Gå til innhold
Arkivverket

Ragnhild Halvorson (Halvorsdotter?) - skal vera fødd i Tinn i Telemark mars 1848, utvandra 1874? - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Enkjemannen Nils Olson Rønnei frå Luster, fødd i Luster 30.8.1838, utvandra i 1871 med første kona Anna (Ølnes) til Arendahl township, Fillmnore Co., MN.  Anna døydde i 1892, og Nils gifte seg att i Fillmore Co., MN 24.1.1895 med ei:

 

Ragnhild Halvorson (truleg Halvorsdotter).  Ho skal ha vore frå Tinn i Telemark, og vert i FT1900 oppgjevi fødd i Noreg i mars 1848, og utvandra i 1874.  Om me kan stola 100% på alder og utvandringsår, veit eg ikkje.  Mannen Nils vert ved same høve sagd fødd i oktober 1840, medan utvandringsåret hans manglar!

 

Ho kan ha hatt ein bror som budde i same nabolaget i Fillmore Co., MN:

 

* Halvor Halvorson, fødd i Mogen, Tinn 1851/1852, som utvandra i 1873.

 

Det var ogso ein annan Halvor Halvorson, fødd i Tinn kring 1840, som utvandra mykje før og som gifte seg i Fillmore Co., MN i 1861!

 

Eg har vore på leiting etter opphavet til denne Ragnhild i mange år, men har ikkje finne nokon som høver, korkje i Tinn eller andre stadar, men no ser eg i FT1865 for Tinn ei Ragnhild Halvorsdotter, fødd i Tinn 1848, som i 1865 tente på Feten i Gransherad:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038141001205

 

Kan dette vera den Ragnhild som eg leiter etter?

 

Mannen Nils Olson Rønneid, kjend som Nels Roney, døydde i Fillmore Co.,. MN 2.7.1902, og kvar det sidan vart av Ragnhild, er òg eit mysterium.  Ifølgje FT1900 hadde ho ingen born!

 

Ikkje noki lett sak dette, men kanskje er det nokon som har sett noko eg har oversett?  Og kven var denne Ragnhild i Gransherad 1865?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande og utfordrande innlegg!

 

«Kandidaten» din for Ragnhild Halvorsdotter, fødd på Risjordet i Tinn 11.3.1846, høyrest absolutt spennande ut.  Men veit ein noko om lagnaden hennar?  Eg kan ikkje sjå ho i FT1865, men kanskje fødselsåret er feil?  Kanskje det er ho som tente på Feten, 18 år gamal??

 

Eg har elles sjekka ut foreldri til Halvor Halvorson fødd i 1851, Halvor Aavaldson og Kirsti Torstensdotter, og dei hadde definitivt ingen døtrer med namn Ragnhild, so Halvor Halvorson kan ikkje vera bror hennar!

 

Eg takkar igjen for alle gode tips når det gjeld Ragnhild frå Tinn!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Telemark fylke, Atrå, Mæl, Dal, Hovin i Tinn, Gransherad, Ministerialbok nr. I 6 (1857-1878), Konfirmerte 1862, Side 163
Permanent bilde-ID: kb20061128350167
 
 
 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ragnhild Halvorsdotter fødd på Risjordet i Mæl sokn i Tinn i mars 1846 er utan tvil den same som tente på Feten i Gransherad i 1865. Bror hennar, Gunnleik Halvorsson f. 1829, overtok Risjordet etter faren, men selde, og kom så til Feten i Gransherad, tydelegvis før 1865. Der blei han livet ut, d.v.s. til han døydde i 1907.

 

Kor det så blei av Ragnhild Halvorsdotter etter 1865 er litt uklart. Eg ser henne ikkje som inn- eller utflutt av Gransherad. Ho burde vera registrert som innflutt til Gransherad, og utflutt frå Tinn, og så igjen utflutt frå Gransherad om ho drog derifrå.

