datteren Gjertrud, f. ca. 1730. Ved skiftet etter Malene i 1765, ser det ut som begge sønner Ole er døde og det samme gjelder datteren Gjetrud. Men verken Jon eller Sjur ser ut til å være nevnt i 1765. Dette har antakelig ikke av interesse, siden dette er ikke noe direkte slekt av Anders Aanundsen.

 

Men hvor befinner Anders Aanundsen seg??

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En Ole Tolleifsen er registrert på Hestetun i ekstraskatten feb 1763 for Lærdal og på høyre side finner jeg ei Malene Johnsdatter. Finner også Tolleif Olsen og Øllegaard Olsdatter:

 

Sogn og Fjordane fylke, Sogn, Ekstraskatt nr. 3418 (1762-1769), Dokumentside, Side 136
Permanent bilde-ID: rk10051111030143
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Huslyden på Hestetun fell, som du òg seier, utanfor manuskriptet mitt, men frå desse skifti kan me trekka eit par svært interessante konklusjonar:

 

* Anders Aanundson må vera avliden før 1763, for han er ikkje nemnd i ekstraskatten og heller ikkje i skiftet etter Malena, med mindre dei har skilt lag, utan å vera formelt skilde, før 1763 - som sjølvsagt er mogeleg, om enn ikkje svært sannsynleg...

 

* Dotteri Gjertrud Tollefsdotter syner seg å vera gift med Ole Torbjørnson, og dei tok over som brukarar i Aspviki etter Anders Aanundson og Malena kring 1750, noko som òg tyder på at Anders er avliden...  Berre so synd at kyrkjebøkene for Lærdal/Årdal er so ufullstendige for 1740-talet og opp til og med 1751!

 

Elles var det kjekt å sjå originalen av ekstraskatten for Lærdal 1763 - kanskje det då vil vera mogeleg å finna Anna Aanundsdotter og mannen Ole Lasseson der som plassfolk ein eller annan stad i Tønjum sokn?  Bygdebokforfattaren har ikkje finne bustaden deira, men har kan henda ikkje nytta ekstraskattmanntalet?

 

Redigert: Og ganske riktig; her finn me Ole Lasseson og Anna Aanundsdotter som registrerte under Øye i Hauge sokn.  Dei har nok butt på Brattegjerde...: https://media.digitalarkivet.no/view/47516/139

 

Ein ny kjempetakk for framifrå hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no leitt litt meir etter dødsfallet til Ole Lasseson, og eg trur eg har finne det:

 

Ole Lasseson, 55 år, døydde i Hauge sokn, Lærdal 16.12.1767: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/249

 

Rett nok er det òg ein Ole Lasseson på 58 år som døydde i Tønjum sokn, Lærdal 23.10.1770: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/251

 

Men både Anna (1776) og sonen Aanund (1780) døydde i Hauge sokn, so kvifor skulle Ole var avliden i Tønjum sokn?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har igjen saumfare dødslistene i kyrkjebøkene for Lærdal og fann dødsfalli til dei to borni Solvi i 1753 og Paul i 1756.  Datoane er innlagde i manuskriptet i innlegg #5 ovanfor.

 

Eg mistenker Gjertrud Eriksdotter, andre kona til Erik Aanundson Bermaal, for å vera ho som første gongen var gift med Peder Carlson, men finn ikkje noko meir om dette parfolket!  Merkeleg!

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

????

 

Namn arvtakar: Ole, Torbiørnsen 

Gard: Aspevig, nr.:3

Husmannsplass:

Yrke: Mand

Skipreide: Lærdal

Protokoll/side: 9-44b

Datering: 1781-1786

Dato: 7.3.1783

Eiga: 94 Dalar, 3 ort, 4 skilling

Gjeld: 32 Dalar, 5 ort, 12 skilling

Netto: 61 Dalar, 3 ort, 8 skilling

Merknad:

 

Personar i skiftet:
(1) Guro Monsdatter Enken
(2) Torbiørn Ollssen 22 Aar Søn
(3) Mons Olssen 7 Aar Søn
(4) Aase Olsdatter Datter
(5) Randi Olsdatter Datter
(6) Giertrud Olsdatter 16 Aar Datter
(7) Rannej Olsdatter 4 Aar Datter
(8) Boets gjeld Kreditor
(9) Niels Pedersen Bierchum Formynder for Rannej
(10) Lasse Olssen Hundøre Formynder for Schach
(11) Johannes Olssen Gielde Aardahl Gift med Randi
(12) Christopher Knudsen Schiær Formynder for Mons
(13) Erich Jenssen Søbøe Formynder of rTorbor
(14) Jørgen Wettie Gift med Malene
(15) Jonas Øvregaard Kurator for Torbiørn
(16) Ole Olssen Fossen Gift med Aase
(17) Schach Olssen 9 Aar Søn
(18) Malene Olsdatter Datter
(19) Torbor Olsdatter 12 Aar Datter
(20) Atle Windedahl Formynder for Giertr