 

Det er ei Ragnhild Halvorsdotter som emigrerer frå Tinn til Amerika i 1892, 49 år, gift med Øystein Nerisson Høgekås, 40 år. Dei ser ikkje ut til å ha born. Denne Ragnhild må vera fødd om lag 1843. Eg ser ikkje emigrasjonen registrert i kyrkjeboka, men paret finst i utvandrarregisteret for Tinn i 1892.

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Anfinn for nye interessante innlegg!

 

Eg ser av FamilySearch at det var fire personar med namn Ragnhild Halvorsdotter som var fødde i Tinn mellom 1840 og

1850:

 

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 21.12.1841, døypt 1.3.1842 - foreldre Halvor Halvorson Brænna og Kirsti Olsdotter

 

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 7.1.1844, døypt 10.3.1844 - foreldre Halvor Christianson og Anna Østensdotter

 

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 11.3.1846, døypt 22.3.1846 - foreldre Halvor Gunlikson og Aslaug Olsdotter

 

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 29.7.1846. døypt 9.8.1846 - foreldre Halvor Knutson og Aasne Olsdotter

 

Eg finn ingen av desse gifte i Tinn, og i 1865 har me berre to Ragnhild Halvorsdotrer i Tinn, ho på Feten (#3 ovanfor) oig denne på Ødegarden i Grandherad på 23 år:

 

https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038141002328

 

Kan det var den siste av desse som vart gift med Østen Nerisson og utvandra til Amerika i 1892?

 

Eg ser forresten Osten Neresson og kona Ragnhild i FT1895 i Olmstead Co., MN og i FT1910 og FT1920 i Latah Co., Idaho, og ancestry.com syner at dei vart gifte i Atrå, Telemark 13.12.1875.  Ragnhild var då 34 år gamal og dotter av Halvor Halvorson, so det er vel mykje som tyder på at ho er identisk med #1 ovanfor, men om det var ho som i 1865 tente på Ødegarden i Gransherad er eg ikkje so sikker på...

 

Ikkje so lett dette utan ei detaljert bygdebok...

 

Eg takkar enno ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om ein er heldig kan ein identifisere rett Ragnhild på nokre timar, men det kan også gå dagar. Så eg torer ikkje å gje meg ut på dette no.

 

Til oppsettet frå Family Search kan eg berre leggje til:

 

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 21.12.1841, døypt 1.3.1842 - foreldre Halvor Halvorson Brænna og Kirsti Olsdotter. Brenne er husmannsplass under Bjørnerud i Austbygde, den gong i Atrå sokn i Tinn.

 

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 7.1.1844, døypt 10.3.1844 - foreldre Halvor Christianson og Anna Østensdotter. Det skal vera Halvor Abrahamsson, ikkje Kristiansson. Transkripsjonen er feilaktig. Dei budde på husmannsplassen Krokan under Fosso i Dal sokn i Tinn.

 

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 11.3.1846, døypt 22.3.1846 - foreldre Halvor Gunlikson og Aslaug Olsdotter. Den før omtalte huslyden på garden Risjordet i Mæl sokn i Tinn, seinare til Feten i Gransherad prestegjeld.

 

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 29.7.1846. døypt 9.8.1846 - foreldre Halvor Knutson og Aasne Olsdotter. På garden Gvammen i Hovin sokn i Tinn, frå 1859 i Hovin sokn i Gransherad prestegjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

* Ragnhild Halvorsdotter, f. 7.1.1844, døypt 10.3.1844 - foreldre Halvor Christianson og Anna Østensdotter. Det skal vera Halvor Abrahamsson, ikkje Kristiansson. Transkripsjonen er feilaktig. Dei budde på husmannsplassen Krokan under Fosso i Dal sokn i Tinn.

 

 

Denne familien emigrerte til Amerika i 1855 https://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/128/pe00000000914572

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er vel hun som gifter seg igjen her, 55 år gammel, fra Tin:

Name: Ragnhild Ronne

Event Type: Marriage

Marriage Date: 17 Apr 1903

Marriage Place: Rushford, Minnesota

Spouse: Andrews Larsen Lund

Church Name: Rushford Lutheran Church

Church Location: Rushford, Minnesota

post-38-0-15826400-1485205860_thumb.jpg

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anfinn, Sven og Kurt for nye interessante innlegg!  Eg er særleg imponert over at du Kurt fann andre ekteskapet til Ragnhild i Rushford, MN.  Dette har eg nemlig vore på jakt etter i lang tid!

 

Men, dei ser ut til å forsvinna frå Rushford, MN kort etter!

 

Eg ser at Andrew L. Lund først var gift med ei Rønnaug, og ifølgje FT1900 utvandra dei i 1892.  Andreas var fødd i Danmark i mars 1842, medan Rønnaug var fødd i Noreg i januar 1831.  Dei hadde vore gifte i 26 år og hadde eitt barn.

 

Men ved vigsli til Andrew og Ragnhild i 1903, er dei båe oppgjevne vera 55 år gamle, so då skulle Andrew vera fødd kring 1848, liksom Ragnhild!?

 

Eg ber nesten heilt sikker på at dette er første vigsli til Andrew Lund med Ragnhild, oppgjevne vigde i Hedmark fylke, men utan oppgjeve prestegjeld:

 

Name: Andreas Larsen

Birth Date: 15 Mar 1848

Spouse's Name: Ronnoug Johnsdr

Spouse's Birth Date: 02 Jan 1831

Event Date: 27 Dec 1875

Event Place: Hedmark, Norway

Father's Name: Laurits Larsen

Spouse's Father's Name: John Markussen

 

Men dette må vel vera fødsli til Ragnhild i 1831:

 

Name: Ronnog Johansen

Gender: Female

Birth Date: 02 Jan 1831

Christening Date: 06 Mar 1831

Christening Place: VAAGAA,OPLAND,NORWAY

Father's Name: John Markvsen

Mother's Name: Marit Hansdr

 

Fødd i Vågå og gift på Hedmarken!!?

 

Då må det vera denne ugifte jenta med ein son på Tynset i 1865: https://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038050000286

 

og her er ganske riktig vigsli deira i Tylldal, Tynset 27.12.1875.  Mannen er fødd på Als i Danmark 15.3.1848: https://media.digitalarkivet.no/view/8905/179

 

Me er komne eit langt steg vidare, men kvar vart det so av Andreas Lund og Ragnhild Halvorsdotter etter 1903??  Og var Ragnhild jenta frå Risjordet/Feten?

 

Eg takkar enno ein gong for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er en Andreas Lund og Ragnhild Lund som reiser fra New York i 1905

 

 

Name: Ragnhild Lund Port of Departure: New York, New York, United States Arrival Date: 23 Apr 1905 Port of Arrival: Liverpool, England Ship Name: Caronia Search Ship Database: Search for the Caronia in the 'Passenger Ships and Images' database Shipping line: Cunard Steamship Company Ltd Official Number: 110643

 

post-38-0-59831400-1485214795_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for berre heilt eineståande og fantastiske oppdagingar!  Kven skulle vel tru at dette paret var flytt attende til Noreg?

 

Samstundes har me ei stadfesting av opphavet til Ragnhild.  Det einaste som no manglarn for å gjera denne biografien 100% komplett, er vel:

 

* Stadfesting av utvandringsåret til Ragnhild Halvorsdotter Risjordet/Feten - 1874?

 

* Stadfesting av utvandringsåret til Andreas Larsen Lund og første kona Rønnaug Johnsdotter - 1892?

 

* Dato og stad for dødsfalli til Andreas og Ragnhild Lund i Øvre Eiker - etter 1910?