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BC-L4G

 

Name: Ole Torbiornsen
Spouse's Name: Guro Moensdr.
Event Date: 11 Oct 1768
Event Place: Lærdal, Sogn Og Fjordane, Norway
 
Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Viede 1768-1772, Side 220
Permanent bilde-ID: kb20070514620290
 
 
Name: Randj
Christening Date: 14 Jan 1759
Christening Place: LAERDAL, SOGN OG FJORDANE, NORWAY
Father's Name: Ole Torbiornsen
Mother's Name: Giertrud Tolleifsdr
 
Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Fødte og døpte 1759, Side 144
Permanent bilde-ID: kb20070514620214
 
 
 
 
 
 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

"Eg mistenker Gjertrud Eriksdotter, andre kona til Erik Aanundson Bermaal, for å vera ho som første gongen var gift med Peder Carlson, men finn ikkje noko meir om dette parfolket!  Merkeleg!"

 

Legger for ordens skyld inn dette:

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BC-F8S

 

Name: Peder Carlsen
Spouse's Name: Giertru Erichsdr.
Event Date: 02 Jul 1735
Event Place: Lærdal, Sogn Og Fjordane, Norway
 
 
 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye nyttige innlegg.

 

Du har lokalisert skiftet etter Ole Torbjørnson Aspvig, og likeins vigsli til Peder Carlson og Gjertrud Eriksdotter, dette paret som gøymer seg so godt i kjeldene våre!

 

Det er vel ikkje so mykje nytt å finna i skliftet etter Ole Aspvig, og heller ikkje i den nemnde vigsli, men eg vonar at nokon dreg kjensel på Peder og Gjertrud og kan hjelpa vidare...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan Ole Aanundsen, nevnt i Sjeleregisteret for Sogndal i 1760, være en mulig kandidat?

Han er der oppført som husmann på plassen Guerloug, Norum, 70 år gml sammen med sin kone Christi Nielsdatter og en sønn Hans Olsen 16 år.

Litt for gammel ti å passe perfekt, men runde år er ikke helt til å stole på?

I Sjeleregistret 1776 for Sogndal er ekteparet ikke med.

Sønnen Hans gifter seg med Dordei Andersdatter. I 1885 etterlater han seg enken Dordei og 4 barn i alderen 10 til 3 år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til May for eit interessant innlegg!

 

Alderen til denne Ole Aanundson er ikkje so «avskrekkande», men me veit at «vår» Ole Aanundson var avliden før 1792, og han let ikkje etter seg korkje born eller borneborn, so då er dette ein urealistisk «kandidat».

 

Men, ein eller annan stad må jo Ole finst der ute, og eg takkar på ny for alle freistnader og gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

I samband med juli ønskjer eg i kveld å henta fram denne utfordrande huslyden som har lege i «dvale» sidan januar.

 

Her følgjer siste versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Aanund Paulson (Skophammer/Aspvig), f. {i Hafslo} kring 1663,

Aanund Paulson flytte til Lærdal og gifte seg første gongen kring 1697 med Anna Ellingsdotter, truleg frå Aspviki i Lærdal

 

¤¤¤¤¤ (kven var foreldri hennar?)

 

og f. der kring 1670.  Men ho d. kring 1705, og Aanund gifte seg kring 1707 att med Metta Andersdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

truleg f. kring 1686.  Aanund tok visstnok kring 1697 over som leiglending etter svigerforeldri sine i Aspviki i Lærdal og dreiv garden levetidi ut.  Han d. i Aspviki ?.1.1738, medan Metta d.

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1738!)

 

Me kjenner til ni born etter Aanund i Aspviki, to frå første ekteskapet og sju frå det andre:

a. Ole Aanundson, f. i Lærdal kring 1699,

 

     ¤¤¤¤¤ (nemnd i 1738 – ogso nemnd som EINASTE barnet etter Aamund i 1766, då busett på Bermål under Natvik i Årdal, men dette er truleg feil for broren Erik! – lagnaden til Ole? – døydde barnlaus før 1792!)

 

b. Ingeborg Aanundsdotter, f. i Lærdal kring 1702,

 

     ¤¤¤¤¤ (nemnd i 1738 (ugift?) – lagnaden hennar? – d. barnlaus før 1792!)