 

Ein ny kjempetakk for kjempemessige opplysningar for løysing av ei gigantisk utfordring!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Andreas Larsen Lund døde i 1913

 

SAKO, Fiskum kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1906-1924, s. 155
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060607080147
 

Riktig Ragnhild Lund som døde i 1922 ?

 

SAKO, Eiker kirkebøker, G/Ga/L0009: Klokkerbok nr. I 9, 1915-1924, s. 243
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20060719080273
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit spørsmål til som er dukka opp når det gjeld opphavet til Ragnhild Halvorsdotter, er dette:

 

Eg ser at broren Gunleik Halvorson var fødd som gardbrukarson på ROLLAG i Mæl sokn i Tinn 31.10.1829: https://media.digitalarkivet.no/view/7940/20

 

* Eg ser av FT1865 at mori Aslaug Olsdotter, fødd i Tinn 1801, då budde på Risjordet av Rollag øvre i Tinn.  Er det slik å forstå at Risjordet er eit bruk under garden Rollag øvre?

 

* Elles finn eg ikkje vigsli til Halvor Gunleikson og Aslaug Olsdotter.  Kva gardar/plassar hadde Halvor og Aslaug opphavi deira ifrå?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit spørsmål til som er dukka opp når det gjeld opphavet til Ragnhild Halvorsdotter, er dette:

 

Eg ser at broren Gunleik Halvorson var fødd som gardbrukarson på ROLLAG i Mæl sokn i Tinn 31.10.1829: https://media.digitalarkivet.no/view/7940/20

 

* Eg ser av FT1865 at mori Aslaug Olsdotter, fødd i Tinn 1801, då budde på Risjordet av Rollag øvre i Tinn.  Er det slik å forstå at Risjordet er eit bruk under garden Rollag øvre?

 

* Elles finn eg ikkje vigsli til Halvor Gunleikson og Aslaug Olsdotter.  Kva gardar/plassar hadde Halvor og Aslaug opphavi deira ifrå?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå hjelp med denne huslyden!

 

Rollag-gardane utgjorde ei grend, og var ved oppdeling ned gjennom tidene blitt ganske mange. Derfor fekk dei enkelte bruk distinkte daglegtalenamn for å skilje dei frå einannan. Risjordet er døme på dette. Men det ligg innafor matrikkelgardane Rollag sitt eige.

 

Halvor Gunnleiksson Flåto (Hovin sokn) og Aslaug Olsdotter (Mæl sokn) blei gifte i Atrå kyrkje den 22. oktober 1824. Innføringa finst øvst på folio 194 A i 

 

Ministerialbok

Protokollnr./tidsromnr. II 2/1878 - 1917

Område

Telemark fylke

Tinn prgj.

Mæl sokn

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Kurt og Anfinn for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Då reknar eg med at dødsfalli til Andreas og Ragnhild Lund er komne «på plass».

 

** Når det gjeld opphavi til Halvor Gunleikson og Aslaug Olsdotter, er altso Halvor frå Flåtto, medan Aslaug er frå Rollag, eller er ho kan henda barnefødd på Risjordet av Rollag??  Eg finn forresten ingen Gunleik på Flåtto i 1801, men kanskje foreldri hans Halvor kom til Flåtto som gardfolk (eller plassfolk?) ETTER 1801?

 

** Eg ser forresten det er eit avvik i fødselsdatoen til Andreas Lund i Nordborg på Als, 5.3.1848 (frå FT1910) eller 15.3.1848 (frå vigsli i 1875) - er det nokon med tilgjenge til desse danske kyrkjebøkene som har høve til å sjekka dette og eventuelt finna fulle namn på foreldri hans?

 

Elles står desse to spørsmåli frå innlegg #14 ovanfor framleis opne (det siste er løyst i innlegg #21!):

 

** Stadfesting av utvandringsåret til Ragnhild Halvorsdotter Risjordet/Feten - 1874?

 

** Stadfesting av utvandringsåret til Andreas Larsen Lund og første kona Rønnaug Johnsdotter - 1892?

 

Det er berre heilt fantastisk at so mange detaljopplysningar har dukka opp om denne huslyden, og eg takkar nok ein gong for framifrå dugnadsinnsats!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for siste innlegget!  Då er utvandringi til Andreas og Rønnaug «på plass», og dette spørsmålet er no stroke frå innlegg #20 på føregåande side...

 

Nok ein kjempetakk for framifrå hjelp med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten, Kurt og Anfinn for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Då reknar eg med at dødsfalli til Andreas og Ragnhild Lund er komne «på plass».

 

** Når det gjeld opphavi til Halvor Gunleikson og Aslaug Olsdotter, er altso Halvor frå Flåtto, medan Aslaug er frå Rollag, eller er ho kan henda barnefødd på Risjordet av Rollag??  Eg finn forresten ingen Gunleik på Flåtto i 1801, men kanskje foreldri hans Halvor kom til Flåtto som gardfolk (eller plassfolk?) ETTER 1801?

 

** Eg ser forresten det er eit avvik i fødselsdatoen til Andreas Lund i Nordborg på Als, 5.3.1848 (frå FT1910) eller 15.3.1848 (frå vigsli i 1875) - er det nokon med tilgjenge til desse danske kyrkjebøkene som har høve til å sjekka dette og eventuelt finna fulle namn på foreldri hans?

 

Elles står desse to spørsmåli frå innlegg #14 ovanfor framleis opne (det siste er løyst i innlegg #21!):

 

** Stadfesting av utvandringsåret til Ragnhild Halvorsdotter Risjordet/Feten - 1874?

 

** Stadfesting av utvandringsåret til Andreas Larsen Lund og første kona Rønnaug Johnsdotter - 1892?

 

Det er berre heilt fantastisk at so mange detaljopplysningar har dukka opp om denne huslyden, og eg takkar nok ein gong for framifrå dugnadsinnsats!

 

Halvor var på Flåto i Hovin ved giftarmålet i 1824, derfor Flåto. Men han er fødd på Espeset i Hovin i 1801 som son av Gunleik Persson og Ingebjørg Olsdotter.

Aslaug er fødd på Midbøen i daverande Atrå sokn i 1804. Far hennar, Ola Knutsson, er derifrå. Mora var Gro Gunnulvsdotter Hægard. Ekteparet Ola Knutsson og Gro Gunnulvsdotter kom til Uppigard-Rollag. Denne siste garden blei delt i tre om lag 1830. Så da oppsto Risjordet. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anfinn for eit nytt og delvis avklarande innlegg!Då kan eg med godt saamvet skriva at Aslaug Olsdotter var «frå Rollag», sidna ho tydeleg voks opp der, men

 

* Kva med Halvor Gunleikson og oppvekststaden hans?  Flytte foreldri hans til Flåtto, eller vart dei buande levetidi ut på Espeset, slik at Espeset er oppvekststaden til Halvor?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anfinn for eit nytt og delvis avklarande innlegg!Då kan eg med godt saamvet skriva at Aslaug Olsdotter var «frå Rollag», sidna ho tydeleg voks opp der, men

 

* Kva med Halvor Gunleikson og oppvekststaden hans?  Flytte foreldri hans til Flåtto, eller vart dei buande levetidi ut på Espeset, slik at Espeset er oppvekststaden til Halvor?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

 

Ut frå Hovin-soga ser det ikkje som om foreldra til Halvor Gunnleiksson blei verande på Espeset. Faren åtte ein part i garden frå 1795 til 1805, og da kom nye folk inn. Skal ein finne ut kor Halvor Gunnleiksson voks opp må ein fotfylgje personane i foreldre-/borngruppa i dei aktuelle kjeldene. Tidkrevjande!

 

Flåto ser det ikkje ut som dei har vore på, anna enn at Halvor Gunnleiksson var der ved giftarmålet. Det fyrste bornet hans blei også fødd på Flåto.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.