 

c. Anna Aanundsdotter, f. i Lærdal kring 1709, d. i Hauge sokn i Lærdal 24.3.1776.  Anna gifte seg i Lærdal 21.10.1742 med Ole Lasseson frå Brattegjerde under Øye i Lærdal, truleg f. i Lærdal kring 1712.  Han d. visstnok i Hauge sokn, Lærdal 16.12.1767.  Anna og Ole budde som plassfolk på Brattegjerde under Øye i Lærdal og fekk tre born i lag.

d. Anders Aanundson, døypt i Lærdal 13.11.1712, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1763!)

 

     Anders gifte seg i Årdal 10.11.1743 med enkja Malena Johnsdotter, opphavleg frå Øyri i Årdal, f. i Årdal kring 1692.  Ho d. som enkje på Hestetun i Årdal 12.11.1764.  Malena vart trulova første gongen i Årdal (vigselsdato manglar) 1.1.1715 med Tollef Olson frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphav? – ikkje frå Årdal?)

 

     f. kring 1690.  Tollef var gardbrukar på Øyri og sidan på Hestetun i Årdal der han d. kring 1740.  Anders og Malena tok over som leiglendingsfolk på heimebruket hans i Aspviki, men

 

     ¤¤¤¤¤ (ser ut til å vera flytte derifrå kring 1750? – ho er ikkje i Årdal 1763! – lagnaden deira?)

 

     Anders og Malena fekk ingen born i lag, men Malena hadde seks born frå første ekteskapewt sitt.

e. Erik Aanundson, døypt i Lærdal 1.6.1716, d. på Bermål i Årdal 7.10.1792.  Erik gifte seg første gongen i Lærdal 2.11.1744 med enkja Agatha Nilsdotter frå

 

     ¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)

 

     Ho var f. kring 1695 og hadde før vore gift med gardbrukar og enkjemann Paul Endreson i Vindedalen indre i Lærdal (1693-1744), ein son av sagemeister Endre Johnson i Haugen under Amla i Sogndal, som ei tid hadde vore gardbrukar på Kvam øvre på Veitastrondi i Hafslo.  Agatha d. på Bermål i Årdal 29.3.1770, og Erik gifte seg 10.11.1771 att i Årdal med enkja Gjertrud Eriksdotter

 

     ¤¤¤¤¤ (oppl. om ho? – var det ho som døydde 12.2.1798, 86 år gamal?? – hadde før vore gift i Årdal 28.10.1731 med Ole Johannesson eller i Årdal 2.7.1735 med Peder Carlson?)

 

     Erik tok visstnok først over som leiglending på bruket som første kona sat med i Vindedalen indre i Lærdal, men flytte sidan som husmann til Bermål under Natviki i Årdal.  Erik fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.

f. Solvi Aanundsdotter, døypt i Lærdal 1.2.1720, d. i Hauge sokn i Lærdal 12.4.1753, truleg ugift og i alle fall barnlaus.

g. Kari Aanundsdotter, døypt i Lærdal 3.6.1723, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (d. kort etter fødsli? – dato?)

 

h. Ingebrigt Aanundson, døypt i Lærdal 1.12.1724, d. i Hauge sokn i Lærdal 25.3.1777.  Han gifte seg i Lærdal 28.10.1755 med Ragnhild Halvorsdotter frå Galdane i Lærdal, døypt i Lærdal 29.9.1732.  Ho d. på Gjerde i Lærdal 12.10.1802.  Ingebrigt og Ragnhild tok i 1750-åri over som leiglendingar etter broren Erik i Vindedalen indre i Lærdal, men flytte kring 1770 til Gjerde på Lærdalsøyri.  Som enkje gifte Ragnhild seg 7.9.1777 att i Lærdal med Knut Larsson frå Gjerde, Lærdalsøyri, døypt i Lærdal 30.6.1743.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1801 – ikkje finne 1801-1834!)

 

     Knut og Ragnhild vart buande som strandsitjarar på Gjerde, Lærdalsøyri i Lærdal.  Ragnhild fekk i alt åtte born, som alle var frå første ekteskapet med Ingebrigt.

i. Paul Aanundson, døypt i Lærdal 9.6.1729, d. i Hauge sokn, Lærdal 8.8.1756, truleg ugift og i alle fall barnlaus.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Om nokon greier å fylla nokre av dei attverande «hòli» i denne ættetavla ville det vera den største julegåva eg kan tenkja meg, og eg takkar på ny for all god julebistand!

 

God Jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.